Kvar vart alle gravene av?

I perioden mellom år 550 og 650 bygde ein færre grav­haug­ar enn før, og gravene vart enklare. Dei mek­tig­as­te blei endå mektigare, men behovet for å vise makt gjen­nom storslåtte graver synest å ha blitt mindre.

Det tradisjonelle biletet av merovingartida i Noreg er prega av at perioden har komme i skvis mellom to som har fått meir merksemd: fol­ke­van­drings­tida og vikingtida. Mykje av dette biletet kjem av eit generelt fråvær (med nokre svært interessante unnatak) av store og ruvande grav­haug­ar med rike gjenstandsfunn, eit definerande kjenneteikn for dei to andre periodane.

Først heilt på slutten av merovingartida, i den tredje og siste fasen frå 750 til 800, byrjar ein igjen å byggje store grav­haug­ar. Illustrerande nok har fleire hevda at denne siste fasen eigentleg bør innlemmast i vikingtida.

Dårlegare råd?

Er det slik at mangelen på graver er uttrykk for generelt dårlegare kår, eller tenkte ein berre annleis om det å investere tid og ressursar på store grav­minne?

Mangelen på rikt utstyrte graver tidleg i perioden vert særleg merkbar på Sør­landet og Vestlandet. På Austlandet og i Trøndelag kunne ein enno grav­leg­gje medlemmer av eliten saman med praktgjenstandar i store haugar.

Brende og ubrende i sør, berre ubrende i nord

Både ubrende graver og kremasjonar er vanlege over store delar av landet. Det er ikkje uvanleg at begge typar gravskikk er funne på same gard, til og med i same haug. Det er nokre skilnader i vekt mellom Aust- og Vestlandet, og mellom den tidlegaste fasen og seinare i perioden, men det overordna biletet for heile Sør-Noreg er at verken ubrende graver eller kremasjonar skil seg ut som einerådande.

Likevel skil Nord-Noreg seg ut som eit viktig unntak. Her er alle graver frå merovingartida der vi er sikre på gravskikken, ubrende.

Enkeltvis og i gravfelt

I Nord-Noreg er det også mest vanleg at gravene ligg kvar for seg, eller at eit par ligg i nærleiken av kvarandre. Men det finst eksempel på reine me­ro­vin­gar­tids­grav­felt og enkelte tilfelle av at graver frå merovingartida ligg i grav­felt som elles er eldre eller frå vikingtida.

Gravfunn: perler, skjell, ringer, syl, jernbiter
Gjenstandar frå ei merovingargrav på Tjeldsnes i Flakstad i Nordland. Foto: Eirik Irgens Johnsen/Kulturhistorisk museum, UiO/CC BY-SA 4.0

På Austlandet er det langs kysten vanlegast at graver frå merovingartida ligg i gravfelt der ein har kontinuitet i bruk frå eldre delar av jernalderen. På flat­byg­d­ene og i andre gode jordbruksområde lenger inne i landet er om lag ein tredel av gravene frå gravfelt, resten er enkeltgraver. I fjell- og dal­byg­d­ene er enkeltgraver nærast einerådande. Dette ser vi også for heile Vestlandet sin del; dei aller fleste gravene ligg for seg sjølv.

To hovudforklaringar – og ein tredje mellomveg

Det er to hovudforklaringar på funnfattigdomen i perioden 550–650. Den første er at det er tale om ein reell nedgang i folkesetnaden, og både kli­ma­for­ver­ring og pestutbrot på 500-talet kan ha vore sterkt medverkande år­sak­er til at jordbrukssamfunnet, og dermed også aristokratiet sitt grunnlag for makt, mange stader har fått seg ein solid knekk.

Den andre hovudforklaringa er at det skjedde ei såkalla maktkonsolidering. Det vil seie at eliten no er så trygg på maktposisjonane sine at han ikkje len­ger har same behov for å vise fram rikdom og alliansar gjennom stor­slåt­te gravleggingar og ruvande haugar.

Svært mange forskarar er einige om at ein bør kombinere dei to for­kla­rings­typ­ane. Maktkonsolideringa kan ha gått enklare på grunn av generelt dår­leg­are levekår for folk flest. Det har blitt enklare for dei som allereie var rike, å overta land og rettar frå dei som sleit med å klare seg. Med andre ord har dei mektigaste blitt endå mektigare, men behovet for å vise makt gjennom storslåtte graver synest å ha blitt mindre.

Emneord: Kultur og religion Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 14:13