Mang slags grav – mang slags død

I folkevandringstida var det fleire måtar å bli gravlagd på. Til og med ektepar kunne bli behandla ulikt. Kvifor gjorde dei forskjell? Korleis såg dei for seg døden og etterlivet?

I vikingtida (800–1050) tenkte mange seg døden som ei reise til ein ny stad, som Valhall og Hel, der ein heldt fram i etterlivet. Ein viktig grunn til at vi veit dette, er at vi har skriftlege kjelder som fortel.

Dette blir vanskelegare når vi flyttar søkjelyset ned til folkevandringstida (400–550), der vi har lite skriftkjelder å hjelpe oss med. Tenkte også dei på døden som ei reise og etterlivet som ein stad?

Ulike gravskikkar

Måten å behandle og gravleggje den døde på kallar arkeologane for grav­skikk. I folkevandringstida var det fleire ulike gravskikkar. Det var ikkje slik at alle fekk sin eigen gravhaug. Men dei fleste gravene der arkeologar har gjort funn av til dømes gjenstandar eller skjelettrestar, har ei ytre mar­ke­r­ing: ein haug av jord eller ei røys av stein. Slike haugar er vanlegvis mellom 2 og 30 meter i diameter, somme tider kan dei vere større.

Vi finn restane etter både kremasjonar, der dei døde er brende, og ubrende graver. Vi har også fleire tilfelle av brend og ubrend gravlegging funne sa­man, i ei samling av graver knytte til same gard, i ein og same haug og til og med i same grav.

I ubrende graver kunne den døde bli lagd ned i ei såkalla hellekiste. Dette er ei stor steinkiste laga av flate heller som er sette på høgkant, og med ei stor dekkhelle lagd oppå. I nokre tilfelle kunne ein seinare opne ei slik hel­le­kis­te og gravleggje endå ein person, som gjerne var kremert.

Utgravd grav, beinrester. Hellesteiner langs sidene
Frå gransking av ei hellekiste ved Torp utanfor Grimstad i Aust-Agder. Foto: Atle Omland og Perry Rolfsen/Kulturhistorisk museum, UiO/CC BY-NC-ND 3.0

Måltidet og reisa til den andre sida

Sjølv om dei døde kunne bli behandla ulikt, er det også mange likskapstrekk på tvers av gravskikkane. Dette ser vi særleg i rike graver. Desse inneheld ofte forseggjorde gjenstandar importerte frå Romarriket, som våpen, smyk­ke og behaldarar til mat og vin.

Mange graver har gjenstandar som har vore brukte til matlaging og til ser­ve­r­ing. Desse kan vere i både metall, glas og leire. Leir­kar er gjerne laga lokalt i Noreg. I nokre heldige tilfelle er det til og med funne restar etter mat i leirkar. Matrestane er blitt analyserte og viser oftast spor etter graut eller velling.

Det mange av gjenstandane har til felles, er at dei viser til aktivitetane til dei rikaste og mektigaste i samfunnet. Det var ærefullt å vise seg sjenerøs og gjest­fri og tilby mat og drikke til dei som kom til gards. Gjestebodet er om­tala i dikt frå kontinentet og Dei britiske øyane, og det synes å ha vore viktig også her i Noreg.

Gravene viser tydeleg at gjestebodet, der ein gjerne gav kvarandre flotte gjenstandar som gåver, var viktig både i livet og i døden. Dei levande har vore opptekne av at den døde hadde utstyr med seg til gjestebod på den andre sida. Men arkeologar har også funne spor etter eldstader og leirkar oppå eller ved sida av grava. Dette viser at gravfølgjet også har delteke i eit måltid.

Ved grava møttest dermed to verder: verda til dei levande og verda til for­fed­r­a­ne og gudane.

I døden som i livet

Dei to verdene hang nøye saman. Som ein levde i livet, ville ein også leve i etterlivet, på den andre sida. Dei ulike måtane å gravleggje på har fått ar­keo­lo­g­ar til å tenkje at det kan ha eksistert mange former for død. Va­ri­a­sjon­en kan vise til at ein i kvart enkelt tilfelle måtte sikre at den døde kom til det best tenkjelege tilværet på den andre sida.

Måten å behandle og gravleggje den døde på vart bestemt av korleis ein had­de levd, og kanskje også kor og korleis døden hadde komme. Den avdøde var enno ikkje klar for gudeverda. Som i dag var det også den gong slik at alle skul­le passere til den andre sida på eit tidspunkt, og alle hadde ulik «ba­ga­sje» på grunn av måten dei hadde levd på.

I folkevandringstida ser det ut til at denne bagasjen kunne ha både positiv og negativ påverknad på reisa til og opphaldet i det neste livet. Ved å utføre det «riktige» gravritualet kunne ein motverke alt som var negativt og uheldig, og forsterke alt som var positivt. Dermed kunne dei gjenlevande gjere sitt for å hjelpe den avdøde på ferda vidare, inn i det ukjende.

Emneord: Kultur og religion Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 13:50