I romanen Bondestudentar skildrar Arne Garborg guten Daniel Braut. Daniel sine draumar og utfordringar kan likne på dei ungdom i dag har.
Daniel veks opp på ein gard i bygda Nese med foreldra sine og broren Lias. Daniel er ein oppvakt gut som drøymer om å studere. I møte med utfordringar minkar kjensla av sjølvtillit parallelt med evna til å klare seg på skulen og i livet.
Romanen kan plasserast innan naturalismens litterære epoke med si pessimistiske framstilling av bondeguten som ville bli prest.
Under kan du lese eit utdrag frå romanens fyrste del på modernisert nynorsk eller bokmål lenger ned på sida.
Kjelda
| Tittel: | Bondestudentar |
|---|---|
| Datering: | 1883 |
| Opphav: | Arne Garborg |
| Henta frå: | Bokselskap.no |
|---|---|
| Rettigheiter: | CC BY-NC |
Meir informasjon om kjelda
[Kjeldeutdraget er modernisert. Eit utdrag på bokmål står lenger ned på sida.]
I bygda gjekk det ei stor forteljing om son hans Jo Kleppe, han frå Berg sokn, som hadde vore i Kristiania og «lese seg fram til prest». Han hadde streva i mange år før det vart noko av, for det var nok ein fæl, stri skule. Gong på gong måtte han opp til eksamen, og det gjekk stundom gale og stundom godt. Det hadde nok gått rett på vettet laus for guten nokre gonger, men han stod på og han vant fram, «og no,» slutta soga, «er han prest der nordpå ein stad, og har kanskje 600 dalar i året!» Det var Oskeladden som hadde vunne kongeriket, for Daniel lydde det som tonar frå ein lur som lokka til eventyr.
Skulle slik kunne hende med han? Presteskulen var særs dyr. Sjølv rikingen Jo Kleppe hadde vorte fattig, fordi han hadde kosta så mykje på sonen. Og han far, stakkar, han var nok ingen riking han.
Men meir og meir drøymde Daniel om presteskulen. Kven kunne vite, det var ein som styrde alt. Og det kunne kome både råd og hjelp, når berre han ville.
Dei hjelpte han å drøyme, bygdefolket med. «Det kunne bli noko stort av den guten,» fekk han stundom høyre at den eller den hadde sagt, «berre det var nokon som ville halde han på skular.» Noko stort! Det måtte vera prest, det. –
– Dei hadde fått ein ny kapellan der i prestegjeldet for eit års tid sidan. Han heitte Hirsch og var austanifrå. Det skulle vera slik ein snill mann, denne Hirsch. Då Daniel gjekk og las, fekk han gå for han.
Der var noko særskilt med denne mannen. I Kristiania var han komen i lag med folk som hadde ført han med seg inn i ein reint ny tenkjemåte; av dei hadde han lært noko som embetsmenn aldri hadde visst om før: «Tru på folket» og særleg tru på bonden.
Det var bonden som sat inne med dei bundne krefter i landet. Hos bonden drøymde dei uløyste tankar, som skulle reise det nye Noreg. No var Hirsch komen på bondebygda. Og sjølv om alt han tykte om bonden frå før såg annleis ut enn han hadde tenkt, så drøymde han likevel støtt om den åndskrafta han meinte han her skulle finne.
Kapellan Hirsch la snart merke til Daniel. Han likte denne sterkbygde guten med det rolege, godslege ansiktet, særleg lika han augo. Dei kunne sjå så blidt og trufast på ein, desse augo, det drøymde ånd i dei, meinte Hirsch. Og til hans store glede viste det seg, at guten hadde gåver. Det var ikkje nok med at han lærte leksene, han skjønte det han las, og visste så merkeleg godt å finne dei rette svara. Med stigande håp følgde kapellanen guten ut gjennom bøkane. Og sistpå visste han, at dette var ei bunden kraft. Han spurde etter Daniel hos læraren hans, og fekk høyre både av han og av anna vettige folk, at det var ein gut med gode gåver. Kapellan Hirsch vart så glad som han skulle ha funne gull. Og han sette seg føre at han ville freiste å sleppe laus denne bundne krafta. Eit stort verk ville det vera. […]
– Då Daniel var konfirmert, fekk kapellanen ein søndag fatt i far hans ved kyrkja. Og han talte for Ole Johannes det beste han kunne: denne guten burde ein sjå å få hjelpt fram. Ole Johannes vart så fornøgd over dette, at det var så han raudna i sine gamle kjakar. Men det ville nå vel bli for dyrt? Kapellanen svara, at han ville lesa med guten sjølv så langt han kunne, og det skulle ikkje koste nokon ting. Då blenkte det sterkt opp i augo hans Ole Johannes Sørbraut. Dessutan, heldt kapellanen fram, skulle han prate med klokkaren, så Daniel kunne få gå gratis på klokkarskulen, det var mangt han best kunde lære der. Ja dette var særs snilt av presten, sa Ole Johannes. Reint for snilt var det, men … var ikkje presten redd det kunne vera farleg for guten å få så mykje verdsleg kunnskap? – Nei, kapellanen meinte at mykje kunnskap gjorde ein mann godt, det var lite og falsk kunnskap, som «blæs opp». Ja, ja, presten forsto nå det best han. Men trudde presten, at det kunne vera mogleg, at guten kunne … kome så langt fram? – Ja, kapellanen trudde han kunne kome langt fram. Han vart sistpå trøytt av alle desse åndlause innvendingar og tvilsmål hos denne bonden, han sa han tykte ikkje Ole Johannes burde setja seg imot dette, når han så tydeleg såg det var Guds vilje, han skulle tenkje Vårherre kan hende hadde større tankar med guten enn han kunne forstå. Då Ole Johannes høyrde dette, gav han seg. Tilbodet var nå og så godt at i grunnen kunne ein ikkje takke nei. Så gjekk Ole Johannes heim både kry og uroleg over det som i dag var avgjort. Kapellanen var glad som ein landvinnar. Det skulle bli eit herleg arbeid å få så og plante i slik ei naturfrisk barnesjel.
Daniel var som ør av glede. Han gjekk og lo ein heil dag. At slik kunne hende! At han, som berre var ein stakkars bondegut, kunne få slik ei lykke! Å Gud velsigne den presten Hirsch, han ville aldri gløyme presten Hirsch, nei aldri. –
Ein dag ut i veka rusla gamle Ole Johannes på bygda og lånte seg nokre dalar, som skulle vera til bøker. Det var som heile huset kom i høgtidslag. Men ute på bygda tala dei nå med forundring, og helst med fliring, om denne Sørbrautguten, som heldt seg så gjæv at han ville bli prest.
II.
Var Kapellan Hirsch glad for han hadde råka på ei bunden kraft, så var han ikkje mindre glad for at han skulle få prøve sin nye metode. For den visste han var god. Det var den naturlege. Den, som alle mestrar i oppfostringskunsten hadde brukt. Han ville ikkje stappe guten full av bokstavar, han ville lære han livsvisdom. Dyrke hans hjarteliv som hans tankeliv, lære han å kjenne og elske ånd. […]
Daniel kom til presten i glade og urolege tankar. Han venta seg lekser så lange som kyrkjevegen, og ei utspørjing så streng som på domedag. Men så fekk han høyre at dei ikkje skulle bry seg med lekser. Og i staden for å spørja sette kapellanen seg til å fortelja. Han ikkje så mykje som bad Daniel «høyra vel etter» enda mindre at han kunne «hugse det til neste gong». Daniel undra seg, kunne slikt føre fram til lærdom og eksamen?
Nå, kapellanen skjønte det vel best, han. Kapellanen visste nok kva han gjorde. Det var kan hende på den måten dei tok det, desse fine, dei brydde seg vel ikkje om å træle med lekser og slikt dei.
Men då kapellanen ein dag fortalde han, at den måten dei her bruka ikkje var den vanlege Latinskulemåten, vart Daniel uroleg. Han stira med store augo på denne mannen som våga å bruke sin eigen skikk og trudde seg klokare enn både bispar og prostar. I grunnen ville Daniel helst hatt det som ein vanleg Latinskulegut. Og han hadde kjent seg tryggare, om han hadde visst dei gjekk fram på den føreskrivne måten. Men ein kunde ikkje seia slikt til kapellanen. Han slo seg til ro og såg på læraren sin med augo som sa: Du veit det best, gjer med meg som du synest.
Det var sagaen kapellanen dreiv på med i dei fyrste timane. Daniel hadde kvar gong den tyske språkboka med seg, og la ho på bordet framføre seg som ein stille bønn, for så lenge han ikkje kunne tysk, var han ikkje klokare enn andre bønder. Men kapellanen let det tyske liggje.
Meir fortalde han om våre gamle forfedrar. Og særleg la han ut om trua til desse forfedrane. Fram steig dei for Daniel i lysande rad, desse høge «æser», som han aldri før hadde visst var til, gud etter gud kom dei strålande, fyrst tre i talet, sidan tolv, […] Og Odin sat høg i Hildskjalv med sine ramnar, han såg ut over verda og visste alt. Men Tor rulla rundt ikring alle himlar og slo jotnane til stein med hamaren sin.
[...]
– Det gjekk eit halvt års tid, då kunne ikkje kapellanen dryge lenger med det tyske. Men det ville han heller ikkje ta på den åndlause Latinskulemåten. Latinskulen var i det heile eit sørgjeleg hol, sa han. Det var ikkje ein skule for ungdom, det var ein skule for kaldklokskap og åndsfiendskap. […]
Dei brydde seg ikkje om den tyske grammatikken. Tok til med leseboka, språklovene fekk dei lære gjennom språket. Kapellanen las opp og byrja omsetje, Daniel gjorde det same etter. Og det gjekk godt. Hugsa ikkje Daniel orda, så hugsa han innhaldet, han lærde og snart å gjetta seg til meininga i mange ord, dei som kom oftast att lærde han. Det gjekk godt dette, tykte Daniel.
Det same tykte kapellanen. Han var fornøgd både med guten og med metoden, på denne måten skulle der kome ånd inn i sjølve tyskspråket. Og han skreiv i eit skuleblad om kor godt det gjekk med den nye metoden.
Like glad som læraren var i denne, like glad var Daniel for at han endeleg kunne fortelja at han las tysk. Han la særleg merke til slike ord og vendingar som han kunne få bruk for, dei lærde han, så han kunne ha noko å slå frå seg med heime, og noko å briske seg med i klokkarskulen.
Der var han stor kar, og han treivst der. Mellom anna og fordi han likte så godt Inga Holm, klokkardottera. Denne Inga var ein rund, søt liten ting, med eit godt, blidt ansikt og fagre fakter, augo låg liksom halvt attlatne og smådrøymde, svømmande i mild, søvnig glans. Det var forunderleg så ljos og hyggjeleg skulestova vart når ho kom inn. Der var noko serskilt ved henne som Daniel aldri såg hos andre, alt det ho gjorde, om ho so berre rørde ein finger, – det var så tekkjeleg, så uskyldig, så vent å sjå på. Men augo var som solglytt. Kom ho til å sjå burt på Daniel, vart han varm, og ei forunderleg søt og uroleg kjensle gjekk gjennom bringa. Daniel drøymde ofte om dei augo, og når kapellanen fortalde om Idunn eller Frøya, så hugsa Daniel alltid på Inga. Han tenkte så smått, og vart blodraud ved tanken, at kanskje elska han Inga Holm?
[…]
Det Daniel lærte mest av var sagaen. Kapellanen fortalde godt, og Daniel fylgde med. Det var lett, dette, og greitt å hugse, og gløymde han noko, var det berre å sjå etter i boka.
Og så lærte han å drøyme. Han drøymde om huldra og om Inga Holm, og dei to vart meir og meir eitt. Han drøymde og om alt det store og gode han ville gjera, når han vart student eller prest. Av skaldane og av kapellanen fekk han vite, at ungdomsdraumane høyrde med til det største i livet. Ingen vart ein rett mann som ikkje hadde drøymt i sin ungdom! Og når kapellanen fortalde Daniel om studentlivet, sa han gjerne, at det som ga dette livet sin glans og si høgd, det var dei ungdomsdjerve draumane. Til studentlivet høyrde glede, song, frisk skjemt, godt kameratskap, men kvar student som der var mannsemne i, bar i løyndom på fagre draumar som ga gleda alvor og leiken meining.
– Så drøymde Daniel, og trudde han var eit mannsemne fordi han drøymde, det gjekk heller som det kunne med leselysta. Men levde han høgt i draumane og i dei ljose stundene hos kapellanen, så tykte han det vart meir og meir stridt å halde ut heime.
Det var så trongt og så smått der. Så uhyggjeleg og så åndlaust. Alt handla om den stakkars maten. Og ustelt var det der, ikkje greie på nokon ting. Dei heldt ikkje skikkeleg reint meir, og glaset kom mest aldri opp, så lufta var mang ein gong deretter. Ikkje seg sjølve heller brydde dei seg om å halde reine, vaska dei seg kvar sundag var det godt. Ein tanke utanom det rå matstræv fanst ikkje, når ein tok ifrå det gudelege. Menneskjeliv hadde dei ingen draum om. Og her gjekk han så åleine. Han hadde ingen å tala med. […] Her var i grunnen ikkje leveleg for Daniel.
Ville han seie noko om dette vanstellet, så gjorde dei helst narr av han. Stundom vart far hans vond, når guten kom med «fine fimur». Han ville kan hende vere storkar alt?
[…]
III.
På andre vinteren gjekk Daniel no hos kapellanen.
Men det vart ikkje stort av med dei i år. Hirsch var komen opp i noko krangel med dei frelste, som ville ha det på han at han ikkje førde rein lære, og dette gav han så mykje anna å tenkje på, at han gløymde Daniel. Dessutan hadde han i grunnen sådd det han hadde å så i denne barnesjela, han var da ikkje så ihuga i seg sjølv heller. Og endeleg forstod han, at han kunne ikkje gjennomføre «metoden» sin, kan hende det jamvel var gale å gjera denne stakkars guten til prøveklut for sine freistingar i oppfostringskunsten?
[…]
Så vart enden den, at Ole Johannes gjekk ned til storhandlaren på Nese, han Jens i Larsebakken eller Jens Bakke som han skreiv seg, og lånte 100 dalar, så han kunne få son sin på byskulen. Og nå meinte Daniel han hadde vunne.
For det fyrste skulle han få kome ut. Og for det andre skulle han få kome til byen. Han hadde ikkje vore mange gonger der. Men han hadde vore der så mykje at han visste kva byen var. Med sine høge tårn, med sine fagre hus i lange, lysande rader, med strålande krambuer fulle av alt som gildt var, med hagar og tre, med stolte, fine folk som gjekk og strauk på gata i gull og silke og blanke sko og visste korkje av arbeid eller sorg, tykte Daniel at byen minte om det nye Jerusalem. Innreisa til byen minte om paradis. […] Ein kunne sjå at folk ikkje trong tenkje på pengar her. […]
Og nå skulle han få vere i byen. Ikkje ein dag, ikkje to dagar, men år, og han skulle sjølv vere bygut. Fint kledd skulle han dagstøtt gå og sparke i dei stolte steinsette gatene og sjå på stas og ståk og liv og gilde krambuer og på hamna store skip, med segl så vide som havreåkrar, og med master så høge som kyrkjetårn. Og han skulde få eta bymat, og gå på kvite golv med tepper på, og sitje i sofabenker så mjuke som senger, og han skulle få høyre spel og trommeslått om dagen og vektarsong om natta, og sjå apekattar dansande på lirekasser og bjørnar som gjorde kunster, og linedansarar, og trollmenn som åt eld og svelgde store sablar og sverd. Endelaust mykje stort skulle han kome oppi; nå fyrst tok livet til, han var den gladaste bondeguten på jorda.
Nei, ikkje den gladaste. For nå skulle han ikkje få vere i Neskyrkja kvar sundag og sjå Inga Holm. Men så mykje gildare skulle det vere å kome heimatt no og da, og vise seg i kyrkja for henne og for heile allmugen, når han var bygut.
Han torde knapt sjå sine jamaldringar i augo lenger. Han kjende seg som ein syndar mot dei, fordi han åleine skulle kome opp i alt dette. Og dei måtte ikkje få den trua at han var stor på det. Men i grunnen høyrde han ikkje ilag med desse bondefolka lenger. Til hausten skulle han vere bymann, fint kledd og med fint språk, då ville han vere eit anna menneskje.
Det gjekk gjetord om dette i bygda. Daniel tykte folk såg på han med andre augo enn før. Det gjorde dei og. Men rundt om på gardane gjekk skravla som vindkvernar. Og Ole Johannes Sørbraut vart så saumfare, og framferda hans så forklart og tolka, at hadde han høyrt halvparten av det, så hadde han vorte galen. –
– Daniel kom til byen. Og hos Hans Nerstad vart han leigd inn. Men det viste seg at han ikkje kunne kome høgre opp enn i andre latinklassa. Det var eit år spilt. Og jamvel i andre klassa fekk Daniel nok å gjere med å ta att dei andre.
Han fekk andre ting å stå i også. «Klassekameratane», som såg at han var snill, gav seg til å gjere narr av «bondetampen», som «tala landsmål». Og til slutt gav dei seg til å gjere narr av namnet hans.
Han var innskriven på skulen som «Daniel Olsen Sørbrød». Det sa seg då sjølv at han vart heitande «Surbrød». Og denne skjemten tykte dei labanane var så framifrå, at dei i alle friminutt flokka seg om han og ropa på «Surbrød». Kor mykje kosta surbrødet i dag?
Daniel var vaksen kar, og snill og tålmodig. Men dette gjekk så innpå han, at han mest gret. Hadde han gjort dei noko vondt? Kunde han ikkje få vere i fred? Men dette gjorde vondt verre. Daniel hadde tenkt det skulle vere gildt å bli kjent med bygutar, men han hadde aldri hatt det så vondt. Det var som han stakk seg på nåler kvar han enn snudde seg.
