Suget frå Amerika

Årsaka til den store norske utvandringa til USA var neppe særleg dårlege økonomiske og sosiale forhold. Det handla meir om kva USA baud på: sjenerøse borgarrettar, religiøs fridom og politisk deltaking – «and the freedom to remain Norwegian».

Ein sommardag i 1825 la ein liten farkost med 52 menneske ut frå Stavanger. Følgjet om bord på «Restauration» ville kryssa Atlanterhavet for å utvandra til Amerika. Mange av dei som la ut på ferda, sympatiserte med kvekarane og kjende seg forfølgde og kua for den religiøse trua si.

Å leggja ut på Atlanteren for å emigrera til USA er eit dramatisk oppbrot. I forskinga om utvandringa har det store spørsmålet vore: Kvifor drog dei?

Tegning som viser utvandrere i ferd med å dra fra gården: hender holdes og det tas avskjed
«Utvandring» av Adolph Tidemand, 1843. For mange, særleg i den fyrste utvandringstida, var oppbrotet eit endeleg avskil – om ikkje slektningar og vener følgde etter på eit seinare tidspunkt. Foto: Dag Andre Ivarsøy/Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design/CC BY-NC

Kor mange?

Nokre vil ha det til at til saman ein million nordmenn kan ha vandra ut frå 1825 til 1960. Nettotalet på emigrantar var ein del lågare, for i den siste utvandringstida kom mange tilbake til heimlandet etter å ha prøvd lykka i Amerika eller andre stader, mange også med stort hell.

Tilbakevandraren hadde med seg nye idear og tankar, kanskje den viktigaste av alle følgjene som utvandringa hadde.

Ventil og alternativ

For det norske samfunnet og menneska der var utvandringa både ein sikringsventil og eit valalternativ. Sikringsventilen tok av for folkepresset på 1800-talet, emigrasjonen endra dermed også vilkåra for dei som blei igjen. Berre i tida for masseutvandringa blei det frå 1865 til 1920 éin million fleire nordmenn.

Utvandringa gav folk fleire alternativ å velja mellom. Utvandring stod fram som eitt av mange flyttealternativ. Mange flytta frå bygda til ein ny by eller industristad, anten for godt eller som ein etappe på vegen ut or landet. Urbanisering, industrialisering og emigrasjon verka saman.

Frå familieprosjekt til singelfararar

Om vi ser på den sosiale bakgrunnen, var det helst dei meir velståande i bygdene, gardbrukarane, som utvandra først. Mange drog fordi dei ville føra vidare det landlege livet sitt. Husmennene blei igjen i gamlelandet – borna deira søkte inn til byane. Seinare reiste også mange av husmannsborna til Amerika.

I førstninga emigrerte familiar saman. Med tida tok enkeltemigrantane over, og i den siste delen av utvandringstida var det dei einslege unge utvandrarane som dominerte. Desse singelfararane var likevel ikkje isolerte individ. Ofte hadde dei band til tidlegare amerikafararar.

Mange av dei var kjedeemigrantar som hadde slektningar, vener eller kjenningar «over there». For mange av dei var billetten betalt på førehand av nettopp ein som dei skulle sameinast med på den andre sida av Atlanteren. Og under heile utvandringstida sende utvandrarane millionar av kroner tilbake til foreldre, søsken, slekt og vener heime.

Kvinner og menn frå by og bygd

Gjennom heile utvandringa til Amerika var mennene i fleirtal blant utvandrarane. Kvinnene valde helst dei norske byane. Etter kvart kom like fullt mange kvinner til å dra, også frå byane. Kvinnefrigjeringa gjorde at kvinnene frå ca. 1880 emigrerte som sjølvstendige personar, ikkje lenger som kone, dotter eller søster til ein mann.

Kart over Norge. Viser prosentvis utvandring fra Norge til USA fra ulike regioner i Norge.

Den norske utvandringa til USA tok til som eit bygdefenomen. Heile tida var bygdeutvandrarane flest i absolutte tal. Alt i 1870-åra var likevel utvandringa frå byane relativt sett større enn frå bygdene. Vel framme valde nordmennene prærien i staden for byen – knapt noka anna innvandrargruppe i USA var så ruralt orientert som den norske.

Modernisering og mekanisering

Emigrasjonen var ikkje noko enkelt og direkte resultat av den moderniseringa samfunnet gjekk gjennom på 1800-talet. Det var ingen automatikk i at moderniseringa skapte utvandring og dreiv folk til Amerika. Utvandringa førte i like stor grad til modernisering ved at store arbeidskraftsreservar blei borte, slik at ein måtte rasjonalisera. I jordbruket førte utvandringa til store endringar i den tradisjonelle drifta. Etter at det hadde vore overflod av arbeidskraft, gjorde utvandringa at arbeidskrafta blei dyr og vanskeleg å skaffa. Dermed førte utvandringa til ei mekanisering av jordbruket.

Kvifor dei drog

Utvandringa førte til at norske småsamfunn gjekk frå å vera lokaliserte kulturar til å bli utvandringskulturar. Kulturomgrepet, i så vid forstand at det også inkluderer økonomiske forhold, kan brukast til å forstå kvifor så mange utvandra.

Det var ikkje berre trusfridom utvandrarane søkte. Dei som følgde etter dei første, ville ha ein breiare fridom enn berre den religiøse. Mange drog likevel til Amerika av sine eigne, personlege grunnar: kjærleik, arbeid eller ønske om å koma seg unna ansvar og vinna seg eit større framtidsrom.

Emneord: Sosiale forhold, Norge i verden Av Nils Olav Østrem
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 16. jan. 2024 12:35