Var fimbulvinteren og ragnarok verkelege?

På 500-talet forsvann sola i eit slør, og avlingane vart øydelagde i årevis etterpå. Kva skjedde?

«Gjennom heile det året skein sola utan kraft, berre som månen». Slik skil­drar den austromerske historikaren Prokopios året 536 etter Kristus. Store delar av jordkloden synest å ha vore hylla inn i eit tungt, blågrått slør. Her i nord har ein slik dunkel og dyster himmel vekt undring og kravd ei for­kla­r­ing. Fleire forskarar ser no hendingane som opphav til dei norrøne my­t­ane om verdas undergang, om fimbulvinter og ragnarok.

Fargebilete av landskap. Ein gard lågt i horisonten, stor himmel som er dekka av eit stort mørkt felt.
I april 2010 forårsaka eit mindre vulkanutbrot ved Eyjafjellajökull på Island ei askesky som dekka store delar av Nord-Europa i over ei veke. All sivil flytrafikk vart stoppa i luftrommet skya dekka og meir en ti millionar flypassasjerar vart verande på bakken. Ordet «askefast» stammer frå denne hendinga. Kan eit liknande naturfenomen ha lege bak det mørke og kalde tiåret på 500-talet? Foto: Richard Roscoe/Photovolcanica

Fenomenet er nemnt i kinesiske kjelder, som skil­drar sommarfrost og hun­gers­naud. Klimaforsking har påvist dårlege kår også for bøndene i Eu­ro­pa og i Sør- og Nord-Amerika. I Skandinavia var dette starten på eit tiår med kalde somrar og dårlege avlingar, noko som må ha vore katastrofalt for bønder i eit samfunn der jordbruk var heilt avgjerande og garden utgjorde sjøl­ve midt­punk­tet for alt sosialt liv.

Vulkan eller asteroide?

Men kva var det eigentleg som skjedde? Det er to sannsynlege årsaker. Den eine er vulkanutbrot. Men sidan vi ikkje kjenner til utbrot som synest kraf­tige nok, har det i seinare år vore hevda at det heller er tale om ein as­te­ro­ide. Vi veit ikkje sikkert kvar på kloden han då har slått ned, men for å ha stor nok klimatisk effekt må han ha vore gigantisk og hatt ein diameter på minst 500 meter.

Prokopios sjølv tolka himmelen som eit jartegn på kommande krigar og pest. Vi kan ikkje påstå at han tok feil. Eit Europa svekt av uår og hungersnaud fekk etter kvart endå meir å stri med.

Utbrot av pest

Dei første tilfella vi kjenner av den såkalla justinianske pesten, er frå Etiopia og Egypt i år 541, ein pest som synest å ha utspring i Asia. Året etter nådde han Middelhavet og Konstantinopel med full styrke. I dei følgjande tiåra herja han nordover i Europa. DNA frå pestbasillen Yersina pestis er lokalisert i graver både i Tyskland og i Frankrike. Arkeologar har så langt påvist svart­rot­ta, beraren av loppa med pestbasillen, så lang nord som til Skottland.

Det er umogleg å avgjere i kva grad Skandinavia vart direkte råka av pest, rett og slett fordi vi manglar skriftlege kjelder frå tidsperioden. Men det er vanskeleg å tenkje seg at folk i Norden slapp heilt unna. Dei arkeologiske funna understøttar denne tvilen.

Bildet viser samling av gullmynter, preget med rike detaljer
Gullbrakteater frå Madla på Jæren i Rogaland. Gullgjenstandane viser til tett kontakt med kontinentet, noko som kan ha letta spreiinga av pest her ifrå. Foto: Terje Tveit/Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger/CC BY-NC-ND 3.0

Både importgjenstandar i gravene – slik som romerske bronsekjelar, drik­ke­be­ger i glas og smykke i gull og andre edle metall – og det vi veit om korleis folk levde dagleglivet på gardane, vitnar nemleg om tett og intim kon­takt mellom Skandinavia og kontinentet. Ikkje minst gjeld dette blant ari­sto­kra­tar og andre rikfolk.

Endringar i levekår

Samstundes skjedde det endringar i bøndene sitt busetnadsmønster, res­sur­s­ane folk utnytta, handverkstradisjonar og måtane å gravlegge på. Dette er endringar som må ha gripe djupt inn i jernalderens jord­bruks­sam­funn.

Ein person som levde på 530- og 540-talet må ha opplevd store endringar, og uåra må ha kosta. Dei kosta ikkje berre i form av liv som gjekk tapt og dår­leg­are levekår, men også i målbare verdiar, spesielt edle metall.

Prisen å betala

Samspelet som dei levande hadde med forfedrar og gudar, har nok gjort at folk ofra store verdiar for å rette på problema. Dette kan forklare kvifor bru­ken av gull minkar så brått på slutten av 500-talet. Medan fol­ke­van­drin­gs­tida elles var ein periode med mange og rike gullfunn, både i graver og som offernedleggingar, blir metallet på det næraste borte på 600-talet. Når vi kjem til vikingtida 300 år seinare, er det sølvet som har overteke, som be­ta­lings­mid­del og i kunsthandverk.

Uåra under den dystre himmelen på 500-talet kan synast å ha kosta for mykje gull. Eller har dei som levde her oppe i Skandinavia utover på 600- og 700-talet, rett og slett gått over til andre måtar å vise seg fram som sje­ne­rø­se og rike på?

Emneord: Sosiale forhold Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 13:49