Det var endeleg ein gut som hadde vondt av han og rådde han til å gå inn til rektor og få endra namnet sitt. Når han heitte Daniel Olsen, så kunne han kalle seg «Olsen», så vart det slutt med «Surbrød»-skrålet. Daniel svara, at let det seg gjera, så ville nok han, men det var så leitt å gå inn til rektor åleine. «Ja, synest du det, så skal eg vere med deg,» sa den andre. Dei gjekk, og Daniel fekk det som han ville, heretter skulle han med Guds rett heite Daniel Olsen. Men frå den dagen var Daniel og Kristian Bliland vener. Og venskapen vart så mykje sterkare, fordi dei på ein måte var bondegutar begge to, for Kristian var son av ein klokkar i fjellbygdene.
Det hjelpte svært å få ein kjent. Og då dei andre såg at Daniel ikkje var åleine lenger, men stod under varetekt av Kristian Bliland, som ikkje var nokon kastekjepp, så lét dei han meir og meir vere for det han var.
Men Daniel kunne aldri like seg heilt i denne skulen. Og lekser og lesing var det støtt. I staden for å gå og sparke på gata sat han på det tronge rommet sitt hos Hans Nerstad og las, og hadde det berre smått. Ein gamal trestol med fire føter attmed eit gamalt skralt kjøkkenbord, det var heile stasen, og på veggen hang Karl Johan med ein uhorveleg lang nase og stirra mot døra med sure augo. Og det som verre var: Han tykte ikkje sjølve byen var så gild som han hadde tenkt. Det var i haustbløyta, og regnet var like surt og vått som heime. Dei kvite husa stod skitne og grå av kolrøyk og væte og var ikkje det grann paradisiske.
Ein annan ting var Daniel ikkje mindre lei seg for: Bykleda hans var ikkje som dei skulle vere. Når han kom i lag med dei andre gutane, såg han sjølv at han var bondetamp. Seint og trått gjekk det med å skifte mål og.
[…]
– Med å ta att dei andre gjekk det smått, han kunne ikkje rett lære det som han ikkje hadde til lekse. Så tok han seg fri frå etterlesinga meir og meir, fekk ta det att når han kom til «repetisjonen». Dette greidde seg på eit vis. Men han vart gåande med sårleg samvit og høyrde liksom ikkje heilt med, tykte han.
[…]
Hadde han ikkje hatt Kristian i denne tida, så hadde han visst gløymt alle sine gamle draumar, skulelufta var ikkje sunn for dei. Det var eit underleg hol, denne latinskulen. Alle gutane var så smarte og så vaksne, dei kunde flire og le til alt. Men dei hadde visst aldri drøymt om anna enn karakterar. Dei visste at i denne verda gjaldt det å klara seg, og etter den visdomen levde dei, kunnskapen i seg sjølv vedkom dei liksom ikkje. Det var berre spørsmål om kva som var lett eller rangt å klara seg i, og det vedkom dei ikkje, om dei klara seg på ærleg vis eller ei. Ja, dei som var gode i å fuske vart rekna for å vere karar, og gjekk og skrytte av fantestykka sine. Men dei som strevde og var nøydt om å lese, vart tidt og ofte gjorde til narr av dei ordførande overlabanar i denne grønkålklassa.
«Til i dag har eg ikkje lese det minste grann!» skreik dei i munnen på kvarandre, når dei kom på skulen om morgonen. Og så kjekla dei om, kven som hadde lese minst. Men når dei kom opp, klara dei seg for det meste likevel, Daniel vart både forundra og motlaus over dette.
Glade i skulen var gutane ikkje, dei var i fengsel, sa dei, lærarane var fangefutar. Minst likte dei rektor, mykje hadde dei også imot religionslæraren, ein gamal, inntørka rasjonalist, som støtt snakka om dei tre store vismennene Moses, Jesus, Sokrates, like eins imot historielæraren, som dreiv på med «oversiktstabellar» og gav gutane historiske slengjenamn, sjølv vart han heitande «Robert djevelen». Daniel tykte i det heile ikkje lærarane her var som han hadde tenkt. Mange av dei såg ut til å ikkje bry seg stort meir om kunnskapen enn gutane, og det dei visst tenkte mest på var å få timane til å gå. Dei byrja seint, og slutta så snart dei torde. Og jamt var dei i dårleg humør, det var ikkje ofte at ein time gjekk utan skrik og mas. Nokre hadde sine syndebukkar som dei kvar dag hadde oppe og herja med, andre syntest vilje piske klassa fram til å bli dydige og dugande med spott. Daniel var redd desse strenge herrane. Men han bøygde seg for dei i respekt og kunne dessutan for det meste leksa si så godt, at han klara seg nokså godt. Kristian Bliland like eins, enda han tok det meir roleg. I det heile likte lærarane desse gutane frå landet. Dei var oppvaksne under meir «patriarkalske forhold», hadde lært å lyde og akte på sine overmenn, hadde ikkje noko av denne frons urbana, denne storsnuten, som gjorde bygutane så vanskelege å ha med å gjere. Audmjuke var dei og lydige, enkle å styre slik skulegutar burde vere.
Men Daniel visste no at kapellanen hadde hatt rett, då han tala om latinskulen. Her var «åndlaust», og det til gagns. Han vart stundom så lei seg, at han drøymde om å rømme. Fare til Amerika, eller til sjøs. Det som dreiv han til å lese var mang ein gong berre tanken på bygdesnakket, og så tanken på Inga.
Ein gong om månaden kom Ole Johannes til byen med matvarer til sonen sin, stundom var Mari og med. «Eg kan ikkje forstå, kva du vil til byen etter,» sa Ole Johannes, men Mari måtte inn og sjå til «Daniel, stakkar», det var ikkje råd for det. Daniel var glad når dei kom, men dei var svært bondske. Når han følgde dei i byen, så ville han helst ikkje treffe kameratar. Elles var det ikkje fritt anna han kom seg, han far. Ny bykjerre hadde han tatt seg råd til, ei som ikkje var stygg, og det som meir var: Han kom reisande til byen i kvit halskrage og jakke. Men ho Mor var den same som ho hadde vore. Ho var vel for gamal til å lære ny skikk no. Ja ho likte ikkje at Ole Johannes pynta seg heller. Ein gong dei var i byen, sette ho seg til å syte og jamre for Daniel reint av naud, om kor rart Ole Johannes tedde seg i seinare tid. Han ville liksom vere noko meir enn før no, da han hadde ein son i byen på latinskulen. Ikkje hadde han den arbeidslysta heller som før, men gjekk mykje og strauk ned på Nese eller i bygdi og gjorde seg gode dagar. Heime ville han og leve godt, kjøpte heim fint brød og kaffe, og kjøpte blad som han sat og las i under arbeidstida. Brennevin hadde han òg i huset no. – Brennevin? – Ja, om det kom eit menneskje! Det skulde vere så gildt alt no, må tru. Mari kunde ikkje skjøna korleis det skulle gå. Men Daniel likte i grunnen dette. Og til mor si sa han, at det var visst ikkje farleg. Han far visste nok kva han gjorde, ho skulde ikkje gråte for det. Kan hende hadde han, når alt kom i hop, betre råd enn nokon visste. Å Gud betre oss for råd, sutra Mari, det var nok lånte pengar han flaut på no. […]
Då Daniel var heime i jula fekk han sjølv sjå, at huset var kome på ein ny fot. Og glad var han. Det var framandfolk komne som skulle sjå «byguten»; og alle levde godt, der var stor høgtid. Daniel måtte lese tysk og latin for dei framande, og han såg kor kry gamlingen vart, når dei roste guten og undrast på alt han hadde lært. Men Lias, den slampen, gjekk ikring så sur og tverr som han skulde vere sjalu på bror sin.
Her på bondebygda kjende Daniel seg som ein fin gut, og han viste seg fram kvar han kunne, helst når han hadde håp om at Inga Holm kunne kome til å sjå han. Tala til henne tenkte han ikkje på. Men han viste seg fram, og når han trudde ho såg han, gjorde han seg strak og karsleg. Og bad til Vårherre om at ho måtte like han.
Tida frå jul til våren drog seg uendelig seint. Han vart så lei av strevet med leksene at han stundom tenkte på å fuske, men han kunne ikkje. Han hadde ikkje anlegget. Og ikkje det rolege samvit som bygutane. Ville han freiste, kom læraren til å skjøne det strakst. Men det hende ikkje så sjeldan at han fekk Hans Nerstad til å skrive sjukemelding for seg, når han hadde altfor stor uhug til skulen.
I staden for å lese sat han då gjerne heime og drøymde om Inga, som han ville skrive friarbrev til, så snart han vart student. Og han lagde dikt om sin store elskhug. Det var eit strevsomt arbeid å skrive dikt, men det var så hyggeleg å stelle med noko som vedkom «henne».
[…]
– Endeleg tok det til å lide fram mot årseksamen. Då vart det ein annan dans, det tok til å livne og kvikne i både gutar og lærarar, liksom det vert uro i ein saueflokk, når det dreg opp til uvêr. No kom bøkene for ein dag, og nå kom kunnskapen og arbeidet til ære. Kor mykje hadde den lese til i dag, og kor mykje hadde den lese? Kunne Per det? Kunne Pål det? Kva tydde det ordet, og kva tydde det ordet? […]
Anna var ikkje høyrande frå morgon til kveld, Daniel vart reint skremt av all denne lærdomen. Han tykte han kunne ingen ting. Ikkje hadde han tiltak til å lese heller, meir enn leksa for dagen. Ikkje før det kom så langt at eksamen tok til, så han visste når han skulle opp i kvart fag, fekk han si fulle lesekraft. Men då las han på spreng.
Og han klara seg. Han kunne ikkje mykje, og det han kunne var han ustø i, fordi han var uklår i grunnane. Men når han sat ved eksamensbordet greidde han seg likevel. Han forstod det mest ikkje sjølv, men han hadde frå han var liten øvd seg opp i å sjå og høyre på læraren, kva svar det var som kravdest, og den kunsten brukte han, sjølv om han ikkje visste om det.
Han vart nummer 9. Der var futesøner, ja prestesøner som kom nedanfor han, det tykte han var mest utruleg Det same tykte Ole Johannes, då sonen kom heim og fortalde det, og gamlingen kunne ikkje skjule at han var kry av dette.
Elles var han tung og teiande av seg no att. Daniel undrast på dette, men gamle Mari kunne fortelje, at han far hadde brukt opp dei 100 dalane før han la merke til det, så at no var det berre å tenkje på å få eit nytt lån. Det var ikkje greitt. Ole Johannes hadde tenkt at 100 dalar aldri kunne ta slutt. Men når ein fór rikeleg fram, so –. Daniel vreid seg. Det var då ei lang straff med desse pengane.
Men han trøysta seg med, at no hadde gamlen drive det så langt at han ikkje kunne slutte. Og kva gjorde det om han tok eit nytt lån? Garden var visst stor nok til å bere både det og meir.
Likevel heldt han seg helst unna far sin. Dette mislikte gamlingen, trudde det var storkarsgrillar. Og dette var så mykje meir harmeleg no, då Ole Johannes ikkje lenger heldt seg for ein reint simpel bonde. Han hadde til og med brukt pengar på å kome seg litt opp, så son hans ikkje skulle skjemmast av han. Ein dag kom han med det. Daniel svara så snilt han kunne, at det hadde aldri vore hans tanke, slikt. Men gamlingen meinte det var greitt å sjå kva tanken var. Og han hadde ikkje venta slike ting no, sa han.
Han hadde visst gjort alt det han kunne. Og om Daniel tyktes vere storkar, så fekk han ikkje gløyme kven det var som laut svi for det. Daniel meinte at pengane skulle han greie når han fekk embete, så det var vel ikkje verdt å ta seg nær av det no, gamlingen svara, at det vart ikkje på dei fyrste fjorten dagane at Daniel fekk det embetet. «Nei, nei, kven har meint det?» sa Daniel stutt.
Så vart det uhyggjeleg heime som vanleg. Og Mari jamra jamt og trutt om, at det gjekk gale. Arbeidet vart gjort mykje med innleidde folk, garden tok til å kome i nedfall. Ole Johannes var i gjeld hos Jens i Larsebakken, og no måtte han handle nesten alt hos han, selja billeg og kjøpe dyrt. Ikkje var han så trufast med boka heller som før. Han låg heller og sov om morgonen no i staden for å lese bøna, og så kunne ein ikkje vente anna enn at der vart «lite velsigning med arbeidet». Daniel svara ikkje lenger.
Han trøysta seg med å drøyme om framtida og om Inga. Når han vart student ordna alt seg, og då ville han by Inga Holm hjarte og hand. Ho var for fin for bondegutane, og for dei andre var ho ikkje rik nok, så ho fekk stå fri, som blomen på høge fjellet, til han kunne kome. –
– Daniel fekk ikkje friplass på skulen neste år, då han ikkje kunne skaffe attest for fattigdom. Men på skulen kom han likevel, gamlingen tenkte der var ikkje anna å gjere. Og kor ille Daniel enn likte seg på skulen, så var det betre i byen enn heime på Sørbraut likevel. Ja sjølv gamlingen vart ein annan, når han kom til byen.
Utdrag oversatt til bokmål
[Fra side 11]
I bygda gikk det rykter om sønnen til Jo Kleppe, han fra Berg sogn som hadde vært i Kristiania og «lest seg fram til prest». Han hadde strevd i mange år før det ble noe av for det var nok en veldig vanskelig skole. Gang på gang hadde han prøver, og det gikk noen ganger galt og noen ganger godt. Det gikk på helsa løs noen ganger, men på hadde han drevet og fram hadde han vunnet, «og nå», enden på visa er at han, «er han prest nordpå et sted og har kanskje sine 600 daler i året!». Det var Askeladden som hadde vunnet Kongeriket. For Daniel hørtes det ut som toner fra en lur som lokka til eventyr.
Skulle noe slikt kunne hende med han? Presteskolen var skremmende dyr. Selv rikingen Jo Kleppe hadde blitt fant, fordi han hadde brukt så mye på sønnen. Og han far, stakkar, han var nok ingen riking han.
Men mer og mer drømte Daniel om presteskolen. Hvem kunne vite – det var en som styrte alt. Og det kunne komme både råd og hjelp, når han bare ville.
De hjalp han å drømme, bygdefolket også. «Det kunne bli noe stort av den gutten», fikk han ofte høre at den eller den hadde sagt. «Bare det var noen som ville gi han støtte til skole.» Noe stort! Det måtte være prest, det. –
De hadde fått en ny kapellan der i prestegjeldet for et års tid siden. Han het Hirsch og var østfra. Han skulle være slik en snill mann, denne Hirsch. Da Daniel gikk og leste, fikk han gå for han.
Det var noe spesielt med denne mannen. I Kristiania hadde han kommet sammen med folk som hadde ført han med seg inn i en helt ny tenkemåte; av dem hadde han lært noe som embetsmenn aldri hadde visst om før: «Tro på folket», og særlig tro på bonden.
Det var bonden som satt inne med de bundne krefter i landet. Hos bonden drømte de uforløste tanker som skulle reise det nye Norge. Nå var Hirsch kommet til bondelandet. Og selv om han i grunnen syntes bonden så annerledes ut enn han hadde tenkt seg, så drømte han likevel støtt om den åndskraften han mente han skulle finne hos ham.
Kapellan Hirsch la snart merke til Daniel. Han likte denne sterkbygde gutten med det rolige godslige ansiktet, særlig likte han øynene. De kunne se så blidt og trofast på en, disse øynene, som om det fantes ånd i dem, mente Hirsch. Og til hans store glede viste det seg at gutten hadde gaver. Det var ikke nok med at han lærte leksene; han forsto det han leste, og klarte så merkelig godt å finne de rette svarene. Med stigende håp fulgte kapellanen gutten ut gjennom bøkene. Og til slutt visste han at dette var en bunden kraft. Han forhørte seg om Daniel hos læreren hans, og fikk høre både av han og av annet vettugt folk at det var en gutt med gode gaver. Kapellan Hirsch ble så glad som om han skulle ha funnet gull. Og han satte seg fore at han ville prøve å frigjøre denne bundne kraften. Et stort verk ville det være. […]
Da Daniel var konfirmert, fikk kapellanen en søndag fatt i far hans i kirken. Og han talte for Ole Johannes det beste han kunne: Denne gutten burde en se og få hjulpet fram. Ole Johannes ble så fornøyd over dette at det var så han rødmet i sine gamle kjaker. Men det ville nå vel bli for dyrt? Kapellanen svarte at han ville lese med gutten selv så langt han kunne, og det skulle ikke koste noen ting. Da blinknet det sterkt i øynene til Ole Johannes Sørbraut. Dessuten, fortsatte kapellanen, skulle han snakke med klokkeren så Daniel kunne få gå fritt på klokkerskolen. Det var mye han kunne lære der. Ja dette var veldig snilt av presten, sa Ole Johannes. Rent i overkant snilt var det, men … var ikke presten redd det kunne være farlig for gutten å få så mye verdslig kunnskap? Nei, kapellanen mente at mye kunnskap gjorde en mann godt. Det var lite og falsk kunnskap som ikke var bra. Ja, ja, presten forsto nå det best, han. Men trodde presten at det kunne være mulig at gutten kunne… komme seg langt frem? Ja, kapellanen trodde han kunne komme langt fram. Han ble til sist trøtt av alle disse åndsløse innvendingene og tvilen hos denne bonden. Han sa han mente Ole Johannes ikke burde sette seg imot dette, når han så tydelig så det var Guds vilje. Han skulle tenke at Vårherre kanskje hadde større tanker med gutten enn faren kunne forstå. Da Ole Johannes hørte dette, ga han seg. Tilbudet var nå så godt at i grunnen kunne en ikke avslå det. Så gikk Ole Johannes hjem både stolt og urolig over det som i dag var avgjort. Men kapellanen var glad som en landvinner. Det skulle bli et herlig arbeid å få så og plante i slik en naturfrisk barnesjel.
Daniel var som ør av glede. Han gikk og lo en helt dag. At slikt kunne hende! At han, som bare var en stakkars bondegutt kunne ha slik lykke! Å Gud velsigne den presten Hirsch; han ville aldri glemme presten Hirsch for dette; nei aldri.
