Grundtvigianisme på norsk

Den danske presten Nikolai Grundtvig (1783–1872) har sett sterke spor i kultur- og samfunnslivet – ikkje berre i heimlandet, men også i andre nordiske land. I Noreg kom han til å bety mest som inspirator for folkehøgskolen og den frilynte ungdomslagsrørsla.

Som ung prest stod Nikolai Frederik Severin Grundtvig fram som streng kyrkjerefsar med brodd mot rasjonalismen. Seinare kom han til å utvikle eit kristendomssyn som stod i motsetning ikkje berre til rasjonalismen, men også til pietismen. Han la mindre vekt på bodskapen om synd og soning og ytra seg jamvel kritisk om trua på helvetet.

Portrett av Nikolai Fredrik Severin Grundtvig
Nikolai Fredrik Severin Grundtvig var ein av dei  mest sentrale personar i dansk kulturliv på 1800-talet. 

Verdslege kulturverdiar

Med fyndordet «menneske først, kristen så», sette Grundtvig verdslege kulturverdiar høgt. På bakgrunn av skilnadene mellom den pietistiske tradisjonen og Grundtvigs kristendomssyn har mange kyrkjehistorikarar karakterisert pietismen som «mørk» og «alvorstyngd», mens grundtvigianismen blir omtalt som «lys» og «kulturopen».

I tråd med den tyske romantikken, ei åndsretning som mellom anna dyrka førestillinga om at kvar nasjon var driven av ei særleg «folkeånd», hadde Grundtvig ein visjon om å gjenreise noko ekte og opphavleg hos dei nordiske folka. Han ville vekke dei til medvit om det som særmerkte historia deira.

Grundtvig arbeidde også for allmenn opplysning og ville oppdra dei unge til aktive samfunnsborgarar. Saman med Christen Kold (1816–1870) utforma han dei pedagogiske idéane som låg til grunn for folkehøgskolen – ein skole som skulle formidle kunnskap gjennom «det levande ordet» og vere eit motstykke til den gamle latinskolen, der undervisninga var sterkt prega av pugging.

Norskdom og kristendom

Tidleg på 1800-talet var det helst historiesynet til Grundtvig som verka fengslande på mange i den norske intellektuelle eliten. Noko seinare kom teologien hans til å inspirere prestar og kyrkjeleiarar. Ei tid såg det ut til at grundtvigianismen skulle samle både teologar og lekfolk til ei livskraftig rørsle innanfor kyrkja. Men da det kom til stykket, var motstanden sterk, så noko grundtvigiansk alternativ til den pietistiske vekkingsrørsla – slik dei hadde i Danmark – fekk vi aldri i Noreg. Derimot var folkehøgskolen liv laga også her.

Den første norske folkehøgskolen blei opna på Hamar i 1864 og fekk namnet Sagatun. I tida som følgde, blei det oppretta ei rekke slike skolar rundt om i landet. Det var først og fremst vaksen bygdeungdom ein søkte å nå med dette tiltaket.

Kulturkamp

Tilknytinga til grundtvigiansk tradisjon førte til at dei som arbeidde for folkehøgskolen, møtte motstand frå pietistisk hald. Når høgskolelærarane brukte nynorsk og støtta den politiske venstreopposisjonen, provoserte dette naturleg nok både riksmålsfolk og tilhengarar av partiet Høgre. Men den frilynte ungdomslagsrørsla som vaks fram mot slutten av 1800-talet, var sterkt inspirert av grundtvigianisme og støtta både folkehøgskolen, målsaka og venstreopposisjonen.

Motsetningane mellom ein pietistisk bedehuskultur og ein frilynt ungdomslagskultur blei særleg sterke i dei vestlege og sørlege delane av landet. På lokalplanet kunne denne kulturstriden føre til at bygdefolket blei splitta i flokkar som tydeleg markerte tilknyting til kvar sitt forsamlingshus – enten bedehuset eller ungdomshuset. Etter kvart oppretta også indremisjonen sine kristelege ungdomsskolar, i konkurranse med dei grundtvigianske skolane. I dag blir begge desse skoleslaga kalla folkehøgskolar.

Når det gjeld Vestlandet, har geografen Gabriel Øidne framheva eit kulturskilje mellom kyststroka og dei indre bygdene. Mens kystbygdene blei sterke bastionar for bedehuskulturen, utvikla dei indre bygdene kulturtrekk vi finn igjen også i fjellbygder og øvre dalstrok på Austlandet. Øidne teiknar bildet av eit «Fjell- og fjord-Noreg», ein kulturregion der grundtvigianisme, målrørsle og det han kallar bondereising, stod særleg sterkt.

Emneord: Kultur og religion Av Bjørg Seland
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 19. des. 2023 14:53