print logo

Likestilling, kjønn og rammene rundt livet

8. mars-parolane rettar år etter år kritiske spørsmål til førestillinga om det likestilte Noreg. Mange hevdar at kjønnet du vert fødd med framleis set grenser for kva du kan gjere, kva du kan bli og kven du kan vere.

Foto. Demonstrasjonstog, fokus i motivet er parolen Fri abort som bæres av to kvinner.

Kvinner og menn demonstrerer for tilgang til fri abort i 1. mai-toget i Oslo, 1968. Foto: Ukjend/Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek/CC BY-NC-ND

I historien har kjønn både skapt mogleikar og sett grenser for livsutfalding i Noreg. Grensene mellom det kvinnelege og mannelege har ofte vore tøyelege og blitt endra etter kva samfunnet har hatt behov for. Til nokre tider kan det verke som om grensene har vore nesten fråverande, til andre har dei vore lovfesta og gripe inn i dei fleste sider av livet.

Norgeshistorie.no finn du ei rekke artiklar som rører ved likestilling, kjønn og rammene rundt livet. Her har me samla utdrag frå nokre av dei:

Den likestilte steinalderen?

Om lag 90 prosent av dagens registrerte jegerar i Noreg oppgjev å vere menn. Og det er fort gjort å tenke seg at jakt alltid har vore mannens domene.

Denne førestillinga var førande då svenske arkeologar i 1939 fann eit 9000 år gamalt skjelett. I grava fann dei også jakt- og fangstutstyr, og dei kunne dermed slå fast at det var leivningane etter ein mann frå steinalderen dei hadde funne. På 1970-talet viste analysar av bekkenet at den 9000 år gamle jegeren var ei kvinne som i tillegg til å drive med jakt og fiske, også hadde født opp mot ti born.

Skjelett i betonggrop, rester av pil ved skjelettet
Funnet av det 9000 år gamle skjelettet etter kvinna frå Barum kan takast til inntekt for at også kvinner dreiv med jakt og fangst i steinalderen. Foto: Statens historiska museum, Stockholm/CC-BY-2.5

Kvinne, mann og bjørn

I gravene frå første del av folkevandringstida ser ein ofte at menn og kvinner er gravlagde i same grav. Ein finn også gjerne bjørneklør og rester etter dyrebein i gravene. Denne gravskikken vitnar om ei sjamanistisk fortolking av døden og livet der grensene mellom kvinne og mann og menneske og dyr er viska ut.

I andre halvdel av folkevandringstida, etter år 475, ser ein så at denne type samanblanding avtar. Restane etter dyrebein og bjørneklør er no sjeldan å finne i gravene, og kvinner og menn er i  aukande grad gravlagt på forskjellig vis. Endringa vert sett i samanheng med påverknad frå kristent tankegods lenger sør i Europa der skiljelinene mellom dyr og menneske og mellom kvinne og mann var klårt teikna opp i eit hierarki som er gjeve av Gud.

Faderen den allmektige

Samfunnet på 1500- og 1600-talet kan med god grunn karakteriserast som eit farsvelde. Det strengt lagdelte samfunnet var i denne tida kjenneteikna av at makta låg hos ein beskyttande og tuktande far: Far i himmelen, far på trona, faderen på preikestolen eller far i stova.

Å gjere opprør mot fedrane var synd og førte med seg straff i ulike styrke alt etter kva far ein fornærma. Fornærma ein Gud eller konge var straffa døden. Sette ein seg mot fedrar på lågare nivå var straffa hakket mildare, men framleis streng.

«Mot naturens egen orden»

1700-tallets opplysingstid og politiske revolusjonar førte med seg tankar om at mennesket i seg sjølv hadde verdi uavhengig av kva stand ein var fødd inn i. Tanken om at menneska var likeverdige vart nytta som argument for at alle også skulle ha same rettar og pliktar.

