Synd og kyrkjestraff etter reformasjonen

Etter reformasjonen endra prestane reaksjonsmåte mot syndarar frå tilgjeving til straff ‒ før straffa vart erstatta av formaning utan domsmakt på slutten av 1700-talet.

I høgmellomalderen oppnådde kyrkja domsmakt over syndarane. Kva som var synd, var fastsett gjennom kanonisk rett, dei romersk-katolske retts­reglane. I seinmellomalderen styrkte krona seg så andsynes kyrkja, òg når det gjaldt handsaminga av kristenretten, dei kristne moralboda.

Med reformasjonen oreigna kongemakta formelt sett òg straffa over syndarane, som no vart delegert frå krona til prestane.

Svart hvitt tegning av mann som preker for en forsamling
Reformasjonen innebar et brudd med pavekirken. Illustrasjon av Luther - med Bibelen i hendene - som konfronterer pavedømmet. Under Luther står hans tilhengere. Pave Leo 10 med pavekronen sitter midt i bildet. Bak paven står papistene med helgenbilder, kors og faner. Tresnitt av ukjent kunstner. Offentlig eiendom (falt i det fri)

Ny kyrkjelov

Kanonisk rett vart i 1537 erstatta av ei kongeleg kyrkjelov. Ved innsettinga skulle den nye presten truga kyrkjelyden med at han hadde eit straffeansvar på vegner av kongen.

I denne lova vart det slått fast kven som var syndarar: ekteskapsbrytarar, prostitusjonskjøparar, ågerkarar, drukkenboltar, bråkmakarar, bøller og ‒ aller mest ‒ dei som spotta Gud. Straffa var bannlysing og nekting av nattverd, ein føresetnad for å bli frelst.

Forsoning

Viktig var det at 1537-lova ikkje støytte vekk den syndige, og lova slo difor fast at syndaren skulle ha tilgang til preika. Ein skulle åtvara han om det skadelege ved å ikkje angra handlingane sine, men passa på at han ikkje gav opp og såleis førte evig fordømming over seg. Dessutan skulle ein framleis ha samkvem med syndaren, «for freds og ordens skyld».

Syndeforlating skulle vera ein viktig del av forliket mellom drapsmann og pårørande, der den skuldige, «efter gammel skik», tok med seg nokre vener og bad presten om tilgjeving.

Synder som var allment kjende, skulle bli tilgjevne gjennom offentleg skriftemål. Framfor sambygdingane skulle syndaren uttrykkja anger for handlingane sine og deretter få trøyst med det heilage evangeliet, ifølgje 1537-lova. Skriftemålet arta seg såleis som ein forsoningsprosess for syndarane, «så de atter bliver forligte med menigheden og den hellige kirke». Private synder skulle gjerast opp mellom prest og syndar.

Tukta av personlege laster

Det kommande hundreåret vart synda stadig sterkare fordømt, både i kyrkja og i krona sine tekstar. Åtvaringane var likevel ikkje nok, vondskapen greip om seg, som det heitte i ei forordning i 1629. Dette og andre lovbod i byrjinga av 1600-talet skjerpa straffene for synd. I staden for forlik og trøyst skulle skriftemålet tena som refs for syndaren, som uttrykk for kyrkjeleg tukt.

Forordninga i 1629 innførte vidare «medhjelparar», lokalfolk som skulle overvaka om folk synda. Slik skulle òg skjulte synder bli avslørte og dømte. Det vart særleg lagt vekt på samleie før ekteskapet, drikking og banning.

Den som banna, skulle i gapestokken, og frå 1623 skulle prestane to gonger om året lesa opp ei lov som forbaud grov ordbruk. Følgjene av bannskap var alvorlege, heitte det her: dyrtid, krig, opprør og pest. Ei større lovsamling frå 1687 utvida den offisielle avgrensinga av synda til å omfatta forhold som veddemål, sladder og gjerrigskap.

Oppheving av kyrkjestraff

Somme handlingar fekk ein ikkje bukt med trass i straff og trugsmål. «Ban­den her i Bøygderne er almindeligt», som Seljord-presten Hans Jacob Wille skreiv i 1786. Utbreidde handlingar var vanskelege å motarbeida. Enklare var det med dei individuelle, og i praksis var det mest samleie utan­for ekte­skapet ein sto opent skrifte for. Heller ikkje dette fekk ein likevel has på, og utover gjennom 1700-talet vart kyrkjestraffene difor oppheva.

Verdsleg rett skulle frå reformasjonen av ta seg av dei grovaste syndene, som drap og valdtekt. Kyrkja si oppgåve hadde vori å tukta handlingar som det ikkje var så enkelt å avskaffa via sedvanleg straffegang, heitte det i 1687-lova.

Ved avskaffinga av kyrkjestraffa vart visse handlingar difor gjorde lovlege, som utanomekteskapeleg samleie. Andre, som offentleg fyll, vart overførte til statlege domstolar, som dermed fekk eit større moralsk ansvar.

Kyrkjetukt som rettleiing

Kyrkja mista likevel ikkje rolla si. Tvangslov fungerte ikkje alltid, erklærte styresmakta på slutten av 1700-talet, men ein sette si lit til at formaningar frå prestane ville vera tilstrekkeleg.

I staden for truslar og straff var det meir verknadsfullt om folk styrte seg sjølv og prestane overtydde dei om at dei hadde eigeninteresse i å unngå å synda. Fordømminga av bannskap og utanomekteskapeleg samleie forsvann såleis ikkje ‒ sjølv om straffa gjorde det – førestillinga om synda levde vidare.

Emneord: Kultur og religion Av Øystein Lydik Idsø Viken
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 11. des. 2023 11:10