Blindheimsverdet

Noko hende kring 1700 f.Kr. som brått førte til at gjenstandar, stil og kunn­skap flaut friare frå Europa til Skandinavia.

For 3700 år sidan, ved Rhinen sine kjelder, høgt i dei sveitsiske Alpane: ei sverdklinge med grep og naglar vert modellert i voks. Figurane vert de­ko­re­r­te, varsamt pakka inn i eldfast leire og varma opp til glødande raudt. Opp i støypeforma tømmer dei så ei 1100 grader varm kvitglødande blande ‒ frå kopargruvene i Alpane og tinngruvene i England.

Løyst frå støypeforma, polert og skarpslipt, reiser sverdet 180 mil mot nord, før det endar bronsealderlivet sitt under ein berghammar på Sunnmøre. I det andre livet – museumslivet – lever Blindheimsverdet som ein av dei eldste handfaste restane av kontakten med Europa.

Eit offer?

I 1960-åra fann dei eit bronsesverd tett ved ein bergvegg inst i Blind­heims­vågen i Spjelkavik innanfor Ålesund på Sunnmøre. Kort tid etter kom ei lita øks for dagen like ved, og eit tid seinare vart ei litt større øks funnen lenger oppe frå sjøen. Øksane er nesten like: tynne lister langs kan­t­ane, bogne eggar, og berre 10 og 12 cm lange.

Teknisk tegning av rester etter sverd, lagt i mønster etter hvordan sverdet helhetlig har sett ut: omtrent halve det hele sverdet utgjorde funnet
Blindheimsverdet. Dei mørke linjene viser tilstanden det vart funne i. Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Dei to funnområda, på kvar si side av dagens E39, vert bundne saman av lik­skap­en mellom øksane. Såleis kan me tenkje oss at sverdet og øksane vart lagde ned samla som eit offer til gudane ein gong kring 1650 f.Kr.

Øksane er dei minste av ei samling på totalt ni frå Noreg, spreidde frå Sog­ne­fjord­en i sørvest til Trondheimsfjorden i nord, og austover til Tyri­fjord­en og Østfold. Desse kan alle godt vere støypte i dagens Noreg, men med nær slektskap til svenske øksetypar. Saman med støypefunna frå Skrivarhellaren i Sogn representerer dei truleg det eldste lokale metall­hand­ver­ket. For aller fyrste gong vart flytande metall handsama i dagens Noreg – kunnskapen og råstoffet var europeisk.

Sveitsisk stil

Ved Felsberg i Sveits, tett ved Rhinen sitt utspring i Alpane, er det også funne eit bronsesverd. Akkurat som på Blindheimsverdet har dette bron­se­grep som munnar ut i ein holk, der toppen av grepet i tre eller bein vert festa med ein nagle på tvers.

Fotografi av moderne rekonstruksjon av Blindheimsverdet: blankt bronsesverd
Rekonstruksjon av Blindheimsverdet. Foto: Ørjan Engedal/Nordisk bronsereplika

I ei tid då ornament og formdrag vert kopierte, kombinerte og vidareutvikla over enorme område, skimtar me meir lokale og konservative særdrag. Det finst ulike måtar å lage det same på – handverksstilar. Blindheimsverdet vart truleg produsert i dei sveitsiske Alpane. Gåta står likevel att – korleis kom sverdet til Sunnmøre, 180 mil i luftline lenger nord? Og kvifor?

Leia eller heia?

Noko hende kring 1700 f.Kr. som brått førte til at gjenstandar, stil og kunn­skap flaut friare frå Europa til Skandinavia. Korleis heldt dei i nord kontakt med Europa? Var det langs sjøvegen – kystleia som i si tid vart opphavet til namnet Noreg – Nordvegen? Eller var over hei og dalar til fots eller hest, med ski, slede eller elvebåtar? Via Jylland eller via Sverige? To heilt ulike reisemåtar, med ulike sanseopplevingar, teknologiar, ulemper og føremoner for varetransport.

Gjennom bronsealderen anar me at nettverka skiftar, og at det fanst ei mengd konkurrerande nettverk på same tid. Somme tider flaut metall, kunnskap og nyhende striast landvegen frå aust, andre tider langs sjøvegen frå sør.

Bandet til Europa

Nokre hevdar at nettverka i bronsealderen hadde mange ledd, at reisene var relativt korte, og at in­fo­rma­sjons­flyten og påverknaden vart bremsa av at gjenstandar og symbol vart tolka om og tilpassa lokale verdsbilete for kvar ny eigar.

Andre hevdar det var færre ledd, meir direkte kontakt, friare in­fo­r­ma­sjons­flyt og lengre reiser. Kor stort var eigentleg det mentale verds­kartet til bronsealderbonden på Blindheim? Anten han var klar over det eller ikkje, hadde han med Blindheimsverdet vore med på å knyte eit varig band til Europa.

Emneord: Kommunikasjon og kunnskap Av Ørjan Engedal
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 8. des. 2023 13:50