Synet på ekteskapet i den norske homobevegelsen

I løpet av ein kort periode avskaffa staten Norge paragrafane som sette straff for sex mellom menn. Reformer fann stad i eit samfunn i stor endring særleg kva gjeld forståing av samliv, kjønn og seksualitet. Samstundes var ein norsk homobevegelse lenge delt i synet på ekteskap.

På 1970-talet var det lite som talte for at såkalla «regnbogefamiliar» - familiar der foreldra er homofile, bifile eller lesbiske – skulle bli eit vanleg syn i Noreg. Forutan at dette i praksis var utenkeleg på nasjonalt politisk nivå, var homobevegelsen avvisande til ekteskap og tradisjonelt familieliv.

Spørsmålet om homofile sin rett til familieliv og korleis dette skulle regulerast juridisk, skapte langvarig debatt og konflikt i bevegelsen. Då spørsmålet skaut fart arbeidde begge dei dåverande leiande organisasjonane i homobevegelsen - Fellesrådet for lesbiske og homofile organisasjonar i Noreg (FHO) og Det norske forbund av 1948 (DNF-48) – saman for innføring av lovregulering av samliv mellom to av same kjønn.

Det var ei felles forståing i majoriteten i bevegelsen av at homofile og lesbiske skulle ha lik rett til å inngå i lovregulert samliv som heterofile. Grunna samarbeidet blei FHO og DNF-48 slått saman til Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH), forløparen for dagens FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Jakkebuttons med DNF-48
Den første organisasjonen i den norske homobevegelsen var DNF-48. Bilde av jakkemerke som var én måte å vise aktivisme på. Foto: Skeivt arkiv

Gift samliv mellom mann og kvinne - både norm og ideal

Den norske homobevegelsen starta i 1950 som ei underavdeling av Forbundet af 1948, den leiande organisasjonen i homobevegelsen i Danmark. Frå stiftinga og etableringa av ein sjølvstendig organisasjon (DNF-48) i 1953, førte den organiserte homovegelsen ein diskret kamp for at homofile og lesbiske fritt skulle kunne leve ut sitt kjensle- og seksualliv.

Homobevegelsen virka i eit samfunn der gift samliv mellom mann og kvinne var både norm og ideal, og kor sambuarskap uansett kjønn og homoseksualitet (mellom menn) var kriminalisert i straffelova fram til 1972 ved paragrafane 379 og 213. Brot på desse paragrafane kunne straffast med bøter eller korte fengselsstraffer. Dei blei i praksis lite nytta, men bidrog likevel sterkt til å skape negative haldningar og stigma retta mot andre levemåtar enn heterofilt ekteskap.

Nei til tradisjonelt familieliv

Også etter oppheving av paragrafane i 1972 var ekteskapet norma. Til dømes levde berre 5% av norske kvinner i sambuarskap i 1977. Ein viktig bakgrunn for at så få valde sambuarskap, var at ekteskapet framleis var einaste juridiske ordning for samliv.

Etter avkriminaliseringa var homobevegelsen mindre diskret, og kritiserte no skarpt ekteskapslova som ei urettvis favorisering av ei einaste samlivsform. Ekteskapet og kjernefamilien blei av bevegelsen framstilt som undertrykkande sosiale institusjonar som låste kvinner i ein posisjon underordna menn, og som pådrivar av urealistiske ideal som monogami og livsvarige relasjonar. DNF-48 gjekk ved resolusjon i 1973 inn for at ekteskapsinstitusjonen måtte erstattast med lovgiving som likestilte ulike samlivsformer.  

Kritikk av ekteskapet og kjernefamilien var relativt utbreidd i samfunnet på 1970-talet, særleg i kvinne- og mannsbevegelsen. Homobevegelsens medlemmar følte at homofili representerte eit positivt bidrag til samfunnet, ei eiga verdifull livsform frigjort frå tradisjonelle normer og tradisjonar. Det å leve ut sin seksualitet ope – gjerne med mange og hyppige partnarbyter – blei av mange i bevegelsen sett på som godt og frigjerande. Samlivsmåtar som kollektiv blei sett på som gode alternativ, og det blei peika på at desse burde vere juridisk anerkjende på linje med andre samlivsformer, i tråd med 1973-resolusjonen.  

Ønsket om rett til ekteskap blir sterkare

Særleg frå 1981 blei behovet for ein formalisert politikk for i samlivs- og familiespørsmålet diskutert i homobevegelsen sine aviser. Med resolusjonen frå 1973 som viktig premiss, avviste mange framleis tradisjonelle samlivs- og familieformer, medan andre ønskte tilgang til nettopp dette. Særleg kristne i homobevegelsen ønska seg rett til å inngå tradisjonelle ekteskap, og mange av desse organiserte seg frå 1973 i Åpen kirkegruppe (ÅK). I ÅK blei det kjempa for aksept for kjærleik mellom to av same kjønn også innanfor religiøse rammer. Tidlege dømer på «kristen homokamp» var uoffisielle vigsler av par av same kjønn frå tidleg 1970-tal. Desse vigslene var ikkje anerkjende juridisk eller religiøst, og gikk dels imot 1973-resolusjonen.