Blant opplysingstenkarane var det fleire, både kvinner og menn, som meinte at den moderne likskapstanken også inkluderte kvinner. Slike tankar vart i Noreg først og framst tenkt på som villfarne idear frå sør, og då Grunnlova vart vedteken i 1814 var det mest grunnleggande kriteriet for å ha stemmerett at du var mann.

Lang ut på 1800-talet vart tankegods og saker som fremja økonomisk likestilling og politiske rettar for kvinner – kvinneemansipasjon - avvist som tema i Stortinget. Det heile stridde «mot naturens egen orden».

Stor forsamling av kvinner stilt opp på ei scene for forografering.
Landskvinnestemmerettsforeningen, stifta i 1898, var éi av fleire foreiningar som arbeidde for stemmerett for kvinner. Her frå eit møte på Lillehammer, ukjend dato. Foto: Alvilde Torp/Nasjonalbiblioteket/CC PDM

Stemmerett til alle

Grupperingane som kjempa for politisk likestilling og stemmerett for kvinner gjorde seg i aukande grad gjeldande mot slutten av 1800-talet. Frå 1880-åra vart kravet om allmenne borgarrettar og likebehandling på linje med menn eit diskusjonstema som for alvor tok plass i den offentleg samtalen.

Nokre kvinner utfordra også dei symbolske grensene som var trekte opp mellom menn og kvinner ved å gjere typiske «manneting» som å røyke sigar, drikke toddy og ta seg ein sykkeltur.

Då norske menn fekk alminneleg stemmerett i 1898 vart det tidlegare stengte vindauget for kvinnenes stemmerettskamp for alvor sett på gløtt. Reglane for kven som kunne stemme vart stadig utvida i åra som følgde. I 1913 vedtok eit einstemt storting at norske kvinner skulle få stemmerett på same vilkår som menn.

Fotografi, kvinner i demonstrasjonstog med fane med påskriften: Women of Norway vote, are women of New York inferior?
At kvinner i Noreg hadde fått innvilga stemmerett på lik linje med menn inspirerte grupperingar i andre land som kjempa for det same. Her frå eit demonstrasjonstog i New York i 1913, der norske kvinner viste si støtte til amerikanske kvinners rett til allmenn stemmerett. Foto: Arthur Gran/Norsk Folkemuseum/CC BY-NC-ND

Opprør og frigjering

1960-talets kvinneopprør skylte over landet kunne fleire av saksområda kvinnene demonstrerte mot sporast heilt tilbake til 1800-talets sakslister. Den nye kvinnerørsla bestod mellom anna av kvinner som gjennom oppveksten hadde fått høyre at det norske samfunnet var likestilt, at utdanning og arbeidsvilje ville føre ein inn i økonomisk sjølvstende og trygt, løna arbeid.

Slik var verklegheita ikkje. Mangel på barnehagar gjorde det til dømes umogleg for mange kvinner å ha fast arbeid, uavhenigig av kva utdanning dei hadde. Den nye kvinnerørsla arbeidde særleg for mogleiken til å ha barn, men samstundes vere i arbeid, for like mogleikar for menn og kvinner til politisk representasjon og leiarstillingar og for kvinnas rett til sjølv å avgjere når og om ho skulle ha barn.

8.mars-demonstrasjoni 1977
Demonstrasjonstog i Oslo på Den internasjonale kvinnedagen, 8. mars 1977. Blant parolane finn me «Bekjemp all kvinneforakt» og «Rett til utdanning og meningsfylt arbeid for alle jenter». Foto: Bjørn Sigurdsøn/NTB scanpix

Den nye kvinnerørsla brukte iaugefallande metodar for setje sine saker på dagsorden. Gjennomslaga var ofte kraftigare og førte til meir radikale resultat enn forventa. Innanfor kvinnerørsla utkrystalliserte det seg utover 1970-talet eigne grupperingar med ulike satsingsområde. Felles for dei alle var likevel målet om å frigjere seg frå eit samfunn der det å vere født som kvinne eller mann avgjorde kva liv du kunne leve.

Av Nina Maria Rud
Publisert 8. mars 2016 14:43 - Sist endret 9. nov. 2017 11:14