print logo

Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar

Fornorsking av samar og kvenar var målet med minoritetspolitikken den norske staten førte i nord frå 1850- til 1950-talet.

Styresmaktene ønskja at dei etniske minoritetane skulle smelte umerkeleg saman med det norske samfunnet.

Fornorskingspolitikken i nord sto sterkast frå 1870-talet og fram mot 1950-talet, og var særleg gjeldande for minoritetane i Finnmark og Nord-Troms. I starten var han retta mot språkopplæringa i skulen, men han blei etter kvart utvida til å omfamne dei fleste sider ved samfunnslivet.

Frå bevaring av minoritetskultur til fornorskingspolitikk

Før 1850 veksla den offisielle norske minoritetspolitikken mellom å vere imøtekomande til bevaring av dei etniske minoritetanes språk og kultur, såkalla akkulturasjon, og å søkje raskast mogleg assimilering av samane og kvenane inn i det norske samfunnet. Fram mot 1870 og utover var det assimilasjonslina, også kalla fornorskingslina som vann fram.

Svartkvitt-foto. Portrett av mann med prestekrage, stort kors i kjede rundt halsen og  fire ordenar eller medaljar på forskjellige stadar på brystpartiet.
Vilhelm Andreas Wexelsen (1848–1909) var teolog og venstrepolitikar. Som kirkeminister stod han i 1898 bak utsendinga av ein språkinstruks til skulen, Wexelsenplakaten, som oppmoda til kraftig innstramming av bruk av kvensk og samisk som hjelpespråk i undervisinga. Dette var den fjerde instruksen om språkbruk i skulen frå skulestyresmaktene sidan 1860. Kvar instruks medførte ei stadig sterkare oppmoding til fornorsking. Foto: L. Szaiñski/Oslo Museum/CC BY-SA

Eit «norsk» Noreg var eit sterkare Noreg

Allereie i samtida blei dette omtalt som fornorskingspolitikk. Bakgrunnen for fornorskingspolitikken var i starten ein kombinasjon av utdanningspolitiske ambisjonar, samtidas dannings- og nasjonsbyggingsideologi og ønskje om sterkare grensesikring i nord. Etter kvart blei også sosialdarwinistiske og rasebiologiske tankar viktige.

Dette var idear som folk flest aksepterte i samtida, og som fungerte både som forsvar og grunngjeving for fornorskingspolitikken. Ifølgje denne tankegangen hjelpte ein samane og kvenane når ein fekk dei til å gje slipp på språket, religionen, klesstilen eller andre kulturelle trekk som signaliserte kva minoritet dei høyrde til.

Svart-kvitt-foto. Motivet omlag 50 born og nokre vaksne som står oppstilt utanfor ei kyrkje. Ein prest med krage ruvar i fotoet. Det er vinter og alle går gledd i skinnklede og hovudplagg ein i dag forbinder med samisk kulturuttryk.
Norske myndigheiter var samde om at den tradisjonelle samiske religionen måtte utryddast og erstattast med kristendom. Blandt kyrkjas menn var det likevel delte meiningar om den sterke vektlegginga av norsk som forkynningsspråk. Nokre meinte at Bibelens bodskap måtte formidlast på det språket kyrkjelyden forstod best. Biletet er teke utanfor kyrkja i Kautokeino etter gudsteneste i 1882/1883. Foto: Sophus Tromholt/Universitetsbiblioteket i Bergen/CC BY-SA

Språkopplæring og skule

Skuleinstruksen for dei språkblanda i Finnmark og Nord-Troms blei fram mot slutten av 1800-talet gradvis innskjerpa. I byrjinga var det tillate å nytte samisk og kvensk som undervisningsspråk i kristendomsundervisninga og elles som hjelpespråk for å lette innlæringa av norsk. I praksis førte det til at elevane også fekk opplæring i morsmålet.

Fornorskingspolitikken i skulen fekk sin endelege form med skuleinstruksen av 1898, den såkalla Wexelsenplakaten. Sjølv om det ikkje kom eit forbod mot bruk av hjelpespråk i skulen, var det i realiteten slik at norsk vart det einaste opplæringsspråket i dei språkblanda skulekretsane. Unntaket var Karasjok og Kautokeino, som følgje av språktilhøva var det der tillate å nytte samisk som opplæringsspråk i kristendomsundervisninga. 

Skuledirektøren som kjempa for fornorsking

For å koordinere og kontrollere fornorskingsarbeidet fekk Finnmark som det første fylket i landet eigen skuledirektør. Bernt Thomassen, skuledirektør i Finnmark frå 1902 til 1920, dreiv fram fornorskingspolitikken med stor kraft. Han stod i spissen for utbygginga av internatskular i Finnmark og bidrog aktivt til at fornorskingspolitikken omfamna dei fleste side sider ved samfunnslivet. Skuleinternata var ein viktig institusjon for å fremme norsk språk og kultur og slik nå målsettinga med fornorskingspolitikken.

