Kongelege alliansar

Mykje tyder på at skikkane med å gravleggje i båt og fostre opp kongsemne hos mektige frendar i vikingtida var gamle, vel etablerte tradisjonar.

Det er to skikkar mange gjerne assosierer med vikingtida. Den første er grav­leg­g­ing av rikfolk i ruvande gravhaugar. Den andre kjenner vi frå skrift­le­ge kjelder: at kongsemne vart fostra opp hos mektige frendar.

I Skandinavia er det funne båtgraver heilt tilbake frå romartida (1–400 e. Kr.). Særleg kjende er nok gravene frå Vendel og Valsgärde i Uppland i Sverige, mange av dei frå merovingartida. Så dominerande og tidstypiske er desse at perioden som svarar til merovingartida i Noreg, rett og slett blir kalla for vendeltida i Sverige.

Nære band til Vendel

Vendel-kongane hadde eit vidstrekt nettverk. I den tidlegaste fasen av me­ro­vin­gar­tida her i Noreg ser det ut til at ein stormann med herredøme over områda rundt Mjøsa har hatt nære band til Uppland. Men desse banda mot vest ser ut til å ha opphøyrt kring år 600.

Litt seinare på 600-talet kan vi sjå konturane av nye alliansar. Denne gongen mot sør, mellom Uppland og kongedømet East Anglia i England. Samstundes lærer vi her litt meir om kva kontakten har gått ut på.

Kva to skjold fortel

I ei storslått skipsgrav frå Sutton Hoo i East Anglia, datert til 620-talet, vart det funne eit spesielt skjold. Dette hadde slåande likskapar med eit til­svar­an­de skjold som er funne i Vendel. Både skjolda og andre gjenstandar i dei to gravene er så like at dei sannsynlegvis har same opphav og er laga i same verkstad.
 

Lyst, sirkulært treskjold med beslag i metall, ulike former
I 1939 vart restane av dette nå rekonstruerte skjoldet funne i noko som viste seg å vere ei overdådig utstyrt grav. Grava låg i ei jordhaug ved Sutton Hoo i Suffolk, som ligg på austkysten av England. Foto: British Museum/CC BY-NC-SA 4.0

Den slåande likskapen mellom dei to gravene, og særleg måten skjolda er laga på, tyder på at dei som låg i gravene, var folk som har kjent kvarandre. Og det kan sjå ut til at Vendel er opphavsstaden, at verkstaden der skjolda vart laga, låg der. Dermed er det mest sannsynleg at skjoldet og andre gjen­stan­d­ar som er funne i Sutton Hoo, vart førte dit frå Vendel.

Lyst, sirkulært treskjold med beslag i metall, ulike former
Skjoldet som vart funne i Vendel i Uppland i Sverige har ein stor likskap til skjoldet frå Sutton Hoo. Foto: Statens historiska museum/CC BY 2.5

Forsmaken på noko velkjent

Det kan sjølvsagt vere tale om gåver mellom frendar, kan hende i samband med den storslåtte gravferda. Men det er også føreslått at banda var endå tettare, at det er gjenstandar som ein ung kongeson har fått med seg heim til East Anglia etter å ha vore fostra opp blant rike og mektige frendar i Uppland.

Anten om det no var tale om gåver frå gjester eller gjenstandar eit ungt kon­ge­em­ne hadde med seg heim, så har banda mellom dei to kongeseta vore tette. Medrekna i det var også å gravleggje dei rike døde på liknande vis.

Vi skimtar såleis konturane av skikkar vi kjenner godt frå den seinare vi­king­tida i Noreg.

Emneord: Sosiale forhold, Norge i verden Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 14:00