print logo

Norgeshistorie.no: god kunnskap i ny kanal

Velkommen til Norgeshistorie.no, ein ny og unik portal om norsk historie og forhistorie. Her vil du finna eit vell av kunnskap, frå sakkyndige fagfolk. Alt er lagt i moderne digital innpakking og alt er fritt tilgjengeleg!   

Forgrunn: beitemark, sauer. I bakgrunn plattformdekk og lange plattformbein

Plattformen Troll A slepes forbi Rennesøy i Boknafjorden. Foto: Pål Christensen/Stavanger Aftenblad

Vil du forstå ei hending, treng du bakgrunn for ei historieprøve, eller har du rett og slett lyst til å lesa spennande tekstar? På Norgeshistorie.no finst over 500 artiklar om samfunn og kultur, fordelt på nitten periodar frå steinalderen til i dag. 

Er det vikingtida som interesserer, den nyaste forskinga om 1814, eller tekstar om vår eiga samtid? Her finst inngåande artiklar som skildrar store og viktige trekk ved alle epokar. Vil du lesa om forhistorisk festing, fortidige klimakriser eller korrupsjonshistorie i Noreg? På Norgeshistorie.no finn du gode forteljingar sett inn i ein større kontekst. 

Solid fagleg kunnskap

Her finn du eit mangfald av høgkompetent historisk spesialkunnskap du ikkje vil finna nokon annan stad. Forfattarane hos Norgeshistorie.no skriv om tema dei kjenner inngåande, som handlar om akkurat det dei forskar på. Det heile er lest og etterprøvd av ekspertar på fagfeltet. 

Norgeshistorie.no er blitt til ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ved Universitetet i Oslo, og forfattarane kjem i første rekke her ifrå. Her kan vi ikkje alt, men det vi kan, kan vi veldig godt. Nokre stader har vi henta inn spesialkunnskap frå fagfolk utanfor UiO. Det vil vi halda fram med, allereie no er det fleire nye artiklar som er under arbeid.

Mange historikarar og arkeologar ved IAKH har medverka med sin forskingskunnskap. Dessutan har vore heldig nok til å få ei rekke bidrag frå arkeologar ved Kulturhistorisk museum. I større grad enn tidlegare verk av same sjanger, kan Norgeshistorie.no skryta av å presentera den norske forhistoria i fagleg bredde.

Nærbilde av lærsko, sammensydd av lærrem
Bronsealderskoen funnet ved Kvitingskjølen i Jotunheimen. Foto: Vegard Vike/Kulturhistorisk Museum/Universitetet i Oslo/CC- BY-SA 4.0

Eit noregshistorieverk

Det er ikkje første gang norske historikar skriv eit breitt verk om norsk historie frå forhistoria til i dag. Sidan P. A. Munch skreiv Det norske Folks Historie i åtte band frå 1851‒1863 er det blitt gjeve ut ei rekke slike mangebandsverk. Fleire er resultat av samarbeidsprosjekt mellom leiande fagfolk, som Norges historie fremstillet for det norske folk, skrive av seks historikarar mellom 1909‒1917. Slik har ny kunnskap blitt gjort tilgjengeleg for nye generasjonar. 

Det er likevel første gong så mange skriv eit slikt verk. På norgeshistorie.no møter du i dag bidrag frå 100 skribentar, og fleire skal det bli! Det er ikkje éi røyst som styrer forteljinga hos oss, men dei mange stemmene i fagleg samtale. Du finn ikkje ein planlagt konsensus her, men ulike oppfatningar og fortolkingar, slik forskinga er.

Mange gode historier

Her vil du finna artiklar av to typar. Den eine er artiklar skrivi over same tematiske lest for alle periodar, med tema som «teknologi og økonomi» og «kommunikasjon og kunnskap». Slik kan du følga eitt og same tema frå dei tidlegaste tider til no. Det skaper lange liner, og viser korleis til dømes ordninga av hus og heim har endra seg opp gjennom historia, med artiklar som «Bronsealderbøndenes hus» og «"Husmorparadiset"».

