Kristian Lofthus og Lofthusoppreisten

Lofthusoppreisten på Agder og i Telemark 1786–1787 var ei massemønstring mot vanskelege levekår. Den eineveldige statsmakta frykta innbyggjarane sine protestaksjonar og sette i verk sterke mottiltak.

I dei fleste kyrkjesokna i det området som i dag utgjer Aust-Agder og vestre Telemark, organiserte folk underskriftaksjonar og valde utsendingar som skulle tale deira sak direkte fram for den eineveldige kongemakta i København. Skipper og bonde Kristian Jensson Lofthus (1750–1797) frå Vestre Moland ved Lillesand stilte seg i spissen for aksjonane.

Klagene gjorde inntrykk på styresmaktene i København. Samstundes var dei redde for opprør i Noreg. Kronprinsen som var blitt regent, utnemde ein kommisjon til å granske klagene. For å få slutt på uroa vart Lofthus som leiar for oppreisten arrestert og dømd til livsvarig fengsel. Nokre av klagemåla førde fram. Det mest urimelege vart retta på.

Protokollar frå Lofthuskommisjonens arbeid i 1787 (NRA). Foto: Margit Løyland.

Aksjonar mot matmangel og pengekrav

Oppreisten i det sørlege Noreg fekk nasjonale følgjer, men starta heilt lokalt i Lofthus sitt eige heimemiljø. Våren og sommaren 1786 var matmangelen prekær, og frå heile landet skreiv folk til kongen om vanskelege levekår. Særs mange klagebrev, supplikkar, vart sendt frå Agder og Telemark.

Uår hadde øydelagt avlingane og sjølv dei som hadde pengar og ressursar å handle for, risikerte å bli gjeldsslavar under borgarane i byane. Innbyggjarane betalte mange og høge skattar, i tillegg til at embetsmenn kravde dei for store summar for den minste oppgåva dei utførte.

Særleg ille var det  når det skulle gjennomførast eit arveoppgjer, eit skifte. Skiftebrev var eit offentleg dokument, og embetsmennene skulle ha betaling for kvart ark dei brukte. Det førte til at enkelte skreiv svære bokstavar og kunne dele enkeltord over både tre og fire liner. Svært urimeleg, meinte folk og reagerte også sterkt på at dei vart pålagt å betale embetsmennene for tenester dei ikkje hadde nytte av, eller tenester dei utførte for å hjelpe andre.

Ille var det også at dei som mangla mat, vart pålagt å betale skattar og avgifter i korn og andre matvarer, i staden for i pengar. Innbyggjarane stilte betimelege spørsmål om kongens menn verkeleg hadde lov til dette, og kva heimel dei i så fall hadde for ein slik betalingspolitikk.

Oppmuntra av kronprinsen

Lofthustilhengjarane visste kva for reglar som galdt for folkelege protestar under eineveldet. Dei stila klagene sine til kongen, og vart oppmuntra av at Kristian Lofthus sommaren 1786 kom heim frå møte med Kronprinsen med beskjed om å underbyggje tidlegare klagebrev og samle fleire underskrifter.

Både i juni og juli hadde Lofthus vore i København for å få kongemakta i tale. Så snart han kom heim, gjekk han oppglødd i gang med å samle inn meir dokumentasjon for å prove dei elendige forholda vanlege menneske levde under.

I august og september reiste Lofthus og fleire nære støttespelarar rundt i distriktet med nye klagebrev som dei ivra for at flest mogeleg skulle underteikne. Samtidig oppmoda dei innbyggjarane om å velje to representantar frå kvart kyrkjesokn som kunne følgje Lofthus på ei tredje klagereise til København hausten 1786. Alle stader der det vart vald utsendingar, samla folk inn pengar til dei som skulle reise.

Stor oppslutning

Sjølv om oppreisten var mest omfattande i Lofthus sitt lokalmiljø, spreidde han seg raskt. I tillegg til protestaksjonane i Nedenes og Råbyggelaget amt var det tilsvarande aksjonar og organisering av allmogen fleire stader i landet.

Særleg stor aktivitet var det i dei næraste amta Bratsberg, dvs. Vest-Telemark og Lister og Mandal amt, som tilsvarar dagens Vest-Agder. I Bratsberg var Øystein Ingulsland ein markant leiar og organisator, medan skreddar Peder Bentsen frå Kristiansand blei omtalt som ein like ihuga opprørsleiar i byen som Lofthus var på landet.

Frykt og motaksjon

Lensmenn, futar og militære offiserar vart urolege over at folk samla seg og organiserte val av utsendingar og pengeinnsamlingar. Dei prøvde å arrestere Lofthus fleire gonger hausten 1786, utan å lykkast.

Stiftamtmannen, som var øvste embetsmann i området, rapporterte hyppig til styresmaktene i København om den veksande uroa. Det gjekk også meldingar til utlandet om at bøndene på Agder samla seg, væpna og i flokkar, for å innta stiftsbyen Kristiansand.

Oppreist på fleire frontar

Frykta for å bli arrestert hindra Kristian Lofthus i å dra til København på si tredje klagereise hausten 1786. Han snudde på halvvegen, men over 30 andre utsendingar frå Nedenes og Råbyggelag og Bratsberg reiste.

