print logo

Hundre års tystnad

Tida mellom år 550 og 650, den første fasen av me­ro­vin­gar­tida, blir gjerne omtalt som funnfattig. I denne pe­ri­od­en vart det merkeleg stilt. Den neste fasen med funn strekkjer seg frå om lag år 650. Kva i all verda skjedde i mellomtida?

Dei viktigaste kjeldene arkeologar arbeider med, som graver og restar etter hus og gard, er i stor grad fråverande i den første fasen av me­ro­vin­gar­tida. Det synest som viktig kunnskap om handverk og teknologi vart heilt borte. Mange små gardsbruk låg også forlatne. Med nokre unntak vende det meste tilbake, men i nye former.

Kunnskapen som forsvann

Mange viktige arkeologiske kjelder tek rett og slett slutt ved overgangen til merovingartida. Til dømes blir den storstilte produksjonen av jern som vi kjenner frå Trøndelag i romartida og folkevandringstida, heilt borte. Vi har ikkje særleg av spor etter jernvinne igjen før i andre halvdelen av 600-talet, og då var det ein heilt ny type teknologi som kom utanfrå.

Jernvinneanlegg. Grop i bakken, steinmurt på tre sider.
Det finst svært få spor etter jernvinne i den første delen av merovingartida. Derimot finst det mange eksempel på omnar frå eldre jernalder, slik som denne frå Heglesvollen på Levanger. Foto: Lars F. Stenvik/NTNU – Vitenskapsmuseet 

Omtrent samstundes forsvinn også keramikken. Leirkar til kvardagsbruk vart erstatta av kar skorne til av kleberstein, samt også til dømes dreia tre­kar, lagga bøtter og kar av borkenever. Behaldarar som er laga av organisk materiale, finn vi diverre berre om vi er heldige med gode be­va­rings­for­hold.

Heldigvis har vi til dømes viktige funn av runeskrifter som Eggjasteinen, som gjev viktig informasjon om språkutviklinga frå urnordisk til norrønt.

Pause i gullsmedhandverket

Ein viktig kjeldekategori som ein tradisjonelt meiner held fram frå fol­ke­van­drings­tida er metallhandverket, der overgangen i dy­re­or­na­men­tik­k­en frå stil I til stil II gjerne blir rekna som starten på me­ro­vin­gar­tida. Men ved nærare ettersyn ser ikkje dette biletet ut til å stemme heilt.

På Sørvestlandet, som var kjerneområdet for framstilling av gjenstandar i stil I, forsvinn gullsmedverkstadene med alle dei dyktige handverkarane ved slut­t­en av folkevandringstida. Også her går det nærare eit hundreår før gjen­stan­d­ar med stil II dukkar opp.

Sjølv om gjenstandar med stil II er funne på Åker i Hedmark ganske tidleg i merovingartida, var nok ikkje desse lokalproduserte. Dei har fleire klare lik­skaps­trekk med funn frå Vendel i Uppland i Sverige. Så det er mykje som tyder på at også lokal gullsmedproduksjon blir borte i eit hundreår i Noreg.

Tradisjonelt har denne tystnaden på hundre år blitt tolka som uttrykk for ned­gangs­tid­er. Men det er også sett i samanheng med ei omlegging av jord­bruks- og gardsstrukturen.

Konturane av noko vi kjenner

Kan det vere at vi er urettferdige overfor merovingartida som ein periode med mange og store endringar? Stirar vi oss blinde på kjeldekategoriane frå dei to funnrike periodane før og etter, folkevandringstida fram til år 550 og vikingtida etter år 800, slik at vi overser viktige kjelder som kan hjelpe oss med betre å forstå den perioden som ligg mellom?

Om nokre stemmer frå fortida no blir stumme, er det andre vi kan høyre kla­ra­re enn i tidlegare periodar. Ikkje minst gjeld det overgangen til norrønt språk og det at samfunnsmakta vart samla i færre og mektigare politiske sentra. Med norrønt og eit samfunn av småkongedøme på plass kring år 700 byrjar konturane av det vi seinare kjenner som kongedømet Noreg, å bli tyde­lege.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. des. 2015 19:26