Mange av utvandrarane drog til tidlegare utvandra søsken, tanter og andre av deira folk frå bygda eller byen heime.
Johannes Tosvoll frå Skjold i Rogaland reiste til Iowa i 1893. Der hadde han ein farbror med familie som tok imot han. Johannes var snar med å oppfordra søstera Johanna til å koma etter til Amerika. Det nye landet hans ville falla godt ut for henne òg. Ho burde dra ut no som ho var konfirmert og 15 år gamal. Johannes meinte at Amerika gav ei betre framtid for henne enn å tena heime. Ville ho ikkje koma over, måtte ho i alle fall reisa ut for å gå på skule. Broren såg at ho forstod å føra pennen, skreiv han i eitt av breva han sende heim.
Skjel frå Skjold
I 1895 kjøpte Johannes amerikabillettar og sende heim til både Johanna og den eldre søstera Jørgina. Enno var han litt usikker på om litlesøstera ville dra. Storesøstera Jørgina hadde derimot bestemt seg for å fara til Amerika etter at nokre «Amerikanere» hadde vore ein tur tilbake til heimbygda same sommaren. Johannes tenkte at når Jørgina reiste, så ville nok Johanna også vera med, berre ho fekk billett frå han.
Ta med «ein del skjel nede ved stranden», bad Johannes søstrene sine om i brevet som han sende heim saman med amerikabillettane. Midt i lengten heim til sjø og skjel, fjord og fjell bad han Johanna og Jørgina om ikkje å missa motet når det «går til alvor» og dei skal fara heimanfrå. Og kom som de er, skriv han, nye klede trengst ikkje til reisa. Berre vadmålskleda kan de leggja heime, rår han til.

«Intet Giftermål»
Dei førehandsbetalte billettane i 1895 førte ikkje til amerikatur det året. Johanna syntest det var vanskeleg å bestemma seg for å dra. Så kom det romjulsbrev frå tante Olina i Amerika, ein del av den store slekta hennar på andre sida av Atlanteren. Olina hadde vore der i 14 år og berre sett Johanna som lita då ho i romjula 1895 prøvde overtala henne til å freista lukka i Amerika.
Olina argumenterte med at å emigrera ikkje var noko giftarmål, det kunne gjerast om. Og tilbakebetaling til broren for billetten bort og ein ny om ho ville dra heim igjen, kunne Johanna lett tena seg pengar til i Amerika:
Amerika lader sine misfornøiede vende tilbage uden Lov og Dom, saa du kan tage al den tid du ønsker til betenkning thi her kan du både betale den første belietten og fortjene dig en ny, men der hjemme kan du vel aldrig fortjæne en beliet.
Det hjelpte å få høyra frå henne at amerikaferda ikkje var for noko giftarmål å rekna. Våren 1896 drog dei to søstrene, Johanna som no var 17 år, og Jørgina på 30. Dei likte å fara via England. På togturen frå Hull til Liverpool la dei merke til at det voks mykje gras, og alt no på vårparten var det grøne åkrar mange stader. I Liverpool levde dei eit nytt liv med å bu på hotell og spasera på fine gater.
Suksess og vonbrot
Livet i Amerika kom til å arta seg ulikt for Johanna og Jørgina. Johanna fann seg snart godt til rette i det nye landet. Skepsisen mot å dra blei snart til suksess i livet. Ho gifta seg i 1906, fekk to born og busette seg i byen Greybull i Wyoming.
Jørgina kom ut for ei ulykke etter berre tre år i USA. Ho hoppa forskrekka ned frå ei hestevogn og brekte leggen. Beinbrotet var komplisert og etter fleire komplikasjonar enda det med amputasjon av foten nedom kneet. Ho greidde etter kvart å ta seg ulikt tenestearbeid, men opplevde også tider som arbeidslaus. Til slutt fekk den einslege kvinna plass på ein aldersheim i Story City.
Broren Johannes som lokka søstrene til Amerika, livnærte seg periodevis som farmarbeidar, landleigar og farmar. Etter også å ha fått ein brorson over til Amerika dreiv den ugifte mannen i 1930-åra med gjeting av sauer i Montana. No skreiv han heim til Skjold om tilværet som gjetar: «det er meget ensomt at jæta smale».