Fotografi av kvinne med forkle foran elektrisk komfyr
Husstell i 1957. Foto: Byhistorisk samling/Oslo Museum/CC BY-SA

I kvar periode kan du så gjera djupdykk med artiklar om hendingar og forhold for den spesifikke perioden ‒ forteljingar som samtidig lèt seg forstå bedre i lys av våre tematisk ordna artiklar. Her får du gode forteljingar om viktige og interessante tema.

Alle artiklar har likevel same form, slik det særeigne og det allmenne går saman i historiske forklåringar. Her kan du såleis lesa om «Hevn: kaoskraft eller etisk forpliktelse?» i høgmellomalder, og halda han opp mot «Politikk og etikk» frå same periode.
 
Lista over tema er ikkje uttømmande, sjølv om fleire artiklar vi komma til. Vi vil ikkje bli eit leksikon. Men vi trur dei gode forteljingane frå dei stødige stemmene vil vera spennande lesestoff som gjer det enklare å forstå vår felles historiske fortid. 

Moderne nettstad

Norgeshistorie.no står i ein lang tradisjon som den literære sjangeren norgeshistorie. Men som type er det sjølvsagt òg noko nytt: ein nettstad som fungerer og ser ut som ein nettstad skal gjera i dag. 

På nett er vi som lesarar vant til å møta tekstar i ei anna form enn mellom to permar. Norgeshistorie.no har tatt konsekvensen av dette. Her finst difor korte og poengterte artiklar, som held seg til tema, utan å nedprioritera det litterære. 

Nettet gir oss òg andre moglegheiter til å ordna og visa stoffet. Her er det ikkje innhaldsliste og register, men ei klikkbar tidsline som leier deg vidare til ulike artikkelrom. Slik historia kan bindast saman med nærliggande hendingar, har vi dessutan kopla saman våre artiklar med klikkbare lenker.

Lenker og illustrasjonar

Undervegs i artiklane kan du slå opp særlege fenomen, historiske uttrykk og biografiske opplysingar via lenker til eksterne oppslagsverk. Dessutan leier interne lenker vidare til andre artiklar som handlar om særlege fenomen nemnt i teksten. 

Nedst i artikkelen finn ein tips om andre artiklar som ein kan lesa om ein fann ein tekst interessant, eller tilrådingar til litteratur, lenka til digitale versjonar, der dei finst. Her vil du òg ofte finna lenker til eksterne ressursar. 

Nettstaden er rikt illustrert. Dei fleste tekstane har allereie no bilete som utdjuper og lyser opp artiklane, alle nøye plukka ut av våre biletredaktørar. Kva med dette veggmaleriet frå Rygistua i Heddal til dømes:

Maleri på laftet vegg. Bildet viser to bønder som drar hverandre i skjegget, og en tredje som styrtdrikker en mugge med drikke
Detalj fra veggmaleri i Rygistua i Heddal, malt av Olav Hansson i 1782. Foto: O. Væring Eftf. AS

Her finn du dessutan ei rekke kart som forsterkar forteljingane. Vi synest dei er fine sjølv, og veit at du gjerne kan tenka deg fleire. Difor vil vi halda fram med å pynta artiklane våre med god grafikk.

To kart, begge gjev att Norge. Viser prosentvis stemmefordeling for og i mot medlemskap i EF og EU i 1972 og 1994
Kart over avstemmingane om EF/EU i 1972 og 1994. 

Din kanal

Norgeshistorie.no er som våre nemnte forgjengarar både for og om det norske folk. Det nyttast store summar på forsking over statsbudsjettet kvart år. Kunnskapen ho gir dannar grunnlaget for å forstå samfunnet vårt og bygga det vidare. Med Norgeshistorie.no skapar vi ein stad der alle kan få tilgang på kunnskap frå norsk historieforsking, heilt fritt.

Norgeshistorie.no er laga for å nyttast. Kvar artikkel har difor funksjonar for utskrift, sitering og deling. Har du noko på hjartet, kan du dessutan enkelt senda oss ein e-post. Vi er mange som har laga denne nettstaden i lag. No gir vi han til deg.  
 

Av Øystein Lydik Idsø Viken
Publisert 1. des. 2015 16:18 - Sist endret 31. aug. 2017 14:06