Protesten mot Vietnamkrigen

Protesten mot Vietnamkrigen førte til oppkomsten av ei kollektiv rørsle i Norge. Kampen mot krig gjekk ikkje alltid fredeleg for seg. 

Vietnamkrigen og protesten mot han er truleg den enkelhendinga på 1960- og 70-talet som gjorde 1968-opprøret til eit globalt fenomen. Mens det motkulturelle opprøret (hippierørsla) hadde tyngdepunktet i vesten, var protesten mot Vietnamkrigen unekteleg global. Protesten mot amerikanaranes krigføring i Vietnam (ca. 1965-1975) batt saman antiimperialistiske rørsler i sør og nord og la grunnlag for ei tilnærming mellom samfunnsopprørarane i vest og makthavarane i aust. Dei vart sameinte i «kampen mot USA-imperialisme», som det heitte hos demonstrantane den gongen. Nordmenn deltok også i denne protesten, og dei skandinaviske landa med Sverige i spissen fekk ei viktig rolle i det som vart ei internasjonal protestrørsle mot Vietnamkrigen. 

Et barn og en kvinne søker ly under skyting under Vietnam-krigen
Sivile søker ly mens amerikanske marinesoldater stormer landsbyen My Son i Vietnam i sin jakt på styrker fra FNL, den nasjonale frigjøringsfronten for Sør-Vietnam. Slike bilder satte sinnene i kok over hele verden. Foto: Eddie Adams / Scanpix

Kvifor ei norsk vietnamrørsle?

Røtene til den norske vietnamrørsla går lenger tilbake enn ungdomsopprøret på slutten av 1960-talet. Før Vietnamkrigen eksisterte det noe opposisjon til den vestvendte utanrikspolitikken i Norge. Partipolitisk sto Sosialistisk Folkeparti, med noko støtte frå venstrefløy i Arbeidarpartiet, i bresjen av kritikken retta mot regjeringa si pro-amerikanske, utanrikspolitiske linje. Ein slagkraftig utanomparlamentarisk opposisjon var alt i emning i førstninga av 1960-åra. Her fanst det organisasjonar og aksjonar som kunne vere fødselshjelp til ei ny protestrørsle, til dømes Kampanjen mot atomvåpen og Folkereising mot krig. Kritiske røyster fanst òg i massemedia som Orientering og Dagbladet. Likevel var det stort sett konsensus i utanrikspolitiske spørsmål i Norge fram til Vietnamkrigen, og det er vanskeleg å tenkje seg framveksten av ei større mønstring mot krigen utan 68-aranes opprør mot samfunnsautoritetane. Og omvendt; Vietnamkrigen utgjorde ein vesentleg komponent i ungdomsopprøret. Den norske vietnamprotesten var elles som andre delar av ungdomsopprøret til dels eit importert fenomen, først og fremst frå USA. 

Ei kollektiv rørsle blei til

Startskottet for ei omfangsrik protestrørsle både i USA og i utlandet var opptrappinga av krigen i 1965 under operasjon «Rolling Thunder», der USA innleia eit systematisk bombardement av Nord-Vietnam. Det var pasifistmiljøet i Norge kring Folkereising mot krig og Pax, tidsskrift og seinare forlag, som gjekk i bresjen for protesthandlingar. Demonstrasjonar, opplysningsarbeid og innsamlingsaksjonar vart ein del av handlingsrepertoaret til fredsaktivistane. I tillegg arrangerte Studentersamfundet i Oslo etter amerikansk mønster, ein teach-in (eit slags dagsseminar på universiteta), om Vietnamkrigen. Protesten fekk òg mykje draghjelp av kunstnaren Kjartan Slettemarks «Vietnam-bilde». Slettemark hadde stilt ut eit kontroversielt kunstverk i protest mot krigen og ville auksjonere bort verket for å samle inn pengar for å hjelpe den lidande sivilbefolkninga i Vietnam. Fredsaktivistane kjøpte bildet og brukte det som utgangspunkt for ein større, vellykka innsamlingsaksjon.

Fredsaktivistane lyktast så godt med sin kritiske retorikk og ulike aksjonar at antikrigsrørsla organisatorisk vaks overhovudet på dei. Det vart skipa ein eigen vietnamorganisasjon i 1965, Solidaritetskomiteen for Vietnam, seinare kjent som Solkom. Fram til 1967 følgde Solidaritetskomiteen eit ideologisk dobbeltspor; det eine forankra i den tverpolitiske pasifistiske, humanitære tankegangen, det andre i ein uttalt venstrepolitisk antiimperialisme. 

