Lekmannsrørsla

I siste halvdelen av 1800-talet vaks dei store folkerørslene fram. Den kristelege lekmannsrørsla var først ute. Denne rørsla skulle bli ein sterk motkultur i det norske samfunnet.

Rundt år 1800 reiste Hans Nielsen Hauge ein livskraftig opposisjon av lekfolk innanfor den norske kyrkja. Etter at konventikkelplakaten var oppheva i 1842, kunne lekfolket fritt skipe sine eigne organisasjonar. Ei rekke misjonsorganisasjonar blei oppretta; dei kom til å utgjere kjernen i ei lågkyrkjeleg rørsle med bedehuset som lokal møtestad.

Ytre og indre misjon

Dei første lekmannsorganisasjonane arbeidde for ytre misjon – eller «heidningmisjon», som det heitte i samtida. Formålet var å spreie det kristne evangeliet til ikkje-kristne delar av verda.

På 1850- og 1860-talet var det stadig fleire som tok til orde for å styrke kristendommen mellom eigne landsmenn. Dei såg at djupe endringsprosessar i samfunnet svekte kyrkja, og ville ha ei «gjenkristning» av det norske folket, ein indre misjon. Ved sida av forkynning har både ytre- og indremisjonen drive mykje arbeid av filantropisk karakter.

Indremisjonen stod for eit pietistisk kristendomssyn, med sterk vekt på syndsvedkjenning og faren for å «gå fortapt». Indremisjonens emissærar var bedehusets vekkingspredikantar. Den kristelege rørsla utvikla seg sprangvis, med massevekking som dynamisk drivkraft. Den første av tre store vekkingsbølger kan tidfestast til 1870-talet, ei ny og større bølge kom i tida kring førre hundreårsskiftet, den tredje i mellomkrigstida.

Kristeleg foreiningsliv

Dei store folkerørslene fekk skiftande gjennomslag rundt om i landet. I grove trekk kan vi skissere eit bilde der lekmannsrørsla særleg vann fram i kyststroka på Sør- og Vestlandet, mens Austlandet og Trøndelag blei eit kjerneområde for arbeidarrørsla. Dette kulturgeografiske skiljet kom også til syne i varierande oppslutning om politiske parti.

Kven var det som slutta opp om den lågkyrkjelege rørsla? Hovudmønsteret er at foreiningar og lag på bygdene spegla den jamne befolkninga, med stort innslag av bønder. I byane og på tettstader var det mellomklassa som dominerte. Folk frå arbeidarklassa søkte heller mot frikyrkjelege trussamfunn.

Kvinner i foreiningslivet

Bedehusets gav rom for eit mangfelt foreiningsliv, knytt til både ytre og indre misjon. Organisasjonane hadde retningslinjer som skulle sikre demokratiske prosedyrar på alle nivå, men lenge var det slik at berre menn hadde fulle medlemsrettar.

Kvinnene utgjorde fleirtal av medlemmene i kristelege organisasjonar. Gjennom innsats i eigne handarbeidsforeiningar var det også dei som sikra det økonomiske grunnlaget for verksemda. Det norske misjonsselskap (NMS) var rett nok tidleg ute da dei gav kvinnene stemmerett i 1904 – eit snautt tiår før vi fekk allmenn statsborgarleg stemmerett i Noreg. Men enno i dag er det kristelege organisasjonar som ikkje gir kvinnene fulle medlemsrettar.

«I kyrkja, med kyrkja, men aldri under kyrkja»!

Bedehusfolket gjekk gjerne til gudsteneste, men dei la ikkje skjul på at dei såg seg som forvaltarar av ein «reinare» og «sannare» kristendom enn den dei jamt over møtte i kyrkja. Når dei fylka seg i ulike organisasjonar, kan dette langt på veg forklarast ut frå ulike syn på kyrkja som religiøs autoritet.

Framfor alt stod det strid om tilhøvet til presteskapet, men motsetningane galdt også ulike syn på kva plass og kva form dei pietistiske appellane om vekking og omvending skulle ha i forkynninga. Avstanden mellom det vi kan kalle ei kyrkjenær fløy og ei meir ytterleggåande lågkyrkjeleg fløy, har til tider skapt sterke spenningar innanfor rørsla. På den andre sida har dei såkalla Geilo-møta og seinare samarbeid gjennom Organisasjonenes Fellesråd verka til å bygge bru mellom fløyene, slik at «kristenfolket» kunne stå meir samla i kulturpolitiske spørsmål.

Lekmannsrørsla hadde si stordomstid i hundreåret ca. 1870–1970. I eit meir sekularisert samfunn med ein meir pluralisert livssynsmarknad, mista vekkingskristendommen appell. Medlemstalet i kristelege organisasjonar har i seinare tid gått sterkt tilbake.

Emneord: Kultur og religion Av Bjørg Seland
Publisert 25. nov. 2015 12:00 - Sist endret 19. des. 2023 15:01