En dag ut i uka rusla gamle Ole Johannes på bygda og lånte seg noen daler som skulle være til bøker. Det var som om hele huset kom i høytidsstemning. Men ute på bygda snakket de nå med forundring og helst med fliring om denne Sørbrautgutten, som holdt seg så gjev at han ville bli prest.
II
Var Kapellan Hirsch glad for han hadde støtt på en bunden kraft, så var han ikke mindre glad for at han skulle få prøve sin nye metode. For den visste han var god. Det var den naturlige. Den som alle mestere i oppdragelseskunst hadde brukt. Han ville ikke fylle gutten full av bokstaver. Han ville lære han livsvisdom, dyrke hans hjerteliv som hans tankeliv, lære han å kjenne og elske ånd. […]
Daniel kom til presten i glade og urolige tanker. Han ventet seg lekser så lange som kirkeveien og en utspørring så streng som på dommedagen. Men så fikk han høre at de ikke skulle bry seg med lekser. Og i stedet for å spørre, satte kapellanen seg til å fortelle. Han ba ikke en gang Daniel «høre godt etter», så han kunne «huske det til neste gang». Daniel undret seg. Kunne slikt bære fram til lærdom og eksamen?
Nå, kapellanen forsto det vel det best, han. Kapellanen visste nok hva han gjorde. Det var kan hende på den måten de tok det, disse fine. De brydde seg vel ikke om å streve med lekser og slikt de.
Men da kapellanen en dag fortalte han at den måten de brukte her ikke var den vanlige latinskolemåten, ble Daniel urolig. Han stirret med store øyne på denne mannen som våget å bruke sin egen metode og trodde han var klokere enn både biskoper og proster. I grunnen ville Daniel helst hatt det som en vanlig latinskolegutt. Og han hadde kjent seg tryggere om han hadde visst at de gikk frem på den foreskrevne måten. Men en kunne ikke si slikt til kapellanen. Man slo seg til ro og så på læreren sin med øyne som sa: Du vet det best, gjør med meg som du synes.
Det var sagaen kapellanen i de første timene holdt på med. Daniel hadde hver dag den tyske læreboka med seg og la den på bordet fremfor seg som en stille bønn. For så lenge han ikke kunne tysk, var han ikke klokere enn andre bønder. Men kapellanen lot det tyske ligge.
Dess mer fortalte han om våre gamle fedre. Og særlig la han ut om troen til disse fedrene. Fram steg de for Daniel disse høye «Æser», som han aldri før hadde visst fantes. Gud etter Gud kom de strålende, først tre i tallet, senere tolv, […]. Og Odin satt høyt i Lidskjalv med sine ravner. Han så ut over verden og visste alt. Mens Tor rullet rundt omkring alle himler og slo jotnene i stein med hammeren sin. […]
Det gikk et halvt års tid. Da kunne ikke kapellanen drøye lenger med det tyske. Men det ville han heller ikke ta på den åndsløse latinskolemåten. Latinskolen var i det hele tatt et sørgelig hull, sa han. Det var ikke en skole for ungdom; det var en skole for kaldklokskap og åndsfiendeskap. […]
De brydde seg ikke om den tyske grammatikken. Tok til med leseboka; språkformene fikk de lære gjennom å snakke. Kapellanen leste opp og oversatte. Daniel gjorde det samme etter. Og det gikk bra. Husket ikke Daniel ordene så husket han innholdet. Han lærte og snart å gjette seg til meningen i mange ord. Og de som kom oftest, lærte han. Det gikk godt dette, tenkte Daniel.
Det samme tenkte kapellanen. Han var fornøyd både med gutten og med metoden. På denne måten skulle det komme ånd inn i selve tyskspråket. Og han skrev i et skoleblad om hvor godt det gikk med den nye metoden.
Likeså glad som læreren var i denne, like så glad var Daniel for at han endeleg kunne fortelle at han leste tysk. Han la særlig merke til slike ord og vendinger som han kunne få bruk for. De lærte han så han kunne ha noe å strø om seg med hjemme, og noe å briske seg med på klokkerskolen.
Der var han stor kar og han trivdes der. Blant annet likte han så godt Inga Holm, klokkerdattera. Denne Inga var en rund, søt, liten ting, med et godt, blidt ansikt og fagre fakter. Øynene lå liksom halvt igjen og smådrømte, svømmende i mild, svevende glans. Det var forunderlig så lys og hyggelig skolestua ble når hun kom inn. Det var noe spesielt ved henne som Daniel aldri så hos andre. Alt det hun gjorde, om hun så bare rørte en finger – det var så tekkelig, så uskyldig, så vakkert å se på. Men øynene var som solglimt. Kom hun til å se bort på Daniel ble han varm, og en forunderlig søt og urolig følelse gikk gjennom kroppen. Daniel drømte ofte om de øynene og når kapellanen fortalte om Odin og Frøya, så husket alltid Daniel på Inga. Han tenkte så smått, og ble blodrød ved tanken, at kanskje elsket han Inga Holm?
[…]
Det Daniel lærte mest av var sagaen. Kapellanen fortalte godt og Daniel fulgte med. Det var lett dette, og greit å huske og glemte han noe, var det bare å se etter i boka.
Og så lærte han å drømme. Han drømte om Huldra og om Inga Holm og de to ble mer og mer ett. Han drømte om alt det store og gode han ville gjøre når han ble student eller prest. Av skaldene og av kapellanen fikk han vite at ungdomsdrømmene hørte med til det største i livet. Ingen var sin rette mann som ikke hadde drømt i sin ungdom! Og når kapellanen fortalte Daniel om studentlivet, sa han gjerne at det som ga dette livet sin glans og sin høyde var de ungdomsdjerve drømmene. Til studentlivet hørte glede, sang, spøk og godt kameratskap, men hver student som det var mannsemne i, bar i hemmelighet på fagre drømmer som ga gleden alvor og leken mening.
Slik drømte Daniel og trodde han var et mannsemne fordi han drømte. Det gikk heller som det gikk med lesingen. Men levde han høyt i drømmene og i de lyse stundene hos kapellanen, så syntes han det ble mer og mer stridt å holde ut hjemme.
Det var så trangt og smått der. Så uhyggelig og åndsløst. Alt handlet om den stakkars maten. Og uflid var det der, ikke skikk på noen ting. De holdt ikke skikkelig rent mer, og vinduet ble aldri åpnet så lufta var mange ganger dårlig. Ikke seg selv heller brydde de seg om å holde rene, vaska de seg hver søndag var det godt. En tanke utenom det råe matstrevet fantes ikke, når en tok bort det gudelige. Menneskeliv hadde de ingen drømmer om. Og her gikk han så alene. Han hadde ingen å snakke med. […] Her var det i grunnen ikke levelig for Daniel.
Ville han si noe om dette vannstellet, så gjorde de helst narr av ham. Av og til ble faren hans vond, når gutten kom med fine kvikke ord. Han ville kanskje være storkar allerede?
[…]
III
På andre vinteren gikk Daniel nå hos kapellanen. Men det ble ikke stort av det i år. Hirsch hadde kommet opp i en krangel med dem som mente han ikke drev med den rene lære, og dette ga han så mye annet å tenke på at han nesten glemte Daniel. Dessuten hadde han i grunnen sådd det han hadde å så i denne barnesjelen og han var da ikke så ivrig selv heller. Og til slutt forsto han at han ikke kunne gjennomføre «Metoden» sin. Kanskje det likevel var galt å gjøre denne stakkars gutten til prøveklut for sine forsøk i oppdragelseskunsten?
[…]
Så endte det med at Ole Johannes gikk ned til storhandleren på Nese, han Jens i Larsebakken eller Jens Bakke som han kalte seg, og lånte 100 daler så han kunne få sønnen sin på byskolen. Og nå mente Daniel han hadde vunnet.
For det første skulle han få komme ut, og for det andre skulle han få komme til byen. Han hadde ikke vært der mange ganger, men han hadde vært der så mye at han visste hva byen var. Med sine høye tårn, med sine fagre hus i lange lysende rader, med strålende krambuer fulle av alt som gildt var, med hager og trær, med stolte, fine folk som gikk og slang på gata i gull og blanke sko og visste verken hva arbeid eller bekymring ville si. Daniel syntes byen minte om det nye Jerusalem. Men innsiden av byen minte om paradis. […] En kunne se at folk ikke trengte tenke på penger her. […]
Og nå skulle han få være i byen. Ikke en dag, ikke to dager, men år, og han skulle selv være bygutt. Fint kledd skulle han hver dag gå i de stolte steinsatte gatene og se på stas og ståk og liv og gilde krambuer, og på havna store skip med seil så vide som havreåkre og med master så høye som kirketårn. Og han skulle få spise bymat og gå på hvite gulv med tepper på og sitte i sofabenker så myke som senger. Og han skulle få høre spill og trommeslag om dagen og vektersang om natten og se apekatter dansende på lirekasser og bjørner som gjorde kunster - og linedansere og trollmenn som spiste ild og svelget store sabler og sverd. Endeløst mye stort skulle han komme opp i. Nå først tok livet til. Han var den heldigste bondegutten på jorda.
Nei, ikke den heldigste. For nå skulle han ikke få være i Neskirka hver søndag og se Inga Holm. Men så mye gildere skulle det være å komme hjem igjen nå og da og vise seg i kirken for henne og for hele allmuen, når han var bygutt.
Han turte knapt å se sine jevnaldrene i øynene lenger. Han kjente seg som en synder mot dem fordi han alene skulle komme opp i alt dette. Og de måtte ikke få tro at han var stor på det. Men i grunnen hørte han ikke sammen med disse bondefolka lenger. Til høsten ville han være bymann, fint kledd og med fint språk. Da ville han være et annet menneske.
Det gikk gjetord om dette i bygda. Daniel syns folk så på ham med andre øyne enn før. Det gjorde de også, men rundt om på gårdene gikk skravla som vindmøller. Og Ole Johannes Sørbraut ble så gjennomgått og hans fremferd så utlagt og uttolka at hadde han hørt halvparten av det, så hadde han blitt gal.
– Daniel kom til byen. Og hos Hans Nerstad ble han leid inn. Men det viste seg at han ikke kunne komme høyere opp enn i andre latinklasse. Der gikk ett år til spille. Og likevel, i andre klasse fikk Daniel nok å gjøre for å ta igjen de andre.
Han fikk andre ting å stå i. «Klassekameratene», som så at han var snill, ga seg til å gjøre narr av «bondetampen», som «snakket Landsmål». Og tilslutt ga de seg til å gjøre narr av navnet hans.
Han var innskrevet i bøkene som «Daniel Olsen Sørbrød». Det sa seg da selv at han ble hetende «Surbrød». Og denne spøken syntes de labanene var så god at de i alle fristunder flokka seg om han og ropte på «Surbrød». Hvor mye kosta surbrødet i dag?
Daniel var en voksen kar, og snill og tålmodig. Men dette gikk så inn på han at han til slutt mest gråt. Hadde han gjort dem noe vondt? Kunne han ikke få være i fred? Men dette gjorde vondt verre. Daniel hadde tenkt det skulle være gildt å bli kjent med bygutter, men han hadde aldri hatt det så vondt. Det var som han stakk seg på nåler hvor enn han snudde seg.
Til slutt var det en gutt som hadde vondt av han og rådet han til å gå inn til rektor og få endret på navnet sitt. Når han het Daniel Olsen så kunne han kalle seg «Olsen», så ville det bli slutt med «Surbrød»-skrålet. Daniel svarte at lot det seg gjøre så ville han det, men det var så leit å gå inn til rektor alene. «Ja, synes du det, så skal jeg være med deg,» sa den andre. De gikk, og Daniel fikk det som han ville. Heretter skulle han med Gud og rett hete Daniel Olsen. Men fra den dagen var Daniel og Kristian Bliland venner. Og vennskapet ble så mye sterkere fordi de på en måte var bondegutter begge to, for Kristian var sønn av en klokker inne i fjellbygdene.
Det hjalp veldig å få en kjenning. Og da de andre så at Daniel ikke var alene lenger, men sto under varetekt av Kristian Bliland som ikke var noen kasteball, så lot de han mer og mer få være i fred.
Men Daniel kunne aldri like seg i denne skolen. Og lekser og lesing var det jevnt. Istedenfor å gå og slenge på gata satt han på det trange kottet sitt hos Hans Nerstad og leste, og hadde det bare smått. En gammel trestol med fire føtter ved et gammelt skralt kjøkkenbord, det var hele stasen. På veggen hang Karl Johan med en uhorvelig lang nese og stirret mot døra med sure øyne. Og det som verre var: Han synes ikke selve byen var så gild som han hadde tenkt. Det var høstvått og regnet var like surt og søla like våt som hjemme. De hvite husene sto skitne av kullrøyk og fukt og var ikke det grann paradisiske.
En annen ting var Daniel ikke mindre lei for: Byklærne hans var ikke som de skulle være. Når han kom sammen med de andre guttene, så han selv at han var en bondetamp. Sent og trått gikk det med å endre språket også. […]
Det gikk smått med å ta igjen der han sto tilbake. Han kunne ikke lære rett det som han ikke hadde i lekse. Så tok han seg fri fra etter-lesingen mer og mer - fikk ta det igjen når de kom til «repetisjonen». Dette gikk på et vis. Men han ble gående med dårlig samvittighet og hang liksom ikke helt med, syntes han.
[…]
Hadde han ikke hatt Kristian i denne tida så hadde han nok glemt alle sine gamle drømmer. Skolelufta var ikke sunn for dem. Det var et underlig hull, denne latinskolen. Alle guttene var så vettuge og så voksne. De kunne flire og le av alle ting. Men de hadde visst aldri drømt om annet enn karakterer. De visste at i denne verden gjaldt det å klare seg og etter den visdommen levde de. Kunnskapen i seg selv vedkom dem liksom ikke. Det var bare spørsmål om hva som var lett eller vanskelig og om de klarte seg på ærlig vis eller ikke. Ja de som var drevne i å jukse ble ansett som karer, og de gikk og skrøt av fantestrekene sine. Men de som var arbeidsomme og i stand til å lese ble titt og ofte gjort til narr av de ordførende overlabaner i denne grønnkålklassen.
«Til i dag har jeg ikke lest det minste grann», skrek de i munnen på hverandre når de kom på skolen om morgenen. Og så kranglet de om hvem som hadde lest minst. Men når de kom opp, så klarte de seg som regel likevel. Daniel ble både forundret og motløs over dette.
Glade i skolen var guttene ikke, de var i fengsel, virket det som. Lærerne var fangevoktere. Minst likte de rektoren og mye hadde de imot religionslæreren, en gammel opptørka rasjonalist som jevnt gnålte om de tre vismennene Moses, Jesus og Sokrates. Likens mot historielæreren, som drev på med «oversiktstabeller» og ga guttene historiske slengnavn. Selv ble han hetende «Robert Djevelen». Daniel syntes i det hele tatt ikke lærerne her var som han hadde tenkt. Mange av dem så ut til ikke å bry seg stort mer om kunnskap enn guttene, og det de visst tenkte mest på var å få timene til å gå. De begynte sent og sluttet så snart de turte. Og støtt var de i ulage og det var ikke ofte en time gikk uten skrik og gnål. Noen hadde sine faste syndebukker som de hver dag hadde oppe og reiv seg utpå med. Andre så ut til å ville piske klassen fram til dyd og dugelighet med spott.
Daniel var redd disse strenge herrene. Men han bøyde seg under dem med en slik bonde-ydmykhet og kunne dessuten for det meste leksa si så godt at han klarte seg godt nok. Det samme gjorde Kristian Bliland, enda han tok det mer rolig. I det hele tatt likte lærerne disse guttene fra landet. De hadde vokst opp under mer «patriarkalske forhold», hadde lært å lyde og adlyde sine overmenn og hadde ikke noe av denne frons urbana, denne storsnuten som gjorde byguttene så slitsomme å ha med å gjøre. Ydmyke var de og lydige, lette i tømmene som skolegutter burde være.
Men Daniel visste nå at kapellanen hadde hatt rett da han snakket om latinskolen. Her var det «åndsløst», og det til gangs. Han ble av og til så lei seg at han drømte om å rømme. Dra til Amerika eller til sjøs. Det som drev han til å lese var mang en gang bare tanken på bygdesladderen, og tanken på Inga.
En gang i måneden kom Ole Johannes til byen med matvarer til sønnen sin, og av og til var Mari også med. «Jeg kan ikke forstå hva du vil til byen for», sa Ole Johannes, men Mari måtte inn og se til han «Daniel Stakkar»; det var ikke råd med det. Daniel var glad når de kom, men de var veldig bondske. Når han fulgte dem i byen, så ville han helst ikke møte kamerater. Ellers var det ikke fritt for at han kom seg, han far. Ny bykjerre hadde han tatt seg råd til, som ikke var stygg og det som mer var: Han kom strykende til byen i hvit halskrage og klestrøye.
Men mor var den samme som hun alltid hadde vært. Hun var vel for gammel til å lære nye skikker nå. Ja hun likte ikke at Ole Johannes staset seg opp heller. En gang de var i byen, satte hun seg til å syte og jamre for Daniel om hvor rart han Ole Johannes tok seg opp i senere tid. Han ville liksom være noe mer enn før, nå som han hadde en sønn i byen på latinskolen. Ikke hadde han den arbeidslysten heller som før, men gikk mye og slang ned på Nese eller uti bygda og gjorde seg gode dager. Hjemme ville han også leve godt og kjøpte med seg fint brød og kaffe og kjøpte blader som han satt og leste i hele halve arbeidsdagen. Brennevin hadde han og i huset nå. – Brennevin? – Ha, om det kom et menneske!
Det skulle være så gildt alt nå, må tro. Mari kunne ikke forstå hvor dette skulle bære hen. Men Daniel likte i grunnen dette og til moren sin sa han at det var visst ikke farlig. Han far visste nok hva han gjorde, hun skulle ikke syte for det. Kanskje hadde han, når alt kom til alt, bedre råd enn noen visste. Å Gud bedre oss for råd, sutret Mari, det var nok lånte penger han fløt på nå. […]
Da Daniel var hjemme i jula fikk han selv se at huset var kommet på en ny fot. Og glad var han. Det var fremmedfolk kommet, som skulle se «bygutten»: og alle levde godt. Det var stor høytid. Daniel måtte lese tysk og latin for de fremmede og han så hvor kry gamlingen ble når de roste gutten og lurte på hva han hadde lært. Men Lias, den slampen, gikk omkring så sur og tverr som han skulle være misunnelig på bror sin.
