Framstilling av tekstilar var ein viktig syssel på garden i det aller meste av jernalderen. Særleg ser vi dette gjennom framveksten av rike kvinnegraver med tekstilutstyr som vevesverd og spinnehjul i romartida og folkevandringstida.
Gjenstandane i desse gravene er tolka som del av heile utstyrssett – forutan tekstilutstyr var også draktspenner og nøklar viktige element – som viser til rolla som husfrue.
Husfrua si rolle
Husfrua var den ideelle, aristokratiske kvinna, gift med herskaren eller storbonden. Tekstilutstyret og nøklane viste at ho både hadde praktisk ansvar for og var tett symbolsk knytt til det å veve og alt det innomhus som skulle takast vare på.
Denne symbolikken finst i rike kvinnegraver frå den yngre romartida (200–400) og frå folkevandringstida (400–550). I fleire tilfelle har ein vore heldig med bevaringsforholda og dermed funne restar etter tekstilar. Samla sett gjev dette eit bilete av eit handverk som har nådd eit svært høgt nivå.
Ikkje minst synest kvinners rolle som vevarar å ha vore ein viktig symbolsk tematikk som dei aller fleste i samfunnet kjende godt, også i overført tyding: dei spann livstrådar og vov band mellom slekter gjennom giftemål og alliansar.
Menn med vevesverd og steikjepanner
Heilt på tampen av merovingartida, på slutten av 700-talet, dukkar det opp eit nytt og interessant fenomen. I graver med våpen, som vanlegvis vert tolka som mannsgraver, finn ein no også tekstil- og kjøkenreiskapar.
Dette synest å vere samanfallande med dei første båtane som kunne føre segl. Dermed er tekstilreiskapane sette i samanheng med det store behovet for seglproduksjon som melde seg, og at også menn har vove. Kjøkenreiskapar er blitt knytte til ansvaret for matstellet om bord i båtar som drog på langfart.
Og så kom seglet for fullt
Den store produksjonen av segl frå slutten av 700-talet, sjølv om det nok var blitt introdusert tidlegare, har skapt eit enormt behov for ull. Og med det også behov for folk som kunne veve. Nyleg har det blitt hevda at nettopp dette er ein nøkkel til å forstå kvifor mange smågardar som vart lagde aude på slutten av folkevandringstida, har teke opp att drifta tidleg i vikingtida.
Kva med kvinnene si rolle i samfunnet når gjenstandar som er «typiske» for kvinnegraver, no byrjar å dukke opp i mannsgraver?
Det er lite som tyder på at endringa var noka forverring. Ansvar, status og symbolikk knytt til veving blei ikkje akkurat mindre med behovet for segl. Og like lite som vi for denne perioden kan setje likskapsteikn mellom mann og våpen i grava, kan vi seie at det utelukkande var menn som reiste ut, medan kvinnene vart heime. Frå vikingtida veit vi at også kvinner reiste. Og det var ikkje alltid i fredeleg ærend, dei reiste også med våpen i hand.