print logo

Frå fjord til fjell – og ned igjen

Gjennom heile jernalderen låg det rikdomar og lokka utanfor garden: ute på sjøen, oppe på fjellbeita og i høgfjellet.

Det varme klimaet i romartida, på 300-talet e.Kr., tillét at mange kunne flytte ut på smågardar som låg nærare rikdomane i utmarka. Men på slutten av folkevandringstida (400–550) vart mange gardar forlatne og blei liggjande aude for all ettertid.

Dei sentrale jordbruksområda i Noreg er langs Oslofjorden og i flatbygdene på Austlandet, på Lista og Jæren på Sørvestlandet, og i Trøndelag. Slik var det også i folkevandringstida. Då som no var nokre få rike jordbruksbygder spreidde mellom desse sentrale områda, men dei aller fleste andre stader gjorde den skrinne jorda det naudsynt å drive med ein god del andre ting enn berre å dyrke jorda. Det å halde husdyr som kyr, sauer og geiter gav både mjølk, kjøt, skinn og ull.

Ut frå garden

Men dagleglivet måtte breie seg langt ut over gardens grenser. Langsmed strendene sanka ein skjel, fjør og fugleegg, og ute på sjøen fanga ein fisk, sel og småkval. Oppe på små fjellgardar kunne husdyra beite om sommaren me­dan ein sanka inn vinterfôret, og der hadde ein også ein stad å bu når ein vann ut jern frå myrar i skog og fjell.

I skogen og på høgfjellet kunne ein jakte storvilt – i tillegg til mindre dyr og fuglar, og ein kunne plukke ville vekstar og bær.

Nye spor etter jegerar i fjellet

No på 2000-talet, etter som klimaendringane har gjort at isbrear i Jo­tun­heim­en trekkjer seg saman og blir mindre, har det komme fram hun­dre­vis av arkeologiske gjenstandar. Dei mange svært godt bevarte jakt­rei­skap­ane og kleda frå romartida og folkevandringstida vitnar om stor aktivitet i høgfjellet i desse periodane.

Men slett ikkje alt som folk hadde med seg av rikdom ned til låglandet, var til eige bruk. Aktiviteten utangards gav òg ettertrakta varer som ein kunne bru­ke i bytehandel, som dyrehuder, pels, horn og viltkjøt. Spor etter gamle fer­da­ru­ter over fjellet og naust langs kysten som har vore i bruk heilt ned i ro­mar­tida, vitnar om at folk og varer til bytehandel reiste både over land og til sjøs.

Naust og robåtar

Dei mange restane etter naust vi har frå romartida og folkevandringstida, i form av vollar av jord og stein til veggene, vitnar om eit maritimt samfunn der båten var eit viktig framkomstmiddel. Desse nausttuftene er oftast mel­lom 20 og 30 meter lange og har truleg vore vinterlagringsplass for fartøya.

Nausta er klart konsentrerte til Sørvest-Noreg, til kyststrekninga mellom Vest-Agder og Hordaland. Gjennom andre arkeologiske kjelder, som til dø­mes graver, veit vi at nausta ligg tettast i dei områda som etter alt å døme har vore sete for overherredøme, for leiarar som har kontrollert større område langs kysten.

Frå folkevandringstida har vi dei eldste klinkbygde båtane vi kjenner. Klink­bygd vil seie at saumen som held borda saman, er av metallnaglar. Det mest kjende båtfunnet vi har frå denne perioden, er frå Nydam på Jylland i Dan­mark. Denne båten er klinkbygd og har tollegangar til årer på begge si­der. Nydamtypen er med andre ord ein robåt. Båtar med mast til segl kjenner vi først frå merovingartida.

Opp til smågardane – og ned igjen

Utsiktene til å kunne gjere seg nytte av rikdomane i utmarka må ha freista dei som levde i tronge kår i dei store jordbruksbygdene langs kysten. Det er umogleg å få nøyaktige tal på kor mange som kan ha flytta ut og opp på min­dre gardar i romartida og første del av folkevandringstida, då klimaet var slik at ein kunne drive med jordbruk også på stader der jorda ikkje var så næ­r­ings­rik som på flatbygdene.

Men ei oversikt for Jæren i Rogaland viser at det i folkevandringstida var om lag 440 gardstun i drift. På tampen av perioden var dei gode tidene over. 500-talet var prega av klimakrise og uår for jordbrukarar, som ser ut til å ha trekt seg saman i område som gav betre og tryggare kår for dyrking og beiting.

Sjølv om mange heldt fram med gardsdrift utanfor flatbygdene og oppunder fjellet, verkar det som ein god del slike små gardar vart lagde aude. For Jæ­ren veit vi at 180 av dei 440 kjende gardstuna låg aude kring år 600. Mange av desse såkalla audegardane kan sjå ut til å ha blitt liggjande ubrukte for all ettertid.

Sjølv om det naturlegvis er lettast å sjå tilbaketrekkinga som stagnasjon og krisetid, har nyare arkeologiske analysar påvist at fleire av jorda kan ha vore dyrka og beita sjølv om gardstuna stod fråflytta og tomme. Ting kan dermed tyde på at jordeigedom etter folkevandringstida har vore på færre og rikare hender, og at jordbruket og husdyrhaldet kan ha blitt meir sentralstyrt.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 28. des. 2015 14:36