print logo

Utviklinga av det havgåande seglskipet

Båtar frå graver og ofring i myrar i merovingartid fortel om både gravskikkar, heilage handlingar og teknologiske nyskapingar.

Mykje er sagt og skrive om dei store skipa frå vikingtida. Dei hadde mange par årer og kunne roast, slik vi også kjenner til frå eldre fartøy frå jern­al­der­en. Men i tillegg ser vi at båtane no vart utstyrte med mast for segl, og det vart vanlegare med havgåande skip.

Viktige steg i utviklinga mot det havgåande seglskipet vart tekne i hundreåra før vikingtida, spesielt i merovingartida. Vi har nokre få norske båtfunn som viser dette.

Svart-hvitt foto av en rekonstruert båt, lang og slank, med årer
Rekonstruksjon av Bårsetbåten frå Nord-Kvaløy i Troms. Båtrestane vart funne i ei myr i 1931. Foto: Olga Kvalheim/Tromsø Museum – Universitetsmuseet/CC BY-NC-ND 3.0

I merovingartida var det enno heller sjeldan å gravleggje rikfolk i båt, slik vi kjenner frå dei kjende vikingskipsgravene som Gokstad og Oseberg. Dei el­d­re båtane som vi finn i graver og nedlagde i myrar, kan fortelje om ut­vik­lin­ga før dei kjende vikingferdene. Men først må vi gå heilt tilbake til romartida og sjå nærare på ein av dei mest kjente jernalderbåtane i Norden, Nydambåten frå Nydam på Sønderjylland i Danmark.

Mellom Nydambåten og vikingskipa

Treverket til Nydambåten er årringsdatert til 310–320 (e.Kr.). Nokre tiår seinare, mellom 340 og 350, vart båten stykka opp og senka ned i eit vatn, som i dag er grodd att til myr. Nydambåten er bygd med klinknaglar av jern på ein kjøl­plan­ke av eik, og denne er i eitt stykke. Båten var kring 23 meter lang og 3,5 meter brei og hadde 18 par årar. Han hadde utvendig sideror, men ikkje segl. Det var med andre ord ein robåt.

I Noreg har vi to båtar som er rekna som overgangsformer mellom Ny­dam­bå­t­en og vikingskipa. I hovudsak er det på grunn av at botnplanken no vart betre utvikla og forsterka, slik at botnen kunne tole større vasstrykk. Så sjølv om desse båtane ikkje ber spor etter masteføring, så var grunnlaget lagt for å kunne byggje breiare fartøy som etter kvart kunne føre segl.

Holmedal og Kvalsund

Den første funnet er frå Holmedal i Fjaler i Sogn og Fjordane. Her fann ein båtrestar i ei grav frå tidleg i merovingartida. Båten var minst ni meter lang og hadde fem par årar.

Det andre funnet er frå Kvalsund, Herøy i Møre og Romsdal. Til forskjell frå Holmedalbåten, og til liks med Nydambåten, vart denne truleg ofra i vatn eller myr. Han er datert til litt seinare i merovingartida, til siste halvdel av 600-talet eller første halvdel av 700-talet. Kvalsundbåten var 18 meter lang og om lag 3,2 meter brei og hadde ti par årar.

Skipsgrava frå Avaldsnes

Storhaugfunnet frå Avaldsnes på Karmøy i Rogaland har blitt rekna som den eldste skipsgravlegginga i Norden. Skipet var dårleg bevart, men notat frå utgravinga i 1886 viser at kjølen var på nærare 22 meter. Skipet kan ha vore 26–27 meter langt og mellom 2,5-5 meter breitt. Fartøyet er rekna som det siste leddet i utviklinga av det reine roskipet i jernalderen.

Nyleg har det komme presise årringsdateringar av treverk frå skipet og anna utstyr i Storhaug-grava. Skipet ser ut til å ha vore bygd kring 770, og spor etter sjølve gravlegginga er datert til våren eller forsommaren (mai eller juni) i år 779.

Dermed var Storhaugskipet, som var laga for å bli rodd, berre nokre få tiår eldre enn Osebergskipet frå 820, som hadde mast og var seglførande. Skipet frå Storhaug var nok faktisk også litt større enn det frå Oseberg.

Denne samanlikninga av to skip som kan ha blitt bygde innanfor levetida til éin person, blir ekstra spennande når vi veit at dei også kan ha vore bygde i same område. Vi veit i alle fall at treverket til begge kjem frå Sørvestlandet. Kan ein ung gut som såg Storhaugskipet bli bygd, seinare ha vore med på bygginga av Osebergskipet som godt aldrande mann?

Frå myra til grava

Merovingartida var også ei brytingstid for bruken av båtar i samanheng med offer og grav. Funn frå romartida, som båten frå Halsnøy i Hordaland og den nemnde Nydambåten, var nedleggingar i myr. Som vi har sett, eksisterte slike offerskikkar også i merovingartida.

Dei tidlegaste gravene med båt er i all hovudsak funne i Sør-Skandinavia, og desse er frå romartida. Først frå folkevandringstida av byrjar båtgravene å bli meir utbreidde lenger nord. Tettast er dei funne i Uppland i Sverige, då spe­si­elt frå merovingartida på dei kjende gravplassane Vendel og Valsgärde, og langs norskekysten opp til Troms. Talet på båtgraver aukar i løpet av me­ro­vin­g­ar­ti­da, og spesielt i vikingtida.

Det ser dermed ut til at det i merovingartida har vore ei gradvis endring av korleis båten har inngått i kultiske seremoniar. Men tidlege eksempel på grav­leg­g­ing i båt, som Holmedal, og seine eksempel på offer av båt i myr, som Kvalsund, viser at vi må vere varsame med å forenkle for mykje. Nye og godt bevarte båtfunn som blir gravne ut med moderne metodar, vil med­ver­ke til å gjere biletet vårt av utviklinga i merovingartida klarare.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 13. sep. 2016 11:52