print logo

Ny livsstil gav ny dødsstil

300 år før kristendommen vart innført i Noreg, hadde man­ge av aristokratiets kvinner og menn plukka opp korleis kristne på kontinentet skulle oppføre seg, og tok etter dei.

Kva tenkte førhistoriske menneske om livet etter døden? Kva kan måtane dei gravla sine kjære på, fortelje oss? Gode svar blir kanskje spesielt viktige for folkevandringstida (400–550), sidan folk på den tida praktiserte ulike måtar å gravleggje på, slik dei også hadde gjort i romartida.

Mangfaldig gravskikk

Det er ikkje uvanleg å finne graver der ein mann og ei kvinne er lagde ned i same steinkiste av kantsette heller. Mannen kan vere lagd ned ubrend, me­dan kvinna er kremert og gravlagd i ei urne av leire eller ein kjele av bronse – eller omvendt. Når eit sannsynleg ektepar er lagt ned på denne må­ten, vi­ser det at dei etterlatne hadde fleire alternativ. Men sjølv om grav­ene vitnar om eit mangfald av måtar å handsame dei avdøde på, er det likevel ein ten­dens det er vel verdt å merke seg.

Kar av bronse, bilde tatt i studio
Bronsekar av typen «vestlandskjele» frå Sola på Jæren i Rogaland. Foto: Terje Tveit/Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger/CC BY-NC-ND 3.0

Det går eit skilje i gravene midt i folkevandringstida, kring år 475, spesielt for kystområda frå Vest-Agder til Trøndelag. Frå tida før finn vi gjerne kre­ma­s­jons­gra­v­er der restane av den døde ligg saman med bjørneklør og brende dyrebein. Dette er tolka som trekk av eldre former for sjamanisme. Her sy­n­est det å ha vore eit medvite spel på det å viske ut skiljet mellom menneske og dyr og mellom kvinne og mann.

Frå tida etter kring år 475 finn vi i større grad ubrende graver. Det vart no mindre vanleg å bruke bjørneklør og brende dy­re­bein i gravene. Og det sy­nest klart at ein no skilde tydelegare mellom mann og kvinne.

Død og uro

Det er nok ikkje heilt tilfeldig at dette hende samstundes med at resten av Europa endra seg drastisk. Det vestromerske riket braut saman i år 476, og sidan reiste det kristne frankiske riket seg. Dei nye religiøse straumdraga på kontinentet kan også merkast i Sør-Skandinavia, spesielt utover på 500-talet.

Det synest som om sjølvoppfatninga i norrøne område vart påverka av kri­s­t­ne idear om at mennesket var skapt i Guds bilete og vesensforskjellig frå dyr. Oppfatningar av kropp og kjønn endra seg. Nye idear om menneskeverd og verdigheit fekk innpass i gravene, og det var ikkje lenger aktuelt å ty til sa­man­smel­tin­g­ar av dyr og menneske i gravene, i alle fall ikkje på dei same må­t­ane som før.

Mange slags gravspråk

For å forstå kva som hende midt i folkevandringstida, er det viktig å ha i tan­k­ane at døden kom tettare inn på dagleglivet til folk enn vi er vane med i dag. Vanlege menneske kjende til både innhaldet i og meininga med gravene, og ein kommuniserte direkte med guddommar og avdøde slektningar under ritual og seremoniar.

Gravhaugane var monument i landskapet som var uløyseleg knytte til folks minne om eldre generasjonar, og til dei verdiane og ideala som folk før dei hadde levd etter. Dermed var store, ruvande gravhaugar ei form for «ri­tu­ali­se­r­ing» av landskapet.

Ein rådande teori er at vi må sjå på grava og handsaminga av den døde som eit gravspråk. Grava var ein måte å vise fram den døde sine personlege ei­gen­ska­par på, sett ut frå dei skikkane og tradisjonane som folk helst skulle leve etter.

Ein ny tenkjemåte

Grava var ei scene der folk framstilte den døde slik dei ville at han eller ho skulle framstå. Det å gravleggje nokon var å lage ei idealisert framstilling av livet til den døde. Og ved å delta i eit gravfølgje vart ein mint om dei vik­tig­as­te banda mellom dei levande på den eine sida og dei døde og gud­dom­mane på den andre.

Spesielt gravene til dei rike og mektige synest å ville fortelje om kven den døde hadde kjent i livet, og kva guddommar ho eller han var sterkast knytt til. Og at den døde hadde levd ein bestemt type aristokratisk livsstil. Vi ser ein heroisert og idealisert versjon av den avdøde si stilling i livet. Vi har slik med ein slags dødsstil å gjere: Klesdrakta til den døde og dei nedlagde gjen­stan­d­ane viste til makt og prestisje. På dette viset knytte grava politisk tan­ke­gang saman med religion.

Året 500 markerer overgangen frå antikken til mellomalderen på kon­ti­nen­tet. Og sjølv om det enno skulle gå lenge før kristendomen kom til Skan­di­na­via, er det teikn som tyder på at mange her oppe har fått med seg kva som skjedde lenger sør.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 7. mars 2016 10:22