I merovingartida vart gull sjeldnare blant dei rike enn det hadde vore i folkevandringstida, og det hadde nok samanheng med nedgangstidene på 500-talet.
Dei flotte gullbrakteatane, dei runde anhenga som er funne i rike graver, og som også vart lagde ned i myrer, ved vatn og inntil fjell, vart borte. Men det betyr ikkje at gullet vart borte.
Mange gubbar, få funnstader
På slutten av folkevandringstida dukka dei første gullgubbane opp, og vi finn dei over heile Norden gjennom merovingartida og tidleg i vikingtida. Gullgubbane er små og lauvtynne gullblekk, sjeldan større enn 1,5 x 1,5 centimeter, altså ikkje større enn ein fingernagl.
I Skandinavia er det funne rundt 3000 gullgubbar totalt. Svært mange, heile 2350 av dei, er funne på éin enkelt stad, nemleg buplasskomplekset Sorte Muld på Bornholm. Det er også funne over 100 på Lundeborg ved Gudme på Fyn i Danmark. Kjende svenske funnstader er Uppåkra i Skåne, Slöinge i Halland og Helgö i Uppland.
I Noreg har vi enno relativt få slike funn. Dei mest omtalte er frå Kongsvik og Borg i Nordland, Mære i Trøndelag (22), Hauge på Jæren (16), Hov i Oppland (29) og Borge i Østfold.
Ofringar innomhus
Til skilnad frå tidlegare tiders bruk av gull som gravgods og som offerfunn var det vanleg å leggje gullgubbane ned innomhus, inntil takberande stolpar. Og gubbane er funne på gardar som sannsynlegvis har vore sete for rike slekter med både politisk, juridisk og religiøs makt.
Nedlegging av gullgubbar har dermed blitt sett i samanheng med offerhandlingar i kultbygningar og i hallen. I hallen tok det aristokratiske ekteparet imot gjæve gjester med mat og drikke og samla krigarfølgjet rundt seg, sitjande i høgsetet.
Huset som metafor
Det er neppe tilfeldig at gubbane er funne inntil dei jordgravne stolpane som bar huset. Frå landnåmstida på Island i vikingtida kjenner vi eksempel på høgsetestolpar som er frakta med frå gamlelandet. Og vi veit frå heltedikt som Beowulf, som omhandlar episodar på 500-talet, at huset var ein metafor for dei som budde i det. Det å brenne ned hus og hall var eit ofte brukt bilete på det å svekkje eller regelrett utrydde makta til ein fiende.
Dei ørsmå gullgubbane har mest sannsynleg vore del av rituelle handlingar som har understreka den religiøse og politiske makta til det aristokratiske ekteparet, høgsetet og garden. Så sjølv om investeringa i gull var mindre i mengd i merovingartid enn det hadde vore i folkevandringstida, så var understrekinga av makt ved hjelp av det edle metallet enno i høgste grad til stades. Men kva var det som gjorde at slike små gullblekk vart så viktige i denne perioden?
Frøy og Gerd – eller Odin og menneska?
Gullgubbane har motivet pressa inn frå baksida, slik at det blir eit relieff. Det finst motiv av enkeltpersonar og dyr, og vi har også eksempel på ferdig tilklipt gullblekk som ikkje er prega. Men motivet av mann og kvinne i profil mot kvarandre, gjerne omslyngde, er det vanlegaste. Dette er sett som eit mytologisk bilete, det såkalla heilage bryllaupet («hieros gamos») mellom guden Frøy og jotunkvinna Gerd, kjent frå eddadiktet Skirnismál.
Men parmotivet kan også tolkast som møtet mellom gudar og menneske. Då kan mannsfiguren vere Odin, den mytologiske stamfaren til mange fyrsteslekter. Om dette var tilfellet, deler gullgubbane hovudmotiv med gullbrakteatane. Kan hende gubbane rett og slett erstatta brakteatane som uttrykk i gull for nordisk fyrsteideologi?
Koplinga av gullgubbane til hallen og høgsetet i merovingartida rimar godt med biletet vi har av maktsenter som danna seg i Skandinavia. Det ser ut til å vere ein klar samanheng mellom utbreiinga av gubbane i kystnære område og tilknytinga til fleire av dei viktigaste stadene for handel og handverk vi kjenner til.