Noregs grenser: det historiske målebord

Mange av Noregs moderne grenser vart teikna medan landet ikkje fanst.

Når vart Noreg Noreg? I vikingtida? I 1814? Kva som er og var ein nasjonal kultur, er flytande. Geografisk er grensene meir skarpskorne. Gjennom forhandlingar og krigsoppgjer er det blitt slått fast kva som er norsk i territorial forstand. Mange av desse avtalane vart gjorde medan Noreg vart styrt frå Danmark.

Noreg i vikingtida

Avstandar og vanskeleg framkomst har skapt grenser innanfor det som i dag er Noreg, sjølv om vandring over fjella ikkje var uvanleg. Fleire mindre høv­ding­dømer dekte dagens norske landområde. Det Noreg Harald Hårfagre samla, avgrensa seg til Vestlandet, medan ladejarlane styrte området frå Trondheimsfjorden og nordover.

Langs kysten var det kjappare å komma fram. Skipsleia frå sør til nord skapte kontakt: Dette var Norðrvegr, som stormannen Ottar kalla det kring 890. Raskt gjekk det òg å komma seg over Kattegat, særleg då ein i vikingtida bytte årer med segl. Danske kongar gjorde seg difor så sterkt gjeldande i området kring Oslofjorden at det tidvis må kallast dansk frå 800‒1241.

Norske vikingar på si side la under seg Shetland, Orknøyane, Suderøyane og Man og gjorde seg gjeldande på det engelske og irske fastlandet òg. Sam­tidig overvann Hårfagre-ætta ladejarlane og utvida riket sitt nordover.

Noreg i mellomalderen

Noreg vart ein sterkare stat i høgmellomalderen. Kongemakta la under seg nye område, som Island og Grønland, og områda Jemtland og Herjedalen vart godtekne som norske. Samtidig fjerna dansk arvestrid mellombels trusselen frå sør. Ved Håkon Håkonssons død i 1263 var Noreg på sitt største. Allereie då var skattlanda og Vesterhavsøyane likevel i ferd med å gleppa, etter skotsk press og krigføring.

Kongelege giftarmål og adeleg valmakt førte til gjengjeld til ei større nordisk samling i seinmellomalderen: den skandinaviske. Det var ein union mellom tre samla rike, og det som framleis vart oppfatta som nasjonale interesser, førte til indre strid. Sverige braut ut, men den danske kongemakta klarte å slå ned norske forsøk på å gjera det same.

Danmark-Noreg: okkupasjon og fredsforhandlingar

Rikssambandet Danmark-Noreg var dei kommande hundreåra stadig i krig med Sverige, med følgjer for riksgrensene. I oppgjeret etter Kalmar­krigen (1611‒1613) måtte svenskane t.d. seia frå seg kravet på Finn­marks­kysten. Utover 1600-talet fekk Sverige så militært overtak, og etter ein mislukka dansk-norsk invasjon i 1643‒1645 vart Jemtland og Herje­dalen svensk. Same lagnad fekk Båhuslen etter ein ny krig i 1658.

Kart som viser Danmark-Norge frem til 1645: store deler av dagens Sverige er under dansk-norsk herredømme
Kart som viser Danmark-Norge frem til 1645: store deler av dagens Sverige er under dansk-norsk herredømme

Ved Roskildefreden mista Danmark-Noreg dessutan òg Tronhjems len ‒ Trøndelag, Nordmøre og Romsdal. Områda vart likevel vunni tilbake to år seinare, stadfesta ved freden i København. I Nasselbacka-traktaten eit år seinare vart grensa mellom det svenske Båhuslen og det som vart Smaalenenes Amt på norsk side, avtalt.

Ein ny krig i 1675‒1679, Gyldenløvefeiden, gjekk òg bra for norske soldatar, heile Båhuslen var hærsett. Sveriges allierte Frankrike ønskte til gjengjeld ikkje endringar i nordisk maktbalanse og tvinga gjennom uendra grenser.

Avtalar utan krig

Grensene i sør vart såleis i stor grad avklåra på 1600-talet. I nord vart dei klårgjorde i 1751. Den såkalla Lappekodisillen var eit tillegg til ein ny traktat, Strømstad-traktaten. Det var formelt ein avtale mellom Noreg og Sverige som avgjorde den svensk-norske grensa. Tillegget aksepterte rettar til reindrift og handel, men delte dei samiske områda tvert i to og tvinga flyttsamar til å velja statsborgarskap. Kautokeino og Karasjok gjekk frå Sverige til Noreg.

Grenseavtalen frå 1751 var resultat av omfattande kartlegging og for­hand­lingar på båe sider. Grensa følgde mykje Kjølen-høgda. 348 riks­røysar vart reiste av arbeidarar langs grensa under oppsyn av ein felles dansk-norsk/svenske kommisjon.

Tvistar fanst, men dette viser at landegrenser kunne avklårast òg ved fredlege middel. Lierne, som delvis låg aust for Kjølen, gjekk til dømes til Noreg, fordi soknet høyrde til Snåsa prestegjeld. Idre og Særna, som svenskane hadde okkupert i 1644, gjekk til Sverige.

Det moderne Noreg

I 1773 vart så «Norges Grændsers Opmaaling» oppretta, eit organ som byrja den første offisielle kartlegginga av Noregs utstrekning dei kommande tiåra. Det var 15 år etter at det første kartet over Noreg vart prenta, av Ove Andreas Wangensteen. Allereie i 1688 hadde viselektor ved latinskulen i Trondheim, Melchior Ramus, teikna fleire kart over det norske riket.

​ Fotografi av kart over Trondheim amt fra 1692, himmelretningen er gal; kysten ligger i en diagonal fra nedre høyre hjørne
Viselektor ved latinskolen i Trondheim, Melchior Ramus, produserte kart over heile Noreg i løpet av perioden 1689–1693. Dette kartet over Trondheim amt er frå 1692. Det er usignert, men er truleg utført av Melchior Ramus. Foto: Kartverket
Kartet til Ove Andreas Wangensteen, over hele Norge. Nord-Norge er utskilt i egen ramme i øvre venstre hjørne
Ove Andreas Wangensteen sitt kart over Noreg frå 1761. Foto: Kartverket

Då Noreg utropte seg til eigen stat i 1814 hadde såleis mykje av riksgrensene vorti teikna opp medan landet var under framandt styre. Øyane som hadde gått inn i Noregsveldet på 1200-talet, vart derimot ikkje del av det nye Noreg.

Meir uavklart var grensa mot Russland, som hadde okkupert Finland i 1809. I 1826 underteikna så Nikolai 1. og Karl Johan ein grenseavtale, 500 år etter grenseavtalen mellom Noreg og det russiske riket Nizjnij Novgorod. Her gjekk dei omstridde områda Neiden og Pasvik til Noreg, medan Petsjenga vart russisk. Berre mindre endringar er gjorde sidan.

Emneord: Politikk og makt Av Øystein Lydik Idsø Viken
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 11. des. 2023 11:07