Planting av gran på Vestlandet

Store ressursar blei brukte på skogdyrking i Noreg etter den andre verdskrigen. Den norske skogen skulle med i gjenreisinga, som resten av landet.

På same vis som industrireising, kraftutbygging, velferdsvekst og kommunikasjonar stod skogsaka høgt på den nasjonale dagsordenen etter den andre verdskrigen. Gjenreising av skogen var eit eige punkt i Fellesprogrammet føre stortingsvalet i 1945.

Ikkje minst skulle den nakne vestlandskysten bli skogkledd. Avskoginga av landskapet ut mot Nordsjøen hadde føregått sidan jarnalderen, som ein konsekvens av jordbruk og husdyrhald.

Plantedugnaden

Skogplanting i privat, ideell og kommunal regi hadde føregått sidan slutten av 1800-talet, men kom for alvor i gang i etterkrigstida. Stortinget sette i 1951 ned ein skogkommisjon, og den fyrste innstillinga gjaldt skogreisinga vestafjells.

Planane var svært ambisiøse. Kvart år i 60 år skulle 60 000 dekar plantast til. Til dette rekna ein med å bruke 27 millionar plantar årleg. Plantinga var eit samarbeid mellom statlege, kommunale og private instansar. Mange kommunar oppretta skogreisingsnemnder og tilsette eigne planteleiarar.

Oppstilt gruppefotografi av barn i skolealder, gutter med hakker og spader
Skoleelever frå Fjelltun skule i Strand kommune i Rogaland på skogplanting, ca. 1945. Foto: Strand historielag

Mest alle vestlendingar som voks opp i 50- og 60-åra, hugsar skuleutfluktene med buss og båt til plantefelta for å sette ned granplantar, framfor alt av arten sitka. Den hardføre sitkagrana blei henta inn frå forblåste nordamerikanske kystområder etter grundige undersøkingar ved ekspertane på Vestlandets forstlege forsøksstasjon.

Grana skulle eigne seg spesielt godt i kystfylka. Sitkagrana er særs sterk mot einsidige vindretningar, ho er hurtigveksande og rank, ideell for industrielle formål.

Framtidsretta og vitskapsbasert

Både som visjon og som realisert prosjekt kan plantinga sjåast som eit talande bilete på etterkrigstidas politiske optimisme og tru på at det gode samfunn kunne planleggast. Ved å slakte ned buskapen og plante skog på beitemarkene kunne for eksempel sunnfjordsbonden doble årsinntekta, hevda skogentusiastane på 1950- og 1960-talet. Slik kunne bonden nå igjen levestandarden til industriarbeidarane i fylket.

I tillegg til å sikre industriarbeidarlønn for bondebefolkninga skulle skogen danne grunnlag for ny industrireisning – tømmervoluma frå dei nye skogfelta skulle kunne halde liv i ei stor mengd treforedlingsfabrikkar.

Ifølgje utrekningar frå skogkommisjonen ville skogreisinga på Vestlandet krevje ei investering på 270 millionar kroner. I løpet av 60 år ville landsdelen vere skogkledd – tre millionar dekar ny skog ville gje ein årleg produksjon på 1,5 millionar kubikkmeter. Treforedlingsgiganten Borregård støtta opp om skogreisinga vestafjells. Grunneigarar som satsa på skog, kunne få særs gunstige lån av bedrifta.

Landskapsfotografi, farger, som viser bygd i flatt terreng mellom to skarpe dalsider, bekledd med gran. Kystlinje i bakgrunn
Sitkagrana i bratt terreng: Bygda Refvik på Vågsøy i Sogn og Fjordane, 2006. Foto: Svein Grønvold /NN/Samfoto/NTB scanpix

Ikkje heilt som planlagt

Skog er langsam økonomi – å satse på skogbruk er å satse på framtid. Det krev vilje til å investera ein generasjon eller to. Fyrst no, i det 21. hundreåret, er plantefelta frå den tidlege etterkrigstida mogne for hogst.

Dette skjer likevel ikkje heilt som planleggjarane hadde sett føre seg. Mange av felta er i praksis ikkje drivverdige, fordi terrenget er for bratt og ulendt for dagens skogbruksmaskinar. Den nordamerikanske sitkagrana, som blei planta ut i enorme mengder, er i dag rekna som ein alvorleg trussel for artsmangfaldet.

Emneord: Økonomi og teknologi Av Hege Roll-Hansen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 5. feb. 2024 13:47