Dei blei verande i København i fleire veker for å leggje fram klagene frå innbyggjarane i Noreg. Slik fekk oppreisten i denne perioden to frontar, ein i København, ein på Agder.

Nye arrestasjonsforsøk

Etter at Lofthus var komen heim, vart han igjen utsett for nye arrestasjonsforsøk. Folk såg på Lofthus som sin beste talsmann og ville hindre at han blei arrestert. Tidleg i desember samla tilhengjarane hans seg på nytt. Dei gjekk mot stiftshovudstaden Kristiansand for å sikre leiaren sin fritt leide.

Kristiansand måla av John William Edy omkring 1800.

Dei lokale styresmaktene frykta invasjon og kommandøren på festninga, generalmajor Dietrichson, mobiliserte styrkane sine og innførte streng kontroll ved alle innfartsårene til byen. Situasjonen var svært spent, og i København sette kongen inn sitt til då sterkaste mottiltak, Lofthuskommisjonen.

Den kongelege oppnemnte Lofthuskommisjonen hadde eit tosidig siktemål. For det første skulle kommisjonsarbeidet roe stemninga og hindre at mobiliseringa av store folkemassar førte til eit større opprør som kunne truge heile styringsapparatet. For det andre skulle kommisjonen vurdere klagene og finne løysingar.

Kommisjonen starta arbeidet sitt tidleg i januar 1787 med å kalla inn allmogen i alle kyrkjesokna på Agder. Slik fekk folk frå ulike bygder i fellesskap utdjupe klagemåla sine. Dei oppfatta kommisjonen som ein aksept for at kongen ville ta imot klagemåla deira. Men dei reagerte kraftig då kommisjonen etter avslutta avhøyr likevel valde å arrestere Kristian Lofthus.

Bruk av militærmakt

Under ein gisselaksjon i Øyestad i mars 1787 møtte kanskje så mange som 2000 sinte lofthustilhengjarar fram. Dei tok futen i Nedenes til fange og ville ikkje setje han fri før Lofthus vart fri.

Dette ønsket blei på ingen måte innfridd. I staden henta militære styrkar futen ut med makt, og leiarane for gisselaksjonen vart arrestert saman med dei mest aktive lofthusmedarbeidarane frå hausten før.

Eit langt rettsoppgjer

Lofthusoppreisten fekk eit langt etterspel i rettsapparatet. Lofthuskommisjonen arbeidde frå 1787 til 1792. Seinare gjekk saka til Høgsterett, og endeleg dom vart først avsagt der i 1799.

I starten fungerte kommisjonen som ein lynavleiar for folks misnøye. Kommisjonsmedlemene innsåg at innbyggjarane hadde rett i mange av klagemåla og gav etter for fleire krav. Lokale embetsmenn som hadde fått mange klager retta mot seg, blei avsett for ein periode.

Det kom også nye reglar for handel og sporteltakster, og det er vanleg rekne med at oppreisten sette fart i arbeidet med å oppheve kornmonopolet. Spesialkommisjonar, som Moltkekommisjonen, fekk i stand ein betre handel mellom tømmerbøndene og handelsborgarane i Arendals-regionen.

Oppreistleiarane dømde

Kommisjonen valde å straffe leiaren for Lofthusoppreisten hardt for å hindre nye opptøyer. Kristian Lofthus vart dømd til livsvarig fengsel, medan 13 attlevande av dei 17 medtiltalte oppreistleiarane vart dømde til kortare fengselstraffer og bøter.

Regjeringa var ikkje nøgd med kommisjonsdomen, og anka saka vidare til Høgsterett. Dei ønskte strengare straffar for alle leiarane og dødsstraff for Kristian Lofthus. I 1797, to år før saka vart endeleg avgjort i Høgsterett, døydde Lofthus. Då hadde han satt fengsla på Akershus festning i ti år. Kravet om dødsstraff var ikkje lenger aktuelt, og 5. april 1799 stadfesta Høgsterett kommisjonsdomen frå 1792.

Kristian Lofthus satt fengsla på Akershus festning i ti år. Måleri av John William Edy fra omkring 1800  

Ei sårbar statsmakt

Under Lofthusoppreisten mobiliserte folk i Noreg som dei aldri før hadde gjort under eineveldet. Bønder, husmenn og andre vanlige innbyggjarar markerte styrke ved måten dei organiserte seg på, men også ved det store omfanget oppreisten fekk.

Folket såg på Lofthus som sin talsmann og hjelpar. Lokale embetsmenn og handelsborgarar stempla han som forrædar og opprørar. Når styresmaktene kjende seg så truga av at folk på eige initiativ samla seg, valde utsendingar og organiserte underskriftsaksjonar, var det fordi eineveldet (1660–1814) var eit sårbart system.

Lite skulle til for å rokke balansen mellom folk og embetsverk. Kongen var heilt avhengig av lojale undersåttar. Når folkemassene samla seg for å protestere slik dei gjorde under Lofthusoppreisten, måtte statsleiinga ta situasjonen på alvor. Arrestasjonen av Lofthus og trusselen om å døme han til døden og dei andre leiarane til livsvarig fengsel skulle verke avskrekkande på andre som måtte prøve å opponere mot det eineveldige statsapparatet.

Emneord: Sosiale forhold, Politikk og makt Av Margit Løyland
Publisert 12. nov. 2018 13:00 - Sist endret 7. feb. 2024 13:42