print logo

Norsk politi under andre verdskrig

Forsøket på å gjera norsk politi til ivrige nazistar under andre verdskrig lukkast berre delvis. Politiet bidrog likevel sterkt til forfølging av utsette grupper.

Frå første dag av den tyske okkupasjonen samarbeidde norsk politi tett med okkupanten for å oppretthalda lov og orden og minska konfliktar mellom befolkninga og okkupasjonsstyrkane.

Forsøk på nazifisering

Etter «nyordninga» 25. september 1940, vart politiet så utsett for ein formidabel offensiv. Etaten skulle styrkast og politifolk bli motiverte forkjemparar for nazismen. I front for tiltaka sto Jonas Lie, respektert politimann og leiar for det nyoppretta Politidepartementet. Bak Lie sto Heinrich Himmler og hans SS, med store planar for norsk politi.

Resultata av offensiven var på papiret betydelege: Norsk politi vart reorganisert etter tysk mønster, og eit spesielt politisk politi, Statspolitiet, vart oppretta under leiing av ein radikal nazist, Karl A. Marthinsen. Svært mange politifolk følgde Lie si sterke oppmoding om å bli medlem av NS. I 1942 var rundt 30 prosent medlemmar –  langt meir enn i nokon annan offentleg etat.

Svart/kvitt-foto. om lag 30 menn står utanfor eit bygg som på grunn av dei svært lett gjenkjennelege garde-buene, ser ut til å vere slottet. Dei flese er i uniform.
Framtredande personar i NS og norsk politi utanfor slottet i september 1944. Frå venstre i framre rekke ser me Jonas Lie, Vidkun Quisling og Karl A. Mathisen. Foto: ukjent/Arbeiderbevegelsens arkiv og bibilotek/CC BY-NC-ND

Mistrudd etat

I praksis nådde likevel ikkje dei nazistiske leiarane måla dei hadde sett seg. Mange politifolk vart verande skeptiske til nazismen. Haldningane hos norske politimenn under krigen kan såleis delast inn i fire kategoriar:

  • Overtydde nazistar, som for fullt gjekk inn for den nye politikken og ofte med stor iver forfølgde politiske motstandarar.
  • Opportunistar, som på papiret støtta systemet, men primært var motiverte av auka status for seg sjølv eller etaten, heller enn nazistisk overtyding.
  • «Upolitiske» politifolk, som utførde ordrar utan å uttrykka støtte til det nye nazistiske systemet, men heller ikkje dreiv  systematisk motstand.
  • Motstandsfolk, som brukte politistillinga si til dømes til å varsla om komande arrestasjonar, laga falske dokument og lekka informasjon om tyske planar.

Spennet i haldningar hos politifolka var godt kjent for både tyske og norske politileiarar. Dei søkte difor å fjerna sine ivrigaste motstandarar frå politiet sine rekker, og nazistar vart forfremma og rekrutterte.

Innrammet oppslag i svart/hvitt. Oppslagsteksten advarar mot aktivitet som er imot det tyske rikets interesser. Det blir opplyst om dødsstraff for all aktivitet som støtter fienden eller flukt til England. Oppslaget er signert politimesteren i Arendal 18. mars 1943.
Advarselsplakat signert politimeisteren i Arendal, Trygve Gårdbo. Gårdbo melde seg inn i NS i 1940 og var politimeister i Arendal i perioden 1942–1944. Foto: Aust-Agder museum og arkiv – KUBEN

Overvaking og straff

Det var likevel aldri nok kvalifiserte nazistar å ta av til å gjera etaten fullt ut påliteleg sett med tyske auge. Dette var éin av grunnane til at Gestapo overvaka mykje av arbeidet norsk politi dreiv, og sjølv tok hand om alvorlege saker mot norske motstandsfolk.

I august 1943 kom mistilliten på tysk side til det norske politiet fullt til uttrykk. Litt under 500 norske politifolk vart arresterte. 271 av dei vart sendte til leiren Stutthof, kor tyskarane gjorde eit fåfengt forsøk på å gjera dei til nazistar. Påskotet var at politifullmektig Gunnar Eilifsen hadde nekta å bidra til arrestasjon av kvinner som ikkje hadde møtt til tvungen arbeidsteneste. Han vart så skoten til skrekk og åtvaring.

Dødelege ordrar

Norsk politi deltok likevel aktivt i forfølginga av utsette grupper. Det var svært sjeldan at politifolk ope nekta å utføra ordre, då dette  vart sett på som både risikabelt og til dels fåfengt. Politiet utførte såleis arrestasjonar av krigsfangar og politiske flyktningar, protesterande lærarar og ikkje minst mange norske jødar.

Dei fleste av dei arresterte norske jødane vart seinare drepne i konsentrasjonsleiren Auschwitz. Det meir politisk pålitelege Statspolitiet var hovudansvarleg for desse aksjonane, men òg folk i det resterande politiet deltok.

Svart/kvitt-foto av 20-30 menn i politiuniform oppstilit i ei trapp.
Norske politimenn ved tilbakekomst frå politikurs i Berlin, 1942. Foto: ukjent/Norsk Hjemmefrontmuseum

Oppgjer

Politiet måtte etter krigen etterforska sine eigne. 2200 av 4500 vart suspenderte, mellom anna på grunn av NS-medlemsskap. Politifolk som vart vurderte til å ha ytt hjelp til landsmenn og ikkje ha gjort seg skuldige i alvorlege brotsverk eller nazistisk agitasjon, fekk ofte fortsetta i etaten. I alt fekk 1200 av dei suspenderte halde fram som polititenestemenn, fleire av dei under sterk tvil.

Sju politimenn vart avretta etter krigen for å hatt ansvar for drap og tortur.

Av Øystein Hetland
Publisert 9. apr. 2016 00:01 - Sist endret 27. aug. 2016 13:51