print logo

Hallen – rommet for dei rike og mektige

Har Hrothgar, hallen der hendingane i diktet Beowulf går føre seg, verkeleg eksistert? Ting tyder på at dei fan­ta­si­ful­le skildringane har røter i verkelege hendingar i Dan­mark på 500-talet.

Beowulf og andre heltedikt, som til dømes Finnsborgsfragmentet, målar eit bilete av 500-talet for oss som ei tid med store gjerningar og mot til å kjem­pe imot øydeleggjande krefter, men også med væpna konflikt og død. Mon­st­ret Grendel var nok ein kraftig overdriven fantasifigur, men frykta som fan­ta­si­ane botna i – for å få hus og heim øydelagde av ukjende krefter utan­frå – kunne vere ganske så reell.

Samfunnsordning før staten

Folkevandringstida i Skandinavia var ei førstatleg tid då territoriegrenser mel­lom konge- eller hovdingdøme var uklare og flytande. Mektige ari­sto­kra­t­ar danna forbund gjennom alliansar, og slike alliansar måtte heile tida for­han­dla­st fram og haldast ved like.

Krigsherrar heldt seg med eit følgje av krigarar. Dette varierte i storleik, alt etter kor mektig leiaren var. For å få meir makt var leiaren avhengig av å hal­de på alliansar og inngå nye, å vinne i krig og konfliktar og å dele bytet med krigarfølgjet. Som motyting lova kvar enkelt krigar truskap til døden og kjen­de seg forplikta til å skryte høglydt i festleg lag om det han skulle gjere for vise truskapen sin. Slikt prat forplikta til seinare handling, og medverka gjerne til både aggressiv åtferd og eit relativt konstant konfliktnivå.

Møta mellom leiaren, krigarfølgjet og dei allierte gjekk føre seg i gildehallen. I hallen hadde aristokratiet ein arena for politiske, juridiske, militære og gjer­ne også religiøse avgjerder. Dette rommet for leiarskap hadde blitt van­leg i Sør-Skandinavia allereie i romartida, og var å finne over heile Skan­di­na­via i folkevandringstida.

Det spesielle rommet i langhuset

I folkevandringstida var hovudhuset på garden eit langhus. Som oftast rom­ma dette både menneska på garden og husdyra deira, i kvar sin del. I Noreg kjenner vi til nokre få hallar, då som eigne hallrom inne i langhuset.

Under utgravingar kan arkeologar påvise slike hallrom ved hjelp av visse kjenneteikn: 

For det første er alle kjende hallrom del av såkalla treskipa langhus, der to innvendige stolperader deler huset inn i tre langsgåande «skip». Somme tider er desse radene av jordgravne og takberande stolpar trekte lenger ut mot sidene for gjere midtskipet breiare. Dette skapte eit større og luftigare rom, til bruk som finstove og til å ta imot gjester.

For det andre synest hallrom berre å ha vore i langhus med krumma ytre form, konvekse eller «båtforma» og breiast på midten. Hallen er altså ikkje påvist i rette, rektangulære langhus.

For det tredje kan det verke som om ein har unngått å bruke stein til veg­g­ene når ein skulle byggje eit langhus med hallrom, eit materiale som elles ikkje er uvanleg for langhus.

Lengda på slike langhus med mogleg hallfunksjon varierer frå om lag 20 me­ter til 83 meter, med eit gjennomsnitt på 42 meter.

Den største, den eldste – og den mest kjende

Det kanskje aller best kjende hallrommet vi har i Noreg, er Borg i Lofoten, i det imponerande langhuset på heile 83 meter. Den siste byggjefasen på Borg er frå overgangen til vikingtida (800–1030), og bygningen som vart reist, stod utover i denne perioden. Men vi bør merke oss at det har vore fleire byg­gje­fa­sar, og den eldste går tilbake til folkevandringstida.

Og for denne eldste fasen er dette langhuset i nord svært interessant. Det synest nemleg å vere bygd etter skikk vi elles kjenner frå Sør-Skandinavia. Kva var det som gjorde at Borg i Lofoten hadde slike sterke band langt mot sør? Grunnane for slik direkte langvegskontakt er sannsynlegvis å finne blant dei vi kjenner godt frå andre område i perioden, nemleg handel og politiske alliansar mellom leiande slekter.

Borg utgjer eit imponerande sluttpunkt for utviklinga av hallen, men i Noreg ser det ut til å ha byrja i det små nesten 1000 år tidlegare. Dei eldste spora vi i dag har av eit hallrom inne i eit langhus, vart undersøkte av arkeologen Trond Løken. Dette hallrommet er frå tida like rundt Kristi fødsel, og det er frå Forsand i Ryfylke i Rogaland.

Hrothgars hall

Kva så med Hrothgars hall i Beowulf? Har arkeologane klart å påvise den? Det kan faktisk sjå slik ut. Den danske arkeologen Tom Christensen ar­gu­men­te­r­er for at Hrothgar er påvist ved Lejre, nær Roskilde på Sjælland i Dan­mark. I så fall er det tale om ein hall på 48 meter, krumma i forma og med uttrekte takberande stolpar for å skape eit luftig rom.

Det synest tydeleg at rommet for leiarskap i folkevandringstida vart definert av kven som oppheldt seg der, og korleis historiene derfrå vart fortalde i et­ter­tid. Ein gildehall trong ikkje vere den fysisk største for å bli den største i fantasien og den mest kjende i litteraturen.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 29. jan. 2016 13:14