print logo

Då fylkeskommunen vart demokratisert

Ikkje før i 1975 fekk nordmennene velje representantane til fylkestinga sine. I tiåra som følgde, skulle nye reformer gjere fylkeskommunens framtid uviss.

Ved valet måndag 15. september 1975 skulle veljarane i heile landet, bortsett frå Oslo og Bergen, for fyrste gong leggje to stemmesetlar i valurnene: ein blå og ein kvit. Den kvite setelen gjaldt kommunestyrevalet, den blå setelen skulle veljarane bruke til å stemme på sine kandidatar til det nye fylkestinget.

Langvarig debatt

Fylkes- eller amtstinget hadde rett nok sidan starten på det kommunale sjølvstyret i Noreg i 1837 vore den øvste myndigheit innanfor fylket (amtet). Fram til 1975 var fylkestinget likevel ikkje direkte valt. Dei av innbyggjarane som hadde stemmerett, valde kommunestyra, som i sin tur valde ordførar. På det årlege fylkestinget møtte alle ordførarane i fylket.

Kva plass dei lokale forvaltningsorgana skulle ha i det nasjonale styringssystemet, hadde vore debattert gjennom heile etterkrigstida. Innføringa av eit tredje folkevalt nivå, mellom storting og kommunestyre, hadde vore eit tema allereie i det omstridde lovforslaget «Lex Ulrik» frå 1955, med namn etter landets fyrste kommunalminister, Ulrik Olsen. Forslaget blei den gongen forkasta som for radikalt.

Frå ordførarvelde til partipolitikk

Det gamle fylkestinget tok viktige avgjerder på område som skulestell, kommunikasjonar, helsestell og kraftutbygging. Ei viktig side ved dei årlege møta var likevel at ordførarane i fylket fekk kome saman og kanskje løyse interne konfliktar i minnelegheit.

Samlingane hadde òg ein viktig funksjon som avbrekk frå dagleg slit i yrke og ordførargjerning. Vertskapsrolla for tinget, som varte ei vekes tid, gjekk på omgang mellom herada. Politikk – i tydinga partipolitikk – spela ein underordna rolle.

Sjølv om det var klår kontinuitet mange stader, og reine lokale motsetningar framleis kunne dominere ordskiftet på fylkestingsmøta, vart representantane etter 1976 valde frå partilister. Slik gjorde partipolitiske forhandlingar inntog i fylkespolitikken.

Desentralisering og demokratisering?

Dei nye vala til fylkestinget var del av ein gjennomgripande omlegging av det nasjonale styringssystemet. Den statlege fylkesmannen vart erstatta med den fylkeskommunalt tilsette fylkesrådmannen som øvste administrative leiar på fylkesnivået.

Fylkesmannens rolle blei endra, han skulle no fyrst og fremst fungere som statleg kontrollinstans, med ansvar for å følgje opp vedtak og retningsliner frå statleg hald. Dette nye, klårare skiljet mellom statleg og fylkeskommunalt forvaltningsapparatet var motivert av eit ønske om demokratisering og desentralisering av makta.

I åra fram mot reforma var fylkesnivået blitt pålagt stadig fleire samfunnsoppgåver, vidaregåande skular, samferdsel, helsevesen og regional planlegging var blant dei viktigaste. Etableringa av eit tredje folkevalt forvaltningsnivå var ein konsekvens av denne desentraliseringa av tunge fellesskapsoppgåver.

Vekst og uvisse

Den fylkeskommunale forvaltninga var i kraftig vekst dei fyrste tiåra etter opprettinga. Frå slutten av det 20. hundreåret har dette styringsnivået vore utfordra på mange vis. Ansvaret for viktige samfunnsområde var overført frå fylkeskommunen til andre instansar.

Og når det gjaldt omdømme, sleit fylkeskommunen: Ei spørjeundersøking i Telemark rundt tusenårsskiftet synte at berre 20 prosent av dei som budde i fylket, kunne nemne ei einaste fylkeskommunal oppgåve.

Med opprettinga av dei statlege regionale helseføretaka i 2002 blei ei av dei aller tyngste samfunnsoppgåvene flytta ut av fylkeskommunen. Idear om alternativ organisering av lokalforvaltninga, eit nytt regionnivå og/eller ei kraftig omstrukturering av kommuneinndelinga har kome frå mange hald og gjort fylkeskommunens framtid uviss.

Av Hege Roll-Hansen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 18. jan. 2016 15:47