Harald Hårfagres saga - slaget i Hafrsfjord

Kildeintroduksjon

Snorre Sturlasons fortelling om det siste slaget i «samlingen av Norge». 

Harald Hårfagre regnes av mange som den første kongen av Norge og regjerte på slutten av 800- og begynnelsen av 900-tallet etter at han vant Slaget i Hafrsfjord. Man vet ikke sikkert når slaget sto, men det skjedde kanskje rundt 880.

Sagaen om Harald Hårfagre er en del av Heimskringla – en samling kongesagaer skrevet av den islandske høvdingen og historieskriveren Snorre Sturlason på 1200-tallet. Verket består av totalt 17 sagaer om konger på 800-1100-tallet.

Sagaene inneholder flere skaldekvad, en spesiell form for dikt. Skaldekvadene har sannsynligvis vært overlevert muntlig fra generasjon til generasjon, og Snorre Sturlason brukte dem som kilder for fortellingene – i tillegg til sagn og egen diktning. Snorre Sturlason laget kongesagaene for å underholde og lære bort historie til den norske og islandske overklassen i sin samtid, altså opptil flere hundre år etter at hendelsene han skriver om fant sted.

Navnet Heimskringla ble gitt samlingen i nyere tid på grunn av de to første ordene kringla heimsins som betyr ”den runde jordskriva”. Heimskringla er den mest berømte av flere kongesagaer fra middelalderen. Ingen andre enkeltverk har hatt større betydning for ettertidens bilde av vikingtid og middelalder i Norge.

Kildeutdraget forteller om det store slaget:

Tegning av mange vikingskip
"Harald og motstandarane hans møtast i Hafrsfjord". Tegning av Erik Werenskiold til 1899-utgava av Heimskringla.

Kilden

Tittel: Harald Hårfagres saga, kap. 18-19
Datering: ca. 1230
Opphav: Heimskringla av Snorre Sturlason
Hentet fra: Kongesogur av Snorre Sturlason umsett ved S. Schjött i 1900.
Rettigheter: CC BY-NC

Mer informasjon om kilden

[Kildeutdraget er modernisert.]

Harald Hårfagres saga kap. 18-19

Kapittel 18

Dei nyheiter kom frå sør i landet, at hordar [Hordalendingar] og ryger [Rogalendingar] og egder [frå Agder] og teler [Telemarkingar] samla seg til opprør og baud ut både skip og våpen og folk. Opphavsmennene var: Eirik, konge i Hordaland, Sulke, konge i Rogaland og bror hans Sote jarl, Kjøtve den rike, konge i Agder, og sonen Tore Haklang, og to brør frå Telemarken, Roald Rygg og Hadd den harde.

Då kong Harald fekk vite nyheitene, samla han ein hær og skauv skipa på sjøen, og utrusta seg og hæren og reiste sørover langs kysten og fekk med seg mykje folk frå kvart fylke. Då han kom sør for Stad, fekk kong Eirik vite om det. Han hadde sjølv samla den styrken han kunne venta å få, og reiste sørover for å møte den hæren som han visste skulle koma han til hjelp frå aust.

Heile hæren [til Eirik] møttest utanfor Jæren og seilte inn i Hafrsfjord. Der låg kong Harald frå før med hæren sin. Der byrja det straks eit stort slag, som var både langt og hardt, men enden vart den at kong Harald vann, og der fall kong Eirik og kong Sulke og bror hans, Sote jarl.

Tore Haklang hadde lagt skipet sitt mot skipet til kong Harald, og Tore var ein stor berserk. Det gjekk hardt for seg før Tore Haklang fall. Dei rydda heile skipet hans. Kong Kjøtve flykta til ein holme der det var ein god stad å verja seg på. Sidan flykta heile hæren deira, nokre med skipa, og andre kom seg på land og tok landevegen sørover Jæren. Så seier [Torbjørn] Hornklove:

Høyrde du, kor hardt dei
i Hafrsfjord slost,
kongen av kjempe-ætt
og Kjøtve den rike?
Skip kom austanfrå,
lystne på ufred,
med gapande hovud
og gravne plater.

Med stridsmenn var dei
Ladde og skjoldar blanke,
med vesterlands spjut [vesterlands = frå Irland eller Dei britiske øyer]
og valske sverd [valsk = frå Valland, altså Nord-Frankrike]
Berserkar ropa,
på bragdar tenkte,
ulvhednar ula,
jernvåpen skalv.

Dei freista den framdjerve,
han som flukt dei lærde,
herren over austmenn [nordmenn],
som bur på Utstein.
Ut med skipa han reiste,
då han venta strid,
hogg mot hamra skjold,
før Haklang stupte.

Lei av å verja
landet sitt mot Luva [Harald Luva = Harald Hårfagre]
den halsdigre herren,
holmen til skjold brukte.
Dei seig under seta,
dei som såra var.
Stakk hovud i botnen
og baken til værs.

På baken lét dei blenkja
blanke skjold,
når steinar regna
over redde fiendar.
Heim reiste kaksane,
over Jæren
heim frå Hafrsfjord,
med lyst på mjød.

Kapittel 19

Etter dette slaget møtte ikkje kong Harald meir motstand i Noreg. Alle dei største fiendane hans var falne, men nokre reiste frå landet, og dei var så mange, at store øydeland blei befolka. Jemtland og Hälsingland ble bygd, enda områda alt i førevegen var noko bebygd av nordmenn. I den ufreden som prega tida da kong Harald fekk heile Noreg, fann dei og bygde nokre av landa i havet, Færøyane og Island. Det var mange som utvandra til Hjaltland [Shetland]. Mange mektige menn frå Noreg som blei fredlause for kong Harald drog i vesterviking. Dei var på Orknøyane og Suderøyane [Hebridene] om vintrane, men om somrane herja dei i Noreg og gjorde stor skade på landet der. Mange mektige menn gjekk i teneste hjå kong Harald, vart mennene hans og bygde landet med han.

Publisert 8. mars 2018 17:18 - Sist endret 12. mars 2020 10:08