print logo

Frå alliansar med ringsverd til kongemakt

Ut gjennom merovingartida hamna makta i samfunnet i hendene på færre herskarar, og dei var rikare og mek­tig­are enn før.

Kart over Norden som viser riker, ca. 500 e.Kr. Rikene er konsentrert rundt kysten, med noen noen mil i diameter hver

Bilete kan seie meir enn tusen ord. Og av og til kan kart gjere litt av det same. Det første kartet her viser det politiske maktlandskapet i Norden kring år 500 e.Kr., på det andre ser vi situasjonen om lag to hundre år seinare.

Vi bit oss fort merke i den store mengda smårike i den første fasen, og at dette har skrumpa inn til færre, men større einingar når vi kjem til tida rundt år 700. Kva skjedde i perioden imellom?

Kart over Norden som viser riker, ca. 700 e.Kr. Rikene omfatter områder på størrelse med store norske fylker og enda større

Den mest sannsynlege forklaringa finn vi etter alt å døme om vi ser på kon­ti­ne­n­tet, og spesielt på påverknaden frankiske område har hatt her i Nor­den. To kjende norske gravfunn kan hjelpe oss med å illustrere viktige ho­vud­trekk i utviklinga.

Snartemo og ringsverdet

Grav V frå Snartemo i Vest-Agder er eit av dei aller mest kjende gravfunna frå folkevandringstida her i Noreg. Det er datert til kring år 500.

I tillegg til våpenutstyr og lokalprodusert keramikk fann ein eit praktfullt gull­de­ko­r­ert tvieggja ringsverd (no kjent som Snartemo-sverdet) og gull­ring­ar, eit drikkebeger av glas og ein bron­se­kje­le. Glasbegeret og bron­se­kje­l­en var laga i området rundt munningen av elva Rhinen, då dette var del av det gradvis oppsmuldrande vestromerske riket.

Håndtak av sverd, dekorert i gull
Snartemosverdet, dekorert med gull. Foto: Eirik Irgens Johnsen/Kulturhistorisk museum, UiO/CC BY-SA 4.0

Alliansar gjennom flotte gåver

Grava frå Snartemo, og særleg ringsverdet, viser til ein periode då alliansar mellom herskarar vart inngått og haldne ved like gjennom utveksling av flotte gåver når dei gjesta kvarandre. Då heldt herskaren gjestebod for til­rei­san­de og krigarfølgjet sitt.

Gildehallen som arena for denne politiske, militære, juridiske og religiøse leiaren vaks fram i Skandinavia i romartida og folkevandringstida.

Grava frå Storhaug

Skipsgrava frå Storhaug ved Avaldsnes på Karmøy i Rogaland er mest sann­syn­leg frå aller siste fase av merovingartida. Det har lenge vore eit ope spørs­mål nøyaktig kor gammal grava er. Nyleg er det gjort grundige analysar av trevirke og årringar, og dei viser at sjølve gravlegginga har skjedd som­mar­en 779. Grava er då omtrent samstundes med dei aller første vi­king­tok­t­ene.

Funnopplysingane er noko spreidde og manglande, men blant gjenstandane som heilt sikkert høyrer til grava, finn vi to sverd, to spyd, to tenger og to piler, to sett spelebrikker (eitt i glas og eitt i rav), ei voksskive med innrissa kross og ei gryte av jern.

Eineggja sverd og frankiske ideal

Ved nærare augesyn er dei to sverda ulike: eitt er tvieggja og eitt er eineggja. Det eineggja sverdet er den vanlegaste typen i merovingartida, og somme hevdar at det viser tydeleg påverknad frå Frankarriket, både i stridsteknikk og i generelt tankegods om herskarrolle og kon­ge­makt.

Det siste har fått ein av dei som har jobba mest med Storhaug-funnet, til å sjå det i samanheng med den såkalla personforbundsstaten etter frankisk modell. Miljøet rundt Avaldsnes vert dermed sett som eit sete for tidleg kongemakt i merovingartida.

Kriteria for kongemakt

Om det er snakk om slik tidleg kongemakt, må visse kriterium for gravene vere oppfylte:

  • våpengraver på svært høgt nivå
  • gjenstandar som kan sjåast som gåver frå kongelege, gjerne av frankisk opphav
  • konsentrasjon av fleire rike graver på strategiske stader (ofte langs ferd­sels­ru­ter til sjøs eller til lands)
  • nausttufter til store skip
  • kongeleg jordegods som er påvist i seinare skriftlege kjelder, eller anna kongeleg tilknyting gjennom å vere nemnt i til dømes sagaer eller kvad

Miljøet rundt Avaldsnes vann seinare fram og fekk ei viktig rolle i riks­sam­linga frå 800-talet av. Mykje av grunnlaget for dette vart lagt i me­ro­vin­gar­ti­da, då alle dei fem kritiske punkta for kongemakt fall på plass i nettopp dette miljøet.

Kvifor ikkje Snartemo?

Om vi samanliknar kort med Snartemo og situasjonen nærare 300 år tid­leg­are, vert det litt tydelegare kvifor dette ikkje vart eit varig politisk makt­sen­ter. Av dei fem kriteria oppfyller Snartemo berre det første, og kan­skje det andre dersom vi er romslege. For eit ringsverd er i frankiske kjelder kjent som ei gåve som viser at beraren av ringen har svore tru­skaps­eid til ein herskar.

For grava med Snartemo-sverdet sin del kan det dermed vere tale om ein heim­vend stormann som har gjort teneste på kontinentet. På same måte som for mannen som vart gravlagd på Åker i Hedmark på slutten av 500-talet, er det mindre sannsynleg at han sjølv var herskar.

Ut over på 400-talet, i tiåra før gravlegginga i Snartemo, minska tilgangen på flotte praktgjenstandar gradvis. Dette på grunn av alle vanskane det vest­ro­mer­s­ke riket stod overfor. Og med stadig mindre tilgang på gull og andre edelmetall synest den forma for leiarskap og samfunnsorganisering som gravgodset frå Snartemo viser, å ha stått overfor ei krise.

Eit nytt politisk landskap vaks fram

Løysingane dei aller mektigaste fann, ser ut til å ha vore å tileigne seg større område og setje klarare grenser mellom territorium. Dermed vart retten til land etter alt å døme viktigare enn før. Det at landeigedom vart samla på færre og rikare hender, var viktig for det som skulle komme i vikingtida. Ikkje minst kunne herskarar no lettare garantere gode, fredelege og føreseielege han­dels­ru­ter i området dei rådde over.

Med andre ord kom viktige grunnsteinar no på plass for å kunne etablere handelsplassar og byar. Med det vart også grunnlaget lagt for noko som skulle bli vanlegare i mellomalderen. Nemleg det å bu og arbeide i byen som ein permanent livsstil, ein måte å leve på som skilde seg frå livet på garden.

Sjølv om det enno var ei stund til at det vi kjenner som Noreg vart samla til eitt rike, var utviklinga i merovingartida heilt avgjerande. Dei to kart­il­lus­t­ra­sjon­ane viser tydeleg at utgangspunktet for ei samling var ein god del en­klare på 700-talet enn det hadde vore kring år 500.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 22. mai 2017 11:21