Dei viktigaste kjeldene arkeologar arbeider med, som graver og restar etter hus og gard, er i stor grad fråverande i den første fasen av merovingartida. Det synest som viktig kunnskap om handverk og teknologi vart heilt borte. Mange små gardsbruk låg også forlatne. Med nokre unntak vende det meste tilbake, men i nye former.
Kunnskapen som forsvann
Mange viktige arkeologiske kjelder tek rett og slett slutt ved overgangen til merovingartida. Til dømes blir den storstilte produksjonen av jern som vi kjenner frå Trøndelag i romartida og folkevandringstida, heilt borte. Vi har ikkje særleg av spor etter jernvinne igjen før i andre halvdelen av 600-talet, og då var det ein heilt ny type teknologi som kom utanfrå.
Omtrent samstundes forsvinn også keramikken. Leirkar til kvardagsbruk vart erstatta av kar skorne til av kleberstein, samt også til dømes dreia trekar, lagga bøtter og kar av borkenever. Behaldarar som er laga av organisk materiale, finn vi diverre berre om vi er heldige med gode bevaringsforhold.
Heldigvis har vi til dømes viktige funn av runeskrifter som Eggjasteinen, som gjev viktig informasjon om språkutviklinga frå urnordisk til norrønt.
Pause i gullsmedhandverket
Ein viktig kjeldekategori som ein tradisjonelt meiner held fram frå folkevandringstida er metallhandverket, der overgangen i dyreornamentikken frå stil I til stil II gjerne blir rekna som starten på merovingartida. Men ved nærare ettersyn ser ikkje dette biletet ut til å stemme heilt.
På Sørvestlandet, som var kjerneområdet for framstilling av gjenstandar i stil I, forsvinn gullsmedverkstadene med alle dei dyktige handverkarane ved slutten av folkevandringstida. Også her går det nærare eit hundreår før gjenstandar med stil II dukkar opp.
Sjølv om gjenstandar med stil II er funne på Åker i Hedmark ganske tidleg i merovingartida, var nok ikkje desse lokalproduserte. Dei har fleire klare likskapstrekk med funn frå Vendel i Uppland i Sverige. Så det er mykje som tyder på at også lokal gullsmedproduksjon blir borte i eit hundreår i Noreg.
Tradisjonelt har denne tystnaden på hundre år blitt tolka som uttrykk for nedgangstider. Men det er også sett i samanheng med ei omlegging av jordbruks- og gardsstrukturen.
Konturane av noko vi kjenner
Kan det vere at vi er urettferdige overfor merovingartida som ein periode med mange og store endringar? Stirar vi oss blinde på kjeldekategoriane frå dei to funnrike periodane før og etter, folkevandringstida fram til år 550 og vikingtida etter år 800, slik at vi overser viktige kjelder som kan hjelpe oss med betre å forstå den perioden som ligg mellom?
Om nokre stemmer frå fortida no blir stumme, er det andre vi kan høyre klarare enn i tidlegare periodar. Ikkje minst gjeld det overgangen til norrønt språk og det at samfunnsmakta vart samla i færre og mektigare politiske sentra. Med norrønt og eit samfunn av småkongedøme på plass kring år 700 byrjar konturane av det vi seinare kjenner som kongedømet Noreg, å bli tydelege.