Samane si politiske organisering på 1900-talet

Korleis starta det?

På starten av 1900-talet vaks det fram ein samepolitisk opposisjon som på etnisk grunnlag kjempa for samisk språk, kultur og samfunnsliv, for kollektive samiske rettar og mot fornorskingspolitikken.

Det endeleg gjennomslaget kom først i 1989, da Sametinget blei etablert, og i 1990, da samane i Norge blei anerkjent som urfolk.

Parallelt startskot i nord og i sør

Startskot for den samepolitiske mobiliseringa var i 1904. Uavhengig av kvarandre blei det da mobilisert på etnopolitisk grunnlag både i dei nordsamiske og sørsamiske områda.

Mobiliseringa i nord og sør hadde fleire parallellar, men likevel ulikt utgangspunkt. I nord var det kampen mot den intensiverte fornorskingspolitikken i skulen som låg til grunn. I sør var det presset mot næringsinteressene til reindrifta som var utgangspunktet.

Kampen mot fornorskingspolitikken

Rundt år 1900 blei den statlege fornorskingspolitikken i Finnmark intensivert. Særleg merkbart var dette i skulen. Tidlegare hadde det vore tillate å nytte samisk og kvensk i kristendomsundervisninga og som hjelpespråk for å lette innlæringa av norsk.

No kravde styresmaktene at norsk skulle vere einaste undervisningsspråk. Dette førte til sterke protestar. Med utgangspunkt i den nordsamiske avisa Sagai Muittalægje (Nyheitsforteljaren), etablert i 1904, skapte læraren og redaktøren Anders Larsen eitt felles nordsamisk språk og kulturfellesskap som gjorde politisk mobilisering på etnisk grunnlag mogleg.

Isak Saba – den første samiske stortingsmannen

Før stortingsvalet i 1906 lanserte avisa Isak Saba, også han lærar, som kandidat for Aust-Finnmark landdistrikt. Gjennom Sagai Muittalægje fekk Saba gjort kjent sitt samiske valprogram og fekk der også publisert diktet Same soga laula (Samefolkets song) – eit dikt som i 1986 blei samisk nasjonalsong.

Etter å ha drive fram ein allianse mellom samane og fiskarbondesosialistane i Arbeidarpartiet blei Saba først valt til Stortinget i 1906, så attvalt i 1909, før han svært knipent tapte valet i 1912.

Svart-kvitt-foto. 10 menn i dress. Fem sit og dei fem andre står bak. Framme i biletet ligg ein kvit skinnfell¨.
Arbeiderpartiet si stortingsgruppe 1906–1909. Isak Saba sit som nummer éin til venstre. Foto: ukjent/Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek/CC BY-NC-ND

Kampen for reindrifta

I dei sørsamiske områda var det den svensknorske jordmora og reindriftssamen Elsa Laula Renberg som stod i spissen for den samepolitiske mobiliseringa. Sommaren 1904, mens ho framleis heldt til i Sverige, var ho initiativtakaren til og første leiar av Lapparnas Centralförbund, den første sameforeininga i historia. Det var presset mot reindriftsnæringa som var utgangspunktet for den sørsamiske mobiliseringa, men Renberg var også sterkt oppteken av samisk organisering, eigendomsretten til land og vann og retten til samisk språkopplæring i skulen.

I 1907, same år som ho flytta til Norge, stod ho bak etableringa av ei av dei første norske sameforeiningane, Brurskankens Lappe forening, og tre år etter skipa ho den første samekvinne­foreininga. Brurskankens Lappe forening var éi av fleire sameforeiningar som blei skipa sør i Nordland og i Trøndelag i 1907 og 1908

Svart-kvitt-foto. Kvinne i sør-samisk drakt sit på ein krakk og ser rett mot kamera. Det er ganske tydeleg at dette er eit atelier-foto.
Elsa Laula Renberg (1877–1931) fotografert i København i 1906. Laula Renberg engasjerte seg frå ung alder av i samars rettar og levekår. Storparten av livet arbeidde ho uttrøytteleg for at samane skulle organisere seg for å  kunne stå sterkare politisk. Foto: Atelier Empire/Tromsø Museum, UiT – Norges arktiske universitet/CC BY-NC-ND

Det første samiske landsmøtet

6. februar 1917 tok det første samiske landsmøtet til i Trondheim, ein dato som i 1992 blei peika ut som samisk nasjonaldag. Initiativtakar til og organisator av landsmøtet var Elsa Laula Renberg og Brurskanken Samiske Kvindeforening. Møtet samla til saman 150 deltakarar. Av desse var to tredjedelar samar, storparten frå dei sørsamiske områda i Norge, men det var også 20 svenske samar og tre nordsamiske deltakarar frå Finnmark.

