Då tre hundre kommunar forsvann

Nesten 300 norske kommunar forsvann på 1960-talet. Utbygginga av velferdsstaten drog med seg ei omlegging til større og færre kommunar.

Talet på norske kommunar vart redusert frå 747 til 454 tidleg på 1960-talet. Denne kommunereforma har vore omtala som den største omlegginga i norsk lokalforvaltning sidan formannskapslovene i 1837.

Det norske sosialdemokratiet skulle byggjast på ein solid og einsarta lokal forvaltningsstruktur. Endringane i Kommune-Noreg i etterkrigstida var så store at dei iblant vert kalla det kommunale hamskiftet. Regjeringa nedsette ein eigen «kommuneinndelingskomité» i 1946, og den arbeidde med å førebu reforma gjennom fleire tiår under leiing av fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Nikolai Schei.

Fotografi av Schei-komiteen: seks menn i to rader, første rad sittende ved skrivebord
Schei-komiteen fotografert i 1957, med Nikolai Schei foran i midten. Foto: NTB scanpix

Sjølvstyre eller nytteomsyn?

Grovt sett kan ein skilje mellom to ulike synsmåtar på kva ein kommune skal vere. Den eine sida har lagt størst vekt på sjølvstyre og sjølvstende i dei lokale einingane. I eit slikt syn skulle kommuneinndelinga spegle naturleg eksisterande einingar og fellesskap.

I den andre synsmåten ligg vekta på praktisk nytte – på kva for kommunegrenser som legg best til rette for styring og forvaltning. Her gjeld det at kommunane skal vere berekraftige og samansette best mogleg for utføring av velferdsstatlege oppgåver. Folketal, næringsgrunnlag og skatteinntekter var avgjerande for denne argumentasjonen.

Ikkje store nok

For å fungere som reiskap for velferdsstaten, meinte Scheikomiteen, måtte ein kommune kunne lønne både ein kommunekasserar og ein likningssekretær i full stilling, helst òg ein formannskapssekretær i full stilling.

Halvparten av landets kommunar låg under dette minimumet.

Ikkje få stader stemte situasjonen med Berge Furres skildring av kommuneadministrasjon som «eit skap og nokre timar av ordførarens fritid».

Omstridde endringar

På nasjonalt politisk nivå var argumentet om styringsnytte ofte framheva av Arbeidarpartiet og argumentet om sjølvstyre av dei borgarlege partia. I konkrete lokale diskusjonar var bildet likevel oftast langt meir blanda.

Kva som for eksempel var ei naturleg eksisterande eining – kva for område som hang «naturleg» saman – var ikkje alltid heilt klårt.

Utviklinga i samferdselssektoren hadde mykje å seie. Nybygde og planlagde vegar, bruer og tunnelar kasta om på vande førestillingar om avstandar og naboskap. Dei langt fleste var samde om at mange kommunar ikkje var budde på dei nye oppgåvene som ville komme med utbygging av velferdsstaten. Behovet for ei meir rasjonell fordeling av oppgåver og betre utjamning mellom kommunane var òg klårt.

Svært mange føreslåtte endringar var likevel omstridde. Lova om kommunesamanslåing frå 1956 ga Scheikomiteen og Stortinget ein naudsynt reiskap der dei ville endre kommunegrensene mot ønska i dei einskilde kommunestyra.

Eit eige departement

Kommunaldepartementet vart oppretta i 1948, i seg sjølve eit uttrykk for den rolla kommune-, distrikts- og regionalpolitikken skulle få i etterkrigstidas sosialdemokratiske regime. Høgre gjekk som einaste parti på Stortinget imot denne opprettinga, men kunne berre håpe at «det ble et departement som kanskje kunne passe på at det ikke ble lagt altfor store byrder på kommunene fra denne sal».

Ganske motsett såg Knut M. Nordanger, Arbeidarpartiet sin viktigaste kommuneideolog, på saka: «den verste motstand vil vi møte i lokalpatriotismen, i småsynet. Mot den må vi hevde samfunnssynet».

Velferdskommunen

Gjennom kommunereforma var det Nordangers syn som vann fram. Den førte med seg at kommunane fekk ei ny rolle.

Medan mange norske kommunar i 1946 ikkje lønte meir enn ei handfull menneske – nokre lærarar, dei tilsette på gamleheimen og ein kommuneingeniør – er kommunen i dag den viktigaste arbeidsgivaren mange stader.

Årsaka til dette er ikkje minst at kommunane gjennom etterkrigstida har vorte lasta med stadig nye oppgåver på vegner av staten. Historikaren Tore Grønlie introduserte omgrepet velferdskommune for å understreke korleis kommunane blei sette til å setje i verk statleg formulert velferdspolitikk.

For å få dette til måtte kommunane få eit meir einskapleg preg. Velferdsstaten trong kommunar som likna kvarandre, hadde tilsvarande kapasitet og moglegheit til å gjennomføra dei same velferdstiltaka.

Emneord: Politikk og makt Av Hege Roll-Hansen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 30. jan. 2024 15:51