Merovingartida har fått namn etter det samtidige kongedynastiet i Frankarriket.
Lytt til introduksjon
Introduksjon til perioden
Perioden kan delast i to. Den første delen fram til kring 650 er innhylla i mystikk, sjølv om det òg er klare band tilbake til folkevandringstida. På det europeiske fastlandet vart folkesetnaden redusert i tida 500‒650. Det er ikkje skriftlege kjelder som kan stadfeste at det same skjedde i Noreg, men tilbakegangen i mengda av arkeologisk materiale viser at det var nedgangstid her òg.
Viktige nyvinningar vart likevel gjorde i den «tause» tida, og resultata av dei er synlege i den andre delen av perioden. Til dømes viser runeinnskrifter at språket utviklar seg frå urnordisk til norrønt. Utviklinga mot seglførande og havgåande skip tok avgjerande steg.
Det vart òg introdusert ein heilt ny og mykje meir effektiv teknologi for utvinning av jern. Dette førte seinare, særleg i vikingtida og høgmellomalderen, til storstilt utnytting av skogs- og fjellområde som var rike på myrmalm og trevirke til alt kolet ein trong.
Ut over på 700-talet trer konturane av den kommande vikingtida stadig tydelegare fram. Grunnlaget for ekspansjon blir gradvis lagt, med langvegs skipsfart, busetnad på nye område, handel og bydanning.