Dei som ønska å leve meir tradisjonelt følte seg råka av stigma knytt til dei delane av homobevegelsen som argumenterte for eit fritt og ope seksualliv med fleire partnarar. Det var gjerne denne «promiskuøse» delen av homobevegelsen som fekk mest merksemd i samfunnet, noko som gjorde seg særleg gjeldande då sjukdommen hiv/aids kravde sitt første offer i Noreg i 1983. Menn som har sex med menn markerte seg raskt som ei gruppe med høg risiko for smitte, og både nasjonale medium og medium retta mot lesbiske og homofile retta stor merksemd mot gruppa. Promiskuitet hos menn blei kritisert som umoralsk risikoåtferd då slik åtferd kunne medføre smitte og død.   

Normalisering og nye livsutsikter    

Den negative merksemda førte til at mange i homobevegelsen ønska å “normalisere” homofile og lesbiske ved nettopp å vise at homofile ønska - og hadde same evne som heterofile til - å leve i tradisjonelle samlivsformer. Sentrale aktørar i homobevegelsen peika på manglande samlivsregulering for homofile og lesbiske som urettvis forskjellsbehandling, og formulerte problematikken som eit likestillingsspørsmål. Tilhengarane av likestillingsperspektivet utgjorde gradvis ein majoritet i homobevegelsen, medan kritikarane av ekteskap og tradisjonelle samlivsformer blei mindre førande for homobevegelsen sin politikk.

Endringa mogleggjorde at kravet om regulering av parforhold mellom to av same kjønn blei bevegelsen sin viktigaste kampsak. I 1988 blei det satt opp ei partnarskapsgruppe beståande av medlemmar frå DNF-48 og FHO som arbeidde opp mot det politiske miljøet for å få gjennomslag for samlivsregulering mellom to av same kjønn. Spørsmålet var kontroversielt i samfunnet, og det var ikkje gitt at det ville bli fleirtal for ei slik lovregulering på Stortinget.

Medlemmer av norsk homobevegelse går med faner i 1.mai-tog
Homobevegelsen markerte seg i 1.mai-tog på 1970- og 80-tallet. Foto: Skeivt arkiv

Innføring av partnarskapslov og felles ekteskapslov

Noreg innførte partnarskapslova i 1993. Dette skjedde etter at Danmark hadde innført tilsvarande lovgiving i 1989, og etter langvarig politisk press frå homobevegelsen. Lova gav ekteskapsliknande rettar til homofile og lesbiske par, men regulerte ikkje spørsmålet om barn som vaks opp med foreldre av same kjønn. Dei påfølgjande åra blei eitt av dei viktigaste ankepunkta mot partnarskapslova at homofile og lesbiske ikkje blei anerkjende som foreldre på lik linje med heterofile. Kritikken mot ekteskapet og kjernefamilien blei mindre viktig, sjølv om ein minoritet i homobevegelsen kritiserte ønsket om likestilte rettar som «etterlikning» av heterofile.    

Gjennom vedtak om felles ekteskapslov i 2008 blei homofilt samliv likestilt med heterofilt samliv kva gjaldt rett til adopsjon, assistert befrukting og ekteskapsinngåing, ei lovendring feira som ein stor siger for likestilling i homobevegelsen. Debatten i bevegelsen har alltid vore prega av spørsmålet om homofile er ei særeiga livsform grunnleggande ulike heterofile – og derfor har levd annleis - eller om ulikskapar skuldast forskjellbehandling basert på ulik seksuell orientering. Førstnemnde perspektiv gav grunnlag for krav om samfunnsendring i form av avvikling av ekteskapsinstitusjonen, medan sistnemnte gav opphav til dagens situasjon med likestilling innanfor det opphavlege lovverket. Dagens FRI går i dag inn for at alle samlivs- og familieformer skal handsamast likt, og opnar slik i dag igjen for ei større omvelting av lovgiving på feltet slik DNF-48 sin 1973-resolusjon gjorde.

 

 

NRK-klippet tar opp i seg historien like før Stortinget vedtok felles ekteskapslov i 2008. Lovendringa gav likekjønna par lik rett til å inngå ekteskap, rett til å bli vurdert som adoptivforeldre, og rett til assistert befrukting for lesbiske par. Trussamfunn hadde likevel ikkje plikt til å gjennomføre vigsler, og det blei til dømes ikkje mogleg for par av same kjønn å gifte seg i den norske kyrkja før kyrkjerådet i 2017 vedtok ein ny vigsleliturgi tilpassa par av same kjønn.

Emneord: Sosiale forhold Av Birger Berge
Publisert 3. nov. 2017 16:11 - Sist endret 5. feb. 2024 15:55