print logo

Etter reformasjonen: konfesjonaliseringa

Reformasjonen vart ikkje innført over natta. Det tok over hundre år før innhaldet i den nye religionen var på plass. Tida 1520‒1650 blir kalla konfesjonaliseringa, det vil seia grunnfestinga av den nye konfesjonen, eller trusretninga.

Då reformasjonen vart gjennomført i Danmark-Noreg, fekk norske kyrkje­lydar dei religiøse opplevingane sine gjennom dei kyrkjelege han­dling­ane, rituala. Kjennskapen til religionslæra var liten, dei bibelske mysteria var ei framand verd for folk flest. Reformasjonsteologar meinte difor at den evangeliske innsikta måtte aukast.

Først måtte ein likevel avklåra kva som var innhaldet i religionen. Kritikken Martin Luther sette fram mot kyrkja førte nemleg til framvekst av ei ny kristen retning: protestantismen. Protestantane var samde om å forkasta pavestyret og byggja den nye trua på Bibelen åleine, ikkje seinare for­tol­king­ar av bibeltekstane. Vanskelegare var det å bli samde om kva gode evangelisk kristne faktisk skulle tru på.

Splid etter samling i Augsburg

Eit av dei første forsøka på å avklåra den protestantiske religionslæra vart gjort av Luthers medarbeidar Philipp Melanchthon. På ei samling av katolske og protestantiske representantar i Augsburg i 1530 la han fram eit vedkjenningsskrift som skulle visa at Luthers kritikk var i samsvar med tradisjonell kristendom.

Skriftet vart til gjengjeld fordømt av den katolske motparten. Melanchthon skreiv difor eit lengre forsvar for denne «augsburgske konfesjonen». På sikt vart resultatet av møtet dermed heller full splid mellom den katolske kyrkja og den nye protestantismen.

Portrett av Philipp Melanchthon
Philipp Melanchthon, måla av Lucas Chranach den eldre, ca. 1537. Føremålet med Melanchton sitt vedkjenningsskrift som vart lagt fram i 1530 var å syne katolikkane at dei delte same tru og lære med protestantane. Foto: Staatliche Kunsthalle Karlsruhe/CC PDM

Den nye læra

I forsvaret sitt, apologien, handsama Melanchthon dogmatiske spørsmål grundigare enn det som opphavleg hadde vori planen. Denne samanfattinga av læresetningane i den lutherske trua vart etter kvart grunnskriftet for dei luthersk-evangeliske statskyrkjene.

Samtidig fanst det andre vedkjenningsskrift, og det var usemje om innhaldet i den nye trua. I 1577 vart uvissa delvis løyst gjennom eit sett av trusartiklar, «Konkordieformelen», gjeven ut tre år seinare, i Konkordieboka.

Den dansk-norske versjonen

Konkordieformelen vart etter kvart godkjend av dei fleste lutherske statane, men aldri i Danmark-Noreg, der det tvert om var dødsstraff for å eiga boka. Her tillét ein nemleg ikkje noko tillegg til dei skriftene som var autoriserte i kyrkjeordinansen frå 1537/1539, som utanom Bibelen og ordinansen sjølv var:

  • Melanchthons augsburgske konfesjon og apologien for den
  • Luthers kyrkjepostill (ei preikesamling)
  • Melanchthons Loci communes (ein dogmatikk)
  • Luthers Vesle Katekismus (eit religiøst oppfostringsskrift)
  • Dei saksiske visitasartiklane (ei rettleiing til visitasar)

Ordinansen, eit særskilt kyrkjeleg lovverk, skulle skapa einsretting av trus­læra. Denne underkjenninga av grunntekstar etter Melanchthons for­svars­skrift viser at regimet var på vakt mot idear som kunne kløyva den grunnleggjande einskapen.

Tittelside av Luthers vesle katekismus
Tittelblad i Luthers Vesle Katekismus frå 1560, ei av dei godkjende religiøse skriftene i Danmark-Noreg etter reformasjonen. Katekisme kjem frå det greske og latinske ordet for "utdanning". Katekismen er ei lærebok i kristendom, særleg retta mot barn og unge. Katekismen inneheld blant anna dei 10 bod, Fadervår, dåp (skriftemål) og nattverd. Offentlig eiendom.

Systematisk rettrunad

Ein som fekk oppleva uviljen mot avvikande meiningar, var Niels Hem­ming­sen. Han var si tids viktigaste danske teolog, men forfekta eit syn på nattverden som låg for nær den alternative protestantiske retninga kal­vin­ismen. I 1579 vart han avsett for vranglære. Avsettinga viser at ei streng line hadde fått gjennomslag i kyrkjestyret: ortodoksien.

Namnet ortodoksi, rett tru, viser til oppfatninga av Bibelen som absolutt sanning. Prinsippet om Bibelen som det einaste opphavet for tru og frelse førte no til eit komplisert system over kva desse tekstane tydde. Dette kom til uttrykk i veldige nasjonale dogmatikkar, i Danmark-Noreg i form av Sjæl­land-bispen Jesper Brochmands verk Det fullstendige teologiske system frå 1633.

Meir læring, men vanskeleg lære

Tida 1520‒1650 blir kalla konfesjonaliseringa, det vil seia grunnfestinga av den nye konfesjonen, eller trusretninga. Målet om å læra folk opp i den nye religionen vart følgt opp ved metodisk opplæring i religiøs grunnkunnskap og ei sterkare vektlegging av preika i gudstenesta.

Denne satsinga gjorde det enklare å påverka innbyggjarane via den religiøse bodskapen. Dei som handla mot den, vart hardare straffa utover 1600-talet, medan prestane preika om at ein måtte gjera bot saman. Samtidig var den nye religionslæra så komplisert at ho vart vanskeleg for folk flest. Dette var eit bakteppe for «den andre reformasjonen»: pietismen.

Av Øystein Lydik Idsø Viken
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 30. okt. 2017 15:04