Her på bygda kjente Daniel seg som en fin gutt og han viste seg fram til alle han kunne, helst når han hadde mistanke om at Inga Holm kunne komme til å se han. Å snakke til henne tenkte han ikke på. Men han viste seg fram og når han trodde hun så han, gjorde han seg strak og karslig og ba til Vårherre om at hun måtte like han.
Tida fra jul til våren dro ut uendelig seint. Han ble så lei av leksestrevet at han innimellom tenkte på å jukse, men han kunne ikke. Han hadde ikke anlegg. Og ikke den rolige samvittigheten som byguttene. Ville han prøve, kom læreren til å skjønne det straks. Men det hendte ikke så sjelden at han fikk Hans Nerstad til å skrive sykemelding for seg, når han hadde altfor stor uvilje mot skolen.
I stedet for å lese satt han da gjerne hjemme og drømte om Inga, som han ville skrive frierbrev til, så snart han ble student. Og han lagde vers om sin store kjærlighet. Det var et strevsomt arbeid å lage vers, men det var så hyggelig å stelle med noe som vedkom «henne».
[…]
– Endelig begynte det å nærme seg årsprøva. Da ble det en annen dans. Det tok til å livne og kvikne til både i gutter og lærere, […]. Nå kom bøkene for en dag og nå kom kunnskap og arbeid til ære. Hvor mye hadde den lest i dag og hvor mye hadde den lest. Kunne Per det? Kunne Pål det? Hva betydde det ordet, og hva betydde det ordet? […]
Annet var ikke å høre fra morgen til kveld. Daniel ble rent skrekkslagen av all denne lærdommen. Han synes ikke han kunne noenting. Ikke hadde han tiltak til å lese heller, mer enn leksa for dagen da. Ikke før det kom så langt til at prøva tok til, så han visste når han skulle opp i hvert fag, fikk han sin fulle lesekraft. Men da leste han på spreng.
Og han klarte seg. Han kunne ikke mye, og det han kunne, var han ustø i, fordi han var uklar i forklaringene. Men når han satt ved eksamensbordet greide han seg likevel. Han forstod det nesten ikke selv, men han hadde fra barndommen av øvd seg opp i å se og høre på læreren, hvilket svar det var som krevdes, og den kunsten brukte han, om han så ikke visste om det.
Han ble nummer 9. Det var futesønner, ja prestesønner som kom nedenfor han. Det synes han var mest utrolig. Det samme synes Ole Johannes da sønnen kom hjem og fortalte det, og gamlingen kunne ikke skjule hvor stolt han var av dette.
Ellers var han tung og ergerlig av seg nå igjen. Daniel undret seg over dette, men gamle Mari kunne fortelle at han far hadde brukt opp de 100 dalerne, så nå var det bare å tenke på et nytt lån. Det var ikke greit. Ole Johannes hadde tenkt at 100 daler aldri kunne ta slutt. Men når en fór slik frem, så – Daniel vrei seg. Det var da en straff med disse pengene.
Men han trøstet seg med at nå hadde gammer’n drevet det så langt at han ikke kunne slutte. Og hva gjorde det om han tok opp et nytt lån? Gården var visst stor nok til å bære både det og mer. Likevel holdt han seg helst unna faren sin. Dette mislikte gamlingen, han trodde det var storkarsgrillene som kom frem igjen. Og dette var så mye verre nå som Ole Johannes ikke lenger holdt seg for å være en simpel bonde lenger. Han hadde til og med brukt penger på å komme seg litt opp, så sønnen ikke skulle måtte skjemmes over han. En dag kom han med det. Daniel svarte så snilt han kunne at det aldri hadde vært hans tanke, slikt. Men gamlingen mente det var greit å se hva tanken var. Og han hadde ikke ventet slikt nå, sa han.
Han hadde visst gjort alt det han kunne. Og om Daniel synes å være storkar, så skulle han ikke glemme hvem som hadde svidd for det. Daniel mente pengene skulle han gjøre opp når han fikk embete så det var vel ikke verdt å ta seg nær av. Gamlingen svarte at det var ikke de neste fjorten dagene at Daniel fikk embete. «Nei, nei; hvem hadde ment det?» sa Daniel kort.
Så ble det uhyggelig hjemme som vanlig. Og Mari jamra jevnt og trutt og det gikk igjen. Arbeide ble drevet mye av leiefolk. Gården tok til å forfalle. Ole Johannes var i gjeld hos Jens i Larsebakken, og nå måtte han handle nesten alle ting hos han, selge billig og kjøpe dyrt. Ikke var han så ivrig med boka heller som før. Han lå heller og sov om morgenen nå, i stedet for å lese bønn. Så kunne han ikke vente annet enn at det ble «lite velsignelse med arbeidet».
Daniel svarte ikke lenger. Han trøstet seg med å drømme om fremtiden og om Inga. Når han ble student ville alt ordne seg og da ville han by Inga Holm hjerte og hånd. Hun var for fin for bondeguttene og for de andre var hun ikke rik nok, så fikk hun stå fri som blomster på høyt fjell, til han kunne komme.
– Daniel fikk ikke friplass på skolen neste år siden han ikke kunne skaffe attest for fattigdom. Men på skolen kom han likevel. Gamlingen tenkte at det var ikke annet å gjøre. Og hvor ille Daniel enn likte seg på skolen, så var det likevel bedre i byen enn hjemme på Sørbraut. Ja, selv Gamlingen ble en annen når han kom til byen.
Les et lengere utdrag i originalform
[Frå side 11]
I Bygdi gjekk der ei stor Fraasegn um Son hans Jo Kleppe, han fraa Berg Sokn, som hadde vori i Kristiania og «lesi seg fram til prest». Han hadde stræva i mange Aar fyrr det vart noko av; for det var nok ein fælt strid Skule. Gong paa Gong laut han upp til Prøve; og det gjekk stundom gali og stundom godt. Det hadde nok spela reint paa Vite for Guten sùme Tidir; men paa hadde han drivi og fram hadde han vunni; «og no,» enda Sogo, «er han Prest der nordpaa ein Stad, og hev kanskje sine 600 Dalar um Aare!» Det var Oskeladden som hadde vunni Kongerike; for Daniel lyddest det som Lurtonar som lokka til Eventyr.
Skulde slikt kunna hende med honom? Presteskulen var skræmeleg dyr. Sjølve Rikingen Jo Kleppe hadde vorti Fant, av di han hadde kosta so mykje ut paa Sonen. Og han Far, Stakkar, han var nok ingin Riking han.
Men meir og meir drøymde Daniel um Presteskulen. Kven kunde vita; det var ein som styrde alt. Og det kunde koma baade Raad og Hjelp, naar berre han vilde.
Dei hjelpte han aa drøyme, Bygdefolke med. «Det kunde verta noko stort av den Guten,» fekk han stundom høyre at den eller den hadde sagt, «berre det var nokon som vilde halde han paa Skular.» Noko stort! Det maatte vera Prest, det. –
– Dei hadde fenge ein ny Kapellan der i Gjelde for eit Aars Tid sidan: han heitte Hirsch og var austantil. Det skulde vera slik ein snild Mann, denne Hirsch. Daa Daniel gjekk og las, fekk han gaa for honom.
Der var noko serskilt med denne Mannen. I Kristiania var han komin i Lag med Folk som hadde ført han med seg inn i ein reint ny Tenkjemaate; av deim hadde han lært noko som Embættsmennar aldri hadde visst um fyrr: «Tru paa Folke» og serleg Tru paa Bonden.
Det var Bonden som sat inne med dei bundne Kraftir i Lande. Hjaa Bonden drøymde dei uløyste Tankar, som skulde reise det nye Norig. No var Hirsch komin paa Bondebygdi. Og alt um han i Grunnen totte Bonden saag annarleis ut enn han hadde tenkt, so drøymde han likevel stødt um den Aandskrafti han meinte han her skulde finne.
Kapellan Hirsch lagde snart Merke til Daniel. Han lika denne sterkbygde Guten med det rolege godslege Andlite; serleg lika han Augo. Dei kunde sjaa so blidt og trufast paa ein, desse Augo; det drøymde Aand i deim, meinte Hirsch. Og til hans store Glede viste det seg, at Guten hadde Gaavur. Det var ikkje nok med at han lærde Leksune; han skyna det han las, og visste so merkeleg godt aa finne dei rette Svari. Med stigande Vonir fylgde Kapellanen Guten ut gjenom Bøkane. Og sistpaa visste han, at dette var ei bundi Kraft. Han spurde etter um Daniel hjaa Læraren hans, og fekk høyre baade av honom og av anna vìtugt Folk, at det var ein Gut med gode Gaavur. Kapellan Hirsch vart so glad som han skulde ha funni Gull. Og han sette seg fyri at han vilde freiste aa løyse denne bundne Krafti. Eit stort Verk vilde det vera. Ein einaste Mann som gjekk frisk og sterk fram av Folkegrunnen, vilde kunne gjera meir enn nokon av oss andre i det nationale Atterfødingsarbeid; det skulde me her med Guds Hjelp faa sjaa.
– Daa Daniel var konfirmera, fekk Kapellanen ein Sundag fat i Far hans med Kyrkja. Og han talde for Ole Johannes det beste han kunde: denne Guten burde ein sjaa aa faa hjelpt fram. Ole Johannes vart so fornøgd yvi dette, at det var so han raudna i sine gamle Kjakar. Men det vilde no vel bli for dyrt? Kapellanen svara, at han vilde lesa med Guten sjølv so langt han kunde, og det skulde ikkje koste nokonting. Daa blenkte det sterkt upp i Augo hans Ole Johannes Sørbraut. Dessutan, heldt Kapellanen fram, skulde han tala med Klokkaren, so Daniel kunde faa gaa fritt paa Klokkarskulen; det var mangt han best kunde lære der. Ja dette var fælt snildt av Presten, sa Ole Johannes. Reint overlag snildt var det; men … var ikkje Presten rædd det kunde vera faarlegt for Guten aa faa so mykje verdsleg Kunskap? – Nei; Kapellanen meinte at mykje Kunskap gjorde ein Mann godt; det var litin og falsk Kunskap, som «uppblés». Ja, ja; Presten forstod no det best han. Men trudde Presten, at det kunde vera Raad, at Guten kunde … koma so langt fram? – Ja; Kapellanen trudde han kunde koma langt fram. Han vart sistpaa trøytt av alle desse aandlause Motlegg og Tvilsmaal hjaa denne Bonden; han sagde han totte ikkje Ole Johannes burde setja seg imot dette, naar han so tydeleg saag det var Guds Vilje; han skulde tenkje Vaarherre kannhende hadde større Tankar med Guten enn han kunde forstaa. Daa Ole Johannes høyrde dette, gav han seg. Tilbòde var no og so godt, at i Grunnen kunde ein ikkje bjode det av. So gjekk Ole Johannes heim baade byrg og uroleg yvi det som i Dag var avgjort. Men Kapellanen var glad som ein Landvinnar. Det skulde bli eit herlegt Arbeid aa faa saa og plante i slik ei naturfrisk Barnesjæl.
Daniel var som ør av Glede. Han gjekk og lo ein heil Dag. At slikt kunde hende! At han, som berre var ein stakkars Bondegut, kunde hava slik ei Lykke! Aa Gud velsigne den Presten Hirsch; han vilde aldri gløyme Presten Hirsch dette; nei aldri. –
Ein Dag ut i Viko rusla gamle Ole Johannes paa Bygdi og laante seg nokre Dalar, som skulde vera til Bøkar. Det var som heile Huse kom i Høgtidslag. Men ute paa Bygdi tala dei no med Forundring, og helst med Fliring, um denne Sørbrautguten, som heldt seg so gjæv at han vilde bli Prest.
II.
Var Kapellan Hirsch glad for han hadde raaka paa ei bundi Kraft, so var han ikkje mindre glad for at han skulde faa prøve sin nye Metode. For den visste han var god. Det var den naturlege. Den, som alle Meistrar i Uppfostringskunsti hadde brùka. Han vilde ikkje plugge Guten full av Bokstavar; han vilde lære han Livsvisdom. Dyrke hans Hjarteliv som hans Tankeliv; lære ‘n aa kjenne aa elske Aand. Ei frisk Naturkraft soleis fostra, den maatte vekse seg fram til noko ut-ifraa.
Daniel kom til Presten i glade og urolege Tankar. Han venta seg Leksur so lange som Kyrkjevegen, og ei Utspyrjing so streng som paa Domedag. Men so fekk han høyre at dei ikkje skulde bry seg med Leksur. Og istadenfor aa spyrja sette Kapellanen seg til aa fortelja. Han ikkje so mykje som bad Daniel «høyra vel etter» dessmeir, so han kunde «hugse det til næste Gong». Daniel undrast med seg. Kunde slikt bera fram til Lærdom og Eksamen?
Naa; Kapellanen skýna vel det best, han. Kapellanen visste nok kva han gjorde. Det var kannhende paa den Maaten dei tok det, desse fine; dei brydde seg vel ikkje um aa træle med Leksur og slikt dei.
Men daa Kapellanen ein Dag fortalde han, at den Maaten dei her bruka ikkje var den vanlege Latinskulemaaten, vart Daniel uroleg. Han stirde med store Augo paa denne Mannen som vaaga aa brùka sin eigen Skikk og trudde seg klokare enn baade Bispar og Provstar. I Grunnen vilde Daniel helst havt det som ein vanleg Latinskulegut. Og han hadde kjent seg tryggare, um han hadde visst dei gjekk fram paa den fyriskrivne Maaten. Men ein kunde ikkje segja slikt til Kapellanen. Han slo seg til Ro og saag paa Læraren sin med Augo som sa: du veit det best; gjer med meg som du synest.
Det var Sogo Kapellanen i dei fyste Timane dreiv paa med. Daniel hadde kvar Gong den tyske Maallæra med seg, og lagde ho paa Borde framfyre seg som ei tagall Bøn; for so lengi han ikkje kunde Tysk, var han ikkje klokare enn andre Bøndar. Men Kapellanen let det tyske liggje.
Dess meir fortalde han um vaare gamle Fedrar. Og serleg lagde han ut um Trui aat desse Fedrane. Fram steig dei for Daniel i lysande Rad, desse høge «Aser», som han aldri fyrr hadde visst var til; Gud etter Gud kom dei straalande, fyrst tri i Tale, sidan tolv, og «Aasynjerne» med, store og fagre, med lysande Haar, med Gulltaarir, med Aasyn ljose som Dag-Randi, med Augo so klaare som dei bleike Stjernur. Og Odin sat høg i Hlidskjalv med sine Ramnar; han saag ut-yvi Verdi og visste alt. Men Thor rulla rundt ikring alle Himlar og slog Jøtnane i Stein med Hamaren sin. Balder var den milde Ljosguden som skifte rett millom alle, men laut døy for Lokes List og fara til Hel; Frøy var Gud for gode Aar og ein veldig Herre, men gav burt sitt gode Sverd av Elsk til ei Gygr. Daniel hadde aldri høyrt slikt; han sat og lydde, so han gløymde baade det tyske og alt anna; han stirde paa Læraren sin med Augo so blide og trufaste som Augo paa eit Barn eller ein Hund.
[….]
– Det gjekk eit halvt Aars Tid; daa kunde ikkje Kapellanen drygje lenger med det tyske. Men det vilde han ikkje heller taka paa den aandlause Latinskulemaaten. Latintinskulen var i det heile eit syrgjelegt Hol, lét han um. Det var ikkje ein Skule for Ungdom; det var ein skule for Kaldklokskap og Aandsfiendskap. Difor saag me daa og, dessverre, at so mange av vaare Embættsmennar var paa Matstrævarsida i den store Aandsstriden. Dette forstod ikkje Daniel. Kunde rike og lærde Folk vera Matstrævarar? Ja; naar Kapellanen sagde det –. Og han fekk nok vera glad at han vart førd ein betre Veg fram. Elles hadde han ikkje nettupp vori rædd for aa lære Leksur.
Dei brydde seg inkje um den tyske Grammatiken. Tok til med Leseboki; Maal-Lovine fekk dei lære gjenom Maale. Kapellanen las upp og umsette; Daniel gjorde det same etter. Og det gjekk godt. Hugsa ikkje Daniel Ordi, so hugsa han Innhalde; han lærde og snart aa gisse seg til Meiningi i mange Ord; dei som kom oftast att lærde han. Det gjekk godt dette, totte Daniel.
Det same totte Kapellanen. Han var fornøgd baade med Guten og med Metoden; paa denne Maaten skulde der koma Aand inn i sjølve Tyskemaale. Og han skreiv i eit Skuleblad um, kor godt det gjekk med den nye Metoden.
Likso sæl som Læraren var i denne, likso sæl var Daniel av di han endeleg kunde fortelja at han las tysk. Han lagde serleg Merke til slike Ord og Vendingar som han kunde faa Bruk for; deim lærde han, so han kunde ha noko aa slaa fraa seg med heime, og noko aa briske seg med i Klokkarskulen.
Der galdt han for mykje til Kar; og han treivst der. Millom anna og av di han lika so godt Inga Holm, Klokkardotteri. Denne Inga var ein rund, søt litin Ting, med eit godt, blidt Andlit og fagre Faktir; Augo laag liksom halvt attlatne og smaadrøymde, symjande i mild, svevnug Glans. Det var forunderlegt so ljos og hyggjeleg Skulestogo vart naar ho kom inn. Der var noko serskilt ved henne som Daniel aldri saag hjaa andre; alt det ho gjorde, um ho so berre rørde ein Finger, – det var so tekkjelegt, so uskyldigt, so vent aa sjaa paa. Men Augo var som Solglyttar. Kom ho til aa sjaa burt paa Daniel, vart han varm, og ei forunderleg søt og uroleg Kjensle gjekk gjenom Bringa. Daniel drøymde ofte om dei Augo; og naar Kapellanen fortalde um Ydun eller Frøya, so hugsa Daniel alltid paa Inga. Han tenkte so smaatt, og vart blodraud ved Tanken, at kanskje elska han Inga Holm? –
Um ei Stund laut dei til med Latinen. Det var ikkje etter Metoden; men det fall seg so at Kapellanen laut drive paa.
