Handverket som forsvann

På nokre få tiår i folkevandringstida vart enkelte pot­te­ma­kar­ar så dyktige at vi knapt har sett maken. Men midt på 500-talet forsvann kunsten deira, og han ser ut til å ha blitt borte for alltid. Kva skjedde?

På slutten av folkevandringstida (400–550) skjedde noko som har fått fleire generasjonar av arkeologar til å undre seg. Gjennom ein 200-årsperiode kom det til mange dyktige pot­te­ma­kar­ar, spesielt på Sørlandet og Vest­land­et. Utover på 400-talet og særleg i første halvdel av 500-talet verkar det som det har eksistert fleire handverkarmiljø som var svært bevisste på at ke­ra­mik­k­en skulle halde høg kvalitet og sjå fin ut. Andre igjen prøvde å ko­pi­ere det dei laga, med varierande resultat.

Ornamentert leirkar formet som et spann
Spannforma leirkar frå Klepp på Jæren i Rogaland. På 500-talet vart det frå Jæren til Sogn på Vestlandet produsert spesielt mange slike leirkar av høg kvalitet. Foto: Terje Tveit/Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger/CC BY-NC-ND 3.0

Men i andre halvdelen av 500-talet tok det heile slutt. Så vidt vi veit, har ingen på Sør- og Vestlandet laga keramikk av slik kvalitet igjen på meir enn tusen år, tidlegast på 1700-talet.

Kva var det som hende? Korleis kan eit høgkvalitetshandverk som har ek­si­s­tert i 200 år, bryte saman og forsvinne totalt på så kort tid? Dette er sjølv­sagt spørsmål som arkeologar er opptekne av. Men hendingane på 500-talet har dimensjonar som gjer mysteriet endå litt vanskelegare å løyse. For når keramikken forsvinn, blir også eit viktig verkty for datering borte. Dessutan manglar vi skriftlege kjelder som kanskje kunne ha hjelpt oss litt på veg.

Keramikk = datering

Filmar frå Hollywood har brent fast nokre typiske bilete av arkeologen på netthinna vår. Eit slikt er av personen med kvit frakk og hanskar som står bøygd over gamle krukker og potteskår. Det biletet er nok både enkelt og gammaldags, men det er heilt riktig at slike granskingar er viktige. Før C14-da­te­r­in­ga kom på 1950-talet, var potteskår frå utgravingar den van­leg­as­te måten å datere funn på.

Folk har til alle tider laga og dekorert behaldarar til bruk for mat og drikke, både til kvardags og til fest. Si­dan dei alle er laga og dekorerte på forskjellig vis, kan arkeologar dele dei inn etter ulike kulturar eller tradisjonar. Og sidan gjenstandar som er laga av brent leire kan halde seg like fine i tusenvis av år, kan vi lage kronologiske seriar av dei ulike typane keramikk. Dette kallar vi typologi.

Finmaska datering

I Skandinavia er det laga typologiske seriar av stein-, keramikk- og me­tall­gjen­stan­d­ar. Bruken av keramikk strekkjer seg heilt frå den yngre stein­al­deren og opp til mellomalderen. Sjølv om vi no har fått mange fleire da­te­rings­me­todar å velje mellom, brukar arkeologar i Noreg framleis ty­po­lo­gi.

Det er fordi dei nye alternativa i mange tilfelle er for upresise, spesielt om ein ikkje har råd til å sende særleg mange prøvar til laboratorium med avan­sert utstyr. Slike analysar blir fort for dyrt for mange arkeologar rundt om­kring i verda, og det er derfor svært vanleg å bruke typologi på gam­le­må­ten saman med dei nye og avan­ser­te dateringsmetodane.

For romartida og folkevandringstida er arkeologane heldige med dei ty­po­lo­gi­s­ke seriane for keramikk. Desse er så finmaska at vi kan plassere ar­ke­o­logis­ke funn innanfor tiår. Men på midten av 500-talet tok det altså brått slutt i Noreg.

Lyst spannformet leirkar
Spannforma leirkar frå Suldal i Nord-Rogaland. Same type dekor vart også brukt på gjenstandar av edelt metall. Vi finn det på gullbrakteatar som er laga i same tidsrommet. Foto: Terje Tveit/Arkeologisk museum, Universitetet i Sta­van­ger/CC BY-NC-ND 3.0

Manglar skriftlege kjelder

Det manglar samtidige skriftlege kjelder frå folkevandringstida i Skandinavia. For å forstå kva som skjedde, har arkeologar sett til studie som er gjort for sei­nare historiske periodar og for moderne tid, også frå andre delar av verda.

Det tek lang tid å meistre handverk på eit så høgt nivå. Det er heilt av­gje­r­an­de at dei erfarne får overført kunnskapen sin til neste generasjon. Om ingen tek over, kan handverket døy ut.

Det er dette som ser ut til å ha hendt her i Noreg på slutten av fol­ke­van­drings­tida.

Kvifor var det ingen som overtok?

Men kvifor vart det til slutt slik at ingen overtok? Det kan tenkjast at det skjedde noko dramatisk, kanskje krig og uro har gjort at folk flytta på seg, anten frivillig eller under tvang. For eksempel veit vi at klimaendringar gjor­de 500-talet til ei vanskeleg tid

Vanskelege tider gjorde nok sitt, men mange spørsmål står enno uavklarte. Ikkje minst fordi det ser ut til at handverket var på veg nedover før ned­gangs­tid­ene byrja for alvor. Det ser med andre ord ut til at viktige for­kla­r­ing­ar er å finne i tida før klimaendringane for alvor gjorde seg gjel­dan­de.

Mykje tyder på at vi kan forstå betre kva som skjedde, om vi får tak på kva som gjekk føre seg inne på garden, korleis hushaldet og dagleglivet utvikla og endra seg i folkevandringstida. Eit viktig spørsmål her er kva som gjorde den eldre generasjonen av handverkarar så sårbar. Vart dei rekna som «fra­mand­folk» som heldt seg så mykje for seg sjølv at ingen fekk sjansen til å lære av dei?

For den yngre generasjonen kan det godt tenkjast at det var daglegdagse grun­n­ar som det er lett for oss i dag å kjenne oss igjen i. Større sam­funns­end­r­ing­ar kan nok ha medverka, og eit resultat ser ut til å ha vore at pot­te­ma­kar­hand­ver­k­et tapte status. Og sidan det var assosiert med ein ut­døy­an­de generasjon, var det nok ikkje lenger like aktuelt å lære seg.

Etter som åra gjekk, var ikkje det å lage keramikk lenger nokon naturleg del av dagleglivet på garden, slik det hadde vore i gamle dagar. Til slutt svann handverket heilt bort.

Emneord: Økonomi og teknologi Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. nov. 2023 13:44