Då nynorsk vart offisielt språk

«Jamstillingsvedtaket» er prinsippvedtaket som gav nynorsk offisiell status. Det vart gjort 12. mai 1885 etter ein av dei lengste og mest omfattande språkdebattane i Stortinget si historie.

Vedtaket lydde slik: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» I seinare vedtak var språket kalla «landsmål», før «nynorsk» vart offisiell nemning i 1929.

Det vart gjort med 78 mot 31 røyster – Venstre mot Høgre og to Venstre-representantar som gjekk imot.

Landsmålet – frå idé til skriftspråk

Mangelen på eit eige norsk skriftspråk hadde vekt stadig sterkare politisk og vitskapleg engasjement utover på 1800-talet. Ivar Aasen dokumenterte kring 1850 at det gamle norske språket framleis levde i modernisert form i dialektane, og rekonstruerte ein norsk skriftnormal. Dei neste tiåra byrja ein del skribentar å prøve seg med skriving og publisering på «Landsmaalet» innanfor ei rekkje ulike sjangrar. I 1860- og 1870-åra tok interessa for landsmålet til å spreie seg utover på bygdene, særleg gjennom lærarar, folkehøgskular, blad og foreiningar.

Landsmålet vert politikk

Frå slutten av 1860-åra vart målsaka adoptert av sentrale krinsar i den politiske alliansen som skulle bli til partiet Venstre. Då det var klart at Venstre kom til å gå sigrande ut av den politiske maktkampen, byrja leiande krinsar i målrørsla å planleggje korleis dette kunne utnyttast for målsaka.

Særleg viktig var eit amtslærarmøte i Vadheim i Sogn 23. september 1884, som kravde fullt rom for landsmålet i skule og styringsverk. Ein kampanje vart samordna av Det Norske Samlaget og avisa Fedraheimen i Kristiania, og frå september 1884 til juni 1885 slutta oppunder 50 venstrelag, lærarmøte og andre organisasjonar og folkemøte seg til Vadheim-krava.

Stortinget 1885

Aksjonen nådde inn i Stortinget då 41 stortingsmenn i februar 1885 gjorde framlegg om at landsmålet måtte få «full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet». Vedtaket kom etter det som truleg er den mest omfattande språkdebatten i Stortinget nokon gong.

Fotografi av framlegg til jamstillingsvedtak, håndskrevet, med signaturer nederst på siden
Faksimile av det handskrivne framlegget til jamstillingsvedtak i Stortinget. Foto: Stortingsarkivet

Den store prinsippdebatten kom 29. april–2. mai på ei sak om statstilskot til lærarkurs i landsmål. Eit av dei mest glødande innlegga for målsaka vart halde av statsminister Johan Sverdrup. Sjølve jamstillingsvedtaket kom opp til debatt 9.–12. mai.

Stortinget vedtok òg framlegget frå Kyrkjedepartementet om å løyve midlar til eit professorat i «norsk Folkesprog». Dette var ei symbolsak som Johan Sverdrup hadde fått stortingsfleirtalet med på alt i 1881, men som regjeringa hadde nekta å gjennomføre.

Ein kan spørje seg korleis Stortinget kunne gje offisiell status til eit språk som knapt var i bruk. Ein viktig grunn var posisjonen målsaka hadde fått i Venstre. Som Leiv Mjeldheim har påvist, var målsaka i byrjinga ei samlande nasjonal symbolsak i ei tid då partiet elles var kløyvt på kryss og tvers. Det var ei Venstre-sak som sameinte kulturnasjonalisme, demokratiomsyn og sosiale motsetnader. Utviklinga viste òg at Venstre her var på lag med viktige veljargrupper på bygdene: På nokre tiår frå slutten av 1890-åra vart landsmålet innført i fleire tusen skulekrinsar.

Fotografi, portrett av Elias Blix
Portrett av Elias Blix (1836–1902), kyrkje- og undervisningsminister då jamstillingsvedtaket vart gjort. Blix omsette seinare ein stor del av Det nye testamentet til nynorsk, i 1889. Foto: L. Szacinski/Oslo Museum/CC BY-SA

Verknader

Jamstillingsvedtaket står som eit viktig skiljemerke i norsk språkhistorie og eit fast referansepunkt i norsk språkpolitikk. Det fekk likevel ingen direkte konsekvensar, og vedtaket hadde sin viktigaste funksjon som brekkstong for seinare vedtak om å opne for nynorsk på ulike felt.

Det var først i 1892 det kom reglar som opna for å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Stortinget vedtok då målparagrafen i folkeskulelovene, som delegerte til skulestyra å avgjere om bokmål eller nynorsk skulle brukast i folkeskulen. Regjeringa opna same året for at kyrkjelydane gjennom fleirtalsvedtak kunne ta i bruk dei nynorske salmane til Elias Blix.

Emneord: Kommunikasjon og kunnskap Av Oddmund Løkensgard Hoel
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 16. jan. 2024 12:39