Den mekaniske mjølkeseparatoren, som skilde fløyte og skummamjølk, blei funnen opp av svensken Gustaf de Laval i 1879. Separatoren var ei enkel teknologisk innretning, overkommeleg i innkjøp og handterleg av storleik. Han skulle komme til å få stor innverknad på mjølkeproduksjonen og meieriverksemda frå slutten av 1800-talet og utover i det neste hundreåret.
Smørlag
Separatoren gjorde det langt enklare for bønder og budeier å klargjere fløyten for å kinne smør. Smør blei kinna på gardane og selt via lokale smørlag eller handelsmenn. I motsetning til mjølka, kunne smøret transporterast over større avstandar, også der det ikkje fanst veg, og seljast for pengar.
Slik var separatoren ein viktig faktor for ein gryande marknadsøkonomi i avsidesliggjande bygdesamfunn. Frå barndommen i Ytre Nordfjord i mellomkrigstida minnest ein mann:
Visse dagar i veka tok handelsmannen imot smør. Då kom dei frå alle småbruka med smørambarane sine. Vi kunne sitje i utmarka og sjå færingane komme roande langs landet, og då visste vi at «i dag er det smørdag». Karane samlast i butikken, og dei følgde med kva grannane leverte.
Meieridrifta skyt fart
Smørlaga var ei enkel form for bondesamvirke – fleire mjølkeprodusentar gjekk saman om vidaredistribusjon av overskotssmør, kinna på garden av heimeseparert mjølk.
Separatorteknologien sette òg fart i meieriindustrien. Ei mengd bondeeigde bygdemeieri blei starta på 1890-talet.
Den tidlege meieridrifta var på same måte som arbeidet med mjølka på garden, dominert av kvinner. Mens meieridrift i ein tidleg fase oftast vart leidd av kvinnelege meiersker, overtok mannlege meieristyrarar etter kvart.
Separator eller mjølkemaskin?
Ein annan viktig teknologi for moderniseringa av norsk landbruk var mjølkemaskina. Kartlegginga av maskinparken i det norske jordbruket var ein viktig del av Statistisk sentralbyrås jordbruksteljingar kvart tiande år.
Fordelinga mellom mjølkemaskinanlegg og separatorar kan gje interessant informasjon om ulike strukturar i mjølkenæringa i dei ulike delane av landet. Eit mjølkemaskinanlegg kravde til dømes tilgang på elektrisk kraft. Slik fortel anlegga òg på eit vis om ulike vegar til modernisering.
Gode kommunikasjonar var ein føresetnad for lønnsam drift med mjølkemaskinanlegg. Før den organiserte transporten av mjølkespann frå produsent til meieri var det vanleg at fleire gardar slo seg saman og bytte på å køyre.
Eigne mjølkeruter kom mange stader ikkje i gang for alvor før i etterkrigstida. Mjølkerampane langs gardsvegane, som gjerne blir oppfatta som nostalgiske symbol på bygdeliv i gamle dagar, fanst knapt før 1950.
Seksdobla talet
Ifølgje jordbruksteljingane vart talet på mjølkemaskiner her i landet nær seksdobla på tiåret frå 1939 til 1949, til oppunder 6400 anlegg. Talet på separatorar heldt seg i same perioden temmeleg stabilt, oppunder 140 000.
Mjølkefylket Rogaland hadde på ti år auka talet på mjølkemaskiner frå 200 til 1014. I Sogn og Fjordane var det i 1949 framleis ikkje meir enn 27 slike anlegg. Det var rett nok 23 fleire enn ti år tidlegare, men like fullt eit vitnesbyrd om ei ganske anna organisering av jordbruket enn i Rogaland.
Talet på separatorar låg langt høgare i Sogn og Fjordane enn i Rogaland og var i vekst også etter at det hadde stoppa opp eller gått tilbake dei fleste andre stader. Det viser kor ulike strukturane kunne vere i den norske mjølkeproduksjonen – i det tilbakeliggjande Sogn og Fjordane heldt heimesepareringa og smørsalet fram lenge etter at mjølkemaskiner og meierilevering hadde overteke i dei andre mjølkeproduserande fylka.