print logo

Frå forbod mot homoseksualitet til lovregulering av homofilt samliv

Noreg gjekk på under 40 år frå å kriminalisere sex mellom menn til at ekteskap mellom to av same kjønn er blitt ei akseptert og vanleg samlivsform.

Homoseksualitet ikkje lenger eit straffbart forhold etter 1972

Homoseksualitet var lenge tabubelagt og straffbart  i Noreg. Oppheving av forbodet kom i 1972, då oppheving av paragrafane 213 og 379 i straffelova fjerna høvesvis forbod mot sex mellom menn og sambuarskap. Opphevinga av paragraf  213 kan forståast som eit teikn på gradvis oppmjuking i haldningane til homofili, og eit uttrykk for eit syn at den homofile ikkje kunne hjelpe for sin “tilstand”. Sjølv om styresmaktene såg det som urettvist å skulle straffe personar for forhold dei sjølve ikkje kunne rå over, skulle det likevel ta lang tid før ordningar for samliv for to personar av same kjønn blei diskutert.

Bilde av ei bok med tittelen §213 Nødvendighet eller onde?
DNF-48 ga ut debattbøker. Her er framsida på ei bok utgjeven i 1970. § 213 i Straffelova av 1902 hadde følgjande ordlyd: "Finder utugtig omgjængelse sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige eller som medvirker dertil, med fængsel indtil 1 aar. Med samme straf ansees den, som har utuktig omgjængelse med dyr. Paatale finder alene sted, naar det paakræves af almene Hensyn." Foto og kjelde: Skeivt arkiv

Styresmaktene fattar interesse for homofile sine levekår

Ein organisert homobevegelse vaks fram i Noreg frå 1950-talet. Frå tidleg 1970-tal tok den opp spørsmålet om ordningar for samliv for personar av same kjønn. Bevegelsen argumenterte ved resolusjon i 1973 for avskaffing av ekteskapet til fordel for lovgjeving som anerkjente mange ulike samlivsformer. Generalsekretær i Det Norske Forbund av 1948 (DNF-48) Karen-Christine (Kim) Friele lanserte i 1981 ulike modellar for lovregulering av samliv mellom to av same kjønn. Framfor fullstendig endring av lovverket som 1973-resolusjonen opna for, dreia spørsmålet seg gradvis over mot ei eiga regulering av parforhold mellom to av same kjønn.

Diskusjonane om samliv kom til å bli prega av ytre hendingar. Sjukdomen hiv/aids skapte frå det første norske dødsfallet i 1983 stor merksemd, særleg kva gjaldt enkelte delar av homomiljøet sine seksualpraksisar. Sidan stigma knytt til sjukdommen i all hovudsak blei retta mot homofile menn, førte homobevegelsen ei effektiv mobilisering med etablering av grupper som «Helseutvalget» som spreidde kunnskap om sjukdomen i samfunnet. Homobevegelsen si mobilisering førte til nærare dialog mellom bevegelsen og helsemyndigheitene, og auka merksemd retta mot homofile og lesbiske sine levekår i ein del av dei politiske partia.

Homobevegelsen går i tog for sine rettigheter
Homobevegelsen markerte seg i offentligheita. Her frå ein marsj i 1982. Karen-Christine (Kim) Fiele går foran med flagget til DNF-48. Foto: Ole A Buenget / Samfoto / NTB scanpix

Innføring av partnarskapslova skapte kontrovers

Statsminister Kåre Willoch si regjering – beståande av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet – lanserte og fikk vedtatt lov om «hustandsfellesskap» som gav rettigheiter knytt til avslutting av sambuarskap uansett forhold. Det vil seie at sambuande søsken og sambuande par av same kjønn var omfatta av same lov. Homobevegelsen så det som ei nedvurdering av parforhold mellom homofile og lesbiske. I 1989 vedtok Danmark ei partnarskapslov som regulerte parforhold mellom to av same kjønn, og same år oppretta DNF-48 og Fellesrådet for homofile og lesbiske organisasjonar i Norge (FHO) ei gruppe som arbeidde for å få fleirtal på Stortinget for ei tilsvarande lov i Noreg. 

