print logo

Runene i den tomme grava

Den lengste førhistoriske runeinnskrifta vi kjenner, vart funnen i Sogndal i 1917. Innskrifta viser at språket gjekk gjennom ei rivande utvikling frå slutten av 300-talet og fram til 600-talet.

Mange funn av flatmarksgraver – utan haug, røys eller andre ytre mar­ke­rin­g­ar – frå merovingartida er gjorde i den tida bøndene enno gjekk bak hesten og pløgde jorda. Ein merka då med ein gong om plogen støytte borti stein­hel­ler eller skar nedi groper. Det var nettopp dette som hende då gard­bru­k­ar­en på Eggja og son hans var ute og pløgde ein tidleg sommardag i 1917. Heldigvis ville sonen sjå nærare på steinen dei trefte.

Dei såg at steinhella hadde mange innrissa teikn, og kontakta museet i Ber­g­en. Snart var arkeologen Haakon Shetelig på plass. Og i september same året, etter innhaustinga, kunne utgravinga gjerast.

Den grunne grava utan lik

Ut frå måten grava var bygd opp på og gjenstandane i ho – eit eldstål av jern, ein eldflint og ein jernkniv – plasserte Shetelig grava som ei typisk manns­grav frå første halvdelen av merovingartida. Dateringa er understøtta av ein figur på sjølve steinen. Runene på steinen er rissa inn i to lange rader med ei kort rad imellom. Og mellom dei lange linene er det rissa inn fram­par­t­en av ein hest. Utforminga av hakepartiet på hesten er ka­ra­k­te­ri­s­ti­sk for kunst­ut­tryk­k­et på 600-talet, kjent som merovingarstil eller stil II.

Nedskjeringa til grava var svært grunn, ikkje meir enn 20–30 cm. Derfor er det tvilsamt om det var plass til eit lik, noko som har fått forskarar til å ten­kje at dette har vore ei tom minnegrav, ein såkalla kenotaf.

Kvifor lage ei grav om ingen vart lagd ned i ho? Og kvifor vende sida med ru­ne­skrift nedover? Var ikkje teksten meint for alle å sjå?

Innskrifta

Innskrifta er på heile 190 teikn. Språket er på vesentlege punkt det same som i gammalnorsk. Runene er likevel dei same som i den eldre runerekkja, futhark, med 24 teikn.

Runer hogget i stein
Delar av innskrifta på Eggjasteinen, som vart funnen på Eggja i Sogndal. Foto: Arild Finne Nybø, mediebruket.no /CC BY-SA 2.0

Det er uklart kva runeteikna betyr, og forskarane har gjennom tidene lansert fleire tolkingsforslag. Den første som arbeidde med innskrifta på Eggjasteinen, var runologen Magnus Olsen. Medan både dateringa og forklaringa til Shetelig har stått seg godt fram til i dag, har Olsens tolkingar av innskrifta vore gjenstand for stor debatt. I etterkant har særleg tre forskarar merkt seg ut: Lis Jacobsen i 1931, Gerd Høst i 1976 og Ottar Grønvik i 1985 og 1988. Grønviks tolking av innskrifta er i dag breitt akseptert blant forskarar.

Eggjasteinen vitnar om dei store språkendringane som førte til overgangen frå urnordisk til norrønt. Språket er stort sett det vi møter i eddadikt og skaldedikt, og kan kallast «eldre norrønt». Innskrifta er såleis eit prov på at språket gjekk gjennom ei rivande utvikling mellom Tunesteinen i Østfold, som er frå slutten av 300-talet eller rundt år 400, og fram til 600-talet. Det store spranget språket gjorde mellom dei to innskriftene frå Tune og Eggja, må dermed ha skjedd på under 300 år.

Ei ulykke til sjøs – der masta rauk?

Grønvik hevdar at runene skildrar eit forlis med båt, nærare bestemt eit rigg­ha­va­ri der materialet i masta har gjeve etter og ei stor bølgje deretter har slått over båten, slik at han kantra.

Men denne tolkinga føreset at mast og segl må ha vore introduserte i Noreg innan midten av 600-talet, og det er det ikkje arkeologiske bevis for. Sjølv om vi har fartøy datert til 700-talet som kan ha ført segl, finst det enno ikkje sikre prov på båtar som var fullt utvikla for segling, før i vikingtida, etter år 800.

Kven hylte over dei døde?

Gjenstandane som er lagde ned i grava, kan dermed ha tilhøyrt den eller dei som døydde. I tråd med tanken om ein kenotaf er siste delen av innskrifta tol­ka som ein formel som skulle verne grava, og som vart framført under sjølve gravlegginga for å ha verknad på det frammøtte bygdefolket. Den ma­gi­s­ke formelen var retta mot ei gruppe menn som var kjend og frykta for å hyle over dei nakne døde i gravene.

Uansett kor reelle desse hylande mennene var, viser innskrifta om dei til fø­re­stil­lin­g­ar om kva det var viktig å verne grava og den døde imot ved hjelp av innrissa runer. Det var ikkje kven som helst som sat med kunnskap og inn­sikt om skriftspråk og verneformlar. Var det nokon som hadde dette som si særskilde oppgåve i samfunnet, som kunne skrift og magi betre enn andre?

Skuggar av eldre sjamanisme?

Dette spørsmålet om kven som rissa, har komme litt i skuggen av spørsmålet av kva som vart rissa inn. Diskusjonen om rituelle spesialistar er det særleg arkeologar som har vore opptekne av. Den mest kjende tolkinga av denne ty­pen set grava og steinen frå Eggja i samanheng med sjamanisme.

Ifølgje arkeologen Bente Magnus, som støttar seg til Grønviks tolking av inn­skrif­ta, er det viktig å sjå steinen i samanheng med konteksten han vart fun­nen i: verneformelen vende nedover og ikkje opp mot folk som kunne lese han.

Dermed var innskrifta ikkje meint å skulle sjåast av dei levande, men retta mot krefter på den andre sida. Dette særskilte magiske aspektet ved grava viser til skuggane av eldre førestillingar, og desse kan sjå ut til å ha svunne bort saman med det eldre oldnordiske språket.

Magnus set Eggjasteinen i samanheng med den runekyndige erilen, ein slags seidmann eller sjaman som har leidd dei rituelle handlingane i lo­kal­sam­fun­n­et. Runeinnskrifter i fast fjell og på lause steinar og steinheller kan vise til ei gruppe spesialistar med visse evner innan magi og psykologi.

Eit unikt dokument

Ei slik tolking finn støtte i anna arkeologisk materiale frå dei føregåande de­l­ane av jernalderen i Noreg, som til dømes graver med klør og tenner av bjørn i tillegg til element av ikonografien vi finn i dyreornamentikken.

Eggjasteinen er eit unikt kulturhistorisk dokument. 600-talet er eit hun­dre­år vi elles veit relativt lite om, ikkje minst fordi vi har så få andre ar­ke­o­log­i­s­ke spor, som graver og restar etter langhus og gardsbusetnad.

Derfor er det spennande når språkvitarane, kunsthistorikarane og ar­ke­o­log­ane ser på det same materialet med ulike blikk. Då sit vi igjen med nokre nye gode svar, og mange nye interessante spørsmål.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 22. sep. 2016 14:58