Daniel var stolt. Han visste det var Latinen som skilde millom Lærde og Ulærde; Latinen var den tronge Vegen som førde fraa Kvardags-stimen til Aandshimilen; ingin vart Stormann som ikkje kunde Latin; og no skulde han faa lære Latin.
Vyrdsamt tok han neste Dag Cæsars Bellum Gallicum under Armen og strauk til Kapellangarden.
Men daa han kom dit fekk han høyre, at det gamle Romarfolke hadde vori eit Røvarfolk; den romerske Bokavlen var ei aandlaus Herming etter den græske; det var unaturlegt og meiningslaust for oss Nordbuar aa lesa Latin. Dette kunde Daniel ikkje skyna. Naar Kapellanen sagde det so laut det vera sant; men han fekk vente med aa forstaa det til dess han vart eldre.
Det varde likevel ikkje lengi fyrr han kom etter at Kapellanen hadde havt Rett. Latinen var i alle Maatar so reint motsett alt det som me bruka, so heilt paa tvert av vaar Tenkjemaate, at ein aldri skulde sjaa slikt. For det fyrste var Ordi urimelege. At eit Land skulde heita terra eller ein By urbs, det var ikkje likt til nokon Ting. Her nytta det ikkje aa gisse seg fram; kvart einaste Ord laut ein beint fram lære. Men endaa galnare var det med Setningane. Dei var so ihopvovne, og Ordi var slengde um kvarandre paa ein so vill Maate, at det var mest Uraad aa faa Skìl paa deim att. [….]
Ikkje var der noko vidare Aand i det dei skulde lesa heller. Daniel hadde venta sig djupe Tankar og høge Synir og vedunderlege Sogur av eit reint nytt Slag, og so fekk han ei vanleg turr Kvardagsskildring av nokre Smaakrigar og Slag millom Romværingar og Villmennar upp i Gallia. Var det nokon Ting? Daniel hadde lesi mykje gildare Krigsskildringar i «Almuevennen».
So vart det stort Stræv og litin Framgang med Latinen. Men Kapellanen brydde seg ikkje so mykje um dette. At den naturfriske Bondeguten greidde seg klent i Latin var i Grunnen berre eit Merke paa, kor sterkt det romerske Lage bar heile vaar nordiske Aand imot. Og han trøysta Daniel med, at han lærde alltid nok Latin til aa faa Artium med. Det var ikkje verdt aa kaste burt for mykje av sin Ungdom paa noko som ikkje styrkte, men snarare kvakla burt vaar nordiske Aand.
Det laut i det heile gaa som det kunde med baade eit og anna i denne fyrste Tidi. Det Daniel lærde mest av var Sogu. Kapellanen fortalde godt; og Daniel fylgde med. Det var lett, dette, og greidt aa hugse; og gløymde han noko, var det berre aa sjaa etter i Boki.
Og so lærde han aa drøyme. Han drøymde um Huldri og um Inga Holm, og dei tvo vart meir og meir eitt. Han drøymde og um alt det store og gode han vilde gjera, naar han vart Student eller Prest; av Skaldane og av Kapellanen fekk han vita, at Ungdomsdraumane høyrde med til det største i Live. Ingin vart ein rett Mann som ikkje hadde drøymt i sin Ungdom! Og naar Kapellanen fortalde Daniel um Studenterlive, sagde han gjerne, at det som gav dette Live sin Glans og si Høgd, det var dei ungdomsdjerve Draumane. Til Studenterlive høyrde Glede, Song, frisk Skjemt, god Kammeratskap; men kvar Student som der var Mannsemne i, bar i Løyndom paa fagre Draumar som gav Gleda Aalvor og Leiken Meining.
– So drøymde Daniel, og trudde han var eit Mannsemne av di han drøymde; det gjekk heller som det kunde med Lesehugen. Men livde han høgt i Draumane og i dei ljose Lyftingsstundine hjaa Kapellanen, so totte han det vart meir og meir stridt aa halde ut heime.
Det var so trongt og so smaatt der. So uhyggjelegt og so aandlaust. Alt gjekk ut um den stakkars Maten. Og ufjelgt var der; ikkje greie paa nokon Ting. Dei heldt ikkje skikkeleg reint dessmeir; og Glase kom mest aldri upp, so Lufti var mang ein Gong som ho kunde. Ikkje seg sjølve heller brydde dei seg um aa halde reine; vaska dei seg kvar Sundag var det godt. Ein Tanke utanum det raae Matstræv fanst ikkje, naar ein tok ifraa det gudelege. Menneskjeliv hadde dei ingin Draum um. Og her gjekk han so aaleine. Han hadde ingin aa tala med. Den einaste skulde vera Judit; men kva forstod vel ho. Og Lias, det var ein aandlaus Slamp, som gav meir for ei Skjeppe Jordeple enn for all hans Aand og Skaldskap. Her var i Grunnen ikkje livande for Daniel.
Vilde han segja noko um dette Vanstelle, so gjorde dei Narr av han helst. Stundom vart Far hans vond, naar Guten kom med «fine Fimur». Han vilde kannhende vera Storkar alt?
[…]
III.
Paa andre Vinteren gjekk Daniel no hjaa Kapellanen.
Men det vart ikkje stort av med deim i Aar. Hirsch var komin upp i noko Krangel med dei vakte, som vilde hava det paa han at han ikkje førde rein Lære; og dette gav han so mykje anna aa tenkje paa, at han meir gløymde Daniel. Dessutan hadde han i Grunnen saatt det han hadde aa saa i denne Barnesjæli; han var daa ikkje so ihuga i seg sjølv heller. Og endeleg forstod han, at han kunde ikkje gjenomføre «Metoden» sin; kannhende det jamvel var gali aa gjera denne stakkars Guten til Prøveklut for sine Freistingar i Uppfostringskunsten?
[…]
So vart Endelykten den, at Ole Johannes gjekk ned til Storhandlaren paa Nese, han Jens i Larsebakken eller Jens Bakke som han skreiv seg, og laante 100 Dalar, so han kunde faa Son sin paa Byskulen. Og no meinte Daniel han hadde vunni.
For det fyrste skulde han faa koma ut. Og for det andre skulde han faa koma til byen. Han hadde ikkje vori mange Gongir der. Men han hadde vori der so mykje at han visste kva Byen var. Med sine høge Taarn, med sine fagre Hus i lange, lysande Radir, med straalande Krambudir fulle av alt som gildt var, med Hagar og Tre, med stolte, fine Folk som gjekk og strauk paa Gata i Gull og Silke og blanke Sko og visste korkje av Arbeid eller Sut aa segja, totte Daniel at Byen minnte um det nye Jerusalem. Men Innferdi til Byen minnte um Paradis. Store, kvite, staselege Hus med Glasdørir, med Høgsvalir kvilande paa kvite Stolpar og umvaksne med grønt Lauv, med ljose, herlege Salar straalande av Krystal og Gull liksom Salomons Tempel, og rundt ikring svære, døkke Hagar med Lauvgjerde og staute Traleverk av støypt Malm, yviskygde av framande Tre store og forunderlege som Sedrar paa Libanon … Daniel kunde ikkje drøyme seg noko fagrare. Alt var paa ei onnor Gjerd enn heime. Framandt, forunderlegt, storfellt, berre meint paa aa vera fagert. Ein kunde sjaa at Folk ikkje turvte tenkje paa Pengar her. Kong Salomons Rikdomar aatte dei, og Kong Salomons Herlegdom bygde dei upp att.
Og no skulde han faa vera i Byen. Ikkje ein Dag, ikkje tvo Dagar, men Aar; og han skulde sjølv vera Bygut. Fint klædd skulde han dagstødt gaa og spenne i dei stolte steinsette Gatune og sjaa paa Stas og Staak og Liv og gilde Krambuir og paa Hamni store Skip, med Segl so vide som Havreaakrar, og med Mastir so høge som Kyrkjetaarn. Og han skulde faa eta Bymat, og gaa paa kvite Golv med Aaklæde paa, og sitja i Sofabenkir so mjuke som sengir; og han skulde faa høyre Spél og Trommeslaatt um Dagen og Vektarsong um Natti, og sjaa Apekattar dansande paa Lirekassur og Bjørnar som gjorde Kunstir paa Svabbesalen, og Linedansarar, og Trollmennar som aat Eld og svelgde store Sablar og Sverd. Endelaust mykje stort skulde han koma uppi; no fyrst tok Live til; han var den sælaste Bondeguten paa Jordi.
Nei, ikkje den sælaste. For no skulde han ikkje faa vera i Neskyrkja kvar Sundag og sjaa Inga Holm. Men so mykje gildare skulde det vera aa koma heimatt ender og daa, og vise seg i Kyrkja for henne og for heile Aalmugen, naar han var Bygut.
Han torde knapt sjaa sine Jamnaldringar i Augo lenger. Han kjende seg som ein Syndar mot deim, av di han aaleine skulde koma upp i alt dette. Og dei maatte ikkje faa den Trui at han var stor paa det. Men i Grunnen høyrde han ikkje ihop med desse Bondefolki lenger. Til Hausten skulde han vera Bymann, fint klædd og med fint Maal; daa vilde han vera eit anna Menneskje.
Det gjekk Gjetord um dette i Bygdi. Daniel totte Folk saag paa han med andre Augo enn fyrr. Det gjorde dei au. Men rundt um paa Gardom gjekk Skravle som Vindkvernar. Og Ole Johannes Sørbraut vart so fingerfarin, og Framferdi hans so utlagd og uttolka, at hadde han høyrt Helvti av det, so hadde han vorti galin. –
– Daniel kom til byen. Og hjaa Hans Nerstad vart han leigd inn. Men det viste seg at han ikkje kunde koma høgre upp enn i 2dre Latinklassa. Det var eit Aar spillt. Og jamvel i andre Klassa fekk Daniel nok aa gjera med aa vinne seg etter.
Han fekk andre Ting au aa staa i. «Klassekammeratane», som saag at han var snild, gav seg til aa gjera Narr av «Bondetampen», som «tala Landsmaal». Og tilslutt gav dei seg til aa gjera Narr av Namne hans.
Han var innskrivin i Bøkane for «Daniel Olsen Sørbrød». Det sagde seg daa sjølv at han vart heitande «Surbrød». Og denne Skjemten totte dei Labanane var so framifraa, at dei i alle Fristundir flokka seg um han og ropa paa «Surbrød». Kor mykje kosta Surbrøde i i Dag?
Daniel var vaksin Kar, og snild og tòlmodig. Men dette gjekk so innpaa han, at han sistpaa mest grét. Hadde han gjort deim noko vondt? Kunde han ikkje faa vera i Fred? Men dette gjorde vondt verre. Daniel hadde tenkt det skulde vera gildt aa bli kjend med Bygutar; men han hadde aldri havt det so vondt. Det var som han stakk seg paa Naalir og Netlur kvar han snudde seg.
Det var endeleg ein Gut som hadde vondt av han og raadde han til aa gaa inn til Rektor og faa brigt um Namne sitt. Naar han heitte Daniel Olsen, so kunde han kalle seg «Olsen»; so vart det slutt med «Surbrød»-skraale. Daniel svara, at lét det seg gjera, so vilde nok han; men det var so leidt at gaa inn til Rektor aaleine. «Ja, synest du det, so skal eg vera med deg,» sagde den andre. Dei gjekk; og Daniel fekk det som han vilde; heretter skulde han med Gud og Retten heite Daniel Olsen. Men fraa den Dagen var Daniel og Kristian Bliland Vénir. Og Venskapen vart so mykje sterkare, av di dei paa ein Maate var Bondegutar baae tvo; for Kristian var Son av ein Klokkar inn i Fjellbygdom.
Det hjelpte svært aa faa ein Kjenning. Og daa dei andre saag at Daniel ikkje var aaleine lenger, men stod under Varetekt av Kristian Bliland, som ikkje var nokon Kastekjepp, so lét dei han meir og meir vera for det han var.
Men Daniel kunde aldri like seg rett i denne Skulen. Og Leksur og Lesing var det jamt. I Staden for aa gaa og spenne paa Gata sat han paa det tronge Kòte sitt hjaa Hans Nerstad og las, og hadde det berre smaatt. Ein gamall Trestol med fire Føtar attmed eit gamalt skralt Kjøkbord, det var heile Stasen; og paa Veggen hekk Karl Johan med ei uhorveleg lang Nos og stirde mot Døri med sure Augo. Og det som verre var: han totte ikkje sjølve byen var so gild som han hadde tenkt. Det var i Haustbløyta; og Regne var likso surt og Søyla likso blaut som heime. Dei kvite husi stod skitne og gòrute av Kolrøyk og Væte og var ikkje det Grand paradisiske.
Ein annan Ting var Daniel ikkje mindre leid for: Byklædi hans var ikkje som dei skulde vera. Naar han kom i Lag med dei andre Gutane, saag han sjølv at han var Bondetamp. Seint og vrangt gjekk det med aa skifte Maal au.
[…]
– Med aa vinne seg etter der han stod til atters gjekk det smaatt; han kunde ikkje rett lære det som han ikkje hadde til Lekse. So tok han seg fri fraa Etter-Lesingi meir og meir; fekk taka det att naar han kom til «Repetitionen». Dette greidde seg paa ei Vis. Men han vart gangande med uheilt Samvìt og høyrde liksom ikkje heilt med, totte han.
[…]
Hadde han ikkje havt Kristian i denne Tid, so hadde han visst gløymt alle sine gamle Draumar; Skulelufti var ikkje helsesam for deim. Det var eit underlegt Hol, denne Latinskulen. Alle Gutane var so vituge og so vaksne; dei kunde flire og læ aat all Ting. Men dei hadde visst aldri drøymt um anna enn Karakterar. Dei visste at i denne Verdi galdt det aa klara seg; og etter den Visdomen livde dei; Kunskapen i seg sjølv vedkom deim liksom ikkje. Det var berre Spursmaal um kva som var lett eller rangt aa klara seg i; og det kvitta deim eitt, um dei klara seg paa ærleg Maate eller ikkje. Ja dei som var drivne i aa fuske galdt for Karar, og gjekk og kytte av Fantestykki sine. Men dei som var strævsame og trugne til aa lesa, vart tidt og ofte gjorde til Narr av dei ordførande Overlabanar i denne Grønkaal Klassa.
«Til i Dag hev eg ikkje lesi det minste Grand!» skreik dei i Munnen paa kvarandre, naar dei kom paa Skulen um Morgonen. Og so trætta dei um, kven som hadde lesi minst. Men naar dei kom upp, klara dei seg for det meste likevel; Daniel vart baade forundra og modlaus yvi dette.
Glade i Skulen var Gutane ikkje; dei var i Fengsel, lét dei um; Lærarane var Fangefutar. Minst lika dei Rektor; mykje hadde dei og imot Religionslæraren, ein gamall uppturka Rationalist, som jamt mól um dei tri store Vismennane Moses, Jesus, Sokrates; like eins imot Historielæraren, som dreiv paa med «Oversigtstabeller» og gav Gutane historiske Slengjenavn; sjølv vart han heitande «Robert Djevelen». Daniel totte i det heile ikkje Lærarane her var som han hadde tenkt. Mange av deim saag ut til aa ikkje bry seg stort meir um Kunskapen enn Gutane, og det dei visst tenkte mest paa var aa faa Timane til aa gaa. Dei byrja seint, og slutta so snart dei torde. Og jamt var dei i Ulag; det var ikkje ofte at ein Time gjekk av utan Gryl og Gnaal. Sùme hadde sine visse Syndebukkar som dei kvar Dag hadde uppe og reiv seg ut paa; andre syntest vilja piske Klassa fram til Dygd og Dugleik med Spott. Daniel var rædd desse strenge Herrane. Men han bøygde seg under deim med slik ein Bonde-Vyrdnad og kunde dessutan for det meste Leksa si so vidt godt, at han klara seg noko-so-nær. Kristian Bliland like eins, endaa han tok det meir rolegt. I det heile lika Lærarane desse Gutane fraa Lande. Dei var uppvaksne under meir «patriarkalske Forhold», hadde lært aa lyde og vyrde sine Overmennar; hadde ikkje noko av denne frons urbana, denne Storsnuten, som gjorde Bygutane so ertesame aa hava med aa gjera. Audmjuke var dei og lydige, lette i Taumen som Skulegutar burde vera.
Men Daniel visste no at Kapellanen hadde havt Rett, daa han tala um Latinskulen. Her var «aandlaust», og det til Gagns. Han vart stundom so leid av seg, at han drøymde um aa røme. Fara til Amerika, eller til Sjøs. Det som dreiv han til aa lesa var mang ein Gong berre Tanken paa Bygdeslarve, og so Tanken paa Inga.
