Makt på færre hender
Det er funne få, men store og rike gravhaugar frå merovingartida. Det tyder på at dei som hadde makt, var færre enn tidlegare, og at dei levde i stor velstand.
Gjenstandane frå Åker-funnet frå Åker i Hedmark er komne til over lang tid, både som lausfunn under dyrking av jorda og under arkeologisk utgraving. Funna omfattar belteutstyr med vakkert utført stempeldekor i tillegg til ringsverd og hjelmar. Det er sannsynleg at dei stammar frå ei grav, sjølv om dei òg kan tenkjast å vere nedlagde som offer.
Området rundt Mjøsa synest å ha vore eit maktsenter tidleg i merovingartida, og det såkalla Åker-komplekset breidde seg vidare ut over denne delen av Austlandet. Åker låg sentralt i eit rikt jordbruksområde og var eit knutepunkt for ferdsel, både sør–nord og aust–vest.
Det er samstundes påfallande mange gardar med mytologiske namn knytte til førkristne guddommar i distriktet rundt Åker. Eksempel er Disen, Torshov og Dystingbu. Dette tyder på eit område med sterk tilknyting til religiøs kult.
Få, men store gravhaugar
Åkerfunnet er spesielt i Noreg, ja, i heile Norden. Om vi samanliknar med den føregåande perioden, folkevandringstida, er det merkbart færre rike gravfunn frå siste halvdelen av 500-talet. Denne nedgangen kan vise til at makta no var i hendene på færre enn før, og at dei som hadde makt, var blitt endå rikare. Etter det som på mange måtar synest å ha vore opprivande tiår, verkar nokre stader å blomstre.

Sjølv om gravhaugane er færre, er til gjengjeld dei vi kjenner, dei aller største. Nordens største gravhaug, Raknehaugen i Ullensaker i Akershus, er sannsynlegvis bygd rundt år 551 – tømmeret i gravhaugen er felt i åra 533–551 – og dermed ikkje mykje eldre enn Åker-funnet. Begge kan seiast å tilhøyre den same blomstringstida. Det same gjeld truleg også for gravhaugen som ein reknar som Nordens nest største, Jellhaugen i Berg i Østfold.
Ein stormann som kjende til Frankarriket
Sjølv om dei som rådde på Åker på slutten av 500-talet, høyrde til eit høgstatussjikt i samfunnet, er det tvilsamt om denne heller korte oppblomstringa viser til ein herskar eller konge. Ei rådande oppfatning er at Åker-funnet, og andre tilsvarande med ringsverd og/eller hjelm, vitnar om ein stormann som har underordna seg ein herskar over eit smårike.
Det synest som om makt var fordelt etter frankiske førebilete som vi kjenner frå kontinentet. Her var særleg bruken av ringsverd og hjelm teikn på medlemskap i kongens krigarfølgje – og funn av slike gjenstandar viser til ein mann som ikkje var herskar sjølv, men heller hadde svore truskap til ein konge. Det er sannsynleg at fleire frå dei øvste samfunnslaga her i Noreg har fått direkte kjennskap til frankiske skikkar, gjennom hærteneste hos frankarkongen.
Vestfold eller Uppland?
Det synes å ha vore ei generell forskyving av tyngdepunkt for rikdom og makt frå Vestlandet til Austlandet, noko som ser ut til å ha samanheng med forskjellar i kontaktar. Medan vi for Vestlandet sin del kan sjå ein tydeleg frankisk påverknad, vart det på Austlandet stadig sterkare band til dansk område utover i perioden, særleg på 700-talet.
Nettopp desse banda mot sør, i retning Danmark, har gjort at Borre i Vestfold har peika seg ut som mogleg sete for eit smårike som stormannen på Åker kan ha vore underordna. Men det er enno relativt få spor frå Borre som sikkert kan relaterast til denne tidlege delen av merovingartida.
Det har også vore sterke band mellom Austlandet og Uppland i Sverige, og særleg dei tette koplingane til religiøs kult gjer at vi kan sjå samanhengar mellom Åker og Uppland. Fleire har dermed hevda at det er vel så sannsynleg at stormannen i Åker har vore underordna til eit maktsenter i Sverige.
Uansett synest det som sambandet mellom Austlandet og Uppland tek slutt etter år 650, etter at Åker-komplekset er borte. Frå denne perioden er det lite tvil om at Vestfold veks fram som eit maktsenter.