print logo

Utvandringa – skapt av grunnlov, demokrati og lokalstyre?

Utvandrarane til Amerika skapte seg ein dobbel identitet. Norskamerikanarane slutta seg ikkje berre til det politiske og sosiale systemet i USA. Dei brukte også fridomen sin til å bli verande norske.

Eit anker saman med ordet «HOPE» er meisla inn i gravstøtta til Anna og Jens Hatlestad. Støtta står på North Cape Cemetery ved Muskego i Wisconsin. Jens døydde alt i 1855, berre ni år etter at heile familien hadde vandra ut frå garden Hatlastad i Skjold i Rogaland.

Ankeret og håpet er to fridomssymbol som også kan brukast som motiv­ramme for å leva seg inn i og prøva å forstå kvifor denne familien søkte til Amerika.

Fedrelandskjærleik og misnøye

Det var ikkje landet Noreg med barskt klima og streng natur emigrantane var misnøgde med når dei drog. Ingenting av dette baud på uovervinnelege eller avskrekkande hindringar for å skaffa seg utkome. Men i all fedrelandskjærleiken til emigrantane var det klare innslag av kritikk mot at det tok lang tid før alle grunnlovsfridomane blei verkeleggjorde.

Utvandringa kan tolkast som ein reaksjon på at revolusjonen i 1814 ikkje blei realisert på lenge. Somme hevda at det var dei ufrie forholda i landet som gjorde at folk vandra ut. Dette skjedde sjølv om ein sidan 1814 stadig hadde streka under «at Norge i enhver Henseende var det frieste Land i Europa».

Fotografi av folkemengde oppstilt foran en enkel laftet kirke
Trusfridomen i Amerika ga utvandrarane høve til å byggje kyrkjer og stifte kyrkjesamfunn som var forbodne i Noreg. Og i alle høve var kyrkja som regel den fyrste institusjonen dei norske emigrantane skipa seg imellom. Bildet viser Eidskogen kyrkje i Orrock i Sherburne County i Minnesota. Dei fyrste norske emigrantane som kom hit, kom i 1871, og allereie i 1873 var den fyrste kyrkjelyden i området stifta. Foto: Migrasjonsmuseet

Fridom og likskap

Ole Jensen Hatlestad, sonen til Anna og Jens, var både avisredaktør og kyrkjeleiar mellom nordmenn i USA. Ole redigerte ei tid rundt 1850 pioneravisa for nordmennene i USA, Nordlyset, som sitatet ovanfor er henta frå. Der skreiv også faren innlegg. Ein gong argumenterte han for at kjøpekontraktar ikkje kunne vera bindande for kona sjølv om ektemannen hadde signert.

Det var ikkje tilfeldig at dei norske snart gav ut sine eigne aviser i Amerika. Mangelen på det frie ord i Noreg i første halvdel av 1800-talet gjorde at ytringsfridom låg til grunn for mykje av emigrasjonen utover 1800-talet. I den store flokken som reiste over havet til Amerika, var det ei rekkje haugianarar, kvekarar og thranittar som ville koma seg unna politisk og religiøs ufridom. Dei vandra ut for å kunne ytra seg fritt. Utvandringa deira blei eit demokratisk korrektiv til Grunnlova.

Fotografi av forsiden til "Decorah-Posten", en norsk-amerikansk avis
Forsida av Decorah-Posten 5. januar 1897. Norske utvandrarar skipa tidleg aviser på morsmålet: allereie i 1847 kom Nordlyset, som Ole Jensen Hatlestad redigerte i ei tid. Decorah-Posten vart etter kvart ei av dei største avisene og hadde i 1950 meir enn 30 000 tingarar. Såleis kunne innvandrarane bli verande «norske»: avisa vart trykt med gotisk skrift fram til 1952 og heldt fram med å trykke substantiv med store forbokstavar til 1961. Foto: Migrasjonsmuseet

Misnøye

Nordlyset hylla verdiar som fridom, likskap og «Enighed». I det siterte innlegget frå Nordlyset, signert «C. C.» og med overskrifta «Et Tilbageblik paa ‘Gamle Norge’», blir det 25. mai 1848 ytra at 1814-grunnlova ikkje hadde løyst synderleg på dei banda som kvilte på vanlege folk.

Artikkelen stilte spørsmålet om kva som var årsaka til at så mange nordmenn hadde forlate sitt «gamle Hjem». Artikkelforfattaren meinte at den viktigaste grunnen var at dei ikkje var nøgde i heimlandet. Skribenten hevda at dei venta å få det betre i Amerika.

Det var den amerikanske fridomen som gjorde det betre å leva i USA. Utvandrarane sakna fridom og drog av den grunn.

Kart over Norge. Viser prosentvis utvandring fra Norge til USA fra ulike regioner i Norge.

Ikkje løyst frå Grunnlova

Hans Barlien emigrerte i 1837. Same året kom formannskapslovene, som utfylte Grunnlova for lokalsamfunna sin del. Barlien skreiv heim frå Amerika at ingen måtte tenkja at han såg seg som løyst frå den norske Grunnlova fordi om han hadde emigrert.

Barlien hadde vore stortingsmann frå Trøndelag dei første åra etter 1814. Han ville ta røysteretten frå embetsmennene fordi dei skulle vera tenarar for folket. I staden var han talsmann for kvinneleg røysterett, nesten hundre år før den vart innført.

«Nu kan jeg endelig ånde frit», skreiv Barlien heim etter å ha vandra ut. Han prisa særleg den religiøse fridomen. Agitatoren hylla også den amerikanske næringsfridomen og det liberale styresettet. Langt betre var forholda i Amerika enn heime i gamlelandet med «den saakaldte frie norske Forfatning».

Av Nils Olav Østrem
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 11. okt. 2016 10:26