Mannen med skjeggstubbane – eller...?

Ei vakker beltespenne frå Åker i Hedmark er eit av dei mest slåande funna vi har frå merovingartida. Om vi ser nøye etter, stirar ein mann intenst tilbake.

Den flotte beltespenna funne på Åker kan koplast til eit politisk senter som vaks fram i Mjøstraktene på slutten av 500-talet.

Detaljane på spenna ber på viktig informasjon. For det første er Åker-spenna utført i dyreornamentikken frå merovingartida, såkalla stil II, som er funne over heile Europa. For det andre viser Åker-funnet klare likskapstrekk med funn i Uppland. Ei liknande beltespenne er funne på det kjende Vendel-grav­feltet, og spenna frå Åker ser ut til å stamme derfrå.

På spenna ser vi ein svært karakteristisk mannsfigur, som synest å stire in­ten­st tilbake på oss. Og han har skjeggstubbar i andletet. Eller er det noko meir ved dette motivet?

Spenne i metall og steiner, ornamentert, utformet ansikt og overkropp i sentrum.
Spenna som vart funne på Åker i Hedmark er ein prektig og symbolsk gjenstand, og må ha høyrt til ein mektig person i området. Foto: Eirik Irgens John­sen/Kul­tur­his­torisk museum, UiO/CC BY-SA 4.0

Både menneske og dyr

Om vi ser endå nøyare på figuren, og fokuserer på auga hans, kva er det vi skimtar? Det kan like gjerne vere auga til ein rovfugl eller eit dyr. Og resten av andletet – med «skjeggstubbane» – og kroppen kan like gjerne vere fjør- eller pelskledde kroppsdelar av fugl eller dyr.

Den doble tydinga som oppstår ved å flette saman menneske og dyr er slett ikkje tilfeldig. Trua på at særleg mektige menneske kunne ta form som dyr gjennomsyra norrøne trusførestillingar. Dyra vart sett på som bindeledd mellom denne verda og den andre.

Ornamentikken kom inn som element i den nordiske kulturkrinsen på byr­jin­ga av 400-talet. Motiva i dyreornamentikken var dermed kjende for mange, og forteljingane dei viste til, hadde blitt overleverte i generasjonar allereie.

Eit maktspråk folk forstod

Portrettet på Åker-spenna var ei form for maktspråk, eit språk vi finn på de­ko­rer­te praktgjenstandar som var meint for den øvste samfunnseliten. I ei tid då få meistra skriftspråket, var det å bere slike smykke ein måte å sig­na­li­se­re makt på utan ord, eit stille språk som mange forstod over store delar av Europa.

På denne måten viser spenna og mannen med «skjeggstubbane» til idear og tankegods som var spreidde langt ut over Åker og Noreg.

Emneord: Kultur og religion Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 14:02