Ein Gong um Maanaden kom Ole Johannes til Byen med Matvarur til Son sin; stundom var Mari au med. «Eg kann ikkje forstaa, kva du vil til Byen etter,» sagde Ole Johannes; men Mari maatte inn og sjaa um «Daniel, Stakkar»; det var ikkje Raad for det. Daniel var glad naar dei kom; men dei var fælt bondsklege. Naar han fylgde deim i Byen, so vilde han helst ikkje raake Kammeratar. Elles var det ikkje fritt anna han kom seg, han Far. Ny Bykjerre hadde han raadt seg til som ikkje var stygg; og det som meir var: han kom strjukande til Byen i kvit Halskrage og Klædestrøye. Men ho Mor var den same som ho hadde vori. Ho var vel for gamal til aa lære ny Skikk no. Ja ho lika ikkje at Ole Johannes fjelga seg upp heller. Ein gong dei var i Byen, sette ho seg til aa syte og jamre for Daniel reint av Naudi um, kor rart Ole Johannes tok seg upp i seinare Tid. Han vilde liksom vera noko meir enn fyrr no, daa han hadde ein Son i Byen paa Latinskulen. Ikkje hadde han den Arbeidshugen heller som fyrr, men gjekk mykje og strauk ned paa Nese eller uti Bygdi og gjorde seg gode Dagar. Heime vilde han òg lìva godt, kaupte heim fint Brød og Kaffi, og løyste Blad som han sat og las i heile halve Yktine. Brennevin hadde han og i Huse no. – Brennevin? – Ja; um det kom eit Menneskje! Det skulde vera so gildt alt no, maa tru. Mari kunde ikkje skýna kvar det skulde bera av. Men Daniel lika i Grunnen dette. Og til Mor si sagde han, at det var visst ikkje faarlegt. Han far visste nok kva han gjorde; ho skulde ikkje syte for det. Kannhende hadde han, naar alt kom ihop, betre Raad enn nokon visste. Aa Gud betre oss for Raadi, sutra Mari; det var nok laante Pengar han flaut paa no. Ja det var kje so visst, meinte Daniel; ein skulde ikkje tru ein Bonde lenger enn til Tennane i sovori. Mari saag paa Son sin; slog so Augo ned att og sukka. Ho forstod at ho nok ikkje fekk nokor Hjelp her.
– Daa Daniel var heime i Joli fekk han sjølv sjaa, at Huse var komi paa ein ny Fot. Og glad var han. Det var Framandfolk komne som skulde sjaa «Byguten»; og alle livde godt; der var stor Høgtid. Daniel maatte lesa Tysk og Latin for dei framande; og han saag kor kry Gamlingen vart, naar dei roste Guten og undrast paa alt han hadde lært. Men Lias, den Slampen, gjekk ikring so sur og tver som han skulde vera ovundsam paa Bror sin.
Her paa Bondebygdi kjende Daniel seg fin Gut; og han viste seg fram kvar han kunde, helst naar han hadde Von um at Inga Holm kunde koma til aa sjaa han. Tala til henne tenkte han ikkje paa. Men han viste seg fram; og naar han trudde ho saag han, gjorde han seg strak og karsleg. Og bad til Vaarherre um at ho maatte like han.
Tidi fra Jol til Vaaren drog seg uendelig seint. Han vart so leid av Leksestræve at han stundom tenkte paa aa fuske; men han kunde ikkje. Han hadde ikkje Lage. Og ikkje det rolege Samvit som Bygutane. Vilde han freiste, kom Læraren til aa skýna det strakst. Men det hende ikkje so sjeldan at han fekk Hans Nerstad til aa skrive Sjukesetel for seg, naar han hadde altfor stor Uhug til Skulen.
I Staden for aa lesa sat han daa gjerne heime og drøymde um Inga, som han vilde skrive Friarbrev til, so snart han vart Student. Og han gjorde Vers um sin store Elskhug. Det var eit strævalt Arbeid aa gjera Vers; men det var so hyggjelegt aa stelle med noko som vedkom «Henne».
Heile Skulen var som leid av seg i denne Tidi. Gutane forsømde, Lærarane stundom med. Leksune dei fekk var so stutte, at dei kom ingin Veg; og endaa laut dei Gong paa Gong taka deim upp att, av di ingin lærde deim.
Fraa Januar var det komi tvo nye Gutar inn i Klassa, den eine ein Lensmannsson, Ole Bentsen, den andre, Peter Didriksen, Son av ein Høker paa Nese. Med desse prøvde Klassa ei Stund aa hava Moro; men det vart ikkje noko av. Dei visste aa klara seg, desse tvo. Godt heldt dei ihop; og klokt stelte dei seg. Ole Bentsen var tagall og likeglad som ein Sælhund, so honom beit inginting paa; og Peter Didriksen – som elles vart heitande Peter Dirk –, visste aa svara for seg so snøgt og smaalentugt, at ingin var god for aa maalbinde han. Daniel og Kristian prøvde ei Stund aa halda Lag med desse tvo Karane; dei var daa Landsfolk, dei au. Men Ole Bentsen og Peter Dirk vilde nok helst hava finare Lag. Det var Gutar som visste aa greide seg. Dei var med paa jamvel faarlege Ting, som Kortspel, ja um det var ei halv Flaske Øl med Sigar; men dei visste alltid aa stelle seg so, at um gali skulde gaa, so kunde ikkje dei faa Skuldi. Lesehestar var det av Velten. Men dei jamra yyi[sic] at det gjekk so smaatt; og Hausten etter melde dei seg ut av Skulen og reiste til Kristiania; ein kunde faa Eksamen baade snøggare og billegare naar ein gjekk paa «Fabriken», sa dei. –
– Endeleg tok det til aa lide fram mot Aarsprøva. Daa vart det ein annan Dans; det tok til aa livne og kvikne i baade Gutar og Lærarar, liksom det vert Uro i ein Smalagarde, naar det dreg upp til Uvêr. No kom Bøkane for ein Dag; og no kom Kunskapen og Arbeide til Ære. Kor mykje hadde den lesi til i Dag, og kor mykje hadde den lesi? Kunde Per det? Kunde Paal det? Kva tydde det Orde, og kva tydde det Orde? Kva var det for Præposisjonar som styrde Ablativ, Akkusativ, Dativ? Kunde Per det Bevise? kunde Paal konstruere den Polygonen? Anna var ikkje høyrande fraa Morgon til Kveld; Daniel vart reint fælin av all denne Lærdomen. Han totte han kunde ingin Ting. Ikkje hadde han Tiltak til aa lesa heller, meir enn Leksa for Dagen daa. Ikkje fyrr det kom so langt at Prøva tok til, so han visste naar han skulde upp i kvart Fag, fekk han si fulle Lesekraft. Men daa las han paa Spreng.
Og han klara seg. Han kunde ikkje mykje; og det han kunde var han ustød i, av di han var uklaar i Grunnane. Men naar han sat ved Eksamensborde greidde han seg likevel. Han forstod det mest ikkje sjølv; men han hadde fraa Barne av øvt seg upp i aa sjaa og høyre paa Læraren, kva Svar det var som kravdest; og den Kunsten brùka han, um han so ikkje visste um det.
Han vart Nummer 9. Der var Futesønir, ja Prestesønir som kom nedanfor honom; det totte han var mest utrulegt. Det same totte Ole Johannes, daa Sonen kom heim og fortalde det; og Gamlingen kunde ikkje dylja at han var kaut av dette.
Elles var han tung og tagall av seg no att. Daniel undrast paa dette; men gamle Mari kunde fortelja, at han Far hadde set Ende paa dei 100 Dalarne fyrr han vardest; so at no var det berre aa tenkje paa aa faa eit nytt Laan. Det var ikkje greidt. Ole Johannes hadde tenkt at 100 Dalar aldri kunde faa Ende. Men naar ein fór flust fram, so –. Daniel vreid seg. Det var daa ei æveleg Straff med desse Pengane.
Men han trøysta seg med, at no hadde Gamlen drivi det so vidt at han ikkje kunde slutte. Og kva gjorde det um han tok eit nytt Laan? Garden var visst stor nok til aa bera baade det og meir.
Likevel heldt han seg helst undan Far sin. Dette mistydde Gamlingen; trudde det var Storkarsgrillune som var ute att. Og dette var so mykje meir harmelegt no, daa Ole Johannes ikkje lenger heldt seg for nokon reint simpel Bonde. Han hadde jamvel kosta Pengar paa aa koma seg litt upp, so Son hans ikkje skulde turve skjemmast av han. Ein Dag kom han med det. Daniel svara so snildt han kunde, at det hadde aldri vori hans Tanke, slikt. Men Gamlingen meinte det var greidt aa sjaa kva Tanken var. Og han hadde ikkje venta sovori no, sagde han.
Han hadde visst gjort alt det han kunde. Og um Daniel tottest vera Storkar, so fekk han ikkje gløyme kven det var som laut svide for det. Daniel meinte at Pengane skulde han greide naar han fekk Embætte, so det var vel ikkje verdt aa taka seg nære av det no; Gamlingen svara, at det vart ikkje paa dei fyrste fjortan Dagane at Daniel fekk det Embætte. «Nei, nei; kven hev meint det?» sagde Daniel stutt.
So vart det uhyggjelegt heime som vanleg. Og Mari jamra jamt og samt um, at det gjekk til atters. Arbeide vart drìvi mykje med Leigefolk; Garden tok til aa koma i Nedfall. Ole Johannes var i Skuld hjaa Jens i Larsebakken, og no maatte han handle hjaa honom mest all Ting; selja billegt og kaupe dyrt. Ikkje var han so trugin med Boki heller som fyrr. Han laag heller og sov om Morgonen no i Staden for aa lesa Bøni; og so kunde ein ikkje vente anna enn at der vart «lite Vælsignels med Arbeide». Daniel svara ikkje lenger.
Han trøysta seg med aa drøyme um Framtidi og um Inga. Naar han vart Student jamna alt seg; og daa vilde han bjode Inga Holm Hjarta og Hand. Ho var for fin for Bondegutane, og for dei andre var ho ikkje rik nok; so fekk ho staa fri, som Blom paa høgt Fjell, til dess han kunde koma. –
– Daniel fekk ikkje Friplass paa Skulen næste Aar, daa han ikkje kunde skaffe Attest for Fatigdom. Men paa Skulen kom han likevel; Gamlingen tenkte der var ikkje anna fyri. Og kor ille Daniel lika seg paa Skulen, so var det betre i Byen enn heime paa Sørbraut likevel. Ja sjølve Gamlingen vart ein annan, naar han kom til Byen. Det var som han yngdest upp att her inne, totte Daniel. Han kunde sjaa so raud og frisk ut, og hava slik ein Glans i Augo, at ein skulde ikkje kjenne Mannen att. Sjølve Hans Nerstad vart glad, naar han saag Ole Johannes so livleg; han nikka til Daniel og lo so smaatt.
Men ein Gong ut paa Hausten – det var ein regnsur og kald Dag seint i Oktober – totte Daniel at Gamlingen var kvatare mest enn rimelegt kunde vera. Og Glansen i Augo var helst som ei Dimme. Daniel forstod seg ikkje paa dette; kóss kunde det hava seg, tru?
Ut mot Kvelden skulde Ole Johannes paa Heimveg. Daa var han bleikare att og meir tagall; men det underlege Lage fylgde han. Og som han sat i den nye Bykjerra si og rødde nokre Velfar-Ord med Hans Nerstad, saag Daniel, at Augo hans var stirande og stive som paa ein drukkin Mann. Daa seig det ei Tyngd yvi Guten. Han gjekk upp-aa Rome sitt; visste ikkje kor han skulde gjera av seg. Han berre saag Far sin som han sat der nede og glodde med dei rare Augo; og det verkte so vondt i Bringa hans. Kunde Vaarherre tillata slikt? Far hans hadde daa alltid vori ein skikkeleg Mann og haldi seg til Boki. Ja, so nær som i seinare Tid. – Ja, men likevel. – Nei, nei. Noko so fælt kunde ikkje hende. Han sagde det til Vaarherre og, at det maatte ikkje hende! Ein brennande, saar Hug til aa graate kom upp; men han fekk det ikkje til. Han sette seg burtaat Glase; der sat han med Hand under Kinn og stirde ut i Lufti lengi. –
So kom Lias ein Dag køyrande til Byen i den nye Bykjerra og skulde henta Doktaren. Daniel skulde au vera med heim. Det stod smaatt til med han Far. Han var komin heim fraa Byen reint skamfrosin; hadde nok somna paa Lasse og i Ørska køyrt ein galin Veg, so han kom ikkje heim fyrr langt ut paa Morgonen; og daa maatte dei bera han inn. Han var gjenomvaat og reint stiv. Og no laag han der med ein brennande Bringeverk so eleg og arm, at han mest ikkje var attkjennande. Ikkje samla han heller lenger. Han berre laag og rasa, tøvde um Bispar og Prestar og mangt og mykje som der korkje var Ev eller Stev i. Det var nok ikkje anna aa tenkje paa enn Enden.
Daniel tagna reint burt. Han fulgde med heim, tung og hugsjuk som han skulde til si eigi Likferd. No var alt slutt. Og at det skulde koma paa denne syrgjelege Maaten!
Doktaren sagde det var Lungebrand. Dei skulde ha henta han fyrr; no var her inginting aa gjera. Han skreiv upp noko Medisin, murra og fór. Mari gjekk ut og inn og grét; ho var so burte at det mest vart Judit som laut stelle den sjuke. Daniel torde knapt vera inne; det var so fælt aa sjaa Far sin som han der laag, vìsin og graa, med ville Augo og hole, skjegg-grodde Kjakar og saar, riktande Ande; men endaa verre var det aa høyre paa det øre Snakket um «Sonen, som skulde verta Bisp». Mari spurde Daniel med graatande Taarir um Far hans hadde vori … um han hadde fengi noko … meir enn han tolde … der inn i Byen; Daniel vart bleik, men sagde Nei. «Aa Gudskjelov for det daa!» grét Mari. Den raudhærde Kapellanen kom ender og Gong og vilde tala med den sjuke um hans Sjælesak; men det nytta ikkje. Han kunde nok vakne for eit lite Bìl, han Far; men strakst etter var han burti Ørska att. Og i den Ørska døydde Ole Johannes.
Der stod Daniel.
Det viste seg, at Gamlingen i dei seinste Aari hadde sett seg i større Skuld enn nokon visste. Det meste skyldte han hjaa Jens i Larsebakken. Men det var Smaagjeld baade her og der, i Byen og Bygdi. Garden var so skuldsett som han med godo kunde vera.
Skulde dei klara det, fekk dei sjaa aa koma til Lags med Jens. Denne viste seg ikkje urimeleg. Han vilde berre hava Daniel til aa skrive under paa, at han skulde betala Gjeldi – halv tridje hundrad Dalar – so snart han fekk Embætte eller Post; og so skulde Mari og Elias gaa god for Daniel og sjølve staa for Pengane, um han døydde eller vart helselaus; Rentur skulde dei leggje med 5 Procent um Aare til dess Pengane var greidde. Daniel skreiv strakst under. Det kunde ikkje skilja honom noko det; og so vart det daa ein Ende paa all denne Uhugnaden. Til Lagverje tok Mari gamle Tarald Ruste, som fyrr hadde vori Lensmann; og det vart avgjort at ho skulde bli sitjande i uskift Bu.
Der var ingin løynd Rikdom aa finne. Ingin nedgravin Skatt; ingin Pengehop paa Kistebotnen. Kunde Mari og Lias med Stræv og Sparing fikte seg igjenom, so vilde det vera mest meir enn ventande.
Til Daniel var der inginting. Dei sagde han fekk freiste aa koma inn paa ei Krambu. Han svara ha og ja. Kva skulde han paa ei Krambu?
Han gjekk som i ei tung Ørske. Det var ute med alt. Og verst var det aa tenkje paa Inga.
Inga, Inga. Kva tenkte ho no? Han torde ikkje vise seg i Neskyrkja i denne Tidi. Men kvar Sundag naar Folk gjekk fraa Kyrkja, sat Daniel paa ein Stein attum ein stor Runne ovanum Vegen og saag etter Inga.
Det kunde ikkje gaa slik. Her maatte koma Hjelp. Han gjekk under um han ikkje naadde fram; kunde Vaarherre tillata at ei Sjæl gjekk under?
Der var mange rike Folk i Byen. Der var Folk som kosta burt Tusund paa Tusund berre til Stas og Fjas. Det stod just i Blade, at Grosserar Helle hadde kaupt seg ein Lystkutter for 500 Dalar. 500 Dalar til ein Lystbaat! Med dei 500 Dalane kunde Daniel vori berga.
Eller denne Bror vaar, som fór og flakka i den vide Verdi, og ingin visste kvar han vanka; kannhende var han i Amerika … Gifte seg med ei rik Dame, vart Eigar av ein Million; kom heim, greidde heile Bundelen …
Eller den som kunde faa i Bergkongen. Eller Nissen; eller ein Dverg; eller noko anna slikt … Der var Rikdomar nok i Jord og Haug; den som berre kunde finne deim. At ikkje den gamle Dagfinn Sørbraut likso godt kunde ha raaka paa ein Klump Gull! Det var mange som hadde funni Gull i gamle Haugar.
Tarald Ruste! Han skulde vera ein velhaldin Mann. Um ein spraaka vel med honom?
[…]
So vart desse tri Mennane samstellte um, at dei skulde hjelpe Daniel Sørbraut fram til Student-Eksamen. Og Helle vilde dei skulde sende Guten til Kristiania paa «Fabriken» og faa han «ferdig i en fart»; det var baade billegare og betre, sagde han; og so hadde Jonas Didriksen paa Nese gjort med han Peter, Son sin. Dette gjekk dei med paa, dei andre.
[…]
Daniel hadde ikkje Fred heime lenger. I Kristiania var det han skulde finne det store og ædle og fagre paa Jordi; og Byen bygde seg upp i hans Hugsyn som ein Skog av kvite Taarn. Der vilde eit heilt nytt Liv taka til; men mot Inga Holm vilde han alle Dagar vera trufast. –
– Lengi venta kom endeleg den store Tysdagen, daa han skulde av Stad.
[…]
VI
Daniel hadde høyrt at Yvihøyringsprøva skulde vera lett; men daa det bar til, fekk han anna finne.
Han var laakt fyribudd; hadde havt for mange Skular og Skulemeistrar. Og dei hadde arbeidt kvar paa sin Maate. No stod han der med Hovude fullt av ymist og altslag i Ruve og Røys; sùmt var ferdugt og sùmt halvferdugt; der var ikkje Samanheng i nokon Ting.
So var der ikkje anna aa gjera enn aa «pugg-lesa». Det galdt Live no. Dei som hadde hjelpt han fram venta at han skulde klara seg. Og gjorde han ikkje det, so vilde alle Vegar stengjast. Det ein ikkje kunde paa annan Maate, fekk ein daa kunna paa Pugg; sidan, naar ein vart Student, fekk ein taka det heile uppatt fraa Grunnen av.
