Frankarriket vaks fram som det første kristne kongeriket blant germanarane etter at det vestromerske riket endeleg braut saman i 476. I Noreg var ein på denne tida i siste halvdelen av folkevandringstida (400–550).
Ved å samanlikne det arkeologiske materialet herfrå med arkeologiske og skriftlege kjelder frå kontinentet og Dei britiske øyane har forskarar påvist at det kom til eit endeleg brot med eldre styringsformer i folkevandringstida. Dette samsvarer med endringar i språket, som Eggjasteinen i Sogndal frå 600-talet er eit døme på.
Ein ny politisk mentalitet i Skandinavia
Ein ny form for elite baserte seg meir enn før på at alle typar makt – økonomisk, politisk, militær og religiøs – vart samla rundt éin enkelt person. Denne krigsherren, og hærfølgjet hans, er eit karakteristisk trekk for ei tid prega av sosial og politisk uro.
På 400-talet og eit stykke utover på 500-talet skjedde det djuptgripande endringar av samfunnet. Enkelte forskarar går så langt som å antyde at vi til og med kan tale om ei form for revolusjon. Grunnen til det er at alle endringane vi ser, er vanskelege å forklare ut frå politisk maktkamp åleine. Same kva ord vi vel å bruke, var endringane store og omfattande.
Det er sannsynleg at den gradvise kristninga av Europa har påverka ideala og førestellingsverda til skandinavane, i førstninga særleg eliten. Men kontinentale kristne impulsar fekk sine særeigne materielle uttrykk i Skandinavia.
I folkevandringstida vart menneska sitt forhold til gudeverda og syn på tilværet gradvis endra. Dette føresette at skandinavar kjende ei form for tilhøyrsle til kontinentet, til dømes gjennom kongeslekter eller militær teneste.
Kvifor vart dei ikkje kristne?
For oss i dag er det nok overraskande å oppdage kor fort idear breidde seg på denne tida. Og dette leier til eit nytt spørsmål. Om eliten i Skandinavia hadde så tett kontakt med resten av Europa, kvifor vart dei ikkje del av den pågåande kristningsprosessen på kontinentet?
Kan hende er dette det beste vitnemålet om kor sterkt norrøn religion og tradisjon stod, og at folk her oppe samstundes hadde evne til å ta inn over seg det nye og endre seg i takt med tida.
Ulike tenkjemåtar
Arkeologar som studerer graver frå folkevandringstida, merkar godt at det i dagleglivet var ei spenning mellom ulike tenkjemåtar. På eine sida var folk opptekne av politiske spørsmål som gjaldt dei rike og mektige, slikt som konflikt, krig og alliansar. Det var svært viktig å vite kven som svor truskap til kven, å kjenne til sitt eige og andre sitt slektsforhold, og kva for ætter, høvdingar og kongar som støtta kvarandre. På den andre sida hadde dei levande eit tett forhold til døde forfedrar og guddommar.
Forholdet mellom levande og døde var nok mykje tettare enn vi er vande med i dag. Det var viktig for folk at forfedrane var einige i politiske avgjerder. I dag skil vi ofte tydeleg mellom dagleglivet og rituelle seremoniar. Dette skiljet var ikkje like skarpt i folkevandringstida. Dei døde var ein naturleg del av både dagleglivet og politikken.
Livet og døden spegla kvarandre
Det er viktig å ha i bakhovudet at religion var umogleg å skilje frå daglege gjeremål. Ein måte å studere dette på er gjennom gravene. For gravene kan gje oss ikkje berre innblikk i kva folk tenkte om livet etter døden, vi ser også eit spegelbilete av det som var viktig i livet. Vi kan med andre ord seie at ein ideell måte å leve på, ein livsstil, vart spegla i ein «dødsstil».
Ein skulle her vise sjenerøsitet og rikdom, og dermed makt og prestisje. Det å byggje store gravmonument var dermed ein måte å skape eit rituelt landskap på: gravhaugane vart til stader som minte dei levande om føregåande generasjonar og deira makt og rikdom.