print logo

Garden i folkevandringstida

I folkevandringstida var garden ikkje berre staden der ein levde og arbeidde. Han var også ein måte å forstå verda på. Inndelingane i gardstun, innmark og utmark var eit spegelbilete av den norrøne mytologiske inndelinga i Åsgard, Midgard og Utgard.

I folkevandringstida (400–550) var livet på garden ordna etter det arbeidet som måtte gjerast ute på markene: såing og hausting og arbeidet med å bringe og hente dyr på beite. Inne på tunet trona langhuset, av og til saman med enkelte mindre bygningar, omgjeve av åkrar og enger. Her hadde ein kyr, sauer, gris og høns. Dette var innmarka.

Men arbeidet gjorde også at ein drog lenger bort, for å følgje kyr og sauer på sommarbeite, drive jakt og fiske, samle inn viltveksande planter, bær, nøtter og sopp, og for å vinne ut jern frå myrar til å lage verktøy og våpen av. Gar­den og innmarka var klart avgrensa frå denne utmarka, ofte med gjerde av stein eller ein skigard.

Flyfoto som viser konturene av en rekonstruert jernaldergård i landskapet, på et grøntareal. Boligfelt til venstre og i bakgrunn
Jernaldergarden på Ullandhaug i Stavanger vart rekonstruert på grunnlag av arkeologiske funn på same stad. På midten av 500-talet brann garden ned av uviss årsak. «Gard» tyder opphavleg «inngjerding», og her kan ein tydeleg sjå steingjerdet frå lufta. Foto: Terje Tveit/Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger/CC BY-NC-ND 3.0

Livet i langhuset

Langhusa kunne bli over 60 meter og var oftast delte i to: éin del for folk og éin fjøsdel. Husdyra måtte stå på bås om vinteren. Dette gav varme til huset vinterstid, men kravde også at ein planla klokt i førevegen ved å sanke inn fôr nok til å halde heilt til våren.

Det vanlegaste fôret var tørrhøy, men også lauv frå bjørk, osp og andre lauv­tre og skav av bork kunne brukast som vinterfôr. Som med beitinga fø­re­gjekk sankinga oftast nær garden. Det meste kom frå innmarka, men ein kunne òg dra lenger av garde, ut i utmarka og opp på fjellet. Dess fleire dyr ein hadde, dess lenger måtte ein dra, og dess meir arbeid måtte ein leggje ned.

Inne i bustaddelen av langhuset var det eldstaden ein trekte til, spesielt på mørke kveldar og om vinteren når det var mindre å gjere utandørs. I lyset og varmen frå eldstaden åt og drakk ein saman med familie og frendar, og ein dreiv med ulike handverk.

Aktivitet rundt eldstaden

Arbeidet rundt eldstaden var ikkje berre å lage og reparere nytteting som reiskapar og våpen. Arkeologar har bevis for at det i folkevandringstida også har vore veldig dyktige kunsthandverkarar rundt omkring på gardane. Spesielt gjaldt dette finsmedar som laga draktspenner og andre smykke av gull, sølv og bronse, i tillegg til tekstilhandverkarar og pottemakarar.

Fleire små gardar på 300- og 400-talet

Alle turane i utmarka gjorde at ein vart kjend med område som var rike på andre ressursar, som godt beiteland, fiskeplassar, jaktmarker for større dyr som rein, hjort og elg, og myrar der ein kunne utvinne det viktige jernet.

På slutten av romartida vart klimaet betre for jordbruk, og ein kunne no of­ta­re enn før leve av det ein sådde og hausta på mindre gardar. Dette var gjer­ne høgare oppe, i dalar og nærare fjellet. Ved å kombinere jordbruk med å utnytte alle dei rike naturressursane rundt seg hadde ein nok til både å over­le­ve sjølv og å byte til seg andre varer.

Utgravingar har vist at dei som levde på slike mindre gardar, ofte hadde spe­siali­sert seg på bestemte former for utmarksaktivitet, og at dei heldt ved like nære band til dei som budde i låglandet.

Gardar blir lagde aude på 500-talet

Men utover på 500-talet endra forholda seg. Klimaet var ikkje lenger gunstig for slike smågardar, og på kort tid vart mange lagde aude. Det ser ut til at folk igjen har trekt tettare saman i område som var betre eigna for jordbruk.

På Jæren i Rogaland, for eksempel, har ein rekna seg fram til at det på det meste var 440 gardar på 400-talet. Då folkevandringstida var over, låg minst 180 av dei aude.

Garden som ein måte å forstå verda på

Det at folk trekte tilbake til godt jordbruksland, viser kor viktig garden var i medvitet til folk. Gardslivet gav tryggleik i det daglege, til det å overleve. Men denne tryggleiken hadde òg med verdsbiletet i folkevandringstida å gjere.

For livet, ja, heile universet, var delt inn i sirklar som gjekk frå sentrum og utover. Eldstaden og gjestebodet – med måltid, drikke og samhald med ætt og frendar – var sentrum i langhuset, langhuset var sentrum på gar­den, gar­den var sentrum innangards, og utanfor gardens grenser av stein eller tre låg den utrygge, men også rike og spennande utmarka.

Med andre ord gav hus, gard, innmark og utmark folk noko konkret å tenkje med om abstrakte verdsbilete. Ringane utover spegla rett og slett kos­mo­lo­gien og verdsbiletet i folkevandringstida. Gudane levde i Åsgard, som var sentrum i verda. I ringen utanfor låg Midgard, der menneska budde. Og utanfor Midgard låg det kaotiske og farlege Utgard, der jotnar og vette heldt til.

Då er det kanskje ikkje så rart at bønder i folkevandringstida laga seg til med gjerde rundt innmarka. Ein ting var at dei var nyttige for å halde kyr og sau­er innanfor og borte frå dyrka jorde. Ein heilt annan ting var at ein ved gjer­det stod på randa av Midgard og skoda ut over sjølvaste Utgard – der kaos rådde, men også rikdom og spenning var å finne.

Av Per Ditlef Fredriksen
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 20. jan. 2016 15:58