Dag og Natt sat Daniel upp i det myrke Lofte sitt og las. Sveitta og las; las so han svimra. Heile Verdi kom burt for han. Han gløymde baade Sol og Jord, baade Heim og Himil; og naar han ein Gong um Dagen var ute og skulde faa seg «Middag», dreiv han gjenom Byen som gjenom ein stor, tom Draum.
Og so ille varmt som det var! August-Soli gjekk gjenom Himilen som ein brennande Eld, og Lufti laag tung og heit som ein Eim yvi Byen. Ute og inne var like fælt.
[…]
Naar August-Soli fraa Morgon til Kveld hadde steikt Taksteinane yvi Hovude hans, var dei som gloande Jarn; og det laage Loftsrome heldt seg døynende badstugu-heitt til langt ut paa Morgonsida. Og aldri surra Flugudansen galnare enn um Natti.
Men ute i fri Luft kunde han ikkje lesa. Det var so mangt som lokka Augo og Tankar der; han sat og glodde paa Tre og Blomar og drøymde um Berta Maria og Inga Holm og altslags Tøv, og gløymde heile Eksamen. Lufti var fyllt med dirrande Blenkjing, med Laat og Ljom og alle Slags Liv; Eksamenstankane døyddde i den som Smaatroll i Sol; han var nøydd til aa stengje seg inne.
So sat han der innestengd; stræva og las; røykte, drakk Vatn og misste Mathugen. Dag for Dag kjende han seg armare; Dag for Dag maatte han stive seg upp paa nytt. Og di meir han las, di meir hadde han att aa lesa, totte han.
Ein Dag raaka han Sven Dufva paa Gata og jamra si Naud for honom. Sven Dufva sagde at den beste Raadi var aa drikke Kinavin. «Den brukar eg,» sagde Sven Dufva; «og den baade kveikjer og styrkjer.» So kaupte Daniel Kinavin. Og naar han vart altfor trøytt og arm, drakk han av den og totte han vart betre.
Det vart ein lang Strid. Var ein ferdig med eitt Fag og hadde lese seg mest trotin paa det, so kom næste Fage, som var likso vrangt; og i Selen att laut ein. Det røynte for Aalvor paa Helsa no; um Natti, naar Daniel laag og ikkje fekk sova, av di Hovude verkte og Flugune surra og alle dei grammatikalske Reglane dansa i Hausen og banka og hamra som «Timbremennar» etter ein Rus, daa kunde det hende at Guten flaug upp i skjelvande Rædsle og trudde han skulde bli galin.
Og han som hadde vori so glad paa Russedagen, og trutt at det verste var yvi daa! Han hadde ikkje visst kva som fyristod. Og han hadde ikkje visst, at Russelage var for den sanne Russen, men ikkje for slike som braut seg inn i det akademiske Rike Fabrikvegen.
Den sanne Russen, som var av paalitelegt Folk, og som hadde sovi seg fram gjenom ein paaliteleg Latinskule, han slapp igjenom det munnlege nokorlunde lett; for baade maatte ein gaa ut ifraa at slike Gutar hadde lært det dei skulde, og dessutan var det i Grunnen det skriftlege det spurdest um i dette Lande. Men Fabrik-Russen hadde Universitete ein naturleg Mistanke til. Det var Folk med ukjende Namn, Folk, som tidt saag svært lite akademiske ut, og som dessutan kom stormande inn i dei heilage Hallir som Tjuvar og Røvarar gjenom ein galin Port; slike Karar maatte ein sjaa paa Tennane. Kamelar var det, som skulde gjenom Naaleauga; og mange «strauk», vann seg ikkje igjenom, anten dei no var Kamelar, eller um Naaleauga stundom vart altfor trongt. Meir enn ein Gong hende det, at det etter Eksamen kom Bòd til «Gamlen» fraa Universitete, at han hadde tapt sin «Demissjonsrett»; altfor mange av Gutane fraa Skulen hans var «strokne».
[…]
Fabrik-Russen, og Daniel med dei andre, vart bleikare um Nebben for kvar Dag som gjekk. Og den eine etter den andre vart sjuk og lagde seg etter, ein i den Bakken og ein i hin, liksom trotne Soldatar paa ein Feltmars. Men Fabrik-Gutane hadde ikkje Lov til aa vera sjuke heller; det var ingin som trudde paa Sjukdomane deira. Professorane drog paa Akslom; Russen lo; «han er sjuk i Matematik», sagde dei; «han hev vondt i Græsken». Og i «Den gode Borger» stod der meinsløge Stykke um kor rart det var, at det nettupp skulde vera Fabrik-Russen som var so sjukleg i Eksamen.
Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg rett godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart sjuke. Daniel tenkte sterkt paa aa melde seg sjuk, han med. Men so raaka han Sven Dufva ein Dag. Han var svært bleik, Svein, og dei store rædde Gaselle-Augo stod i Hausen hans kvite og stive som Klinkenaglar. «Men Herre Gud, De er ikkje frisk?» sagde Daniel forstøkt. Sven Dufva riste paa Hovude. «De maa til Doktoren og faa Attest!» heldt Daniel fram. Daa stirde Sven Dufva paa Daniel, og ein raud Skugge lagde seg yvi Andlite hans. «Nei!» sagde han med sitt Bassun-Maal; «det gjer eg aldri!» Og daa Daniel vilde vita Grunnen til dette sagde Sven: «det skal ikkje De heller gjera. Dei trur oss ikkje!» Den raude Skuggen kom sterkare att og vart liggjande.
Daniel forstod Guten og vart skamfull; Sven Dufva hadde Rett. Haugum sagde sidan det same; kunde dessutan fortelja, at den som lagde seg sjuk vart sidan strengare yvihøyrd; det var daa best aa halde ut, so sant ein kunde. Daniel drog ein tung Sukk og sagde at han fekk freiste aa halde ut daa.
Og han heldt ut. Men paa Slutten kunde han ikkje lesa. Naar han sette seg til med Boki, so berre svimra det for han. Ikkje torde han taka Kinavin heller lenger; Haugum hadde sagt at det var faarlegt.
So fekk det staa til. Han hadde i det siste havt ei Von um aa faa Laud; han hadde gjort det godt i fleire Fag, og i Historie og Geografi vilde han hava 1, 1. Men no fekk den Voni fara. Naar han ikkje fekk lesa paa Fransk og Tysk, so kom dei Fagi til aa øydeleggje Laud’en hans i alle Tilfelle.
Forunderleg nok gjekk det godt i Tysk og Fransk. Og no var han trygg paa Laud. Han gjekk og hugga seg med aa tenkje paa, kor glade dei skulde bli, dei som hadde hjelpt han fram, og kor staut det vilde vera aa kunna skrive til Inga Holm: «Student med beste Karakter». Men so gjekk det gali i Historie og Geografi, – dei einaste Fagi han kunde. Til Yvihøyrar fekk han ein gamall Vrangpeis, som spurde um alle Slags Ting som ikkje stod i Boki, og spurde paa slik ein underleg og urimeleg Maate; og til Domsmann fekk han sin gamle Historielærar fraa Latinskulen, Robert Djevelen. Dette siste var det iser, som gjorde Guten fortumla. Robert Djevelen var han rædd; og daa so Yvihøyraren gav seg til aa vera vrang, kom Daniel reint utav det. Han svara burti Hytt og Vêr og stod stundom heilt fast; og Enden vart, at han fekk 3, 3 istadenfor 1, 1; dermed var Laud’en sprungin.
Han kunde ikkje forstaa slikt! Det var ei Rangvise so yvi all Maate! Vera so nære Laud, og so ikkje faa det; og falle paa dei Fagi han kunde best! Kunde Vaarherre tillata slikt? –
[…]
Ei tung Modløyse tok Guten. Han var so aaleine. Kammeratar hadde han, men ingin Vén. Ikkje Berta Maria dessmeir brydde seg um han; hadde ho det gjort, so hadde ho ikkje vori so mykje ute um Sundagskveldane. Han var Fatikmanns Son og hadde Fatikmanns Lykke. Og naar det leid av ei Stund, so kanskje han svalt ihel. Eller maatte paa Arbeid.
Han hadde skrìvi til Jens i Larsebakken etter eit Tillegslaan paa 100 Dalar «for at kunne tage Anden-Eksamen i en Fart»; og han hadde tydeleg vist, at det vilde vera til Bate for Jens sjølv, dette. Men vilde den Moldtrælen forstaa det?
[…]
– Immatrikuleringsdagen kom.
Daniel Braut drog paa seg sine svarte Klæde og sette høgtidsamt Duskeluva paa Hovude sitt. No var han Student. Med bankande Hjarta gjekk han framfor Spegilen. No hadde han naatt sitt store Maal; no vilde han sjaa seg sjølv. Han venta aa faa sjaa eit Hamskifte.
Duskeluva sat ikkje rett; han drog ho meir ned mot det eine Øyra. Men endaa sat ho ikkje rett. Han drog ho ned mot det andre Øyra. Men det hjelpte kje heller. So sette han ho midt paa Skolten; – like nære. Han freista paa all Vis; sette ho lenger bak, eller lenger fram, lite meir paa Skakke, lite mindre paa Skakke; det nytta ikkje. Det var som Duskeluva ikkje vilde høve aat hans Hovud.
Daniel kolna der han stod. Han freista paa nytt; lagde Dusken bak; lagde Dusken fram; lagde Dusken midt paa Aksli; nei. Det vart ikkje den rette Svingen. Og Frakken, – Frakken sat, som alle Frakkane hans hadde sìti. Han saag ikkje ut som Student. Han var ikkje Student. Han var ein forklædd Bonde.
Bleik og motfallin stod han og glodde paa seg sjølv i Spegilen. Han totte han vart seg sjølv so framand. Det breide godslege Andlite hadde vorti langt og magert. Munnen saag styvin ut; og Augo, som ein Gong hadde vori so blanke, hadde krympa seg ihop og vorti raudsprengde og dauv-vorne. Men Aksline var gruve; han saag liksom nedtyngd ut; laut rette seg upp naar han vilde naa si Høgd; annarleis hadde han set ut i sine Studenterdraumar. Naa; det laga seg vel. Men kald um Hjarta rusla han til Universitete etter det akademiske Borgarbreve, som han no skýna ikkje heller kunde gjera Underverk.
Og daa han kom der upp, og saag paa alle dei unge Bystudentane, som kom strjukande fine og lette som Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott og fjongt som ho skulde vera støypt til deim, daa kjende han seg framand i dette Lage. Han hadde berre ei Trøyst, og den var skral: dei andre Bondestudentane tok seg for det meste ikkje stort betre ut enn han med Duskeluva.
Festsalen var full av svartklædde, bringekvite fine Herrar. Det var so det stod svalt av all denne Galla. Der skulde Mod til aa gaa inn. Daniel totte han kom som ubedin Mann til Gjestebods; det kom for han, at dei fine Herrane saag med Uhug paa Bondeguten som vilde trengje seg inn i deira Lag. Med det same han hadde sett seg byrja Festsongen; det ljoma so vent i den høge Halli. So modigt; so fast; so trygt. Daniel styrktest. Han sagde til seg sjølv: du hev Rett til aa vera med; du er Student!
[…]
Han tok til aa tenkje, der han sat. Hugsa Dølen og hans Hunar og Vandalir; der var visst meir i det enn Dølen hadde visst. Naar ein av dei plattyske kom, var det som det skulde vera eit anna Folkeslag. Det var ikkje sagt at dei var fagre; det var ikkje sagt at dei førde seg godt dessmeir; dei kunde vera stygge som Arvesyndi og keivelege som Trehestar, – og likevel! Likevel saag ein, at dei var «Herrar». Dei hadde i all si Ferd noko trygt og sjølvbyrgt; dei hadde det som Horats kalla frons urbana; og naar alt kom ihop, so var visst det det sanne Daningsmerke. Var dei fødde med det? Var det noko som ein maatte vera fødd med? Var det ikkje sant at alle av Natturi var like, og at det ædle og høge føddest likso ofte i Hytte som i Borg? Skulde Vaarherre ha stelt det so, at dei som var fødde i Rikdom fekk alt godt, men dei som var fødde i Armod laut bera Merke av det alle sine Dagar?
[…]
VII.
Fyrilesingane tok til; Skulegutane gjekk og var Studentar. […]
Um Ettermiddagen gjekk han og dreiv med kven han fekk Lag med. Han hadde tenkt aa lesa igjenom paa nytt det han hadde baade lært og ikkje lært i sine Skuledagar; men det fekk vera til sidan. Um Kvelden var han stundom i Teatre. Han lika seg der; mest alt gjekk ut um Kjærleik. Og alt var fagert og idealt. Teatre var som eit Eventyrland midt i Livsens Prosa; der livde det fagre sitt Liv i Fred, avgøymt fraa alt som kunde skiple og skjemme. Der livde Daniel i Sanning idealt, totte han, endaa han laut sitja paa «Tolvskillingen». –
– Jens i Larsebakken sende Pengar. Men den Moldtrælen sende 50 Dalar i Staden for 100, so det galdt aa spara; og Daniel sparde det beste han hadde lært. Det galdt aa faa dei 50 Dalane til aa rekkje so langt som Raad var. Med Tid og Stundir laga det seg vel so han fekk meir.
Den som hadde hjelpt so langt, hjelpte nok lenger. Og no hadde Daniel ei serskilt god Von; for Jens i Larsebakken hadde fortalt, at Bror hans, han Lias, hadde teki Skjerp paa fleire «lovende» Malmgruvur. –
[…]
Kvar Dag gjekk han og venta paa Brev fraa Lias um Malmgruvune. Men det drog ut. Og Daniel kunde snart paa Dagen rekna ut naar han vilde vera skillinglaus.
Husleiga for den siste Maanaden hadde han alt vori kravd for. Den Gongen hadde han sloppi fraa det paa ei Vis; men nytt Krav kunde han vente naar som helst. Aa, at ikkje Lias kunde skrive! –
– Jau; ein Dag skreiv Lias. Han skreiv, at han vilde selja Garden og draga til Amerika. Han hadde no ei Tid fari galin og havt Skjerpefeber og øydt upp Tid og Pengar paa det verste Juks; no kunde han ikkje klara seg lenger. Jens i Larsebakken eller Banken fekk taka Garden, og ho Mor fekk vera hjaa Judit, som no skulde gifte seg med ein Snikkar ned paa Nese; han sjølv vilde fara med næste Baat.
Daniel sat og las dette, og det var som eit Berg av Draumar ramla ned yvi han med Brak og Gov; no laag han der. Kvar skulde han no av?
Aa, at ikkje Vaarherre kunde hjelpe. Han som aatte heile Verdi; han, som var allmegtig … Kunde han ikkje hjelpt Lias til aa finne noko Malm? Kunde han ikkje med eit Ord ha skapt ein Malmgang i det Fjelle der Lias hadde teki Skjerp? Kunde han ikkje … kunde han ikkje skapa dette Breve um til Gull … eller gjera den Lampa til Gull; eller Blekkhuse …
«Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde», stod der. Men det var ikkje sant! Hundrad tusund glade Gutar gjekk ikring i denne Verdi og gjorde ingin Ting, anna enn Ugagn, og livde likevel, livde godt, livde høgt, av di dei hadde ein rik Far, eller ein stor Arv; kvi skulde ikkje ein annan vera likso nære til slikt som dei, tru?
Daa Daniel hadde tenkt seg trøytt paa dette og skýna at han ingin Veg kom, drog han ein tung Sukk og sagde til seg sjølv, at no fekk han freiste det siste.
I ein By som denne var der Arbeid nok. Det galdt aa finne noko som ein kunde like.
Han tenkte etter. Men alt som kom for han var so aandlaust; der var ingin Idealitet i det. Dessutan kunde han det ikkje.
Kva kunde han? Føre Bøkar? Nei. Vera Lærar i Musik? Nei. I Matematik? Nei. I Latin eller Græsk? Nei. I Tysk eller Fransk? Knapt nok. Inginting kunde han, som her var brukande.
Og kven skulde han gaa til? Han kjende ingin. Ingin som hadde Pengar eller Magt. Han fekk sjaa etter i Bladi, um der skulde vera noko.
Nei. Inginting for honom. For Handelsfolk og Tenestgjentur var der nok av Arbeid aa faa; men for ein Student som inginting kunde, var der inginting.
Daniel Braut vart rædd.
I si Naud gjekk han til Haugum. Han maatte tenkje paa aa faa noko aa gjera, sagde han, og spurde um ikkje Haugum visste nokon som kunde hava Bruk for han. Nei; Haugum visste ingin.
Det var svært vandt aa faa Arbeid naar ein ikkje var kjend, forklara Haugum. Her var slik Tevling um kvar Ting, hundrad Bikkjur um kvart minste Bein, so det skulde Lykke til aa koma inn i noko. «Men gakk upp til Bladstyraren av Bondevennen,» sagde Haugum; «skulde nokon vita noko maatte det vera han.» – «Ja men … kann ein gaa til ein slik Mann … og spyrja um slikt?» «Ja, det kan ein daa vel! Bondevennen er ein snild gamall Mann; berre gakk du.»
Daniel tok sine Kisteklæde paa seg og gjekk. Men modig var han ikkje.
[…]
Daniel sagde i snaavande Hast kva det var han vilde; Gamlingen riste paa Hovude og svara Nei. Nei, han visste inginting. Han hadde hjelpt ein og annan i Veg fyrr … «sitt ned, Gutten min!» – Gamlingen sette seg sjølv –; soleis var der ein, som heitte … som heitte so mykje som … Jakob, nei, Peder, nei, det var Jakob! nei, det var nok Peder, Peder, – Peder Monsen … «Kjenner De Peder Monsen?» – Nei. Daniel gjorde ikkje det. – «Naah. Ja; det var elles ein Gut som forstod aa snu seg; han fekk Død og Pine laane 20 Daler av meg, som han skulde betala, naar Far hans fekk selt ei stor Malmgruve han hadde funni …» Og Daniel fekk ei lang Sogu um denne Peder Monsen og hans Gaavur til aa snu seg; den gamle lo og kom i godt Lag. Men Daniel kjende seg meir og meir modlaus. Der banka det paa Døri. «Kom!» ropa Gamlingen. «Ja, som sagt, nu vet je ingen Ting, Gutten min; men De faar avertere! – Godkveld, Godkveld!» sagde han til den nykomne, «naa, det var bra, De kom. Sitt ned! Ja, Godkveld, Gutten min!» – Daniel gjekk; han kjende seg so underleg kald, og so tung i Føtane.
Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje; berre sat og var modlaus. Etterkvart tok han til aa drøyme. Kanskje var der ei Meining i dette med. Kanskje Vaarherre ikkje vilde at han skulde binde seg til noko Arbeid; han hadde kanskje Hjelpi liggjande ferdug, og den vilde han sende naar Naudi var størst. Ein Dag naar han kom heim svoltin og trøytt, og reint modlaus, laag der eit Brev paa Borde til han med 100 Dalar i og berre dei Ordi: «fraa ein ukjend Ven; friskt Mot!» Og naar dei Dalane var ende, so kom det eit nytt Brev av same Slage … Han sat og reknaut korleis han paa beste Maaten skulde brúka desse Pengane; men han kom etter, at 100 Dalar var reint for lite; og so drøymde han Draumen um att so, at no laag det 200 Dalar i Breve. […]
Dagen etter gjekk Daniel upp i Universitetshalli og saag etter, um der var nokon Huslærarpost utlyst. Jau, der var ein, – hjaa ein Doktar burtpaa Strilelande. Daniel gjekk att med ein Gong. Vaarherre kunde daa aldri vilja at han skulde grava seg ned paa Strilelande.
Han hadde ikkje Ro lenger til aa sitja inne og lesa. Ikkje kunde han gaa paa Fyrelesningane heller; hadde anna aa tenkje paa. Han gjekk mest og dreiv paa Gata og døyvde sine rædde Tankar i Draumar; og han hadde ei løynleg Von um, at han paa denne Maaten kunde slumpe uppi eitkvart. Lukka hans sat kannhende og venta paa han her eller der, berre han kunde koma yvi ho. Maten! For ein so jammerleg Ting som Maten kunde daa ikkje ei Sjæl gaa under. Alle Heltar i alle Dikt fekk alltid Maten; det var raatt aa spyrja um slikt. Maten maatte koma. Vaarherre var vel likso god Diktar som dei andre …
[…]
VIII
Paa Universitete var det ein Dag utlyst ein ny Huslærarpost, og Daniel vreid seg ved Tanken um, at den laut han vel søkje. Men daa han las etter saag han, at Huslæraren skulde kunna Engelsk, og det kunde ikkje han.
So var ikkje der noko aa gjera. Og ille var det. Men det kunde vel snart koma eitkvart som var likare.
[…]
– Det leid til Joli; Daniel hadde fikta seg ihop ei heil Gjeld. Livemaaten hadde vori skral, og han hadde svolti meir enn ein Dag; men han hadde daa paa ein Maate berga seg.
No tok det til aa knipe. Den eine etter den andre av Kjenningane fôr fraa Byen. Og med brennande Skam hadde han gaatt etter at dei heldt seg ifraa han i seinare Tid; eit Par hadde beint ut sagt, at dei ikkje kunde laane ‘n fleire Pengar. Han kjende seg meir og meir arm og forkomin. Sistpaa, daa Joli stod for Døri, og han ikkje visste nokon annan aa gaa til, gjorde han seg hard og gjekk paa Fram. Det var det verste han hadde gjort; men han gjorde det. Og han fekk ein Dalar. Daa den var uppetin gjorde han seg uvyrdin og gjekk paa Fram ein gong til. Han kunde ikkje anna! Han maatte liva! og dette skulde vera siste Gongen! Fram aatte eit Halvdalarstykke; det fekk Daniel. Men han torde ikkje koma i Klikken sidan.
Skamfull, meir og meir skamfull kjende han seg. Det var ingin ærleg Livemaate dette; ein kunde ikkje halde paa soleis. Han fekk sjaa seg um for Aalvor etter ein Post. Studenterlive fekk det vera med til sidan.
[…]
Kvar Dag gjekk han paa Universitete og saag paa Uppslagstavla; kvar Morgen, naar han var trygg paa aa ikkje raake Fram, gjekk han paa Kaffikjellaren og saag i Bladi. Der var inginting. No daa det kneip var der inginting. Han sparde og knipte paa den siste halve Dalaren sin som ein Prakkar; livde paa Vatn og turt Brød. Men Halvdalaren tok Ende likevel; og so stod han der, reint paa berre Bakken.
Det var ein sur Slafsedag i Januar. Han var svoltin og han fraus! Ved hadde han ikkje; den siste Brødskanken fekk han gøyme til i Morgo. Att og fram i Gata gjekk han og slong, slunkin og hol, vaat paa Føtane; Middag hadde han ikkje fengi paa fleire Dagar. I Kveldingi luska han inn paa Kaffikjellaren, snikjande og rædd som ein svolten Hund; der var ingin han kjende. Skulde han freiste um han kunde faa paa Borg? Han torde ikkje. Ein vart so underleg modlaus naar ein ikkje aatte Mynt; han rusla. Dreiv att og fram paa Gata og tenkte paa, um det daa ikkje skulde vera ein einaste han kunde gaa til. Daa hugsa han paa sine gamle Kjenningar Ole Bentsen og Peter Dirk. Gudskjelov! Der var ein Utveg. Dei vilde ikkje segja Nei til ein gamall Kammerat.
Han vart so glad og lett at han sette i Veg og vilde finne deim med ein Gong; dei budde paa Hægdehaugen. Men daa han kom der upp, var dei ikkje heime. Tung og trøytt gjekk han heim og lagde seg. Men han var so svolten at han fekk ikkje sova. Han maatte sistpaa upp og eta i seg den siste Brødskanken sin. Daa sovna han endeleg. Og sov tungt og lengi.
Han stod upp brennande svoltin, drakk tri Glas Vatn og rusla i Veg. Daa han kom upp til Hægdehaugen, var Ole Bentsen og Peter Dirk nettupp utgjengne. Dei kom att ut paa Ettermiddagen ein Gong.
Daniel var so klar at han knapt kunde halde seg uppe. Men Time etter Time gjekk han og drog seg; svabba i Snøsøyla Gate upp og Gate ned, til dess han kunde tru dei var heimkomne. Det var ein syrgjeleg Dag. Mat, Mat var hans einaste Tanke.
Sistpaa orka han ikkje meir. Det sleit for Bringa av Svolt; han var so utmødd at han svimra; yvi Augo laag som ei heit Tyngd. Han fekk upp og høyre etter.
Med Møde og Stræv naadde han Huse; han var so veik i Knêi. Gudskjelov. Dei var heime. Han pusta ut so godt han kunde og stivde seg upp; han vart so bljug der han stod. Det var nok ikkje sagt kor velkomin han vilde vera; og disse Karane hadde han aldri havt noko Lag med. Og no kom han og vilde laane Pengar. Men ein fekk gjera seg hard.
Han banka paa og steig inn. Godkveld. Der var myrkt inne; dei kjende han ikkje; «Godkveld?» svara det spyrjande. Det brann koselegt i Omnen; her var so varmt at Daniel svimra. Han gjekk fram og tok Ole Bentsen i Handi; «De kjenner meg kanskje ikkje att?» spurde han; Mæle vart so underleg holt og klagande. Peter Dirk, som laag burt i Sofaen og røykte, reiste seg og kveikte Ljos; Ole Bentsen drog etterkvart Kjensl paa Daniel og sagde: «aa – er det … so sjeldsynte Folk som er ute og gjeng?» – Daniel raudna og sagde at dei budde so langt av Leid. Han hadde ofte tenkt aa sjaa uppum deim; men … Tidi … So gjekk han burt og helsa paa Peter Dirk. «No, kor gjeng det?» sagde denne. «Aa Takk.» «Sit ned»; han sette seg.
Ole Bentsen og Peter Dirk saag paa Guten; glytte so til kvarandre med ei serskild Augnebragd. Dei hadde høyrt at det skulde staa smaatt til med Daniel Sørbraut; no fekk dei sjaa det. Han var gul. Kring Augo laag ein breid, sjukleg Ring. Og dei raude ruskute Skjeggflisine gav Andlite nokot villt og forkomi. Peter Dirk vart so tekin av det han saag, at han gløymde seg sjølv og spurde Daniel, um han vilde hava eit Glas Øl; «takk!» sagde Daniel og raudna av Glede. «Eg trur me hev etter ei halv Flaske sidan Middag,» sa Peter med ein uroleg Glytt burttil Ole; denne nikka. «Me held Middag heime sùmetider,» sagde han til Daniel; «ein maa laga Munnen etter Skreppa, veit De.» – «Det er vel so,» svara Daniel; han vart gul att. Peter Dirk drog upp den halve Ølflaska og slo i; men han slo berre i til tvo. Dei vil ikkje drikke med meg, tenkte Daniel; men dess meir fær eg. «Ver so god!» sagde Peter til Daniel og Ole. «Nei ver so god du,» sagde Ole til Peter. Peter tok Glase og nikka til Daniel; denne reiste seg, steig ustødt burttil Borde, tok Glase med dirrande Hand og tømde det. Aa Herre Gud, kor det smaka. Og kor det gjorde godt! Den, som berre hadde havt ein Matbite attaat … Med det same saag han at Peter berre so vidt hadde smaka paa sitt Glas. Daniel skjemdest; orsaka seg: «det er godt aa faa Øl naar ein er tyrst.» – «Aa ja-a,» sa Ole Bentsen.
Daniel gav seg i Drøs; Øle gjorde han modig. Og so galdt det aa faa Karane i Lag. Ole Bentsen sette seg i Ruggestolen framfor Borde og tagde; Peter Dirk lagde seg i Sofaen og røykte og svara ja og nei. Dei skýna so godt kva han vilde. Han hadde det Lage som merkjer Armingen, naar han er ute og skal «slaa Pengar» og veit, at det er smaatt med Tiltrui, – dette snakande og nærsøkne og attaat undergjevne; han prata og prata um slikt som dei kunde like; gjorde seg kjend og kammeratsleg; heldt med deim i eitt og alt, liksom Hunden, som diller med Rova; dei sat og ynskte Fyren til Bloksberg og vart meir og meir tagalle.
Daniel saag, kor lite dei brydde seg um det han sagde; og etterkvart som Øle seig av han, vart han arm og faamælt som fyrr. Han sat og liksom seig ihop paa Stolen; Mæle vart veikt og sviktande. Mindre og mindre Mod fekk han til aa spyrja um Pengar; men … skulde det ikkje lata seg gjera aa setja seg til aa venta til Kveldsmaten kom? Daa kunde dei ikkje for Skam Skuld anna enn beda han med seg …
Ole Bentsen og Peter Dirk sat og gjorde Augo til kvarandre. So reiste Peter seg upp og saag paa Klokka. «Kor mange er ho?» spurde Ole Bentsen. «Halv seks,» svara denne. «Aa, so mange?» sagde Ole; «ja daa fær eg nok til aa lesa.». «Ja, enn eg daa?» sagde Peter Dirk. Daniel forstod. Han vart myrkraud i Andlite og stod upp. «Ja … lid det so langt, so … fær nok eg og … heim og lesa,» sagde han. «Aa ja, det er lang Veg,» meinte Ole Bentsen. «Ja.» Daniel stod og vreid seg; skulde han vaaga det? Aa ja; han fekk ikkje meir enn nei … kunde ikkje gaa heimatt med tome Hendar; hastande, snaavande lagde han i Veg: «eg hev langt heim, ja; og so skulde eg dessutan heilt upp i Professorbyen … eg hev ein Kjenning der som eg skulde hava nokro Pengar av; men han var ikkje heime i Dag; og no maa eg –. Men seg meg … det er lang Veg, og myrkt og stygt Føre … De skulde ikkje kunna hjelpe ein Kammerat med eit Par Mark til i Morgo, De? Han stod og fingra og snudde paa Luva si og saag ut som ein Tjuv. «M-nei,» sagde Ole Bentsen stilt og blidt; «sandeleg um eg hev so mykje. Eg hev venta Pengar no i fleire Dagar; men eg forstend ikkje, kva dei tenkjer paa der heime»; og til Trygd for sidan lagde han til; «eg hev sandelea sett meg i so mykje Skuld no, at naar eg fær Pengar, so gjeng dei med same. Men, korleis er det med deg, Peter? Hev du noko? Peter Dirk sette upp eit skjemtefullt Andlit, drog fram Pengetaska si; opna ho, krengde ho; spilte Augo upp liksom i Forundring … det datt ut ein Knapp. Peter Dirk blistra. Daniel lo haast og saart; «Naa, ja-ja,» sagde han med bibrande Munn; «so fær eg burtum den andre … Det er noko langt, men … Ja Takk for i Kveld.» – «Sjølv Takk. Vel heim!» – «Takk. Godnatt.» – «Godnatt, Godnatt!» –
– Han steig ned Troppi med Ryggen krylin av Skam og svikne Vonir. Han grét mest daa han kom ut. No hadde han gjort seg til Bikkje for eit Bein, og hadde ikkje fengi Beine. Seint og syrgjeleg seig han ned etter Gata. Ein full Mann stana upp midt fram-fyri han: «er ‘u rædd, Gut?» Daniel smøygde seg framum. Tvo glade unge Herrar kom spantande og røykte Sigarar som lukta svimrande sterkt: dei fyllte upp Fortoge so Daniel laut ut i Gata. Tenestegjentur kom berande med Mjølkespann og Korgir fulle av Flaskur og Brød; det var so vondt aa sjaa; Augo hans saug seg fast i dei Korgine. Alle Folk hadde Mat; alle Folk livde godt; ingen hadde ein Bite til honom.
Utanfor ein Hushaldshandel stana han; Krambudi var full av Folk. Han saag med svoltne Augo paa all den Maten som vart langa ut yvi Disken, Brød, Smør, Ost, Pylsesnabbar, Ølflaskur, Kaffifjordungar, Gryn, Erter, Flesk, Egg; og han stunde av Hunger. Med ein saar Sukk drog han seg fraa Døri, men stana ved Vindauga. Studde seg til Veggen; var so trøytt. Aksline verkte; Knei bar han snart ikkje. Aa, aa, eit Grand Mat; aa, berre lite turt Brød og eit Glas Vatn … Han stirde med Feber i Augo paa alle dei gode Ting som var uppsette i Vindauga; store Glas fulle av Kjeks, Drops, Sviskur, Sukker; paa ei Snor øvst uppe hekk digre, herlege Spikelaar, og i ei stor Korg var det Brød, store, lækre Brød, brunsteikte og ferske; Livsens Brød … Han stod og stirde; drøymde; tenkte seg den Tingen aa klembe ut ei Rute … med ein Tjøreklut, so Glase ikkje skulde single … og taka – taka det Brøde der som laag so gullfagert og lokka; so vakna han. Kulsa og fraus; samla seg ihop; sjangla i Veg att. Heim og leggje seg. Han var sjuk. Den som berre kunde faa sova. Hadde han havt Berta Maria no, skulde han bedi henne um Mat i Kveld. Ho hadde ikkje sagt nei. Aah; aah …
Ned gjenom Homansbyen sagga han med seine Stig. Gata var full av Folk; alle skulde dei heim og eta. Det var kaldt og surt. Men Ljos var det i alle Vindaugo. Og ei søt Lukt av friskt Brød og andre Matvarur slog ut fraa Krambuine som Luftningar fraa Paradis, kvar Gong Dørine gjekk upp. Kvar skulde han gjera av seg i Morgo? – Gaa til Pater omnipotens? – Ja hadde han berre vori umvend … Men kannhende … naar han vakna kom Postmannen med ein gul Setel: Til Hr. Stud. filos. D. Braut er ankommet Brev, paategnet … 10 Spd.» 10 Dalar; Brød, Smør, Mjølk, nei Øl; Ost, nei; heller ein Pylsestubb … eta godt … so til Skomakaren … nye Sko, tvo Dalar … so Middag … aa, aa, Middag! God varm Middag; kjenne seg god og mett. Og so ei ærleg Pipe! – Nei, nei. Det vart verre naar ein drøymde. Ikkje tenkje paa Mat. Ikkje tenkje paa Mat …
Der var noko som var viktugare enn Maten. Tjah. Um dei blés han so full av Aand at han vart som ein Luftballon, – han vilde vera like aandlaus for det, so lengi han ikkje fekk eta …
Heime paa Lande hadde dei det godt. Alltid sitt visse Bord aa gaa til. Det kunde vera trongt i andre Maatar; men Mat hadde dei. Kneip det, kunde dei slagte ei Ku. Dei svalt ikkje. Det var ikkje for ingin Ting at dei gamle heldt Brøde heilagt, og tala um heilage Uksar …
Kjempune hjaa Homer, naar dei vart svoltne, so sette dei Uksar paa Spit; brasa og steikte og aat; fyllte seg med ungt Kjøt og den søte Vin; det var minst fyri aa vera Kjempe paa den Maaten. Daniel saug paa Tunga si. Han kjende Smaken av ungt Kjøt og søt Vin, so Tennane vatshagla.
Han seig paa, seig paa. Kjende seg so hol som han kunde gaa tvert av; og Aksline verkte som det var Eld i deim. Sigarrøyk dreiv sterk og heit ikring han; Pianospel klunka ut fraa alle Stogur. Det var so vondt aa høyre; der inne sat Folk og hadde det varmt og lognt. Skulde eta godt til Kvelds. Og so hava sin Toddy. Han fraus. Han kjende den snøsure Januarlufti like inn paa Skinne.
Han var komin ned i Teatergata. Det tok til aa bera imot att. Men han var for trøytt til aa gaa seg varm. Ingin Stad kunde ein gaa inn heller, naar ein ikkje hadde Pengar.
Der uppe laag Trefoldigheds-Kyrkja. Der var Ljos. Der kunde han gaa inn og kvile seg? Ja. Der kunde ingin jaga han ut, um han ikkje hadde Pengar. Og kannhende han der raaka ein Mann som vilde laane han tolv Skilling …
Han drog seg inn. Der var visst Bibellesning. Den fyrste tome Stolen han saag seig han ned i. Aa Gud, so trøytt han var.
[…]