print logo

Språkmannen Knud Knudsen

Knud Knudsen (1812–1895) var lærar, lingvist og språkreformator. Arbeidet hans med oppnorsking av det danske skriftspråket i Noreg la grunnlaget for utskiljinga av riksmål/bokmål.

Det store gjennombrotet for Knudsens idear kom frå hundreårsskiftet og fram til andre verdskrigen, på den tida då bruken av nynorsk var i sterk vekst. I si eiga levetid stod Knudsen i skuggen av det meir radikale språkprogrammet til Ivar Aasen og målfolka som arbeidde for eit nytt norsk skriftspråk (landsmål, nynorsk) basert på bygdedialektane.

Knud Knudsen var fødd i 1812 i Holt i Aust-Agder og døydde i 1895. Faren var skulelærar og husmann, og den skuleflinke guten vart hjelpt fram økonomisk til vidare skulegang mellom anna av jarnverkseigaren Jacob Aall.

Fotografi, portrett av Knud Knudsen, ung mann
Knud Knudsen (1812–1895). Foto: ukjent/CC PDM

Knudsen studerte filologi ved Universitetet i Kristiania og tok embetseksamen i 1840. Han vart deretter lærar og seinare overlærar ved det leiande gymnaset i hovudstaden, Kristiania katedralskole, der han verka heile det yrkesaktive livet sitt.

Ortofonien

Utgangspunktet for Knudsens språkinteresse var ortofonien – ideen om at kvar bokstav i eit skriftspråk så langt som råd bør representere éin – og berre éin – lyd i talespråket.

Knudsen var inspirert av den internasjonalt kjende danske lingvisten Rasmus Rask og den norske grammatikaren Mauritz Hansen. Rask hadde agitert for ei ortofon språkreform i dansk, og Hansen hadde adoptert Rasks idear i grammatikkane sine til skulebruk. I den fyrste artikkelen sin i 1845 la Knudsen stor vekt på at ei ortofon reform ville gjere det danske skriftspråket i Noreg lettare å lære.

Knudsens språkprogram

Knudsens viktigaste teoretiske bidrag i språkdebatt og språkplanlegging i Noreg var å kombinere ortofonien med nasjonalisme. Eit ortofont språkreformprogram er avhengig av eit nokolunde einskapleg talemål som normeringsgrunnlag om ikkje variasjonen i skrift skal bli for stor. Dette fann Knudsen i talemålet til dei høgare sosiale laga, som fanst over det meste av landet, og som Knudsen meinte måtte reknast som eit eige språk, ulikt både dansk og norske allmugedialektar. Knudsen kalla denne blandingsdialekten for «dansk-norsk», som for han var ei positivt ladd nemning.

Han argumenterte for at dette talemålet måtte leggjast til grunn for ortofone reformer i det danske skriftspråket i Noreg. Slik ville avstanden mellom tale og skrift bli mindre, og eit særnorsk skriftspråk ulikt dansk ville utvikle seg. Dette var den mest realistiske vegen til eit norsk skriftspråk, meinte Knudsen. Særleg kjend er agitasjonen hans for å byte ut dei «blaute» konsonantane (b, d, g) med «harde» (p, t, k), som i «gryde–gryte».

Sentrale verk og gjennomslag

I 1856 gav Knudsen ut ei grammatisk skildring av «dansk-norsk» med Haandbog i dansk-norsk Sproglære. Han publiserte mange faglege og polemiske skrifter der han agiterte for språkreformer. Dei viktigaste språkpolitiske verka hans er Det norske målstræv (1867) og Den landsgyldige norske Udtale (1876). Knudsen var òg ein entusiastisk purist og gav ut ei ordbok, Unorsk og norsk (1879–1881), der han tok til orde for å byte ut lånord med norske dialektord og nylagingar.

Fotografi av tittelblad. Tekst: "Haandbog i dansk-norsk Sproglære Af K. Knudsen, Overlærer"
Tittelbladet til Haandbog i dansk-norsk Sproglære, 1856. Foto: Nasjonalbiblioteket

Den einaste offisielle språkreforma i det danske skriftspråket i Noreg som Knudsen fekk gjennom i si eiga levetid, var ei lita ortografisk reform i 1862.

Norske ord og former byrja å kome inn i offentleg godkjende lærebøker og bli meir vanlege i skrift frå 1890-åra, og viktige milestolpar var rettskrivingsendringane i 1907 og 1917. Her vart mange av dei sentrale prinsippa til Knudsen lagde til grunn og fleire av dei konkrete framlegga hans gjennomførte. Det viktigaste prinsippet var at rettesnora for normeringa av riksmål/bokmål no var «danna daglegtale» i Noreg, ikkje dansk skriftspråk i Danmark.

Av Oddmund Løkensgard Hoel
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 1. nov. 2016 14:41