Solidaritetens slagmark

På landsmøtet i Solidaritetskomiteen i 1967 vart organisasjonen kløyvd i to. Bakgrunnen var ein maktkamp mellom dei unge aksjonistane, mange med tilknyting til SUF, ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti, og andre, ofte vaksne støttespelarar frå etablerte organisasjonar. Ungdomsaktivistane hadde fått sin politiske identitet forma av protesten mot USAs krigføring og frykta for at andre, vaksne aktørar som sjølve ikkje dreiv med aksjonane, var i ferd med å få kontroll over Solkoms organisasjonsapparat. Forviklingane på landsmøtet har sidan vorte omtalt som eit kupp ettersom aktivistane tok over Solkom ved å setje til side demokratiske spelereglar. Etter kløyvinga vart det to organisatoriske og konkurrerande aktørar i protesten, Solkom og Vietnambevegelsen i Norge

Kvifor sprakk Solidaritetskomiteen? Paradoksalt kan den suksessen som rørsla opplevde i 1965-67 vere med og forklare striden og utfallet. Krigsmotstandarane hadde møtt sterk motstand frå partiorganisasjonane, mesteparten av pressen og også frå ei høgreorientert ungdomsgruppe, Komiteen for Sydøst-Asia, som støtta USA. Like fullt hadde krigsmotstandarane vore med på å skape ein folkeopinion mot Vietnamkrigen. Arbeidarpartiet snudde i vietnamspørsmålet, og likeleis Høgre. Landsmøtet i Arbeidarpartiet vedtok i 1967 samrøystes ein svært radikal resolusjon, langt på veg ei støtteerklæring til FNL. Vietnamsaka hadde då blitt noko meir enn gateaksjonar. «Vietnam» hadde blitt verdifull politisk kapital som kunne investerast  i symbolpolitiske markeringar, spesielt der ungdomen var involvert. Solkom vart ein viktig rekrutteringsarena for maoistane (ml-rørsla) som ville byggje opp eit nytt marxist-leninistisk parti. Protesten mot Vietnamkrigen var òg viktig for dei etablerte partiorganisasjonane, ikkje minst for å hindre at ungdomen hamna yttarste på venstresida i norsk politikk. 

Kulminasjon 

Etter 1967 kom fredsparolen i bakgrunnen, og både den ml-dominerte Solkom og den sosialdemokratiske Vietnambevegelsen var organisatoriske uttrykk for ei antiimperialistisk solidaritetsrørsle, dvs. solidaritet først og fremst med FNL, Den nasjonale frigjeringsfronten i Sør-Vietnam, betre kjent som Vietcong. Solidaritetsorganisasjonanes oppgåve blei å sørgje for å halde vietnamsaka varm og leggje press på dei norske styresmaktene til å stå opp mot USA. Organisasjonane heldt fram kontinuerleg med mange aksjonar av ulike slag. Mellom anna arrangerte Solkom Vietnam-veker kvar vår og haust der ulike protestaktivitetar prega mange lokalsamfunn og var med og skipa til lokale Solkom-grupper på om lag 120 plassar over heile landet. Vietnambevegelsen i Norge utnytta nettverksressursar i protesten, og både LO-formannen og fleire stortingsrepresentantar frå venstrepartia sat i styret til den sosialdemokratiske solidaritetsorganisasjonen. Gjennom kontaktar i statsapparatet evna Vietnambevegelsen i Norge å leggje til rette for etableringa av eit kontor for representantar for FNL i Oslo i 1970.  Protesten kulminerte i ein felles demonstrasjon i Oslo i januar 1973, berre nokre dagar før fredsavtalen vart underteikna. Mellom 7500-9000 personar deltok i  dette demonstrasjonstoget, det største i Norge under heile protesten. 

Mørkkledde demonstranter i tog med flagg og plakater
Stor Vietnam-demonstrasjon i Oslo på 1.mai 1968. Her passerer demonstrasjonstoget Den amerikanske ambassaden på Drammensveien. På plakatene står slagord som "Stans myrderiene i Vietnam" og "Støtt FNL" Foto: NTB / Scanpix

Samfunnskonsekvensar

I 1973 trekte USA seg ut av Vietnam, og protesten tok ein naturleg slutt. Rørsla hadde som del av ein global protest vore med og lagt press på USA. Norge var først ute blant NATO-landa med å godkjenne Nord-Vietnam som stat (1971), noko som USA likte svært dårleg. Men protestrørsla hadde også meir langsiktige verkander på det norske samfunnet. Den eine gjaldt synet på USA. Norsk utanrikspolitisk opinion var ikkje lenger i like stor grad som tidlegare kjenneteikna av ukritisk lojalitet overfor landets viktigaste allierte. Den andre viktige følgja gjeld politisk kultur. Gata som politisk arena og utanomparlamentarisk politisk arbeid i det heile vart viktigare i den norske politiske kvardagen. Å aksjonere gjekk inn som ein legitim og hyppig brukt reiskap i den politiske verktøykassa hos grupperingar med svært ulik politisk profil. 

Emneord: Politikk og makt, Norge i verden Av James Godbolt
Publisert 5. mai 2020 16:17 - Sist endret 6. mai 2020 10:21