«Hordernes innvandring»

Kjende romarane til dei som budde i Skandinavia i dei første hundreåra etter Kristi fødsel? Og kva skjedde eigentleg her oppe?

Skriftlege kjelder frå kontinentet fortel at folkevandringstida (400–550) var turbulent og valdeleg. Mange vart tvinga på flyttefot, og sjukdom og uår herja.

Sidan arkeologar ikkje har samtidige tekstar frå Skandinavia å sjå til, søkjer dei gjerne hjelp i kontinentale kjelder til å forstå tause arkeologiske spor.

Bølgjer av «siviliserte bønder» frå sør?

Ein av dei mest seigliva mytane frå arkeologiens første hundre år var at det i romartida og folkevandringstida skulle ha komme bølgjer av bønder sørfrå og busett seg i Sør-Noreg, etter å ha fordrive ein eldre folkesetnad som heldt til der. Det var ganske vanleg å sjå for seg ikkje mindre enn to slike inn­van­d­rings­bøl­gjer: ei på 200-talet e.Kr. og ei på slutten av 400-talet e.Kr.

Den kanskje mest omdiskuterte teorien av alle i første halvdel av 1900-talet var den om harudarane, ei folkegruppe omtala av sjølvaste Julius Cæsar i det første hundreåret f.Kr. og av den romerske historieskrivaren Tacitus kring år 100 e.Kr.

Harudarane skulle ha vandra inn i Hardanger i Hordaland i siste del av fol­ke­van­d­rings­tida, og dermed vere sjølve opphavet til hordane, eitt av fleire namn på grupper i Sør-Noreg som austromaren Jordanes mest sannsynleg re­fe­re­rer til i verket Getica frå kring år 500 e.Kr.

Nedslag i kunsten

Hans E. Kinck. Foto: Nasjonalbibliioteket. 

Slike idear gav gjenklang langt utanfor akademiske kretsar. Diktaren Hans Kinck var oppteken av historie og arkeologi og uttrykte ei rådande opp­fat­ning i samtida då han med stor innleving skreiv:

Men en slik musete grå, blåsende julidag er Hardanger. En slik sur og sølvgrå morgen må Hørderne, Cæsars og Tacitus’ Harudes, være kommet lensende for solgangsbrisen inn fra havet; sist fra den danske halvø mot folkevandringstidens slutt, idet de vek enten for overveldende overmakt, eller drevet bare av små kår, av mange uårs misère likesom Islands landnåmsmenn, for å finne bedre blivende steder; tok land av en eller annen grunn ikke ved spydspissen av Norge [...] men nordenfor Karmøen og i Hardangers fjordgap.

Migrasjon eller utveksling?

Ikkje alle arkeologar var einige. Ut over på 1920-talet meinte fleire og fleire at endringane ein påviste i det førhistoriske materialet, hadde skjedd ved at idear spreidde seg mellom folk, og ikkje gjennom masseflyttingar av folk – altså migrasjon. På fagspråket blir slik idéspreiing kalla for diffusjon.

Migrasjonstanken stilna. Då den kjende norske arkeologen Johs. Bøe heldt ei førelesing med tittelen «Hordernes innvandring og oldfundene ved Har­dan­ger­fjor­d­en» i 1931, opna han med sitatet av Kinck som over, men løfta i staden fram det motsette synet.

Johs. Bøe (t.h.) sammen med Kronprins Olav og Arkitekt Fischer på Bergenshus i 1945. Foto: ukjent. 

I kjølig akademisk stil braut han ned innvandringsteoriane bit for bit, med grundig gjennomgang av statusen for det arkeologiske materialet i Har­dan­ger. Han teikna opp eit alternativt bilete der nokre bygder og lo­kal­sam­funn var opne for idear og teknologi utanfrå, medan andre var meir lukka og isolerte. Han utelukka dermed migrasjon i folkevandringstida, men var ikkje framand for at det kan ha hendt fleire hundre år tidlegare. Ei slik eventuell innvandring måtte i så fall relaterast til namnlause grupper som kom sørfrå og busette seg i bronsealderen.

Skumle konsekvensar

Sjølv om arkeologar i dag brukar andre termar og gjerne viser mykje oftare til naturvitskaplege data, er spenninga mellom uroleg folkevandring og meir fredeleg idéspreiing framleis der. Den viktigaste skilnaden er nok måten dei brukar omgrepet kultur på.

Dagens arkeologar er svært varsame med på kople opplistingar av namn på stammer og folkegrupper funne i gamle skriftlege kjelder frå kontinentet, til arkeologiske gjenstandstypar, gravmonument eller arkitektur funne her oppe i Skandinavia.

Enkeltgruppers eller nasjonalstatars argument om forrang eller førsterett på grunnlag av rase og uavbroten utvikling fram til i dag har farlege kon­se­kven­sar. Før den andre verdskrigen var det heilt vanleg, også for fagfolk, å tenkje slik. Eit anna aspekt ved Bøes førelesing illustrerer kor vanleg det faktisk var. For sjølv om han gjekk imot ideen om innvandring som Kinck så levande hadde skildra, var det ei anna framstilling av Kinck som Bøe tilsynelatande ikkje hengde seg nemneverdig opp i, nemleg korleis desse harudarane hadde sett ut då dei stemna inn fjorden:

«Det var tetvokste, korthalsede, herdebrede, blonde menn, faste, firskårne ansikter og firskårne panner, med stritt hår og grissent skjegg, gløgge, liv­lige, vitale inntil uslitelighet».

Ei klar stemme

Haakon Shetling. Foto: Oslo Museum.

I 1936 hadde Haakon Shetelig, ein av Noregs mest kjende arkeologar gjen­nom tidene, ein artikkel i tidsskriftet Fritt Ord med tittelen «Germanernes avstamning under arkeologisk synspunkt». Her gjekk han til hardt angrep på den tyske lingvisten Gustaf Kossinna (1858–1932) og hans «Sied­lungs­ar­chäo­logie».

Kossinna forfekta tanken om å kunne spore ein germansk «urheim» i det sørlege Skandinavia: ein opphavleg arisk kultur som hadde spalta seg opp i yngre folkegrupper, og som hadde spreidd seg utover Europa i bølgjer.

Shetelig gjekk rett i strupen på tanken om kultur som ei lukka eining som kan vise til uavbroten utvikling, der dei viktigaste endringane i førhistoria i Nord-Europa skulle forståast som støytvise utvandringar frå ein germansk «urheim» samansett av ein bestemt type menneske: «lysblonde og blåøiet, nøie og kraftige folk».

Komplekse samfunn, kompleks forsking

Slik intellektuell motstand mot kulturhistoriske straumdrag i samtida gjev ei verdifull påminning om at kulturar i fortida var like komplekse som dei vi kjen­ner frå notida. Stemmer som Shetelig tener som åtvaring mot over­for­enkla framstillingar av kulturar og viser kor lett slike framstillingar kan brukast politisk.

Samstundes skal vi vere like forsiktige med å forenkle den arkeologiske fag­his­to­ria ved å dele forskarane inn i skurkar og heltar i etterpåklokskapens namn. Slike tankar om kultur var svært vanlege i tiåra fram til den andre verdskrigen.

Eit godt eksempel som understrekar kor viktig det er å vere nyansert i synet på arkeologiens faghistorie, finn vi ved å vende tilbake til Johs. Bøes føre­les­ing ein siste gong. Som nemnt kritiserte han aller hardast teorien om at det hadde vore to bølgjer med innvandring. Opphavsmannen til dette for­slag­et var nettopp Shetelig.

Emneord: Norge i verden Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 13:46