print logo

400–550: folkevandringstid

Folkevandringstida har fått namn etter folkegruppene som flytta rundt på det europeiske kontinentet. Det er få skriftlege kjelder som direkte omtalar tilhøve i Skan­di­na­via, men arkeologiske funn viser at vi må sjå ut­vik­lin­ga her i nær samanheng med resten av Europa. I Noreg de­ler vi perioden i to, og skiljet kring år 475 fell tett saman med oppløysinga av Vestromarriket.

Den første delen viser kontinuitet frå den føregåande romartida. 300-talet var prega av godt klima for jordbruk, og dette heldt fram utover på 400-ta­l­et. Ein kunne no leve på små gardar i indre dalføre og oppunder fjellet. Ved å utnytte rike naturressursar rundt seg kunne ein både overleve og byte til seg andre varer.

I den andre delen nådde høgkvalitetshandverk eit toppunkt, men tida var også prega av klimatiske kriser og pest (særleg 530- og 540-talet). Mange smågardar vart lagt aude, og folk trekte seg tettare saman på større gardar i gode jordbruksområde.

Krisetidene og dei politiske konfliktane som følgde, må ha gripe djupt inn i livet til kvar enkelt. Mange som flytta på seg, måtte finne nye måtar å over­leve på. Sofistikerte handverkstradisjonar døydde ut, og gravminna vart færre. Kanskje har dei norrøne mytane om fimbulvinter og ragnarok rot i dramatiske hendingar på 500-talet?

Meir om perioden 400–550: folkevandringstid

Forfattere i denne perioden