Samepolitisk mobilisering

Den intensiverte fornorskingspolitikken førte til sterke reaksjonar frå samisk hald. Særleg blei det reagert på at samisk ikkje lengre skulle nyttast som undervisningsspråk i kristendomsundervisning. På starten av 1900-talet resulterte det i ei samepolitisk mobilisering som på etnisk grunnlag kjempa for samisk språk, kultur og samfunnsliv, for kollektive samiske rettar og mot fornorskingspolitikken.

Digitalisert faksimile av avisside eller papirside. Overskrifta er Sagai Muittalægje og ved s'en ser me eit reinsdyrhovud med gevir.
Avisa Sagai muittalægje (nyheitsforteljaren) vart gjeven ut i 1904–1912 og gjekk sterkt ut mot fornorskingspolitikken. I denne utgåva frå 1906 vart diktet Sámi soga lávlla av Isak Saba publisert for fyrste gong. Same dikt vart vedeke som samisk nasjonalsong i 1986. Digitalisering: Samisk skolehistorie

Fleire kvenar og meir fornorsking

På 1860-talet førte hungersnaud i Nord-Finland og Nord-Sverige til stor innvandring til Finnmark og Nord-Troms. Det var ein kraftig vekst i den kvenske befolkninga i nord, særleg i Aust-Finnmark. I mange lokalsamfunn var 30–40 prosent av befolkninga kvensk, til dømes var over halvparten av befolkninga i Vadsø by kvensk rundt 1870.

Svartkvitt-foto. Ei kvinne sit på kne og malkar eit reinsdyr i skogen. Ein mann står i ullgenser og ei lappa bukse ved sida av og held reinsdyret roleg.
Melking av reinsdyr i Passvikdalen i Aust-Finnmark i 1890-åra. Foto: Ellisif Wessel

Dei kvenske innvandrarane busette seg der andre kvenar allereie budde, og norske styresmakter vart redde for at nokre bygder og bydelar skulle bli heilkvenske. Dei frykta at finsk nasjonalisme og idear om eit Stor-Finland, det ein i samtida omtalte som den finske fare, skulle få fotfeste i dei utsette grensestrøka i nordaust.

Fleire tiltak blei sette i verk for å auke det norske nærveret i grensestroka, dei viktigaste var busettings- og bureisingstiltak og strategisk vegutbygging mellom etnisk norske bygder. Som eit ledd i dette blei det i 1902 vedteke ein eigen lov for sal av jord for Finnmark. For å få kjøpt jord blei det både innført krav om norsk statsborgarskap og at daglegspråket til kjøparen var norsk.    

Kulturelle grensefestningar

Dei norske styresmaktene frykta finsk nasjonalisme og tidvis blei også Russland sett på som ein tryggingspolitisk risiko. Forsvaret ønskja av den grunn etablering av grensefestningar og garnisonar i nordaust. Regjering og Storting ønskja å unngå tiltak som grannelanda kunne oppfatte som provokasjonar og ønskja halde fram avspenningspolitikken.

I staden for militær opprusting gjekk dei norske styresmaktene inn for bygging av det som i samtida blei omtala som kulturelle grensefestningar frå grensa mot Russland i Sør-Varanger og vidare vestover langs grensa mot Finland til Lyngenfjorden i Troms.

Frå 1905 av blei den nye nasjonalstatens grenser markert gjennom kulturelle festningsverk, som internatskular og kyrkjer, som gjennom sin arkitektur tydeleg signaliserte nasjonens særdrag utan å provosere militært. Dette var kraftfulle nasjonale symbol som både bygde opp om, og var eit reiskap i, fornorskingspolitikken.

Fotografi av fire menn, tre i pels, sittende foran kirkedør
Kvener i Kautokeino. Foto: Sophus Tromholt/Universitetsbiblioteket i Bergen/CC BY-SA

Hundre år med fornorskingspolitikk

Fornorskingspolitikken tok til kring 1850, og i 1880–1900 blei hovudlinene utforma, for så å bli sette ut i livet i tiåra som følgde. Fram mot midten av 1900-talet blei skule og samfunnsliv på avgjerande vis forma av fornorskingspolitikken. Han hadde innverknad på alle i Finnmark, ikkje bare samar og kvenar. I kraft av sitt omfang, styrke og varigheit kan fornorskingspolitikken karakteriserast som eit territorialt avgrensa nasjonsbyggingsprosjekt.

Overgangstid etter krigen

Etter andre verdskrigen blei ikkje fornorskingspolitikken ført vidare av dei statlege styresmaktane. Samtidig er det klart at fornorskingspolitikkens intensjonar og virkemiddel i praksis levde vidare både i skulen og på andre samfunnsområde også etter andre verdskrigen.

1950- og 1960-talet var på mange vis ei overgangstid mellom fornorskingspolitikken som statleg styrt politikkområde og dei reformene som kom i norsk samepolitikk utover 1960- og 1970-talet. Til dømes blei Wexelsenplakaten, skuleinstruksen frå 1898, ståande heilt fram til 1963 da Stortinget behandla Samekomiteen av 1956–59 si innstilling. Sjølv om fornorskingspolitikken i skulen formelt blei avvikla var verknadene  markbare i fleire tiår etterpå.

Av Ketil Zachariassen
Publisert 1. sep. 2016 12:00 - Sist endret 14. juni 2017 09:07