På slutten av folkevandringstida (400–550) skjedde noko som har fått fleire generasjonar av arkeologar til å undre seg. Gjennom ein 200-årsperiode kom det til mange dyktige pottemakarar, spesielt på Sørlandet og Vestlandet. Utover på 400-talet og særleg i første halvdel av 500-talet verkar det som det har eksistert fleire handverkarmiljø som var svært bevisste på at keramikken skulle halde høg kvalitet og sjå fin ut. Andre igjen prøvde å kopiere det dei laga, med varierande resultat.
Men i andre halvdelen av 500-talet tok det heile slutt. Så vidt vi veit, har ingen på Sør- og Vestlandet laga keramikk av slik kvalitet igjen på meir enn tusen år, tidlegast på 1700-talet.
Kva var det som hende? Korleis kan eit høgkvalitetshandverk som har eksistert i 200 år, bryte saman og forsvinne totalt på så kort tid? Dette er sjølvsagt spørsmål som arkeologar er opptekne av. Men hendingane på 500-talet har dimensjonar som gjer mysteriet endå litt vanskelegare å løyse. For når keramikken forsvinn, blir også eit viktig verkty for datering borte. Dessutan manglar vi skriftlege kjelder som kanskje kunne ha hjelpt oss litt på veg.
Keramikk = datering
Filmar frå Hollywood har brent fast nokre typiske bilete av arkeologen på netthinna vår. Eit slikt er av personen med kvit frakk og hanskar som står bøygd over gamle krukker og potteskår. Det biletet er nok både enkelt og gammaldags, men det er heilt riktig at slike granskingar er viktige. Før C14-dateringa kom på 1950-talet, var potteskår frå utgravingar den vanlegaste måten å datere funn på.
Folk har til alle tider laga og dekorert behaldarar til bruk for mat og drikke, både til kvardags og til fest. Sidan dei alle er laga og dekorerte på forskjellig vis, kan arkeologar dele dei inn etter ulike kulturar eller tradisjonar. Og sidan gjenstandar som er laga av brent leire kan halde seg like fine i tusenvis av år, kan vi lage kronologiske seriar av dei ulike typane keramikk. Dette kallar vi typologi.
Finmaska datering
I Skandinavia er det laga typologiske seriar av stein-, keramikk- og metallgjenstandar. Bruken av keramikk strekkjer seg heilt frå den yngre steinalderen og opp til mellomalderen. Sjølv om vi no har fått mange fleire dateringsmetodar å velje mellom, brukar arkeologar i Noreg framleis typologi.
Det er fordi dei nye alternativa i mange tilfelle er for upresise, spesielt om ein ikkje har råd til å sende særleg mange prøvar til laboratorium med avansert utstyr. Slike analysar blir fort for dyrt for mange arkeologar rundt omkring i verda, og det er derfor svært vanleg å bruke typologi på gamlemåten saman med dei nye og avanserte dateringsmetodane.
For romartida og folkevandringstida er arkeologane heldige med dei typologiske seriane for keramikk. Desse er så finmaska at vi kan plassere arkeologiske funn innanfor tiår. Men på midten av 500-talet tok det altså brått slutt i Noreg.
Manglar skriftlege kjelder
Det manglar samtidige skriftlege kjelder frå folkevandringstida i Skandinavia. For å forstå kva som skjedde, har arkeologar sett til studie som er gjort for seinare historiske periodar og for moderne tid, også frå andre delar av verda.
Det tek lang tid å meistre handverk på eit så høgt nivå. Det er heilt avgjerande at dei erfarne får overført kunnskapen sin til neste generasjon. Om ingen tek over, kan handverket døy ut.
Det er dette som ser ut til å ha hendt her i Noreg på slutten av folkevandringstida.
Kvifor var det ingen som overtok?
Men kvifor vart det til slutt slik at ingen overtok? Det kan tenkjast at det skjedde noko dramatisk, kanskje krig og uro har gjort at folk flytta på seg, anten frivillig eller under tvang. For eksempel veit vi at klimaendringar gjorde 500-talet til ei vanskeleg tid.
Vanskelege tider gjorde nok sitt, men mange spørsmål står enno uavklarte. Ikkje minst fordi det ser ut til at handverket var på veg nedover før nedgangstidene byrja for alvor. Det ser med andre ord ut til at viktige forklaringar er å finne i tida før klimaendringane for alvor gjorde seg gjeldande.
Mykje tyder på at vi kan forstå betre kva som skjedde, om vi får tak på kva som gjekk føre seg inne på garden, korleis hushaldet og dagleglivet utvikla og endra seg i folkevandringstida. Eit viktig spørsmål her er kva som gjorde den eldre generasjonen av handverkarar så sårbar. Vart dei rekna som «framandfolk» som heldt seg så mykje for seg sjølv at ingen fekk sjansen til å lære av dei?
For den yngre generasjonen kan det godt tenkjast at det var daglegdagse grunnar som det er lett for oss i dag å kjenne oss igjen i. Større samfunnsendringar kan nok ha medverka, og eit resultat ser ut til å ha vore at pottemakarhandverket tapte status. Og sidan det var assosiert med ein utdøyande generasjon, var det nok ikkje lenger like aktuelt å lære seg.
Etter som åra gjekk, var ikkje det å lage keramikk lenger nokon naturleg del av dagleglivet på garden, slik det hadde vore i gamle dagar. Til slutt svann handverket heilt bort.