Perioden frå 1985 til 1993 var prega av regjeringsskifter mellom borgarlege regjeringar utgått frå Høgre og Arbeidarparti-regjeringar. Spørsmålet om samlivsregulering for homofile par var prega av koalisjonspolitikk, og partnarskapsgruppa arbeidde hovudsakleg opp mot Stortingsgruppene til Arbeiderpartiet og Sosialistisk venstreparti, samt enkeltrepresentantar og grupper på borgarleg side. Då Noreg innførte lov om registrert partnarskap i 1993 som det andre landet i verda, var det med knappast mogleg fleirtal. Lova gav homofile og lesbiske par ekteskapsliknande rettar med unntak for adopsjon, assistert befruktning og religiøs vigsle.

Det var altså ikkje brei semje om lova korkje på Stortinget eller i samfunnet, og motstandarar peika gjerne på at likestilling mellom homofilt og heterofilt samliv bidrog til oppløysingstendensar i samfunnet.

Sjølv om dei skandinaviske partnarskapslovene ikkje regulerte spørsmålet om barn, understreka motstandarane at det neste steget kom til å bli adopsjonsrett for homofile og lesbiske par, samt rett til vigsle i kyrkja. Dette blei av motstandarane sett på som ei skadeleg utvikling som ville råke barn sin rett til ein mor og ein far, og svekke ekteskapet som privilegerte samlivsform.

Full juridisk likestilling med felles ekteskapslov

Lovendringsprosessen stoppa ikkje med partnarskapslova. Homofile og lesbiske par og familiar var i aukande grad synlege og bidrog til å skape anerkjenning av - og forståing for - at dei hadde barn. Vedtak om stebarnsadopsjon i 2001 – som gav moglegheit for dei som hadde inngått partnarskap til å adoptere partnaren sine barn – var eit uttrykk for dette.

Då Stortinget vedtok felles ekteskapslov i 2008 blei heterofilt og homofilt samliv likestilt med tanke på ekteskap, assistert befruktning og adopsjon. Reformene kan sjåast som uttrykk for at homofile og lesbiske sine evner til kjærleik og foreldreskap blei anerkjent på lik linje med heterofile sine evner. Det er verdt å merke seg at lovverket legg til rette for familiar utgjort av par – uansett kjønn – med felles barn. Det skillast altså ikkje mellom homofilt eller heterofilt samliv, men mellom måten samliv blir levd på. 

Religiøs motstand på vikande front

Vedtaket om partnarskapslova vekka større motstand enn då kjønnsnøytral ekteskapslov blei vedteken. Debatten etter 2008 blei retta inn mot trussamfunn som ikkje ville vigsle par av same kjønn, og Den Norske kyrkja – som sidan 1954 hadde vore ein viktig motstandar – og andre trussamfunn møtte stor kritikk. Debatten fokuserte på ulike tolkingar av ekteskapet. Motstandarane av kjønnsnøytral ekteskapslov argumenterte gjerne for ei tilbakeføring av lova slik den sto før 2008, ut frå ei forståing av ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne som grunngjeving.

Til tross for stor usemje om kva eit ekteskap er, vedtok kyrkjerådet i den norske kyrkja i 2017 ein ny vigsleliturgi som lar to personar av same kjønn inngå ekteskap i kyrkja. Kjønnsnøytral ekteskapslov ser ut til å stå støtt i det politiske miljøet, i majoriteten av den norske befolkninga, og i toneangivande religiøse miljø. Det indikerer at rett til å inngå i ekteskap og stifte familie, også for par av same kjønn, sjåast som ei viktig likestillingssak.

Av Birger Berge
Publisert 7. nov. 2017 14:11 - Sist endret 9. nov. 2017 10:41