Grunnlaget for vikingtida

Den første byen i Noreg ble grunnlagt heilt på slutten av merovingartida. Men det som måtte til for at byar og handel kunne blomstre i vikingtida, vart utvikla på 700-talet.

Det kjende angrepet på klosteret på Lindisfarne i år 793 markerer over­gang­en til vikingtida som epoke. Viktige føresetnader for det vi kjenner som vikingtida, hadde utvikla seg i perioden før, i merovingartida. Blant desse finn vi seglførande og havgåande fartøy, kjennskap til handelsnettverk og handelsplassar, bruk av sølv som betalingsmiddel, og sist, men ikkje minst tilgang på råvarer og handverk ein kunne tilby.

Den første byen i Noreg var Kaupang ved Skiringssal, nær dagens Larvik i Vestfold. Omkring år 800 har nokon med nok makt garantert for at hand­ver­k­ar­ar og handelsmenn trygt kunne drive med sitt, og at det jamleg kom skip med folk og varer frå framande stader.

Det formande hundreåret

På 700-talet vaks det fram ei ny form for busetnad i Skandinavia, nemleg by­en. Den eldste er truleg Ribe i Vest-Jylland i Danmark, som synest å ha ut­vikla seg frå ein handelsplass i første halvdel av 700-talet til ein by kring år 800. Dette hadde samanheng med ei sterk sentralmakt som har stått som ga­ran­tist for tryggleik.

Det er truleg den same makta med sete på Jylland som stod bak Ribe, byg­gin­ga av Danevirke og Kanhave-kanalen på Samsø. Dette vert under­støtta av samtidige frankiske kjelder, som omtalar sterke danske kongar.

Sannsynlegvis er det eit slikt sterk maktsete i Danmark som også står bak etableringa av ein by på Kaupang.

Perler og smykke

Frå kring år 700 auka mengda av importerte pyntegjenstandar, særleg perler av rav frå Austersjøen og glasperler frå kontinentet. Slike perler blir endå vanlegare i vikingtida. Denne auken i framande varer kjem samstundes med at det blir fleire gravfunn over det meste av Noreg.

Rundt år 700 dukkar også dei første ovale spennene opp, også omtala som krypdyr- eller skålspenner. Desse blir seinare karakteristiske for kvin­ne­graver frå vikingtida.

Kart over Europa og midtøsten som viser opprinnelsessted for mynter funnet på Kaupang. Hovedfunnene er fra midtøsten, langt øst for det kaspiske hav

Ulfberth-sverd

Frå kring år 750 finn vi ein heilt spesiell type sverd i graver i Noreg. Dette er sverd med mønstersmidde klinger, latinsk innskrift og dekor i stilar vi kjen­ner frå Frankarriket. Slike såkalla Ulfberth-sverd var svært utbreidde ut­over heile Europa, og namnet viser truleg til ei eller fleire frankiske våpen­smi­er. Frå siste delen av 700-talet har vi totalt 14 Ulfberth-sverd her til lands.

Til arbeid og til hest, i døden som i livet

I merovingartida vart det vanlegare å gravleggje folk med gjenstandar som viser til dyrking av jorda, til smiing og metallarbeid, til tømring og snik­kar­ar­beid. I tillegg til utstyr som viser til spesialistar innan handverk, finn vi også spesialisert utstyr til jakt. Somme gonger tyder beksel i gravene på at også hesten kan ha blitt lagd ned i grava, saman med andre husdyr og hund.

Sverd, øks, kniv, pilspisser, skjold, bissel, sigd og tang, alle i jern: gravfunn
I ein grav frå merovingartida ved Haglebuvatn i Buskerud vart det i 1918 funne ei rekke gjenstandar. Med seg i grava hadde denne personen ulike våpen: sverd, øks, kniv, pilspissar og skjold. Men i grava låg også beksel til hest, ein sigd og ei tong. Foto: Eirik Irgens Johnsen/Kulturhistorisk museum, UiO/CC BY-SA 4.0

Vi finn mange ulike reiskapar knytte til hest og ferdsel med hest, og dei aller fleste funna er frå vikingtida. Sjølv om til dømes beksel hamnar i gravene al­le­reie i merovingartida, er det først i perioden etter at hesten som symbol synest å ha størst kraft.

Ei ny tid for storhaugane

I tida fram til kring år 700 er gravskikken i merovingartida prega av sterk for­enk­ling av det vi kjenner frå folkevandringstida. Dei store kistene av stein­hel­ler blir på det næraste borte, og gravhaugane blir mindre. Det van­leg­as­te var at det ikkje var haug over grava i det heile, den døde vart grav­lagd under flatmark.

Men i siste halvdel av merovingartida kjem gravleggingane i ruvande haugar tilbake, og storhaugane får ein renessanse.

Emneord: Økonomi og teknologi Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 14:06