Svart-kvitt-foto.Rett over 30 personar, kvinner og menn, stilt opp i ei inngangstrapp. Fleire i ulike former for samike klesdakter.
Nokre av deltakarane på landsmøtet i 1917. Foto: ukjent/Tromsø Museum, UiT – Norges arktiske universitet/CC BY-NC-ND

Hovudsaka på landsmøtet var tilhøva for reindrifts­næringa i dei sørsamiske områda, men også skule- og organisasjons­spørsmål blei drøfta. Landsmøtet vedtok at dei ønskja at styresmaktene nytta etnonymet same, ikkje lapp eller finn som til da hadde vore vanleg. Landsmøtet var eit utslag av ei ny samisk sjølvforståing, i form av ideen om samane som eitt folk på tvers av statsgrenser, språklege forskjellar, store avstandar og ulik næringstilpassing.

Eit nytt landsmøte blei heldt året etter, men etter fleire mislykka forsøk på mobilisering og organisering i byrjinga av 1920-talet gjekk den samiske opposisjonen i dvale på slutten av tiåret.

Nasjonale interesse­organisasjonar og internasjonalt urfolks­arbeid

Arbeidet med å etablere ein nasjonal samisk interesseorganisasjon blei tatt opp igjen etter andre verdskrigen. I 1948 blei Norske Reindriftsamers Landsforbund stifta, det var ein næringsorganisasjon for reindriftssamenes faglege, økonomiske, sosiale og kulturelle interesser. Få år seinare, i 1953, blei den første nordiske samekonferansen arrangert, og tre år etter blei nordiske Samerådet etablert. Det var eit samarbeidsorgan som arbeida for samenes kulturelle, og politiske rettar i Norge, Sverige og Finland.

I 1968 blei Norske Samers Riksforbund (NSR) stifta. Det var ein nasjonal interesseorganisasjon for alle samar og var ei samanslutning av lokale samiske foreiningar. NSR hadde særleg fokus på samenes politiske rettigheiter I Norge, men var som deira systerorganisasjonar i Sverige og Finland også sterkt engasjert i internasjonalt urfolksarbeid.

Da sametinget blei oppretta i 1989, stilte NSR som politisk parti. NSR hadde reint fleirtall i Sametinget frå 1989 til 1997 med Ole Henrik Magga som sametingspresident. Magga hadde vore aktiv i samisk organisasjonsarbeid og internasjonalt urfolksarbeid sidan tidleg på 1970-talet og var mellom anna med på etablering av World Council of Indigenous Peoples i 1975. Frå 2002 til 2004 var Magga leiar for FNs permanente forum for urfolk.

Norge – eitt land to folk

Tanken om Norge som eitt land med to folk, som var utvikla av den samiske læraren Per Fokstad på byrjinga av 1920-talet,  fekk ny aktualitet på 1980- og 1990-talet. I etterkant av strida om utbygginga av Alta-Kautokeino vassdraget blei det i 1980 satt ned eit eige Samerettsutval. Eit utval som la fram forslaget som førte til innføring av sameparagrafen i Grunnloven, § 108, om statens ansvar for at samane som folkegruppe kan utvikle sitt språk, kultur og samfunnsliv. Carsten Smith, som leia det første sameretts­utvalet, utvikla tesen om at Norge er ein stat tufta på territoriet til to folk – nordmenn og samar.

Sjølv om dette ikkje har blitt nedfelt i lovverket eller har blitt testa juridisk, har tesen festa seg. Ein viktig årsak til det er kong Harald 5. sin tale ved opninga av Sametinget i 1997:  

Den norske stat er grunnlagt på territoriet til to folk – nordmenn og samer. Samisk historie er tett flettet sammen med norsk historie.

I 1990 ratifiserte Norge, som første land, ILO-konvensjon-169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar. Ratifikasjonen innebar at samane i Norge blei anerkjent som urfolk og har vore svært viktig for samane sin rettsstilling i Norge. ILO-konvensjon-169 gjev samane rett til å bevare sin identitet som folkegruppe, utvikle sitt språk, kultur og samfunnsliv på sine eigne premiss innan rammene til den norske staten.

 
Emneord: Politikk og makt Av Ketil Zachariassen
Publisert 15. sep. 2016 09:00 - Sist endret 1. feb. 2024 11:10